Tema: Arbeidsmarknad. Balanse eller gap i etterspurnaden etter arbeidskraft?

Balansen i arbeidsmarknaden og forholdet mellom tilbodet og etterspurnaden etter arbeidskraft er viktig for den regionale kompetansepolitikken. Dette kan analyserast som ein marknad der verksemdene etterspør arbeidskraft fram til det punktet der prisen (lønningane) på arbeidskraft overstig meerverdien av å tilsette fleire. På den måten vil registerbasert sysselsettingsstatistikk vise tilbodet av, etterspurnaden etter og prisen på arbeidskraft.

Likevel er det fleire faktorar som gjer at arbeidsmarknaden er ein spesiell marknad. For det første er arbeidskrafta avgrensa av arbeidsstyrken. Arbeidsinnvandring kan bidra til å dekke etterspurnaden på område der det til dømes ikkje er viktig med norsk som arbeidsspråk. Vidare krev fleire jobbar spesifikk kompetanse, og dette kan i mange tilfelle ta tid og ressursar å skaffe seg. Arbeidsmarknaden har heller ikkje fri prissetting. Lønnsnivået i den norske arbeidsmarknaden blir fastsett gjennom sentrale forhandlingar og blir forma av ein høg grad av organisering blant arbeidstakarane. Samanlikna med andre nordiske land, er det som blir sett på som låge lønningar i Norge relativt gode. Dette er ein viktig verdi i organiseringa av den norske arbeidsmarknaden. Likevel fører det til at det blir stilt relativt høge krav til produktivitet på alle nivå av norsk arbeidsliv.

Ubalanse i arbeidsmarknaden viser seg ved at personar ikkje får jobb, eller ved at verksemdene ikkje klarer å rekruttere arbeidskraft. Det er ganske god oversikt over det første, men vanskelegare å få god statistikk på det siste. Når tilbodet av arbeidskraft er for lite, kan dette føre til at arbeidsgivarane erstattar ønska kompetanse med lågare eller annan kompetanse (substitusjon), eller at verksemdene vel lågare eller mindre lønsam produksjon fordi den ønska kompetansen manglar. Dersom etterspurnaden etter arbeidskraft er for liten, kan arbeidstakarane velje arbeid der deira kompetanse ikkje blir utnytta på best mogleg måte, eller dei kan gå ut av arbeidsmarknaden. Det er relativt låg geografisk mobilitet i arbeidsmarknaden. Blant arbeidsledige er det låg sannsynlegheit for å flytte, men samtidig stor fleksibilitet for å tilpasse seg gjennom pendling og bytte av yrke.

Det kan altså være ubalanse i marknaden sjølv om alle har ein jobb, fordi dei arbeider med noko dei har manglande kompetanse til, eller dei har ein annan kompetanse som ikkje blir utnytta. Ein arbeidstakar si kompetanse er såpass sammansett at det ikkje er mogleg å måle all ubalanse i arbeidsmarknaden.

Kompetansebehovsutvalget vurderer NAV si bedriftsundersøking som den mest informative kjelda til kunnskap om kompetansebehov, eller etterspurnaden etter arbeidskraft, på kort sikt i Noreg. Bedriftsundersøkinga blir gjennomført blant eit representativt utval av alle landets offentlege og private verksemder. Utvalet blir trekt frå Bedrifts- og foretaksregisteret. 11 143 verksemder svarte på undersøkinga i 2021, og det gir ein svarprosent på 70. Bedriftsundersøkinga kartlegg delen av verksemder som har mislykkast med å rekruttere dei siste 3 månadane, og basert på det estimerer NAV mangelen på arbeidstakarar per fylke.

Registerdata av talet registrerte arbeidsledige, utviklinga i talet på sysselsette, sysselsette arbeidsinnvandrarar og sysselsette utan fast bustad gir tilleggskunnskap om balansen i arbeidsmarknaden.

