Tema: Tilgang på formell kompetanse

Formell kompetanse kan skildrast som kompetanse som er dokumentert frå ei utdanningsinstitusjon.

Formell kompetanse er ein nyttig indikator fordi ho gir god tilgang til samanliknbare data. Ideelt sett skulle indikatoren òg vist andre typar kompetanse som er viktige for deltaking i arbeidslivet, som til dømes sosiale og emosjonelle ferdigheiter eller grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, munnleg og IKT. Dette er storleikar som dessverre er vanskelegare å måle. Statistikken seier heller ikkje noko om innhaldet i utdanninga, verken fagleg retning eller kvalitet og relevans i arbeidslivet.

Formell utdanning seier likevel mykje om kva kompetanse befolkninga har. Til dømes krev gjennomføring av høgare utdanning at studentane kan tileigne seg spesialisert og brei kunnskap ved hjelp av sjølvstendig arbeid. Bacheloroppgåver og masteroppgåver krev evne til sjølvstendig bruk av studiets faglege innhald og vert primært gjennomført av studenten sjølv under rettleiing. Høgare utdanning er ofte ein basis for læring heile livet og kan seie noko om omstillingsdyktigheit. Personar med høgare utdanning arbeider generelt sett lengre og har vanlegvis høgare inntekt.

Yrkesfaglege utdanningar har ein direkte anvendelse i arbeidslivet, og det er stor etterspurnad etter personar med fagbrev på fleire områder. Statistikken viser at for personar med grunnskole som høgaste utdanning, slit meir med tilknyting til arbeidslivet og har lågare inntekt og færre moglegheiter når arbeidsmarknaden blir vanskelegare.

SSB har samla saman personinformasjon i tabellar på kommunenivå som viser høgaste fullførte utdanning fordelt på høgare utdanning (lang og kort), fagskole, vidaregåande opplæring og grunnskole. Utdanningsdirektoratet har fylkesvis statistikk over gjennomføring av vidaregåande opplæring på fylkesnivå, både med fagretningar og skoletilknyting. I tillegg vert det utarbeidd statistikk over høgare utdanning av HK-direktoratet, men statistikken her er knytt til utdanningsinstitusjonane og i den samanheng mindre relevant i ein samanliknande fylkesperspektiv. Søkartal frå Samordna opptak er likevel teke med her for å vise korleis utdanningsinstitusjonane i fylket lykkast med å tiltrekke seg søkarar.

Andel av befolkninga med høgare utdanning

Høgare utdanning er ein utdanning på minst 3 år frå høgskolar eller universitet. Indikatoren viser kor stor del av befolkninga i fylka som har høgare utdanning.

Andel av befolkninga over 16 år med høgare utdanning etter fylke, 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser at Oslo har ein langt høgare del av befolkninga med høgare utdanning enn resten av landet. Dette aukar landssnittet til 36,9 %. Innlandet (28,9 %), Nordland (29,3 %) og Møre og Romsdal (30,9 %) er fylka med lågast del av befolkninga med høgare utdanning som høgaste fullførte utdanningsnivå. Trøndelag (36,2 %), Vestland (36,3 %) og Viken (36,0 %) er fylka med høgast del av befolkninga med høgare utdanning.

Samfunnet etterspør stadig meir formalisert kompetanse. Andelen av befolkninga med høgare utdanning kan derfor gje ein indikasjon på regionane si evne til å tiltrekke seg ulike typar verksemder og i kva grad arbeidsstyrken i regionen kan møte desse verksemdenes kompetansebehov. Samstundes kan ein ikkje sette likskapsteikn mellom det generelle utdanningsnivået til befolkninga med behova til arbeidslivet i regionen.

På generelt grunnlag kan likevel delen i eit samfunn som har høgare utdanning brukast til å seie noko om evna til arbeidsstyrken til omstilling og utvikling. I denne indikatoren legg vi vekt på krava til personar med høgare utdanning til å utvikle ferdigheiter og kompetanse gjennom yrkeslivet, samt dei generiske og kognitive ferdigheitene som gjer dei i stand til å utføre komplekst arbeid på fleire område, også utanfor det opphavlege fagfeltet.

Det er ikkje berre store skilnader i delen av befolkninga med høgare utdanning som høgaste fullførte utdanningsnivå mellom fylka, men det er også store skilnader mellom kommunane innanfor kvart fylke.

