Om kunnskapsgrunnlaget
Formålet med kunnskapsgrunnlaget er å bidra til ei felles forståing av kompetansebehova og andre utviklingstrekk som er relevant for kompetanseplanlegging i regionen. Kunnskapsgrunnlaget er utarbeidd parallelt med fylkesstrategi for kompetanse, som skal til vedtak i fylkestinget i desember 2023.
Kunnskapsgrunnlaget har fem tema; «Arbeidsstyrke», «Arbeidsmarknad», «Tilgang på formell kompetanse», «Behov for meir etter- og vidareutdanning» og «Svak tilknytning til arbeidslivet». Kvart tema er bygd opp med ei skildring av temaet og tilhøyrande indikatorar. Omtale og definisjon av indikatorar er henta frå rapporten Regionale kompetanseindikatorer. Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd tolking av indikatorane.
Kunnskapsgrunnlaget bygger på sentrale tal, og statistikkgrunnlaget er offentleg tilgjengeleg frå for eksempel Statistisk sentralbyrå (SSB), Nav, Utdanningsdirektoratet.
Tabellane blir jamleg oppdatert. Alle som har behov for kunnskapsgrunnlag i sitt arbeid, kan fritt laste ned talgrunnlag.