Sysselsetting og endring i sysselsetting over tid

Den registerbaserte sysselsettingsstatistikken skildrar sysselsettinga etter fleire variablar fordelt på ei detaljert regional nivå, og er derfor ei god kjelde til kunnskap om arbeidsmarknaden. Sysselsettingsstatistikken viser kor stor dei ulike næringane/yrka er i regionen, medan sysselsettingsendringane er ein indikator som viser utviklinga og samla etterspurnaden etter arbeidskraft i regionen.

Prosentvis endring i antall sysselsette 2015-2023, 15 år eller eldre
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser endringa i talet på sysselsette per 4. kvartal for kommunar i Møre og Romsdal, frå 2015 til 2023, for personar som er 15 år eller eldre. Ålesund (26,2 %), Herøy (14,5 %) og Volda (11,1 %) var kommunane i Møre og Romsdal med størst prosentvis auke i talet på sysselsette. Ein god del av den prosentvise auken for Ålesund er grunna kommunesamanslåing. Ulstein (-10,4 %), Aukra (-10,3 %) og Hareid (-6,1 %) var kommunane med lågast prosentvis auke i talet på sysselsette.

Indikatoren kan brukast til å følgje utviklinga i arbeidsmarknaden over tid og for å belyse skilnadene mellom dei ulike kommunane og kor mange arbeidsplassar som blir skapte.

Indikatoren viser berre korleis tilbodet og etterspurnaden i arbeidsmarknaden har blitt klarert i tidsperioden. Manglande kompetanse og rekrutteringsutfordringar kan i enkelte tilfelle vere ein begrensende faktor for vekst. Stramhetsindikator og rekrutteringsproblemer.

Antall sysselsette per 4. kvartal i Møre og Romsdal, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser næringsstrukturen; talet på sysselsette etter hovudnæringsgrupper i Møre og Romsdal per 4. kvartal 2022. Vi ser at dei største næringane i Møre og Romsdal er Helse- og sosialtenester (29 131) personar, etterfulgt av Industri (19 438), Varehandel, reparasjon av motorvogner (15 390), Bygge- og anleggsvirksomhet (10 585) og Undervisning (10 409).

Sysselsette fordelt på sektor etter fylke, 15-74 år, 4. kvartal 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser sysselsette fordelt på sektor etter fylke, 15-74 år, per 4. kvartal 2022. Vi ser at privat sektor er størst i Oslo, der sektoren utgjer 71,6 % av dei sysselsette, og Rogaland der det utgjer 68,9 % av dei sysselsette. Møre og Romsdal (63,6 %) hamnar midt på treet. Troms og Finnmark (53,1 %) er soleklart fylket i landet med lågast del av privat sektor.

Rogaland (7,6 %) og Møre og Romsdal (8,5 %) er fylka i landet med lågast del innanfor statsforvaltninga, medan Troms og Finnmark (17,8 %) har soleklart størst del.

Det er òg interessant å sjå på endringane i næringane i dei ulike kommunane i Møre og Romsdal, både i absolutt tal og prosentvis endring.

Prosentvis endring i antall sysselsette 2015-2023, 15 år eller eldre
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser endringa i sysselsette etter næring med moglegheit for filtrering etter kommune, startår, sluttår, og om du ønsker å sjå på absolutt endring eller prosentvis endring.

Lønnstakarar utan fast bustad (utlanske lønnstakarar på midlertidig opphald)

I nokre bransjar er det ein del arbeidskraft frå utlandet med planlagt opphald i Noreg på under 6 månader. Denne gruppa blir ikkje rekna som arbeidsinnvandrarar, og for heile landet utgjer dei 31,6 lønnstakarar per 1000 sysselsette ved utgangen av 2022.

Lønnstakarar utan fast bustad er heller ikkje inkludert i dei vanlege registerbaserte sysselsettingsstatistikkane. Dette kan enkelt observerast ved at i Troms og Finnmark er det fleire lønnstakarar utan fast bustad i yrkesgruppa "Formidling og utleie av arbeidskraft" enn det er sysselsette totalt i denne næringa. Dette betyr at når ein ser på sysselsettingsstatistikken og kompetansebehovet i visse næringar, kjem desse som eit ekstra påslag.

