Søre Sunnmøre

Skoleregion Søre Sunnmøre består av følgande videregående skolar: Herøy vgs, Ulstein vgs, Volda vgs og Ørsta vgs.

Regionen består av kommunane: Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta

Elevframskrivingar

Elevframskrivingane er ein indikator som peiker på kor stor elevmasse vi vil ha framover i tid. Denne indikatoren set retningslinjer for planlegginga av tilbodstrukturen; er det behov for å auke eller redusere framover i tid?

Fylkeskommunen opererer med fleire ulike variantar av elevframskrivingar. Vi presenterer to av dei her.

Den første er ein intern elevframskriving som framskriv det totale elevkullet i vidaregåande opplæring (alle nivå). Den er basert på 2. inntaket og SSBs befolkningsframskriving.

Den andre er ei framskriving av søkarar til Vg1 basert på tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Vi tar elevar i grunnskolen til grunn og framskriv avgangselevar.

Framskriving av talet på elevar i vidaregåande skolar, region Søre Sunnmøre
Skoleår Elever i videregående skoler, region Søre Sunnmøre
2024/2025 1577
2025/2026 1652
2026/2027 1622
2027/2028 1599
2028/2029 1556
2029/2030 1516
2030/2031 1463
2031/2032 1448
2032/2033 1427
2033/2034 1456
2034/2035 1472
2035/2036 1493
2036/2037 1428
2037/2038 1443
2038/2039 1403
2039/2040 1240

Figuren over viser at elevtalet på dei vidaregåande skolane i region Søre Sunnmøre vil auke litt dei neste tre åra, deretter vil det vere ein nedgang på rundt 140 elevar fram til 2035/2036.

Framskriving av søkarar til Vg1 basert på elevtal i grunnskolen, kommunar i region Søre Sunnmøre
Kommune 2025/2026 2026/2027 2027/2028 2028/2029 2029/2030 2030/2031 2031/2032 2032/2033 2033/2034 2034/2035
Herøy 126 121 137 114 99 112 88 91 96 92
Sande 25 24 26 23 30 17 15 22 25 23
Ulstein 134 116 105 112 91 109 119 85 120 94
Vanylven 27 35 30 30 27 21 21 26 36 32
Volda 143 127 124 110 123 100 115 131 114 155
Ørsta 167 136 131 150 135 135 130 114 117 136
Søre Sunnmøre 622 559 553 539 505 494 488 469 508 532

Tala frå GSI viser at tal avgangselevar frå grunnskulen for kommunar i region Søre Sunnmøre nådde ein topp skoleåret 2024/2025, noko som vil gje ein topp i talet på Vg1-elevar skoleåret 2025/2026. Det er venta eit fall på omlag 90 avgangselevar fram mot søkinga skoleåret 2034/2035. Låge søkertal til Vg1 tre år på rad vil ha stor påverknad på det totale elevtalet i regionen.

Yrkesstruktur og kunngjorde stillingar

Yrkesstruktur gir ein indikasjon på kva yrke som er størst og veks mest i regionen.

Sysselsette over 60 år er ein indikator som kan brukast til å framskrive framtidige kompetansebehov dersom vi går ut frå ein 1-til-1-erstattning av personar som går av med pensjon dei neste ~5 åra.

Her presenterer vi yrker på 3-siffer nivå. Tal på siffer nivå viser kor aggregert grupperinga er. Til dømes vil "Elektrikarar mv." vere ein gruppering av 4-siffer nivå yrka (Automatikarar, Elektrikarar og Energimontørar) slått saman (aggregert).

Totalt tal sysselsette og sysselsette over 60 år, region Søre Sunnmøre 2023

Yrke Sysselsette Tal over 60 år Del over 60 år Endring 2015-2023
Pleiemedarbeidere 1925 361 19% 0%
Uoppgitt / yrker som ikke kan identifiseres 1521 613 40% -18%
Butikkselgere 1489 132 9% -10%
Grunnskole- og førskole-/barnehagelærere 1079 83 8% -1%

Tabellen over gir ei oversikt over sysselsetting blant 100 ulike yrker i region Søre Sunnmøre på 3-siffer nivå.

Vi ser at Pleiemedarbeidere er yrket på 3-siffer nivå med flest sysselsette i kommunar i region Søre Sunnmøre. Yrket har 1578 sysselsette kor 292 av dei er over 60 år, yrket har hatt ein auke på -2 % frå 2015.

På 4-siffer nivå så har Busssjåførar og trikkførarar ein del på 50 % over 60 år (93 sysselsette over 60 år). Yrket på 3-siffer nivå, "Lastebil-, buss- og trikkeførere" har noko lågare del, sidan lastebilsjåførarar har ein tendens til å være ein god del yngre enn bussjåførar i denne regionen.

Andre 4-siffer nivå yrke med høg del over 60 år er spesialsykepleiere (25 %, 51 over 60 år).

I fylket som heilskap er 16 % av dei sysselsette over 60 år.

Kunngjorde stillingar og sysselsettingsvekst, 2018-2023, region Søre Sunnmøre

Yrke Kunngjorde stillinger (månedlig snitt) Sysselsettingsvekst
Pleiemedarbeidere 1925 361
Uoppgitt / yrker som ikke kan identifiseres 1521 613
Butikkselgere 1489 132
Grunnskole- og førskole-/barnehagelærere 1079 83

Tabellen over viser talet på utlyste stillingar per månad i snitt frå 2018-2023 samanlikna med sysselsettingsveksten i same periode. Til dømes har det blitt utlyst 21,03 stillingar kvar månad frå 2018 til 2023 for yrket "Sykepleiere og spesialsykepleiere", mens sysselsettingsveksten fra 2018-2023 har vore på 138 personer.

Søkarar til Vg1

Denne indikatoren gir eit inblikk i kva elevane søkar seg til som førsteønske på vg1 dei siste åra. På dei videregående skolane i Møre og Romsdal får rundt ~85 % av elevane som søkar til Vg1 oppfylt førsteønske sitt. Indikatoren kan derfor gi ei peikepinn på kva tilførsel av kompetanse regionen kan forvente å få.

Søkarar til Vg1, bustadkommune i region Søre Sunnmøre
Søkere til Vg1, bostedskommune i region Søre Sunnmøre
Utdanningsprogram 1. mars 2022 1. mars 2023 1. mars 2024 1. mars 2025
Bygg- og anleggsteknikk 20 26 30 25
Elektro og datateknologi 53 67 63 80
Frisør,blomst,int,eksp.design 6 7 11 11
Helse- og oppvekstfag 95 73 77 87
Håndverk, design, produktutv. 2 3 1 3
Idrettsfag 48 56 63 52
IT og medieproduksjon 9 17 18 12
Kunst, design og arkitektur 23 19 25 27
Medier og kommunikasjon 9 9 10 8
Musikk, dans og drama 31 44 39 42
Naturbruk 18 23 18 30
Restaurant- og matfag 18 18 13 12
Salg, service og reiseliv 9 14 30 17
Studiespesialisering 134 151 154 169
Teknologi- og industrifag 83 109 116 115

Figuren over viser at søkarar frå kommunar i region Søre Sunnmøre har hatt ei auke i søkinga til studiespesialsering. Dette er den einaste regionen som har hatt ein auke i søkinga til studiespesialsering alle 4 åra. Regionen har ein 27 % auke i elektro og datateknologi, og saman med Nordre Sunnmøre så er desse to regionane dei einaste som har ein auke i Helse- og oppvekstfag.

Søkarar til Fagopplæring

Denne indikatoren gir eit innblikk i kva yrkeskompetanse elevane søkar seg til etter fullført Vg2 yrkesfag. Kva yrkeskompetanse vil regionen få i form av lærlingar dei neste to åra, og kva type fagarbeidarar vil vi få etter dei har fullført fagopplæringa.

Ved å trykkje på ein av kolonnane i diagrammet under kan du drille deg ned på kurskode nivå.

Søkarar til Fagopplæring per 1. mars 2025, bustadkommune i region Søre Sunnmøre
Utdanningsprogram Søkere til fagopplæring, bostedskommune i region Søre Sunnmøre
Bygg- og anleggsteknikk 34
Elektro og datateknologi 40
Frisør,blomst,int,eksp.design 1
Helse- og oppvekstfag 32
Håndverk, design, produktutv. 1
IT og medieproduksjon 12
Naturbruk 10
Restaurant- og matfag 14
Salg, service og reiseliv 6
Teknologi- og industrifag 95

Figuren over viser at Teknologi- og industrifag (TP) er utdanningsprogrammet med flest søkarar. På kurskode nivå er det Matrosfaget (25), etterfølgd av Tømrerfaget (25) og Industrimekanikerfaget (24) som er mest populært. Trass i at regionen berre utgjer 20 % av søkarane frå fylket så har regionen 28 % av søkarane til Matrosfaget og 35 % av søkarane til IT-driftsfaget.

For meir informasjon om lærekontraktar for heile fylket kan du sjå her: PowerBI

Befolkningsframskrivingar

Befolkningsframskrivingar er ein indikator på den demografiske utviklinga i åra som kjem. Me blir stadig fleire eldre og færre yngre, noko som vil få store konsekvensar for kompetansebehova framover. Indikatoren på delen av befolkninga mellom 20-66 år gir òg ei indikasjon på storleiken til den moglege arbeidsstyrken.

Framskriving av tal personar over 80 år, Søre Sunnmøre
År Antall personer over 80 år

Eldrebølga (for dei over 80 år) med dei store fødselskulla etter 2. verdenskrig har akkurat begynt å inntreffe fylket. Dei neste 25 åra vil vi sjå ei dobling av talet 80 åringar for kommunar i region Søre Sunnmøre.

Framskriving: Del i alderen 20-66 år vs del eldre enn 60 år, Søre Sunnmøre
Andel personer
År Alderen 20-66 år Eldre enn 60 år

Andelen i arbeidsdyktig alder (20-66 år) vil gå ned frå 57,7 % i (2024) til 52,1 % i 2050, samstundes vil andel over 60 år auke frå 27,5 % til 35,1 %.