Andel over 16 år med høgare utdanning etter kommunar i Møre og Romsdal, 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser at Volda (41,4 %), Molde (37,6 %) og Ålesund (35,4 %) er kommunane i fylket med høgast del av befolkninga med høgare utdanning som høgaste fullførte utdanningsnivå. Smøla (21,6 %), Vanylven (21,7 %) og Sande (21,9 %) er kommunane med lågast del.

Næringsstruktur, befolknadssamansetning, storleiken på befolkninga i kommunane, sentralitet og avstand frå høgare utdanningsinstitusjonar vil være nokre av forklaringane mellom kommunane.

Det er òg interessant å sjå på utviklinga over tid. I Arbeidsstyrken såg vi mellom anna at Møre og Romsdal er eitt av fylka i landet som har hatt den største auken i høgare utdanning blant sysselsette dei siste åra. Det kan vere fleire grunnar til dette. Fylket hadde låg del i utgangspunkt, så ein liten auke i antallet vil få ein stor prosentvis auke. Fleire tar høgare utdanning, og det blir rekruttert fleire med høgare utdanning til fylket.

Utvikling i andel over 16 år med høgare utdanning, 1980-2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren viser delen av befolkninga i Møre og Romsdal med høgare utdanning som høgaste fullførte utdanningsnivå frå 1980-2021, samanlikna med resten av landet. I 1980 hadde berre 8,5 % av befolkninga i Møre og Romsdal fullført høgare utdanning som høgaste fullførte utdanningsnivå, medan det var 11,3 % i resten av landet. I 2021 derimot har 30,9 % fullført høgare utdanning i Møre og Romsdal, og 36,9 % i resten av landet.

Førstevalssøkarar per studieplass

Søkartala til Samordna opptak blir publiserte kvar vår etter den ordinære søknadsfristen 15. april. Søkartala gjeld både for universitet og høgskole og høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole). Fagskolar har hatt opptak gjennom Samordna opptak sidan år 2000, men det gjeld ikkje for alle fagskolar. Alle offentlege fagskolar er ein del av Samordna opptak, medan det er valfritt for dei private.

Per 15. april 2023 hadde 135 980 personar søkt om studieplass ved høgskole eller universitet gjennom Samordna opptak. Det er litt høgare enn i fjor, då det var 134 954 søkarar. Talet på søkarar i år er noko lågare enn i koronaåra 2020 (150 784 søkarar) og 2021 (154 088 søkarar). Årsaka til dette er truleg at pandemien har skapt større usikkerheit i arbeidsmarknaden for mange unge. Arbeidsmarknaden har vore svært stram dei siste åra. Talet på søkarar til fagskole er det høgaste nokon sinne med heile 13 453 søkarar i år, noko som er ein auke frå 12 246 søkjarar året før og 9319 i 2020.

Samanlikningar av førstevalssøkarar mot planlagde studieplassar gir ein peikepinn på interessa for dei ulike studia. Kva studieplassar som blir fylte, blir svara ut seinare i opptaksprosessen. Ved å samle førstevalssøkarar for studiestadens fylke og samanlikne med planlagde studieplassar i fylket, får vi ein indikasjon på fylkets attraktivitet som studiefylke.

Førstevalssøkarar per planlagte studieplass, etter fylke. Samordna opptak 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser at Oslo har klart flest førstevalssøkarar per planlagde studieplass med 2,9 førstevalssøkarar per planlagd studieplass og framstår som det mest attraktive studiefylket. Det ser ut til at storleiken og sentraliteten til studiestaden har betydning for søkertala.

Møre og Romsdal har 1,8 førstevalssøkarar per planlagd studieplass for universitet og høgskole, men berre 0,6 førstevalssøkarar per planlagd studieplass på fagskole, noko som er det lågaste av alle fylke saman med Vestfold og Telemark (0,6). Oslo (2,6) har soleklart flest førstevalssøkarar per planlagd studieplass til fagskole.

Når det gjeld attraktiviteten til fylka som studiefylke, kan det òg vere interessant å sjå på delen av førstevalssøkarar som søkar til eigen heimstad eller heimfylke.

Prosentandel førstevalssøkarar som søkar til sitt heimfylke UH
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av førstevalssøkarar som søkar til sitt heimfylke ved universitet eller høgskole. Den låge delen frå Viken kjem av at det finst relativt få studieplassar i fylket. Det er 5 023 studieplassar i Viken, men heile 30 149 søkarar frå fylket.