Lønnstakarar utan fast bustad per 1000 sysselsette, per 4. kvartal 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser talet på lønnstakarar utan fast bustad per 1000 sysselsette, per 4. kvartal 2022. I 2021 var Møre og Romsdal fylket i landet med høgast del av lønnstakarar utan fast bustad, men i 2022 er Møre og Romsdal (35,2) den tredje høgaste, etter Viken (36,3) og Troms og Finnmark (38,0). Agder (15,5) og Trøndelag (18,7) er fylka med færrast andel lønnstakarar utan fast bustad.

Sysselsette utan registrert bustad arbeider i mange ulike næringsgrupper, og ein del av dei blir formidla gjennom utleigefirma, som tilhøyrer næringsgruppa "Formidling av utleie av arbeidskraft".

Lønnstakarar utan fast bustad, per 4. kvartal 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser talet lønnstakarar uten fast bustad etter næring, per 4. kvartal 2022 i Møre og Romsdal. Vi ser at det er lønnstakarar uten fast bustad i alle næringar av varierande grad. Dei største næringane er Industri (1 622) personar, Formidling og utleie av arbeidskraft (1 160) og Bygge og anleggsvikrsomhet og elektrisitet, vann og renovasjon (986) personar.

Det er også interessant å sjå på utviklinga av lønnstakarar uten fast bustad over tid.

Antall lønnstakarar utan fast bustad, per 4. kvartal 2022, Møre og Romsdal
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser talet på lønnstakarar utan fast bustad per 4. kvartal over tid i Møre og Romsdal. Vi ser at det var ein liten topp i 2019 med 6244 personar, etterfulgt av ein liten reduksjon i koronaåra, og ein stabil mengd etter det.

Stramhetsindikator og rekrutteringsproblem

Denne seksjonen er basert på resultata frå NAV si bedriftsundersøking. Undersøkinga ser på kva forventningar bedriftene har i forhold til sysselsettingsutviklinga det komande året, om bedriftene har mislyktes i å rekruttere arbeidskraft dei siste tre månadane og om dette kjem av for få kvalifiserte søkarar til stillingane. På bakgrunn av desse svara blir det estimert eit arbeidskraftunderskot for heile landet, for ulike regionar, så vel som enkeltbransjar og ulike yrke.

I NAV si bedriftsundersøking har dei òg undersøkt kva rekrutteringskanalar verksemdene nyttar. Vi ser mellom anna på kor mange stillingar som blir lyste ut offentleg, noko som seier noko om kor transparent det norske arbeidsmarknaden er.

Verksemder som har mislyktes i å rekruttere arbeidskraft etter region/fylke, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av verksemder som ikkje har lukkast i å rekruttere arbeidskraft i 2023 etter region/fylke. Det skiljast mellom dei som ikkje har tilsett nokon, og dei som har tilsett nokon med lågare eller annan formell kompetanse. Begge desse blir brukt i estimata for mangel på arbeidskraft.

Vi ser at samla sett på desse to måla så ligg Møre og Romsdal midt på treet. 25 % eller 1 av 4 verksemder i fylket har enten måtta tilsette nokon med lågare eller annan formell kompetanse, eller ikkje har fått tilsett nokon. Nordland (20 %) og Troms og Finnmark (18 %) er fylka i landet som har størst del av verksemder som ikkje har lukkast i å rekruttere i den forstand at dei ikkje har fått tilsett nokon. Møre og Romsdal har færrest del av verksemder (11 %) som ikkje har fått tilsett nokon, men høgast del (14 %) som har måtta tilsette nokon med lågare eller annan formell kompetanse.

Estimert mangel på arbeidskraft i Møre og Romsdal med 95 % konfidens-intervaller, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser estimert mangel på arbeidskraft i Møre og Romsdal med 95 % konfidensintervall. Mangelen i Møre og Romsdal har auka frå 1 300 personar i 2015 til 3 350 i 2023. Øvre og nedre grense for konfidensintervallet i 2023 ligg mellom 2 460 - 4 090, noko som tyder på at etterspurnaden etter arbeidskraft ligg innanfor dette intervallet med 95 % tryggleik.

