Tema: Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken er summen av dei sysselsette og dei arbeidsledige, det vil seie alle personar som aktivt tilbyr arbeidskrafta si på arbeidsmarknaden. Desse blir også ofte kalla yrkesaktive.

Sysselsette er definerte som personar som utførte inntektsgivande arbeid av minst éin times varigheit i referanseveka, samt personar som har slik arbeid, men som var midlertidig fråværande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon osv. Personar som er inne til førstegongs militær- eller siviltjeneste, blir rekna som sysselsette. Personar på sysselsettingstiltak med lønn frå arbeidsgivar blir også klassifiserte som sysselsette. Dette følgjer anbefalingane frå den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO.

Ei forståing av storleiken og samansetning av arbeidsstyrken er avgjerande for kompetansearbeidet. Storleiken på arbeidsstyrken i forhold til befolkninga fortel mykje om robustheita i arbeidsmarknaden. Med omsyn til den pågåande og akselererande eldrebølga, er andelen av befolkninga i arbeidsdyktig alder ein viktig faktor.

Ein stor del av befolkninga står utanfor arbeidsstyrken av ulike grunnar. Befolkninga som står utanfor arbeidsstyrken utgjer på mange måtar ein arbeidskraftsreserve. Delar av denne gruppa er likevel nærare knytte til arbeidslivet enn andre. Årsakene til at nokon står utanfor arbeidsstyrken er ofte komplekse. Kunnskap om desse gruppene er derfor viktige. Gruppene som står utanfor arbeidsstyrken blir nærare behandla under temaet Svak tilknytning til arbeidslivet.

Framover vil det være store utfordringar knytta til knappheit på arbeidskraft. For å takle denne utfordringa bør så stor del av befolkninga som mogleg delta i arbeidslivet, og den eksisterande arbeidsstyrken bør bli nytta på best mogleg måte. Ein del av arbeidsstyrken er også underutnytta, noko som også utgjer ein arbeidskraftsreserve.

Kompetansen til arbeidsstyrken er vanskelegare å måle enn storleiken og samansetninga av arbeidsstyrken. Utdanningsnivået til dei sysselsette seier noko, men gir ikkje eit fullstendig bilde av kompetansenivået til arbeidsstyrken.

Andel av befolkninga som er ein del av arbeidsstyrken

Indikatoren seier noko om kor stor del av befolkninga på 15 år og eldre som er ein del av arbeidsstyrken. Dette er ein måling av kor stor del av befolkninga som har ein tilknyting til arbeidsmarknaden, enten ved at dei er sysselsette eller ved at dei er registrerte som arbeidsledige og tilbyr si arbeidsevne og kompetanse i arbeidsmarknaden. Det motsette av denne indikatoren er personar som ikkje er ein del av arbeidsstyrken. Indikatoren er også tett knytt til utanforskap, eller dei som er utanfor arbeid og utdanning, noko som blir nærare diskutert under temaet Svak tilknytning til arbeidslivet.

Andel av befolkninga (15 år eller eldre) som er ein del av arbeidsstyrken, 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser at Oslo (68,1 %), Rogaland (65,0 %) og Vestland (64,1 %) har høgast del av befolkninga på 15 år og eldre i arbeidsstyrken i 2022. Vestfold og Telemark (59,1 %), Innlandet (59,3 %) og Agder (60,1 %) har lågast del av befolkninga i arbeidsstyrken. For heile landet var det 63,0 % som var ein del av arbeidsstyrken i 2022.

Det er òg interessant å sjå på andre dimensjonar ved denne indikatoren, som aldersgrupper, innvandringskategori og utvikling over tid.

Geografisk lokasjon kan i seg sjølv være ein av forklaringane mellom fylka, men det kan også vere andre forklaringar, som gjennomsnittsalder, alderssamanstetting, delen av innvandrarar.

Andel personar som er ein del av arbeidsstyrken etter innvandringskategori
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av personar i arbeidsstyrken i Møre og Romsdal etter innvandringskategori og aldersgruppe, med moglegheit for filtrering etter kommune og årstal. Dersom alle kommunar er valde, ser du på Møre og Romsdal.

