Tema: Behov for meir etter- og vidareutdanning

Med eit arbeidsliv i kontinuerleg endring er det behov for tilførsel av ny kompetanse. Dette behovet blir drive fram av teknologisk utvikling, den grøne omstillinga, migrasjon og ei aldrande befolkning. Utviklinga inneber at mange jobbar endrar arbeidsoppgåver, nokre jobbar forsvinn og nye yrke veks fram. Den kontinuerlege endringa fører til behov for påfyll av kompetanse gjennom heile karriereløpet. Kvar enkelt person må kunne omstille seg og må rekne med å måtte skifte karriere/yrke fleire gonger.

Det er i hovudsak tre måtar å oppdatere kompetansen sin på:

Å halde oversikt over den totale kompetanseutviklinga blant vaksne i arbeidslivet, og ikkje berre formell utdanning tatt i starten av karrieren, gir eit meir presist bilde av befolkninga si kompetanse.

Det finst registerdata om voksnes deltaking i formell utdanning, men ikkje om deltaking i ikkje-formell opplæring eller omfanget av uformell læring i arbeidslivet. Dette finst derimot i Lærevilkårsmonitoren, som er ei tilleggsundersøking til Arbeidskraftsundersøkinga som Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennomfører kvart år.

Deltaking i formell utdanning og vidareutdanning blant sysselsette

Denne indikatoren viser delen av sysselsette som har deltatt i formell utdanning og formell vidareutdanning dei siste 12 månadane. Formell utdanning omfattar all offentleg godkjend utdanning som fører til formell kompetanse. Dette inkluderer grunnskole, moduler, årskurs, fagbrev eller studiekompetanse på vidaregåande skolenivå (inkludert lærlingspraksis og praksiskandidatkurs), offentleg godkjend fagskoleutdanning, utdanning som gir studiepoeng ved høgskole eller universitet, og godkjend vidareutdanning som gir spesialisering for yrkesgrupper (til dømes spesialisering innan medisin). Når det gjeld spørsmål om formell utdanning, blir det berre stilt til personar under 60 år, sidan SSB sin registerbaserte utdanningsstatistikk viser få personar over 60 år.

Deltaking i vidareutdanning blir også rekna med som deltaking i formell utdanning. Vidareutdanning vil ofte vere ei spesialisering eller påbygging av ei grunnutdanning, men treng ikkje å vere det. Her definerer vi vidareutdanning som formell utdanning tatt av følgjande grupper:

  • - Alle personar i alderen 35-59 år som ved intervjutidspunktet oppgir at dei har delteke i formell utdanning dei siste 12 månadane.
  • - Personar i alderen 22-34 år som ved intervjutidspunktet oppgir at dei har delteke i formell utdanning dei siste 12 månadane, og som før dette har hatt ei samanhengande periode på minst 3 år utanfor utdanningsløpet etter dei var 19 år gamle.

Dette inneber at vidareutdanning ikkje nødvendigvis betyr spesialisering eller påbygg, men omfattar formell utdanning på alle nivå. Deltaking i formell vidareutdanning omfattar her personar i alderen 22-59 år.

Deltakarar i formell utdanning og vidareutdanning siste 12 månadar, 2022. Sysselsette utan studentar
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser deltaking i formell utdanning og vidareutdanning blant sysselsette som ser på seg sjølv som hovudsakleg arbeidstakarar, men som studerer i eller ved sidan av jobben. For heile landet var det 10 % av dei sysselsette som har delteke i formell utdanning dei siste 12 månadane, og 6 % av dei sysselsette som har delteke i formell vidareutdanning.

Det er òg variasjon i deltakinga på formell utdanning og formell vidareutdanning mellom fylka. Vi ser at Møre og Romsdal og Troms og Finnmark er dei to fylka med størst del av dei sysselsette i formell utdanning (henholdsvis 13 % og 14 %) eller formell vidareutdanning (8 %). Oslo og Agder hadde lågast deltaking, med henholdsvis 10 % i formell utdanning og 5 % i formell vidareutdanning.