NAVs stramhetsindikator blir estimert basert på verksemder som svarar at dei har mislykkast med å rekruttere arbeidskraft dei siste 3 månadane på grunn av for få kvalifiserte søkarar. Verksemdene oppgav deretter tal på stillingar og yrke for dei stillingane dei mislykkast med å rekruttere til. Forholdet mellom estimert mangel på arbeidskraft og storleiken på arbeidsmarknaden i den enkelte regionen gir ein stramhetsindikator. Stramhetsindikatoren er eit mål på estimert mangel på arbeidskraft i forhold til den eksisterande arbeidsstyrken. Meir konkret blir det definert som:

Stramhetsindikator = ((estimert mangel på arbeidskraft) / (estimert mangel på arbeidskraft + lønnstakarar)) * 100

Så dersom ein antar estimert mangel på arbeidskraft i Møre og Romsdal på 3 350, og talet på lønnstakarar er om lag 130 000 personar, blir stramhetsindikatoren i Møre og Romsdal om lag ((3350)/(3350 + 130 000))*100 ~2.5.

NAVs stramhetsindikator, utvikling i Møre og Romsdal
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser utviklinga av NAV sin stramhetsindikator for Møre og Romsdal, 2015-2022. Vi observerer at det er først dei siste åra stramhetsindikatoren i Møre og Romsdal har auke betydeleg. I 2015 låg den på 0.9, medan den var på 3.4 i 2022, og no i år er den på 2.5.

Andel bedrifter med alvorlige rekrutteringsproblem etter fylke, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser prosentvis del av verksemder med alvorlege rekrutteringsproblem. Vi ser at Troms og Finnmark (28 %) og Nordland (25 %) er fylka i landet med høgast del av verksemder som opplever alvorlege rekrutteringsproblem. Møre og Romsdal ligg på landsgjennomsnittet (22 %), saman med Trøndelag og Vestland. Vest-Viken og Oslo har den lågaste delen (18 %) av verksemder med alvorlege rekrutteringsproblem i 2023.

NAVs stramhetsindikator og andel bedrifter med alvorlige rekrutteringsproblem, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av bedrifter med alvorlege rekrutteringsproblem i forhold til stramhetsindikatoren. Troms og Finnmark, Nordland og Møre og Romsdal ligg lengst til høgre i figuren, noko som tyder på at desse tre fylka har høgast verdi på stramhetsindikatoren. Troms og Finnmark og Nordland har òg høgast verdi på delen av verksemder med alvorlege rekrutteringsproblem, og hamnar i øvste kvadrant til høgre. I nedste kvadrant til venstre danna det seg eit kluster av fylke som tyder på at dei fleste fylka har omtrent same utfordringar når det kjem til ein stram arbeidsmarknaden og verksemder med alvorlege rekrutteringsproblem.

Estimert mangel på arbeidskraft fordelt på næringar i Møre og Romsdal, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser estimert mangel på arbeidskraft fordelt på næringar i Møre og Romsdal. Dette summerer til det totale estimatet på 3 350 fra NAV si bedriftundersøking for Møre og Romsdal.

Dei store næringane som Bygge- og anleggsvirksomhet og Helse- og sosialtenester vil svært ofte automatisk ha den største mangelen på arbeidskraft, sidan det er mange sysselsette i desse næringane. Sysselsetting og endring over tid. Det er derfor òg interessant å sjå på stramhetsindikatoren for dei ulike næringane, sidan ho kontrollerer for talet på sysselsette. Du finn meir informasjon om dette i NAV si bedriftsundersøking.

Arbeidsledighet

Indikatoren viser personar registrerte hos NAV som er heilt eller delvis ledige. Delvis ledige har ofte ein deltidsjobb, men ønskjer å jobbe meir. Delvis ledige kan også vere personar som ikkje har 100% arbeidskapasitet, men som søker arbeid som tilsvarer deira restarbeidsevne.

Som indikator kan arbeidsledighet brukast som ei måling av den kortsiktige tilgangen på arbeidskraft. Ho måler andelen av arbeidsstyrken som aktivt søkar etter jobb.