Vi ser at det er store skilnader i Møre og Romsdal mellom innvandrarar og befolkninga eksklusive innvandrarar, samt interaksjonar med aldersgrupper.

I Møre og Romsdal er det ein større del innvandrarar som er i arbeidsstyrken (69,5 %) enn resten av befolkninga (61,3 %). Samla utgjer dette ein arbeidsstyrke på 62,4 % for Møre og Romsdal. Dette tyder på at innvandrarane i Møre og Romsdal bidrar til å auke gjennomsnittet for fylket, sidan gjennomsnittet aukar frå 61,3 % til 62,4 %.

Sidan det er mogleg å observere innvandringskategori etter aldersgrupper, ser vi at dersom vi kontrollerer for alder, er det faktisk større deltaking i arbeidsstyrken blant befolkninga eksklusive innvandrarar (15-29 år og 30-61 år). Gjennomsnittsalderen for innvandrarbefolkninga er lågare, og det er fleire i arbeidsdyktig alder som gir gode utslag for den overordna aldersgruppa 15 år eller eldre.

Innvandrarar blir også i større grad feilregistrerte under kategorien "andre/ukjent", sidan dei i mindre grad vel å registrere seg som arbeidsledige, sjølv om dei er arbeidssøkande og dermed ein del av arbeidsstyrken. Så delen innvandrarar i arbeidsstyrken er nok noko høgare enn presentert her.

Denne indikatoren, som mange andre indikatorar, er interessant å observere over tid saman med dei ulike variablane.

Andel personar i arbeidsstyrken etter innvandringskategori, alder og kommune
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen som er i arbeidsstyrken over tid, med moglegheit for filtrering etter kommune, aldersgruppe og innvandringskategori. Det er eit brot i tidsserien i 2015, noko som gjer at tidlegare år ikkje er heilt samanliknbare med åra etter.

Figuren viser at arbeidsstyrken for alle kommunar har hatt ein reduksjon både i åra før 2015 og i åra etter 2015. Mykje av dette kjem av eldrebølga som slår inn. Fleire pensjonistar, fleire uføre.

Det er også store skilnader mellom dei ulike kommunane. I Vanylven, Tingvoll og Kristiansund er det rundt 58 % som er ein del av arbeidsstyrken, 15 år eller eldre per 4. kvartal 2022. Medan i Sula er det 66,2 % som er ein del av arbeidsstyrken.

Det er fleire faktorar som utgjer dei ulike skilnadene mellom kommunane. Sentralitet, gjennomsnittsalder og alderssamansetning i kommunane vil ha stor påverknad. Kommunar med størst del av 30-61-åringar vil automatisk ha ein større andel som er ein del av arbeidsstyrken. Yrkesfordelinga har også mykje å seie, sidan enkelte yrke/næringar har tidlegare pensjoneringsalder og større del uføre enn andre.

Arbeidsstyrkestatus

Når det gjeld Arbeidsstyrken og Svak tilknytning til arbeidslivet er det relevant å vite noko om ulike arbeidsstyrkestatusar som SSB brukar for å klassifisere befolkninga.

Frå tidlegare veit vi at ein person er ein del av arbeidsstyrken dersom personen har arbeidsstyrkestatus som sysselsett eller registrert som arbeidsledig. Å ikkje vere i arbeidsstyrken vil då være summen av alle dei andre arbeidsstyrkestatusane

Det finst sju ulike arbeidsstyrkestatuser som er følgjande:

  • - Sysselsett
  • - Registrert som arbeidsledig
  • - Under ordinær utdanning
  • - Deltakar på arbeidsmarknadstiltak
  • - Mottakar av AFP/alderspensjon
  • - Mottakar av arbeidsavklaringspengar / uføretrygd
  • - Andre

Utanforskap er definert som summen av dei utanfor arbeid og utdanning. Dette er arbeidsstyrkestatusane: "Registrert som arbeidsledig", "Mottakar av AFP/alderspensjon", "Mottakar av arbeidsavklaringspengar /uføretrygd" og "Andre". NEET (Not in Education, Employment or Training) gjeld utanforskap for aldersgruppa 15-29 år.