Berre 30,3 % av søkarane i Møre og Romsdal søkar til sitt heimfylke. Nettstudiar og geografisk nærleik til store studiefylke som Trøndelag og Vestland kan delvis forklare dette. For Vestland og Trøndelag er det 59,7 % og 58,3 % som søkar til sitt heimfylke. Troms og Finnmark ligg òg relativt høgt med 54,9 %.

Prosentandel førstevalssøkarar som søkar til sitt heimfylke HYU
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av førstevalssøkarar til fagskole som søkar til sitt heimfylke. Oslo (67,8 %) er fylket i landet med størst del av fagskolestudentar som søkar til sitt heimfylke. Vestland, Troms og Finnmark, Rogaland, Trøndelag og Innlandet ligg relativt likt, der 62-65 % av førstevalssøkarane søkar til sitt heimfylke. Møre og Romsdal (39,3 %) og Nordland (41,9 %) har lågast del som søkar til sitt heimfylke.

Andel av befolkninga med fagskole som høgaste utdanning

Indikatoren viser kor mange som har høgare yrkesfagleg utdanning (fagskole) som høgaste registrerte utdanning. Fagskolane utdannar spesialiserte yrkesutøvarar med høg kompetanse til mange bransjar og har som formål å vere fleksible, yrkesretta og tilpassa ny teknologi og trender og behov i arbeidslivet. Ved å bli utvikla i nær samarbeid med samfunnet og arbeidslivet for å sikre behovet for oppdatert og spesialisert kompetanse, samtidig som dei er korte og praktiske, er fagskoleutdanningane godt eigna til å møte behovet for omstilling i eit livslangt læringsperspektiv.

Indikatoren beskriv korleis arbeidsstyrken i fylka nyttar dette tilbodet for å vidareutvikle kompetansen sin. Ideelt sett skulle indikatoren vist kor mange som kvart år tar utdanning ved fagskolane frå kvar fylke, men slike tal er ikkje lett tilgjengelege. Aktuelle tal for fagskoleutdanning er knytt til utdanningsinstitusjonane, men viser ikkje til studentanes heimfylke eller arbeidsfylke. Sidan fagskole i stor grad blir gjennomført ved nettundervisning med nokre samlingar, er det ikkje uvanleg å studere ved fagskolar langt unna bustaden. Derfor viser ikkje slike statistikkar i kva grad arbeidsstyrken i eit fylke nyttar fagskoletilbodet.

Ein annan svakheit ved indikatoren er at den berre viser personar som har fagskole som høgaste utdanning. Personar med ein bachelorgrad frå ein høgare utdanningsinstitusjon som tar fagskole utdanning vil ikkje bli inkludert i indikatoren, og ein person som har fagskole, men tar ein bachelorgrad, vil bli inkludert i statistikken for bachelorgrad ikkje fagskole.

Likevel viser indikatoren at det er ein skilnad mellom fylka i kor stor grad befolkninga nyttar fagskoletilbodet.

Fagskoleutdanning kan bli gjennomført nettbasert, nettbasert med samlingar eller stadbasert, på heiltid eller deltid. Det har vore ein auke dei siste åra i talet på personar som tar fagskoleutdanning gjennom nettbaserte studiar med eller utan samlingar. DBH sine fagskolestatistikk viser at i 2022 deltok nesten 11 000 studentar i stadbasert fagskoleutdanning medan litt over 14 000 deltok i nettbasert undervisning med eller utan samlingar. Dette inneber at for mange kan utdanning skje ved fagskolar utanfor heim- eller arbeidsfylket.

Andel over 16 år med fagskole som høgaste fullførte utdanning, 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser andelen over 16 år som har fagskole som høgaste fullførte utdanning i 2022. Dette betyr at dersom nokon har ein bachelorgrad og fullfører fagskole, blir det ikkje inkludert i statistikken, og dersom nokon har fagskole men får ein bachelorgrad, blir dei trekte ut av statistikken.

Figuren viser at Møre og Romsdal (4.1 %) er fylket i landet med høgast andel av befolkninga som har fagskole som høgaste fullførte utdanningsnivå, medan Oslo (2.2 %) og Trøndelag (2.9 %) har lågast andel.

