Nordre Sunnmøre
Skoleregion Nordre Sunnmøre består av følgande videregående skolar:Borgund vgs, Ålesund vgs, Haram vgs, Spjelkavik vgs, Stranda vgs og Sykkylven vgs.
Regionen består av kommunane: Ålesund, Hareid, Stranda, Sykkylven, Sula, Fjord, Giske, Haram.
Elevframskrivingar
Elevframskrivingane er ein indikator som peiker på kor stor elevmasse vi vil ha framover i tid. Denne indikatoren set retningslinjer for planlegginga av tilbodstrukturen; er det behov for å auke eller redusere framover i tid?
Fylkeskommunen opererer med fleire ulike variantar av elevframskrivingar. Vi presenterer to av dei her.
Den første er ein intern elevframskriving som framskriv det totale elevkullet i vidaregåande opplæring (alle nivå). Den er basert på 2. inntaket og SSBs befolkningsframskriving.
Den andre er ei framskriving av søkarar til Vg1 basert på tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Vi tar elevar i grunnskolen til grunn og framskriv avgangselevar.
Figuren over viser at elevtalet på dei vidaregåande skolane i region Nordre Sunnmøre vil auke litt dei neste tre åra, deretter vil det vere ein nedgang på rundt 250 elevar fram til 2035/2036.
Tala frå GSI viser at tal avgangselevar frå grunnskulen for kommunar i region Nordre Sunnmøre nådde ein topp skoleåret 2024/2025, noko som vil gje ein topp i talet på Vg1-elevar skoleåret 2025/2026. Det er venta eit fall på omlag 270 avgangselevar fram mot søkinga skoleåret 2034/2035. Låge søkertal til Vg1 tre år på rad vil ha stor påverknad på det totale elevtalet i regionen.
Yrkesstruktur og kunngjorde stillingar
Yrkesstruktur gir ein indikasjon på kva yrke som er størst og veks mest i regionen.
Sysselsette over 60 år er ein indikator som kan brukast til å framskrive framtidige kompetansebehov dersom vi går ut frå ein 1-til-1-erstattning av personar som går av med pensjon dei neste ~5 åra.
Her presenterer vi yrker på 3-siffer nivå. Tal på siffer nivå viser kor aggregert grupperinga er. Til dømes vil "Elektrikarar mv." vere ein gruppering av 4-siffer nivå yrka (Automatikarar, Elektrikarar og Energimontørar) slått saman (aggregert).
Totalt tal sysselsette og sysselsette over 60 år, region Nordre Sunnmøre 2023
Yrke | Sysselsette | Tal over 60 år | Del over 60 år | Endring 2015-2023 |
---|---|---|---|---|
Pleiemedarbeidere | 1925 | 361 | 19% | 0% |
Uoppgitt / yrker som ikke kan identifiseres | 1521 | 613 | 40% | -18% |
Butikkselgere | 1489 | 132 | 9% | -10% |
Grunnskole- og førskole-/barnehagelærere | 1079 | 83 | 8% | -1% |
Tabellen over gir ei oversikt over sysselsetting blant 100 ulike yrker i region Nordre Sunnmøre på 3-siffer nivå.
Vi ser at Pleiemedarbeidere er yrket på 3-siffer nivå med flest sysselsette i kommunar i region Nordre Sunnmøre. Yrket har 3630 sysselsette kor 603 av dei er over 60 år, yrket har hatt ein auke på 10 % frå 2015.
På 4-siffer nivå så har Busssjåførar og trikkførarar ein del på 44 % over 60 år (110 sysselsette over 60 år). Yrket på 3-siffer nivå, "Lastebil-, buss- og trikkeførere" har noko lågare del, sidan lastebilsjåførarar har ein tendens til å være ein god del yngre enn bussjåførar i denne regionen.
Andre 4-siffer nivå yrke med høg del over 60 år er Vaktmestre (26 %, 113 over 60 år) og Helsefagarbeidere (23%, 389 sysselsette over 60 år).
I fylket som heilskap er 16 % av dei sysselsette over 60 år.
Kunngjorde stillingar og sysselsettingsvekst, 2018-2023, region Nordre Sunnmøre
Yrke | Kunngjorde stillinger (månedlig snitt) | Sysselsettingsvekst |
---|---|---|
Pleiemedarbeidere | 1925 | 361 |
Uoppgitt / yrker som ikke kan identifiseres | 1521 | 613 |
Butikkselgere | 1489 | 132 |
Grunnskole- og førskole-/barnehagelærere | 1079 | 83 |
Tabellen over viser talet på utlyste stillingar per månad i snitt frå 2018-2023 samanlikna med sysselsettingsveksten i same periode. Til dømes har det blitt utlyst 79,76 stillingar kvar månad frå 2018 til 2023 for yrket "Sykepleiere og spesialsykepleiere", mens sysselsettingsveksten fra 2018-2023 har vore på 123 personer.
Søkarar til Vg1
Denne indikatoren gir eit inblikk i kva elevane søkar seg til som førsteønske på vg1 dei siste åra. På dei videregående skolane i Møre og Romsdal får rundt ~85 % av elevane som søkar til Vg1 oppfylt førsteønske sitt. Indikatoren kan derfor gi ei peikepinn på kva tilførsel av kompetanse regionen kan forvente å få.
Figuren over viser at søkarar frå kommunar i region Nordre Sunnmøre har hatt ein oppgang i søkinga til studiespesialisering i 2025 (14 %), men søkinga er framleis ikkje på nivå med 2022 og 2023. Søkinga til elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag held fram med å auke, medan søkinga til helse- og oppvekstfag er stabil samanlikna med fjoråret.
Søkarar til Fagopplæring
Denne indikatoren gir eit innblikk i kva yrkeskompetanse elevane søkar seg til etter fullført Vg2 yrkesfag. Kva yrkeskompetanse vil regionen få i form av lærlingar dei neste to åra, og kva type fagarbeidarar vil vi få etter dei har fullført fagopplæringa.
Ved å trykkje på ein av kolonnane i diagrammet under kan du drille deg ned på kurskode nivå.
Figuren over viser at Teknologi- og industrifag (TP) er utdanningsprogrammet med flest søkarar. På kurskode nivå er det Industrimekanikerfaget (33), Skipsmotormekanikerfaget (29) og Matrosfaget (28) som er mest populært. Totalt i fylket så er det 11 søkarar til Rørleggerfaget, regionen har 9 av desse søkarane. Regionen har også ein stor del av søkarne til Fiske og fangst (49 %) og Akvakulturfaget (58 %).
For meir informasjon om lærekontraktar for heile fylket kan du sjå her: PowerBI
Befolkningsframskrivingar
Befolkningsframskrivingar er ein indikator på den demografiske utviklinga i åra som kjem. Me blir stadig fleire eldre og færre yngre, noko som vil få store konsekvensar for kompetansebehova framover. Indikatoren på delen av befolkninga mellom 20-66 år gir òg ei indikasjon på storleiken til den moglege arbeidsstyrken.
Eldrebølga (for dei over 80 år) med dei store fødselskulla etter 2. verdenskrig har akkurat begynt å inntreffe fylket. Dei neste 20 åra vil vi sjå ei dobling av talet 80 åringar for kommunar i region Nordre Sunnmøre.
Andelen i arbeidsdyktig alder (20-66 år) vil gå ned frå 59,4 % i (2024) til 54,3 % i 2050, samstundes vil andel over 60 år auke 25,2 % til 33,5 %.