Andre inkluderer blant anna ukjent status, mottakarar av kontantstøtte, einslege forsørgarstønad, sosialhjelp og pensjonar frå andre enn NAV (til dømes pensjonar i arbeidsforhold og føderådsytelser).

Sjølv om arbeidsstyrken og utanforskapet er to svært interessante indikatorar, er det òg interessant å sjå på fordelinga av arbeidsstyrkestatus etter kommune, sidan det gir innsyn i kva arbeidsstyrken og utanforskapet består av.

Arbeidsstyrkestatus etter kommune
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser fordelinga av arbeidsstyrkestatus etter kommune i Møre og Romsdal, med filtreringsmoglegheiter for aldersgruppe, innvandringskategori og årstal.

Noko vi legg merke til er at Sula er kommunen i fylket med lågast andel mottakarar av AFP/alderspensjon med 17 %. Kristiansund (22 %), Vanylven (28 %) og Tingvoll (24 %) har nokre av dei høgaste. Desse tre kommunane har også ganske høge tal på andel uføre med 10 %, 8 % og 8 % respektivt.

Det er òg interessant å sjå på utviklinga av dei ulike arbeidsstyrkestatusane over tid. Korleis har utviklinga av "Mottakarar av AFP/alderspensjon" vore i dei ulike kommunane?

Antall personar etter arbeidsstyrkestatus
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser talet på personar etter arbeidsstyrkestatus. Ein variabel som ikkje er kontrollert for her er befolkningsvekst/-reduksjon. Dersom du ser ein auke, er det ikkje sikkert det er ein reell auke, men berre ein auke på grunn av innvandring eller befolkningsvekst. Det er uansett interessant å få eit overslag over talet på personar som fell inn under dei ulike kategoriane for dei ulike årstala.

Andel av befolkninga i arbeidsdyktig alder (20-66 år)

Andelen av befolkninga i arbeidsdyktig alder (20-66 år) er ein befolkningsindikator som seier noko om storleiken til den mogelege arbeidsstyrken. Dette er ein indikator som er knytt til arbeidsstyrken, sidan befolkningsstorleiken og alderssamansetninga kan ha mykje å seie når det kjem til eit overordna mål på arbeidsstyrken. Det er også personar under 20 år og over 66 år som deltek i arbeidsmarknaden, men i mykje mindre grad. Storleiken på gruppa 20-66 år i forhold til den totale befolkninga kan dermed fortelje oss ganske mykje om den potensielle storleiken og arbeidskraftressursen som finst i ein region.

Andel personar i arbeidsdyktig alder (20-66 år) etter fylke, 2024
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av personar som er i arbeidsdyktig alder (20-66 år) etter fylke per 2023. For heile landet er det 61,1 % av befolkninga som er i aldersgruppa 20-66 år. Oslo er fylket med høgast del, med 68,0 %, medan Møre og Romsdal er fylket med lågast del, med 58,6 %.

Indikatoren seier noko om kor sårbar ein region er for dei demografiske endringane som følgjer av ei aldrande befolkning. Ein høg del av befolkninga mellom 20-66 år indikerer at regionen er mindre utsett for konsekvensane av dei demografiske endringane.

Indikatoren er eit rent demografisk mål og vil derfor være relativt statisk på kort sikt. Over lengre tid vil strukturen i befolkninga i dei ulike regionane utvikle seg ulikt. Indikatoren blir påverka både av den eldre og den yngre delen av befolkninga.

Indikatoren er direkte knytt til indikatoren for forsørgarbyrde, som er forholdet mellom talet på personar i arbeidsdyktig alder og talet på personar som ikkje er i arbeidsdyktig alder. Tallet viser kor mange som forventast å arbeide per person (barn og eldre) som skal forsørgast. Fleire eldre vil auke forsørgarbyrda og legge eit større press på å nytte arbeidskraftsreservane til befolkninga.

Fylkesgjennomsnitta kan også skjule store geografiske skilnader mellom kommunane.