Fagskolestudentar i Møre og Romsdal, Høst, 2021-2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser talet på fagskolestudentar i Møre og Romsdal for haustsemestera 2011-2023. Sidan 2011 har det vore ein nedgang frå 550 til 375 fagskolestudentar. Sidan 2014 har det vore ein ganske stabil nedgang, før det begynte å ta seg litt opp att i 2020, 2021 og 2022.

Fordeling av fagskolestudentar i Møre og Romsdal etter utdanningsgruppe, Høst 2023
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser fordelinga av fagskolestudentar etter utdanningsgruppe, haustsemesteret 2023. Cirka 11 % av elevane studerer innanfor utdanningsgruppa Elektro, medan nesten 50 % av elevane studerer enten innanfor Maritime navigasjonsfag eller Mekaniske fag.

Andel i vidaregåande opplæring innan yrkesfag

Yrkesfagleg utdanning består av to år med skolegang og to år med læretid, og gir elevane fagbrev som viser kompetanse innanfor valde fag. Det finst 9 ulike utdanningsprogram med ei rekke fagområde.

Andel vg1 elevar innan yrkesfaglege utdanningsprogram, 2023/2024
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser delen av Vg1-elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram i skoleåret 23/24. Tala inkluderer berre offentlege skolar. Alle fylka utanom Oslo og Viken har ein overvekt av elevmassen på Vg1 innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram. Møre og Romsdal (56,5 %) ligg midt på treet, over Trøndelag (54,5 %) og Vestland (54,6 %), men under Nordland (60,5 %), Rogaland (57,1 %), Innlandet (56,9 %) og Troms og Finnmark (56,6 %).

Indikatoren fortel kva kompetanse ungdommane i fylket vil oppnå. Elevar som vel yrkesfag har òg relativt låg mobilitet mellom fylka og held seg oftare nær heimstaden etter fullført utdanning. Andelen som vel yrkesfag gir derfor ein god peikepinn på forventa tilgang til yrkesfagleg kompetanse for næringslivet i fylket.

Møre og Romsdal har stort sett alltid hatt ein overvekt av Vg1-elevar i yrkesfaglege studieprogram, med ei variasjon frå 52-58 %. Skoleåret 2013/14 valde 57 % av elevane Vg1 innanfor yrkesfaglige utdanningsprogram. Deretter var det ein liten reduksjon år for år fram til bunnpunktet skoleåret 2018/19, der berre 50 % av Vg1-elevane valde yrkesfaglege utdanningsprogram. Sidan då har talet på dei som vel yrkesfag på Vg1 hatt ei stabil auke til om lag 57 %.

Elevar i Vg1 yrkesfag i Møre og Romsdal, offentlig skole
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser korleis Vg1-elevane innan yrkesfag i Møre og Romsdal fordeler seg på dei ulike yrkesfaglege utdanningsprogramma. Indikatoren gir derfor eit innblikk i kva yrkesfagleg utdanning ungdommane i fylket vil få. Teknologi- og industrifag og Helse- og oppvekstfag er dei to største yrkesfaglege utdanningsprogramma i fylket.

Tilgang på læreplassar

Yrkesfagleg utdanning inneber vanlegvis to års skolegang etterfulgt av to års læretid i ein bedrift, der elevane fullfører si yrkesutdanning som lærlingar. Læretida vert avslutta med ein fag- eller svenneprøve som gir elevane fag- eller svennebrev.

Det har etter kvart kome andre vegar til fagbrevet, men læretid er den vanlegaste. Tilgangen på læreplassar er derfor avgjerande for at elevane skal kunne fullføre utdanninga si og bli faglærte arbeidarar.

Indikatoren viser andelen av søkarane som fekk tilbod om lærekontrakt i løpet av året dei fullførte skoledelen av yrkesfagløpet.

Andel søkarar som har fått lærekontrakt per desember 2023, etter fylke
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser del søkarar til fagopplæring som fekk lærekontrakt per desember 2022. På landsbasis fekk 80,6 % av søkarane til fagopplæring lærekontrakt. I Møre og Romsdal var tala 81,4 %. Rogaland (85,1 %) er fylket i landet med høgast del av søkarar til fagopplæring som fekk lærekontrakt.

Det er også interessant å sjå korleis dette spelar seg ut på ulike fagområde, noko som gir eit endå betre inntrykk av kva kompetanse ungdomane i fylket vil få.