Regionale behov, geografiske skilnader og tilnærmingar til formell utdanning og formell vidareutdanning blant sysselsette kan i seg sjølv vere ein av forklaringane bak skilnadene. Men noko anna som kan bidra til å forklare denne skilnaden er formell utdanning og formell vidareutdanning blant sysselsette etter næring.

Andel sysselsette i formell utdanning og vidareutdanning siste 12 månadar, per næring. 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser at det er store skilnader i deltakinga på formell utdanning og formell vidareutdanning mellom sysselsette i ulike næringsgrupper. For formell utdanning varierer det frå 42 % i Overnattings- og serveringsverksemd til 10 % i Bergverksdrift mv., industri, elektrisitet, vatn og renovasjon, Transport og lagring, og Finansiering og forsikring. For vidareutdanning varierer det frå 12 % i undervisning til 4 % i Bergverksdrift mv., industri, elektrisitet, vatn og renovasjon, og Varehandel, reparasjon av motorvogner.

Desse næringsgrupperingane er ganske overordna, og det er òg store skilnader innan kvar næring. Det er mogleg at berre ein del av næringsgruppa "Personleg tenesteyting" har høg deltaking i formell utdanning og formell vidareutdanning, medan andre delar av denne næringa ikkje gjer det like godt.

Det kan òg vere store skilnader i formell utdanning og formell vidareutdanning blant dei sysselsette over tid. Eit fenomen vi har observert no spesielt med korona er at fleire vel å utdanne seg og oppdatere kompetansen sin når det er usikre tider, risiko for større arbeidsledighet osv. Du treng ikkje sjå lenger enn til søkartala for høgare utdanning i koronaåra for å sjå dette.

Andel deltakarar i formell utdanning og vidareutdanning siste 12 månadar i Møre og Romsdal. 2008-2022. Sysselsette utan studentar
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser utviklinga i formell utdanning og formell vidareutdanning blant sysselsette i Møre og Romsdal frå 2008 til 2022. Frå 2021 er det brukt eit nytt spørjeskjema for Arbeidskraftundersøkinga (AKU) og Lærevilkårsmonitoren (LVM), noko som skapar eit avbrot i statistikken. Vi ser at den lågaste deltakinga i formell utdanning blant sysselsette i Møre og Romsdal var i 2011, med 7 %, medan den høgaste var i 2021, med 14 %. Når det gjeld formell vidareutdanning, viser det at omtrent dobbelt så mange oppgjev at dei har deltatt i vidareutdanning enn dei siste fem åra.

Vi ser også den store auken i formell utdanning og formell vidareutdanning blant sysselsette dei siste åra under koronaepidemien. Formell utdanning hadde ein svært stor auke frå 8 % til 14 % frå 2020 til 2021, og vidareutdanning har vore relativt lågt dei siste åra fram til ein stabil auke år etter år frå 2020.

Deltaking i ikkje-formell opplæring dei siste 12 månadane blant sysselsette

Denne indikatoren viser deltaking i ikkje-formell opplæring dei siste 12 månadane blant sysselsette utan studentar.

Ikkje-formell opplæring er organisert opplæring i form av fysiske eller nettbaserte kurs, seminar og konferansar som ikkje fører til studiepoeng eller annan formell kompetanse.

Ikkje-formelle opplæringstiltak er ei viktig kjelde til kompetanseutvikling, sidan mykje av den ikkje-formelle opplæringa er knytt til arbeidslivet.

Indikatoren gir eit bilde av kompetanseutviklinga som skjer i arbeidslivet, takta på omstilling og evna til omstilling i arbeidslivet.

Deltaking i ikke-formell opplæring, 2022. Sysselsette utan studentar
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser deltakinga i ikkje-formell opplæring blant sysselsette utan studentar (15-66 år) i 2022. Det er ein ganske stor skilnad mellom fylka, der Møre og Romsdal toppar lista med 55 %, medan Agder ligg på botnen med 45 % av dei sysselsette utan studentar.

Ser vi over tid, kan vi også sjå at Møre og Romsdal alltid er blant dei tre fylka med høgast deltaking blant sysselsette utan studentar i ikkje-formell opplæring. Dette tyder på at arbeidslivet i Møre og Romsdal er ganske tilpassingsdyktig og omstillingsdyktig.

Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark er også dei tre fylka i landet med høgast verdi på NAV si stramheitsindikator som indikerer eit stramt arbeidsmarknad. Som ein effekt av dette må arbeidslivet i desse fylka være omstillingsdyktige for å overleve, konkurrere og oppretthalde produksjonen.

Deltaking i ikke-formell opplæring, etter utdanningsnivå. 2022. Prosent av sysselsette utan studentar
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser deltakinga i ikkje-formell opplæring etter utdanningsnivå blant sysselsette utan studentar (15-66 år) i heile landet. Vi kan sjå at det er stor skilnad i deltaking i ikkje-formell opplæring blant sysselsette utan studentar basert på utdanningsnivå. Det varierer frå heile 36 % deltaking blant dei med grunnskolenivå, heilt opp til 59 % blant dei med masternivå eller høgare. Det er relativt liten skilnad innanfor utdanning over vidaregåande skole (fagskole, bachelor, master).

Sjølv om Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark er fylka i landet med lågast del av høgare utdanning og høgast del som vel yrkesfag på vidaregåande skole, er dei framleis fylka med høgast deltaking i ikkje-formell opplæring. Dette gir ein indikasjon på behovet for arbeidskraft og behovet for omstillingsdyktigheit i desse tre fylka.

Sysselsette med læringsintensivt arbeid

Ein stor del av kompetanseutviklinga i arbeidslivet kjem gjennom uformell læring. Uformell læring blir brukt om kunnskapen ein tileignar seg på eiga hand, utanfor organiserte utdannings- og opplæringsopplegg. Læringa må være planlagt i den grad at ho skjer på bakgrunn av eit bevisst ønske om læring og mål for eigen innsats og/eller nytte. Det at læringa er planlagt, skil uformell læring frå tilfeldig læring, som er den typen kunnskap vi tileignar oss kvar dag, utan å tenkje så mykje over det.

Uformell læring er kanskje den vanlegaste forma for kompetanseutvikling i arbeidslivet og ein type læring det ikkje finst registerdata på.

Indikatoren viser delen av sysselsette utan studentar som har læringsintensivt arbeid. Læringsintensivt arbeid blir brukt om arbeidsforhold som i stor grad krev at ein stadig må lære noko nytt og som samtidig gir gode moglegheiter for å skaffe seg kunnskap og ferdigheiter gjennom det daglege arbeidet. Statistikk om læringsintensivt arbeid omfattar berre sysselsette personar.

Andel sysselsette med læringsintensivt arbeid. 2022. Prosent av sysselsette utan studentar
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren ovanfor viser delen av sysselsette utan studentar som har læringsintensivt arbeid i 2022. Vi ser ein stor skilnad mellom fylka, der Møre og Romsdal har lågast verdi med 46 % og Trøndelag, Vestland og Oslo har høgast verdi med 53 %.

Dataa er baserte på Lærevilkårsmonitoren, som er ein del av ei spørjeundersøking.

Sysselsette utan studentar med læringsintensivt arbeid varierer også etter yrke og utdanningsnivå.

Andel sysselsette med læringsintensivt arbeid, fordelt på yrke. 2022. Prosent
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser andel sysselsette utan studentar med læringsintensivt arbeid i 2022 etter yrke, heile landet. Det er store skilnader mellom dei ulike yrka. Det varierer frå 65 % for dei med akademiske yrke og heilt ned til 23 % for dei med yrke som Process- og maskinoperatører, transportarbeidarar mv. Ein ser også tydelege skilnader basert på utdanningsnivå, der yrke som vanlegvis krev høgare utdanning har høgare del av dei sysselsette utan studentar med læringsintensivt arbeid.

Personar over 25 år som tar fag- og svennebrev

Dette er ein indikator som viser talet på vaksne (over 25 år) som tek fag- og svennebrev. Fag- og svennebrev er bevis på at ein har fullført eit yrkesfagleg utdanningsprogram, vore lærling i ein bedrift og bestått fag- eller svenneprøven. Indikatoren seier noko om tilførsel av faglært arbeidskraft til arbeidsmarknaden.