September 2023 - heilt ledige i Møre og Romsdal, fordelt på kommunar
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av registerte heilt ledige per september 2023 som ein prosentdel av arbeidsstyrken, fordelt etter kommune i Møre og Romsdal. Det er ganske stor skilnad mellom kommunane. Spennet går frå 2,7 % i Sande til 0,8 % i Aukra, Smøka og Fjord.

Totalt sett i fylket ved utgangen av august 2023 var 3 566 arbeidssøkarar registrerte som heilt eller delvis ledige, eller som deltakarar i eit arbeidsmarknadstiltak i Møre og Romsdal. Dette utgjer 2,6 prosent av arbeidsstyrken.

2 054 av arbeidssøkarane var heilt ledige, som utgjorde 1,5 prosent av arbeidsstyrken. 1 027 var delvis ledige, tilsvarende 0,7 prosent av arbeidsstyrken, og 485 var på tiltak, tilsvarende 0,4 prosent av arbeidsstyrken. Møre og Romsdal har ein reduksjon på 286 arbeidsledige frå august til september. Dette tilsvarer ein nedgang på 12,2 prosent. Landet har sammenligna ein nedgang på 4,1 prosent fra sist måned. Det er vanlig at arbeidsledigheten går ned i denne perioden, men også når vi tar hensyn til normale sesongsvininger er nedgangen på over 100 helt arbeidsledige.

Arbeidsmarknadsintegrering

Arbeidsmarknadsintegrering er eit mål som summerer delen av personar som pendler inn og ut av kommunane i eit fylke. På kommunenivå er det eit mål på kor godt arbeidsmarknaden i kommunen er integrert med arbeidsmarknaden utanfor.

På fylkesnivå viser indikatoren summen av delen som pendler inn til ein kommune i fylket og delen som pendler ut frå ein kommune i fylket. Ein person som pendler mellom kommunar i fylket bidrar dermed til å auke delen både for innpendling og utpendling. Utfallsrommet for indikatoren er mellom 0 og 2, der 0 tyder at alle bur og jobbar i same kommune, og 2 inneber at alle sysselsette bur og jobbar i ulike kommunar.

Det er viktig å merke seg at ein pendler i denne samanhengen er ein person som har bustad og arbeidsstad i ulike kommunar. Variabelen fortel ingenting om fysisk oppmøte eller faktisk transport mellom bustad og arbeidsstad, men kvar sysselsett er registrert med ein oppmøtestad og ein bustad.

Arbeidsmarknadsintegrering på tvers av kommunar, 15-74 år, 4. kvartal 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser at Viken ligg høgast på arbeidsmarknadsintegrering (1.03), med mange som kryssar kommunegrenser frå bustad til jobb. Dei nordlegaste fylka Troms og Finnmark (0.29) og Nordland (0.31) har lågast arbeidsmarknadsintegrering. Møre og Romsdal ligg midt på treet (0.52). Oslo har ein svært stor del innpendling (38 %) samanlikna med utpendling (15 %).

Forskjellen mellom fylka kan vere påverka av mange faktorar som kommunestruktur, geografiske forhold som korte/lange avstandar mellom tettstader, næringsstruktur då det er store skilnader i pendlemønster for ulike næringar, noko som gjer indikatoren vanskeleg å tolke, men framleis interessant over tid og på kommunenivå.

Arbeidsmarknadsintegrering etter kommunar i Møre og Romsdal, 15-74 år, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser arbeidsmarknadsintegrering på kommunenivå i Møre og Romsdal, per 4. kvartal 2022. Sula kommune er kommunen i fylket med høgast arbeidsmarknadsintegrering (0.94), medan Smøla har lågast verdi med 0.31.

Inn- og utpendling, kommunar i Møre og Romsdal, 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser inn- og utpendling i tal pendlarar for kommunar i Møre og Romsdal, 4. kvartal 2022. Ålesund og Molde har høgast tal innpendling, medan Ålesund og Hustadvika har høgast tal utpendling. Hustadvika, Sula og Giske har betydeleg større utpendling enn innpendling.