Figuren over viser del og tal på personar som fekk lærekontrakt i Møre og Romsdal, med moglegheit til å filtrere etter årstal. Det er også mogleg å drille seg ned på eit utdanningsprogram.

Dersom du drillar ned på Teknologi og industrifag, kan du sjå at 77 av 78 søkarane, det vil seie 98,7 % av søkarane til Skipsmotormekanikerfaget, fekk lærekontrakt. Innafor Matrosfaget, som òg ligg under Teknologi- og industrifag, fekk heile 96 av 103, altså rundt 93,2 %, lærekontrakt. I Elektrikkarfaget var det 123 av 137 (89,8 %) som fekk lærekontrakt, innan Automatiseringsfaget, som òg høyrer til elektrofag, var det 82,6 % som fekk lærekontrakt.

Utdanningsnivå og andel av befolkninga med berre grunnskoleutdanning

Denne indikatoren fremhevar låg formell kompetanse, uttrykt gjennom delen av befolkninga over 16 år som har grunnskole som høgaste formelle kompetansenivå.

Del av befolkninga med grunnskole som høgaste utdanning viser kor mange som har lågaste formelle kompetansenivå. Indikatoren er inkludert fordi låg formell kompetanse korrelerer med fleire uønska livsutfall som fråfall frå arbeidsmarknaden, utanforskap generelt, helsemessige ytingar og låginntekt. I dagens samfunn har utdanning blitt stadig viktigare for å sikre stabil inntektsgivande arbeid.

Grunnskole er obligatorisk i Norge, og i prinsippet noko alle innbyggarane har krav på å gjennomføre. Deretter er det opp til innbyggarane sjølv å velje om dei vil utdanne seg vidare gjennom vidaregåande opplæring. I OECD-rapporten Investing in youth Norway blir lågt utdanningsnivå framheva som den største risikofaktoren for å hamne utanfor arbeid og utdanning for unge i Noreg (OECD, 2018).

Som nemnt under sysselsettingsgrad og utdanningsnivå blir det stadig vanskelegare å få jobb med grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå.

Andel over 16 år med grunnskole som høgaste fullførte utdanning, 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren viser at Nordland (27,6 %), Innlandet (27,5 %) og Troms og Finnmark (26,7 %) er fylka i landet med høgast befolkningsandel med grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå i 2022. Oslo (18,7 %), Vestland (22,1 %) og Trøndelag (22,3 %) har lågast befolkningsandel med grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå. Møre og Romsdal ligg midt på treet med 24,5 %. Møre og Romsdal gjer det betre her enn i universitet/høgskole-statistikken på grunn av at mange har vidaregåande og fagskole som høgaste fullførte utdanningsnivå.

Forskjellane mellom regionane kan til ein viss grad forklarast med alderen til befolkninga. Det har blitt meir vanleg å ta lengre utdanning, og delen av unge i befolkninga vil bidra til å senke delen som berre har grunnskoleutdanning.

Andel personar over 16 år etter høgaste fullførte utdanningsnivå i Møre og Romsdal, 1980-2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser utviklinga i høgaste fullførte utdanningsnivå i Møre og Romsdal frå 1980 til 2022. I 1980 hadde 51,1 % av befolkninga i Møre og Romsdal berre grunnskoleutdanning, medan i 2022 er det 24,5 % av befolkninga.

SSBs fagskolestatistikk går tilbake til 2016 då fagskolemeldinga (Meld. St 9( 2016-2017)) kom og det vart sett i verk ei rekke tiltak for å styrke fagskoleutdanninga som eit relevant og attraktivt studietilbod.

Høgaste fullførte utdanningsnivå etter kommunar i Møre og Romsdal, 2022
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2016-kullet
Rogaland 74,8
Møre og Romsdal 74,1
Vestland 71,7
Agder 71,5
Innlandet 71,3
I alt 69,6
Viken 69,4
Trøndelag 69,3
Vestfold og Telemark 67,7
Troms og Finnmark 64,6
Oslo 64,3
Nordland 60,5

Figuren over viser høgaste fullførte utdanningsnivå blant kommunar i Møre og Romsdal, 2022. Det er store skilnader mellom kommunane. Når det gjeld befolkningsandelen med grunnskole som høgaste fullførte utdanningsnivå, varierer det frå 19,1 % i Volda, 21,7 % i Ulstein, heilt opp til 29,8 % i Hustadvika og 28,8 % i Vestnes kommune.