Indikatoren omhandlar vaksne over 25 år i yrkesfagleg utdanning i vidaregåande opplæring. Dei fleste som fullfører dette utdanningsløpet er mellom 18 og 20 år, men frå og med fylte 25 år gjeld vaksenretten. Ifølgje opplæringslova har vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Det same gjeld vaksne som har starta eller fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje har fått opplæringa godkjent i Noreg. Vaksne som blir teke inn i vidaregåande opplæring har rett til å fullføre opplæringsløpet, sjølv om dei ikkje oppfyller kriteria for vaksenrett frå starten av. Personar over 25 år som tar fag- og svennebrev kan derfor sjåast på som vidareutdanning, sjølv om det ikkje nødvendigvis tilfredsstiller definisjonen til Lærevilkårsmonitoren.

Vaksne (over 25 år) som tar fag-/svennebrev per 1 000 sysselsett over 25 år, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av vaksne (over 25 år) som tek fag- og svennebrev per 1 000 sysselsette etter fylke. Denne indikatoren viser spesifikt tre forskjellige ting. Indikatoren seier noko om i kor stor grad vaksne personer oppnår sitt første fagbrev. Den seier også noko om i kor stor grad vaksne personar kvalifiserer seg på nytt for fagbrev nummber 2, nummer 3, osv. Dette kan enten vere i eit nærliggande fagområde eller ikke.

Vi ser at det er store skilnader mellom fylka. På topp har du Agder med 9,2 sysselsette per 1 000 sysselsette, og på botn har du Oslo med 3,41 sysselsette. For heile landet er tallet 5,8, der alle dei 3 største fylka (Oslo, Viken og Vestland) ligg under landsgjennomsnittet. Møre og Romsdal ligg også i nedre halvdel med 5,83, til trass for å vere eitt av fylka med høgast del som vel yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg1.

Det kan også vere interessant å sjå kor mange vaksne (over 25 år) som faktisk får utskrivne fag- og svennebrev over tid.

Utskrivne fag- og svennebrev til voksne (over 25 år) per skoleår, Møre og Romsdal
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser talet på utskrivne fag- og svennebrev til vaksne (over 25 år) i Møre og Romsdal. Dei siste 15 åra har det vore eit ganske stabilt tal mellom 600 og 760 personar per år, med nokre toppar og botnar. Det har dermed vore relativt stabilt per 1 000 sysselsette òg. Frå skoleåret 2014-15 har vi sett ein nedgang i talet, fram til vi såg ein auke igjen i koronaåra 2020-2022.

Motivasjonen for vaksne personar som går for fag- og svennebrev er i stor grad å oppdatere sin kompetanse, vere meir attraktive på arbeidsmarknaden og ha betre tilgang til arbeidsmarknaden gjennom sitt første eller fleire fag- og svennebrev. I denne samanhengen er det interessant å sjå på kva utdanningsprogram som er mest populære blant vaksne, og kva utdanningsprogram som har flest utskrivne fag- og svennebrev etter fylke.

Fordeling av utskrivne fag- og svennebrev til vaksne (over 25år), etter fylke, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser fordelinga av utskrivne fag- og svennebrev til vaksne (over 25 år) etter fylke i 2022. Vi ser at det er store variasjonar mellom fylka. Møre og Romsdal er fylket i landet med lågast del av utskrivne fag- og svennebrev innan Helse- og oppvekstfag, berre 26 %, medan i Viken er det heile 40 %. Troms og Finnmark ligg på 27 %.

For vaksne som ønsker å auke sjansane sine for deltaking i arbeidsmarknaden, vil det vere naturleg å velje fag- eller svennebrev som har størst etterspurnad etter arbeidskraft. Ei del av forklaringa bak dei store skilnadane mellom fylka kan nok vere at i fylke som Møre og Romsdal, Troms og Finnmark og Nordland, som har dei tre strammaste arbeidsmarknadene, er det stor etterspurnad etter "alt". Medan i nokre av dei andre fylka er det kanskje nokre spesifikke fagfelt som utmerkar seg særleg.

Møre og Romsdal er fylket i landet med høgast del av utskrivne fag- og svennebrev til vaksne innan Restaurant- og matfag og Teknologi og industrifag.