Introduksjon
Dette kunnskapsgrunnlaget er laget for Delstrategi for kompetanse. Tilbod i vgo
Kunnskapsgrunnlaget er delt inn i fem ulike seksjonar. Ein seksjon for Møre og Romsdal samla, og ein seksjon for kvar skoleregion. Skoleregionane vi opererer med er Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre.
Indikatorene som blir diskutert er følgande:
- Elevframskrivingar (To ulike framskrivingar; Fylkeskommunen si interne elevframskriving, samt ei ein-til-ein framskriving av avgangselevar frå grunnskulen)
- Yrkesstruktur (Totalt tal sysselsette, tal og andel over 60 år etter yrke). Stillingar utlyste etter yrke
- Søkarar til Vg1 etter utdanningsprogram, siste tre år
- Søkarar til Fagopplæring helt ned på kurskode (f.eks Rørlegger) per 1.mars 2024.
- Befolkningsframskrivingar/demografiutfordringar
Det er verdt å merke seg at dette ikkje er eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag om framtidige kompetansebehov. Kunnskapsgrunnlaget tar ikkje for seg innførsel av kompetanse frå høgare utdanning (fagskule, høgskule, universitet). Fylket vil også ha kompetansebehov som ikkje vil vere mogleg å dekke i form av eit utdanningstilbod. I dag rekrutterer vi allereie til yrke som vi ikkje utdannar til.
For eit meir omfattande kunnskapsgrunnlag om kompetansebehov i regionen går det an å sjå meir på: Kompetanse.mrfylke.no
For fleire indikatorar/statistikkar på vidaregåande opplæring, går det an å lese meir i tilstandsrapporten for vidaregåande opplæring Kvalitetmeldinga 2024