Romsdal
Skoleregion Romsdal består av følgande videregående skolar: Hustadvika vgs, Gjermundes vgs, Molde vgs, Rauma vgs, Romsdal vgs.
Regionen består av kommunane: Molde, Vestnes, Rauma, Aukra, Gjemnes, og Hustadvika.
Elevframskrivingar
Elevframskrivingane er ein indikator som peiker på kor stor elevmasse vi vil ha framover i tid. Denne indikatoren set retningslinjer for planlegginga av tilbodstrukturen; er det behov for å auke eller redusere framover i tid?
Fylkeskommunen opererer med fleire ulike variantar av elevframskrivingar. Vi presenterer to av dei her.
Den første er ein intern elevframskriving som framskriv det totale elevkullet i vidaregåande opplæring (alle nivå). Den er basert på 2. inntaket og SSBs befolkningsframskriving.
Den andre er ei framskriving av søkarar til Vg1 basert på tal frå Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Vi tar elevar i grunnskolen til grunn og framskriv avgangselevar.
Figuren over viser at elevtalet på dei vidaregåande skolane i region Romsdal vil auke litt dei neste tre åra, deretter vil det vere ein nedgang på rundt 200 elevar fram til 2035/2036.
Tala frå GSI viser at tal avgangselevar frå grunnskulen for kommunar i region Romsdal nådde ein topp i 2024/2025 og vil nå ein ny topp i 2027/2028. Deretter ser vi eit fall på rundt 130 avgangselevar fram til søkinga skoleåret 2034/2035. Låge søkertal til Vg1 tre år på rad vil ha stor påverknad på det totale elevtalet i regionen.
Yrkesstruktur og kunngjorde stillingar
Yrkesstruktur gir ein indikasjon på kva yrke som er størst og veks mest i regionen.
Sysselsette over 60 år er ein indikator som kan brukast til å framskrive framtidige kompetansebehov dersom vi går ut frå ein 1-til-1-erstattning av personar som går av med pensjon dei neste ~5 åra.
Her presenterer vi yrker på 3-siffer nivå. Tal på siffer nivå viser kor aggregert grupperinga er. Til dømes vil "Elektrikarar mv." vere ein gruppering av 4-siffer nivå yrka (Automatikarar, Elektrikarar og Energimontørar) slått saman (aggregert).
Totalt tal sysselsette og sysselsette over 60 år, region Romsdal 2023
Yrke | Sysselsette | Tal over 60 år | Del over 60 år | Endring 2015-2023 |
---|---|---|---|---|
Pleiemedarbeidere | 1925 | 361 | 19% | 0% |
Uoppgitt / yrker som ikke kan identifiseres | 1521 | 613 | 40% | -18% |
Butikkselgere | 1489 | 132 | 9% | -10% |
Grunnskole- og førskole-/barnehagelærere | 1079 | 83 | 8% | -1% |
Tabellen over gir ei oversikt over sysselsetting blant 100 ulike yrker i region Romsdal på 3-siffer nivå.
Vi ser at Pleiemedarbeidere er yrket på 3-siffer nivå med flest sysselsette i kommunar i region Romsdal. Yrket har 2575 sysselsette kor 478 av dei er over 60 år, yrket har hatt ein auke på 0 % frå 2015.
På 4-siffer nivå så har Busssjåførar og trikkførarar ein del på 44 % over 60 år (69 sysselsette over 60 år). Yrket på 3-siffer nivå, "Lastebil-, buss- og trikkeførere" har noko lågare del, sidan lastebilsjåførarar har ein tendens til å være ein god del yngre enn bussjåførar i denne regionen.
Andre 4-siffer nivå yrke med høg del over 60 år er Bil-, drosje- og varebilførere (30 %) og Helsefagarbeidere (25 %, 327 sysselsette over 60 år).
I fylket som heilskap er 16 % av dei sysselsette over 60 år.
Kunngjorde stillingar og sysselsettingsvekst, 2018-2023, region Romsdal
Yrke | Kunngjorde stillinger (månedlig snitt) | Sysselsettingsvekst |
---|---|---|
Pleiemedarbeidere | 1925 | 361 |
Uoppgitt / yrker som ikke kan identifiseres | 1521 | 613 |
Butikkselgere | 1489 | 132 |
Grunnskole- og førskole-/barnehagelærere | 1079 | 83 |
Tabellen over viser talet på utlyste stillingar per månad i snitt frå 2018-2023 samanlikna med sysselsettingsveksten i same periode. Til dømes har det blitt utlyst 42,9 stillingar kvar månad frå 2018 til 2023 for yrket "Sykepleiere og spesialsykepleiere", mens sysselsettingsveksten fra 2018-2023 har vore på 126 personer.
Søkarar til Vg1
Denne indikatoren gir eit inblikk i kva elevane søkar seg til som førsteønske på vg1 dei siste åra. På dei videregående skolane i Møre og Romsdal får rundt ~85 % av elevane som søkar til Vg1 oppfylt førsteønske sitt. Indikatoren kan derfor gi ei peikepinn på kva tilførsel av kompetanse regionen kan forvente å få.
Figuren over viser at søkarar frå kommunar i region Romsdal har hatt ein oppgang i søkinga til studiespesialisering i 2025 og ligg no over nivåa frå 2022 og 2023. Søkinga til teknologi- og industrifag har auka med 15 %, elektro og datateknologi held seg stabil, medan søkinga til helse- og oppvekstfag har gått ned.
Søkarar til Fagopplæring
Denne indikatoren gir eit innblikk i kva yrkeskompetanse elevane søkar seg til etter fullført Vg2 yrkesfag. Kva yrkeskompetanse vil regionen få i form av lærlingar dei neste to åra, og kva type fagarbeidarar vil vi få etter dei har fullført fagopplæringa.
Ved å trykkje på ein av kolonnane i diagrammet under kan du drille deg ned på kurskode nivå.
Figuren over viser at Teknologi- og industrifag (TP) er utdanningsprogrammet med flest søkarar. På kurskode nivå er det Bilgfaget, lette kjøretøy (20), etterfølgd av Industrimekanikerfaget (19) og Elektrikkerfaget (19) som er mest populært. Totalt i fylket så er det 13 søkarar til Rørleggerfaget, region har 12 av desse søkarane. Regionen har også ein stor andel av søkarane til Bilfaget, tunge kjøretøy.
For meir informasjon om lærekontraktar for heile fylket kan du sjå her: PowerBI
Befolkningsframskrivingar
Befolkningsframskrivingar er ein indikator på den demografiske utviklinga i åra som kjem. Me blir stadig fleire eldre og færre yngre, noko som vil få store konsekvensar for kompetansebehova framover. Indikatoren på delen av befolkninga mellom 20-66 år gir òg ei indikasjon på storleiken til den moglege arbeidsstyrken.
Eldrebølga (for dei over 80 år) med dei store fødselskulla etter 2. verdenskrig har akkurat begynt å inntreffe fylket. Dei neste 20 åra vil vi sjå ei dobling av talet 80 åringar for kommunar i region Romsdal.
Andelen i arbeidsdyktig alder (20-66 år) vil gå ned frå 57,6 % % i (2024) til 53,0 % i 2050, samstundes vil andel over 60 år auke frå 28,1 % til 35,1 %