Andel personar i arbeidsdyktig alder (20-66 år) etter kommune, 2024
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av personar i Møre og Romsdal som er i arbeidsdyktig alder (20-66 år) etter kommune per 2023. Vanylven (54,5 %), Gjemnes (54,7 %) og Fjord (54,8 %) er kommunane i Møre og Romsdal med lågast del av befolkninga i aldersgruppa 20-66 år. Ålesund (60,7 %) og Kristiansund (59,6 %) er derimot kommunane med størst del av personar i alderen 20-66 år.

Nokre forklaringar bak desse forskjellane er utflytting frå distrika og inn til byane, sentralitet, tal på arbeidsplassar, kommunens attraktivtet som bustad- og arbeidsstad.

Framskrevet antall 16 vs 67 åringer, etter valgt kommune
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Andel sysselsette med 100 % stilling

Indikatoren ser på delen av sysselsette med 100 % stilling og er meint som ei måling av kor mykje av den potensielle arbeidskrafta til dei sysselsette som blir utnytta.

Ved tolking av denne indikatoren er det viktig å merke seg at det ikkje er tatt omsyn til frivillig og ufrivillig deltid. Ufrivillig deltid handlar om tilsette som har ei mindre fast avtalt stilling enn det dei sjølv ønsker. Arbeidskraftundersøkinga viser at delen av frivillig deltid utgjer 15,3 % av befolkninga, medan ufrivillig deltid er på 2,8 % i 2021.

Frå eit samfunnsperspektiv kan ein høg del av deltidsarbeid bli sett på som uønska, ettersom det representerer ei dårlegare utnytting av samfunnets arbeidskraftressursar. Dette har samfunnsøkonomiske og velferdspolitiske utfordringar. Deltidsarbeid gir likevel moglegheit for personar med redusert arbeidskapasitet til å delta i arbeidslivet. Det kan også vera ein inngangsport til arbeidslivet for mange og er ein viktig inntektskjelde i kombinasjon med studier eller omsorgsoppgåver i heimen.

Andel med 100 prosent stilling eller meir, 4. kvartal 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Indikatoren viser at per 4. kvartal 2022 var det høgast del som arbeidde heiltid i Oslo med 77,9 % og lågast del i Innlandet med 65,2 %. Møre og Romsdal ligg midt på treet med 69,8 %.

Det er også store skilnader mellom dei ulike kjønna. I Oslo har 72,7 % av sysselsette kvinner ei stilling på 100 % eller meir, medan i Agder er tala 52,3 % og 53,1 % i Innlandet.

Agder er fylket i landet med den største skilnaden mellom menn (77,3 %) og kvinner (52,3 %). Det er ein differanse på 25 %. Oslo har den minste differansen mellom kjønna (10 %), og Møre og Romsdal ligg midt på treet med omtrent 15 %.

Mykje av forskjellane mellom fylka kan forklares utifrå befolkningssamansetning, innvandring, alderssamansetning, geografisk lokasjon og fordeling av næring/yrke.

Andel med 100 % stilling eller meir etter næring, per 4. kvartal, Møre og Romsdal 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser at det er store skilnader i andelen med 100 % stilling eller meir etter næringar i Møre og Romsdal. Dersom enkelte næringar er godt representert i visse kommunar eller fylke, vil dette ha stor innverknad på andelen med 100 % stilling eller meir, særleg dersom denne næringa ligg i den eine enden av skalaen.

Næringsgrupperingane i figuren over er ganske generelle. Det kan også være store skilnader innanfor kvar næringsgruppe.

Vi ser at i Møre og Romsdal er det berre 49,2 % av dei sysselsette i helse- og sosialtenester som har 100 % stilling eller meir. For overnattings- og serveringsverksemd er tala berre 51,8 %. I næringa bergverksdrift og utvinning er heile 95,0 % av dei sysselsette i 100 % stilling eller meir.

Yrkesnormer, yrkeskulturar og folk sine preferansar er viktige forklaringar på kvifor nokre vel å jobbe deltid. Det ein observerer er at i mannsdominerte yrke er det svært høg andel av dei sysselsette som har 100 % stilling eller meir, sidan dette er normen for menn. Nokre kvinner kan ha andre preferansar igjen, då det er andre samfunnsmessige normer knytta til familieliv som kan påverke kvinners preferansar. Det er også ein likestillingsproblematikk knytt til kvifor det er færre 100 % stillingar i kvinnelege dominerende næringar/yrke.

