Møre og Romsdal
Denne sida viser aggregert informasjon frå regionane Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Skoleregion Møre og Romsdal består av alle dei fylkeskommunale skolane i fylket samt alle kommunane.
Elevframskrivingar
Elevframskrivingane er ein indikator som peiker på kor stor elevmasse vi vil ha framover i tid. Denne indikatoren set retningslinjer for planlegginga av tilbodstrukturen; er det behov for å auke eller redusere framover i tid?
Fylkeskommunen opererer med fleire ulike variantar av elevframskrivingar. Vi presenterer to av dei her.
Den første er ein intern elevframskriving som framskriv det totale elevkullet i vidaregåande opplæring (alle nivå). Den er basert på 2. inntaket og SSBs befolkningsframskriving.
Den andre er ei framskriving av søkarar til Vg1 basert på tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Vi tar elevar i grunnskolen til grunn og framskriv avgangselevar.
Elevtalsframskrivinga viser at elevtalet på dei videregåande skolane i fylket vil øke noe den neste treårsperioden. Deretter vil det ha et fall på rundt 1000 elevar fram til 2035/2036.
Tala frå GSI viser at talet på avgangselevar frå grunnskolane i Møre og Romsdal nådde ein topp i 2024/2025, noko som vil gje ein topp i talet på Vg1-elevar skuleåret 2025/2026. Deretter er det venta eit fall på om lag 600 avgangselevar fram mot søkinga skoleåret 2034/2035.
Yrkesstruktur og kunngjorde stillingar
Yrkesstruktur gir ein indikasjon på kva yrke som er størst og veks mest i regionen.
Sysselsette over 60 år er ein indikator som kan brukast til å framskrive framtidige kompetansebehov dersom vi går ut frå ein 1-til-1-erstattning av personar som går av med pensjon dei neste ~5 åra.
Her presenterer vi yrker på 3-siffer nivå. Tal på siffer nivå viser kor aggregert grupperinga er. Til dømes vil "Elektrikarar mv." vere ein gruppering av 4-siffer nivå yrka (Automatikarar, Elektrikarar og Energimontørar) slått saman (aggregert).
Totalt antall sysselsette og sysselsette over 60 år, Møre og Romsdal 2023
Yrke | Sysselsette | Tal over 60 år | Del over 60 år | Endring 2015-2023 |
---|---|---|---|---|
Pleiemedarbeidere | 1925 | 361 | 19% | 0% |
Uoppgitt / yrker som ikke kan identifiseres | 1521 | 613 | 40% | -18% |
Butikkselgere | 1489 | 132 | 9% | -10% |
Grunnskole- og førskole-/barnehagelærere | 1079 | 83 | 8% | -1% |
Tabellen over gir ei oversikt over sysselsetting blant 100 ulike yrker i Møre og Romsdal på 3-siffer nivå.
Vi ser at Pleiemedarbeidere er yrket på 3-siffer nivå med flest sysselsette i kommunar i Møre og Romsdal. Yrket har 9708 sysselsette kor 1734 av dei er over 60 år, yrket har hatt ein auke på 3 % frå 2015.
På 4-siffer nivå så har Busssjåførar og trikkførarar ein del på 50 % over 60 år (320 sysselsette over 60 år). Yrket på 3-siffer nivå, "Lastebil-, buss- og trikkeførere" har noko lågare del, sidan lastebilsjåførarar har ein tendens til å være ein god del yngre enn bussjåførar i denne regionen.
Andre 4-siffer nivå yrke med høg del over 60 år er Bil-, drosje- og varebilførere (27 %) og Helsefagarbeidere (24 %, 1146 sysselsette over 60 år).
I fylket som heilskap er 16 % av dei sysselsette over 60 år.
Kunngjorde stillingar og sysselsettingsvekst, 2018-2023, Møre og Romsdal
Yrke | Kunngjorde stillinger (månedlig snitt) | Sysselsettingsvekst |
---|---|---|
Pleiemedarbeidere | 1925 | 361 |
Uoppgitt / yrker som ikke kan identifiseres | 1521 | 613 |
Butikkselgere | 1489 | 132 |
Grunnskole- og førskole-/barnehagelærere | 1079 | 83 |
Tabellen over viser antall utlyste stillinger per måned i snitt fra 2018-2023 opp mot sysselsettingsveksten i samme periode. Eksempelvis så har det blitt utlyst 189,56 stillinger hver eneste måned fra 2018 til 2023 for yrket "Sykepleiere og spesialsykepleiere", mens sysselsettingsveksten fra 2018-2023 har vært på 315 personer.
Tabellen over viser talet på utlyste stillingar per månad i snitt frå 2018-2023 samanlikna med sysselsettingsveksten i same periode. Til dømes har det blitt utlyst 189,56 stillingar kvar månad frå 2018 til 2023 for yrket "Sykepleiere og spesialsykepleiere", mens sysselsettingsveksten fra 2018-2023 har vore på 315 personer.
Søkarar til Vg1
Denne indikatoren gir eit inblikk i kva elevane søkar seg til som førsteønske på vg1 dei siste åra. På dei videregående skolane i Møre og Romsdal får rundt ~85 % av elevane som søkar til Vg1 oppfylt førsteønske sitt. Indikatoren kan derfor gi ei peikepinn på kva tilførsel av kompetanse regionen kan forvente å få.
Figuren over viser at søkarar frå kommunar i Møre og Romsdal har hatt ein oppgang i søkinga til studiespesialisering i 2025, men framleis ikkje på nivå med 2022 og 2023, trass i eit auka elevtal. Teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi held fram med å auke, medan helse- og oppvekstfag får ein reduksjon. I år har òg 63,5 % av søkarane valt yrkesfag, ned frå 65 % i fjor.
Søkarar til Fagopplæring
Denne indikatoren gir eit innblikk i kva yrkeskompetanse elevane søkar seg til etter fullført Vg2 yrkesfag. Kva yrkeskompetanse vil regionen få i form av lærlingar dei neste to åra, og kva type fagarbeidarar vil vi få etter dei har fullført fagopplæringa.
Ved å trykkje på ein av kolonnane i diagrammet under kan du drille deg ned på kurskode nivå.
Figuren over viser at Teknologi- og industrifag (TP) er utdanningsprogrammet med flest søkarar. På kurskode nivå er det Industrimekanikerfaget (95), etterfølgd av Tømrerfaget (93) og Matrosfaget (88) som er mest populært.
For meir informasjon om lærekontraktar for heile fylket kan du sjå her: PowerBI
Befolkningsframskrivingar
Befolkningsframskrivingar er ein indikator på den demografiske utviklinga i åra som kjem. Me blir stadig fleire eldre og færre yngre, noko som vil få store konsekvensar for kompetansebehova framover. Indikatoren på delen av befolkninga mellom 20-66 år gir òg ei indikasjon på storleiken til den moglege arbeidsstyrken.
Eldrebølga (for dei over 80 år) med dei store fødselskulla etter 2. verdenskrig har akkurat begynt å inntreffe fylket. Dei neste 15 åra vil vi sjå ei dobling av talet 80 åringar for kommunar i Møre og Romsdal.
Andelen i arbeidsdyktig alder (20-66 år) vil gå ned frå 58,4 % i (2024) til 53,3 % i 2050, samstundes vil andel over 60 år auke frå 27,2 % til 34,9 %