Sysselsette etter arbeidsstad og stillingsprosent, 4. kvartal 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser fordelinga av ulike stillingsprosentar blant dei sysselsette etter kommunar i Møre og Romsdal, per 4. kvartal 2022. Det er store skilnader mellom dei ulike kommunane.

Vi ser at Vanylven (57 %) er kommunen i Møre og Romsdal med lågast andel med 100 % stilling eller meir. Stranda (76 %) er kommunen med høgast andel av dei sysselsette som har 100 % stilling eller meir. Molde, Kristiansund og Ålesund ligg på henholdsvis 72 %, 72 % og 71 %.

Utdanningsnivå blant sysselsette

Utdanningsnivået til dei sysselsette er ein indikator på kva slags formell kompetanse den sysselsette delen av befolkninga har. Indikatoren må sjåast i samanheng med temaet - Tilgang på formell kompetanse

Andel av sysselsette etter arbeidsstad som har vidaregåande eller universitets- og høgskoleutdanning som høgaste utdanningsnivå, per 4. kvartal 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser utdanningsnivået til dei sysselsette etter arbeidsfylke, sortert etter delen som har universitets- og høgskoleutdanning som høgaste fullførte utdanningsnivå. Møre og Romsdal (35,0 %) er det tredje lågaste fylket i landet når det gjeld andelen sysselsette med universitets- og høgskoleutdanning som høgaste fullførte utdanningsnivå. Oslo skiller seg betydeleg ut, der 56,2 % av dei sysselsette har gjennomført høgare utdanning.

Møre og Romsdal er fylket i landet med tredje høgaste andel av befolkninga som har vidaregåande skole som høgaste fullførte utdanningsnivå, med 41.2 %. Agder (41,6 %) og Innlandet (42,9 %) har dei to høgaste.

Det er også svært interessant å sjå på utviklinga av høgaste fullførte utdanningsnivå blant dei sysselsette. Ein stor auke i høgare utdanning vil då implisere eit høgare utdanningsnivå i befolkninga, men også eit aukande behov for meir spesialisert kompetanse og høgare etterspurnad etter høgare utdanning frå næringslivet.

Sysselsettingsendring 2015-2023 etter utdanningsnivå
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser prosentvis endring i høgaste fullførte utdanningsnivå for dei sysselsette frå 2015 til 2022.

Vi ser at Nordland (28,47 %) og Møre og Romsdal (27,51 %) er fylka i landet som har hatt den største prosentvise auken i andel sysselsette med universitets- og høgskoleutdanning, over 4 år. Møre og Romsdal er òg fylket i landet med størst auke i andel sysselsette med universitets- og høgskolenivå på 1-4 år som høgaste fullførte utdanningsnivå.

Sysselsettingsgrad etter utdanningsnivå, Møre og Romsdal, 2008-2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser sysselsettingsgraden etter utdanningsnivå i Møre og Romsdal fra 2008 til 2022. Det viser andelen personar som er i arbeid, etter høgaste fullførte utdanningsnivå.

Vi ser at andelen sysselsette med grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå har gått ned frå 72,5 % i 2008 til 63,9 % i 2022. Dette betyr at berre 63,9 % av dei som har grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå er sysselsette.

Ser vi tilbake til 80-talet, har det ikkje berre vorte færre personar med grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå Power BI. Det er òg færre arbeidsplassar for desse personane, då samfunnet stadig etterspør meir og meir spesialisert kompetanse. Mange av dei sysselsette med grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå er eldre, noko som gjer det endå vanskelegare for dei yngre med denne utdanningsbakgrunnen å få seg arbeid. Grafen viser at det løner seg svært godt å fullføre vidaregåande opplæring om ein ønskjar å tre inn i arbeidslivet.

Grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå fører òg til mange negative utfall i livet, som fall ut av arbeidsmarknaden, svak tilknyting til arbeidslivet, utanforskap, helsemessige ytingar og låginntekt. Men det går òg begge vegar, sidan mange av desse tinga fører til grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå.