6 Gjennomføring i yrkesfaga

6.1 Vurderinga til skoleeigar

At fleire elevar vel yrkesfag har vore ein tendens over tid, og godt over halvparten av dei i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal høyrer til yrkesfaga. Behovet for fagarbeidarar er stort, og arbeidslivet har behov for at fleire av elevane går over i lære etter vg2. Sjølv om andelen aukar, så er det framleis berre litt over halvparten av elevane frå vg2 som går over i lære. Stor søking til yrkesfaga er med andre ord ikkje ein garanti for at ein får mange nye fagarbeidarar.

Ein ser større svingingar i gjennomføringsresultata for yrkesfag enn for elevar i vidaregåande skole. Det er fleire grunnar til dette, og alle er viktige å ha med seg i lesinga av resultata. Formidlingsarbeidet i yrkesfaga er kontinuerleg, og tala kan endre seg frå dag til dag. Utarbeiding av lærekontraktar kan ta tid i enkelte tilfelle, og nye kontraktar blir teikna eller heva i løpet av og på tvers av skoleår. Rapporteringa på yrkesfaga og dei med læretid i bedrift er derfor augeblinksbilete, og tala må ikkje reknast som komplette.

At fleire av elevane vel yrkesfag heng saman med korleis talet på lærekontraktar held fram med å auke. Vi kan vise til ei jamn auking i talet på nye lærekontraktar dei siste åra, der ein stadig større andel av søkarane får lærekontrakt. Samanlikna med tala frå 2022 har 4,2 prosentpoeng fleire søkarar fått lærekontrakt i Møre og Romsdal. Formidlingsprosenten vår ligg over landsgjennomsnittet og det er berre Rogaland som kan vise til ein høgare formidlingsprosent.

Det blir arbeidd kontinuerleg med å finne læreplassar til eit stadig aukande tal søkarar. I Møre og Romsdal har vi brukt midlar frå Samfunnskontrakten til å styrka skolane i arbeidet med å formidle elevar ut til læreplass. Vi har implementert læreplassregnskap som eit hjelpemiddel til skolane i denne samanhengen. Læreplassregnskapet vil synleggjere statusen til formidlinga til læreplass gjennom skoleåret.

Det kan vere fleire grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Tidlegare var det mangel på læreplassar som var den største utfordringa, no gjeld dette stort sett berre utsette næringar. Hovudårsakane ein ser i dag er at bedriftene ikkje opplever søkarane som kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, eller at bedriftene manglar motiv for å ta inn lærlingar. I tillegg er det også ei utfordring dersom søkarane må flytte for å få læreplass, ikkje alle ønsker det. Vi må derfor fortsette med å styrke samarbeidet med arbeidslivet, mellom anna gjennom faget Yrkesfagleg fordjuping, og sørge for at opplæringa i skolane er relevant og tilpassa dei faktiske situasjonane elevane vil møte i bedriftene.

For å sette søkelys på lærlingordninga, deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut prisane «Årets lærling» og «Årets lærebedrift». I tillegg hadde Møre og Romsdal fylkeskommune kampanjen «Tenk framtid - bli lærebedrift», der målet var å skaffe fleire lærebedrifter. Tiltaka bidreg til at stadig fleire bedrifter ser verdien av å ha lærlingar.

I tillegg til dei lokale tiltaka som skal styrke varige samarbeidsarenaer mellom skole og arbeidsliv i Møre og Romsdal, er nasjonale satsingar som «Samfunnskontrakten for fleire læreplassar» som vart fornya i 2022, og «Yrkesfaglærarløftet» med på å fremme yrkesfaga. Målet for dei nasjonale satsingane er at fleire skal velje yrkesfag.

Tidlegare analysar har òg vist at ein stor del av søkarane som står utan læreplass, er i anna vidaregåande opplæring eller får læreplass på eit seinare tidspunkt. Formidling av læreplassar er ein kontinuerleg prosess. Søkarar som ikkje har fått eit tilbod, blir overførte til Oppfølgingstenesta (OT) om det ikkje er mogeleg å skaffe ein læreplass eller anna tilbod i vidaregåande opplæring. OT vil, mellom anna i samarbeid med NAV, prøve å gi søkarane praksisplass. Praksisplassar gjer det enklare for dei å få læreplass på eit seinare tidspunkt. Nokon treng meir tid enn andre, og praksis i bedrift kan bidra til å gjere ungdommane meir førebudde på læretid.

6.2 Over halvparten av elevar og lærlingar høyrer til yrkesfaga

57,7 prosent av alle i vidaregåande opplæring skoleåret 2023-2024 var elevar og lærlingar i yrkesfaga. Det har skjedd ein auke på 1,8 prosentpoeng samanlikna med skoleåret 2022-2023, og Møre og Romsdal ligg godt over landsgjennomsnittet på 51,3 prosent.

Del av alle i vidaregåande opplæring som er elevar og lærlingar i yrkesfaga, prosent, 2023-24
Fylke Del av alle i vidaregåande opplæring som er elevar og lærlingar i yrkesfaga, prosent, 2023-24
Nordland 61,0
Troms og Finnmark 59,1
Agder 58,2
Trøndelag 58,1
Møre og Romsdal 57,7
Rogaland 57,6
Innlandet 57,5
Vestland 55,8
Vestfold og Telemark 53,1
Hele landet 51,3
Viken 45,3
Oslo 27,3

6.3 Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Alle elevar som går yrkesfag skal ha yrkesfagleg fordjuping (YFF). Dette er eit obligatorisk fag på vg1 og vg2 som gir elevane moglegheit til å prøve seg i eitt eller fleire aktuelle lærefag. Elevane skal få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar innanfor dei lærefaga dei vel å prøve ut. Formålet er at elevane skal få eit godt grunnlag for å velje lærefag.

Lærebedrifter i lokalmiljøet er skolen sine viktigaste samarbeidspartar i planlegging og gjennomføring av yrkesfagleg fordjuping. Samarbeid mellom lærarar, skoleleiing, instruktørar og representantar frå lokalt arbeidsliv om yrkesfagleg fordjuping gjer også meirverdi til opplæringstilbodet.

Skoleåret 2023-2024 var om lag 75 prosent av elevane utplassert i bedrift i faget YFF. Det var flest elevar frå vg2 som hadde utplassering i bedrift.

Til samanlikning var det om lag 65 prosent som var utplassert skoleåret 2022-2023.

I tillegg blir det gjennomført fleire andre aktivitetar knytt til arbeidslivet ute på skolane, som bidreg til å gjere opplæringa meir praktisk retta og relevant. Dette er aktivitetar som ein større andel av elevane deltek på.

I fylkesstrategien var målet at minst 95 prosent av elevar med faget yrkesfagleg fordjuping skal ha praksis i bedrift i både vg1 og vg2.

6.4 Del beståtte fag- og sveineprøver

91,77 prosent har bestått fag- og sveineprøver i Møre og Romsdal i 2023. Vi går ned 1,05 prosentpoeng samanlikna med 2022, og ligg under landssnittet som er på 93,5 prosent. Målet i fylkesstrategien var at minst 96 prosent skal bestå fag- og sveineprøver.

Del beståtte fag- og sveineprøver, prosent
Del beståtte fag- og sveineprøver, prosent
Fylke 2021 2022 2023
Innlandet 95,1 96,7 95,6
Nordland 92,5 95,7 94,5
Vestfold og Telemark 92,2 94,0 94,1
Agder 93,3 94,3 94,0
Trøndelag 93,4 94,9 93,9
Troms og Finnmark 93,7 93,2 93,9
Rogaland 93,8 93,9 93,8
Viken 92,8 93,7 93,1
Vestland 91,1 92,4 92,7
Møre og Romsdal 93,1 92,8 91,8
Oslo 86,3 91,3 90,6

6.5 Heva lærekontraktar

178 av 2 852 lærekontraktar vart heva i 2023. Dette utgjer 6,2 prosent av lærekontraktane. I 2022 vart 147 av 2 558 lærekontraktar heva, altså 5,7 prosent av lærekontraktane. Heving grunna «feilval» utgjer 1,5 prosent, og vil i realiteten seie at hevingsprosenten på lærekontraktane i 2023 er 4,7 prosent. Målet i fylkesstrategien var at færre enn 5 prosent av lærekontraktane skal bli heva.

I prosent vart det heva færrast lærekontraktar innanfor elektrofag:

Tal og prosent på heva lærekontraktar i 2023
Utdanningsprogram Tal Prosent
Bygg- og anleggsteknikk 31 7,0
Design og handverk/Frisør,blomst,int.eksp.design 10 20,8
Elektro og datateknologi 13 2,6
Helse- og oppvekstfag 30 8,2
Naturbruk 9 4,1
Restaurant- og matfag 9 9,8
Salg, service og reiseliv 15 8,0
Teknologi- og industrifag 60 5,9
Totalt 178
Kjelde: Qlik Sense

Dei fleste lærekontraktane er heva som følgje av feilval eller av personlege årsaker:

Tal og årsak til heva lærekontraktar 2023
Årsak Tal
Annen årsak/ikkje oppgitt (AF) 33
Fått arbeid (AR) 7
Flytta (FL) 17
Feilval 43
Økonomiske årsaker (OK) 0
Personlege årsaker (PS) 66
Covid-19 0
Brot på arbeidslivets reglar (BR) 12
Totalt 178
Kjelde: Qlik Sense

6.6 Elevar som går over i lære etter vg2

Tala viser søkarar frå vg2 som er i lære året etter. Her kan Møre og Romsdal vise til best resultat av fylka, med 53,1 prosent i 2023. Ei auke på 1,9 prosentpoeng frå 2022. Vi ligg også godt over landsgjennomsnittet som er på 48,6 prosent.

Del elever på yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg2 i fjor som er i lære i år
Del elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg2 i fjor som er i lære i år
Fylke 2021 2022 2023
Hele landet 48,6 49,1 48,6
Oslo 38,9 39,9 37,4
Rogaland 52,8 51,4 52,1
Møre og Romsdal 50,8 51,2 53,1
Nordland 48,6 49,0 51,2
Viken 44,1 45,3 43,7
Innlandet 43,5 45,2 45,3
Vestfold og Telemark 49,8 49,9 47,3
Agder 50,1 52,6 48,9
Vestland 50,7 52,0 52,2
Trøndelag 50,3 48,7 48,4
Troms og Finnmark 50,5 52,1 53,0

6.7 Nye lærekontraktar

Tala viser kor mange lærlingar som har sitt første år som lærling. Møre og Romsdal held fram med ei positiv utvikling med 1 480 nye lærekontraktar i 2023, opp frå 1 399 i 2022. I fylkesstrategien var målet at talet på nye lærekontraktar skulle vere minst 1 300.

Nye lærekontraktar fordelt på fylke
Nye lærekontraktar
Fylke 2021 2022 2023
Nordland 1 412 1 338 1 372
Troms og Finnmark 1 445 1 462 1 472
Møre og Romsdal 1 380 1 399 1 480
Innlandet 1 553 1 675 1 562
Agder 1 637 1 718 1 603
Vestfold og Telemark 2 050 2 018 1 838
Oslo 1 762 1 996 1 905
Trøndelag 2 672 2 676 2 631
Rogaland 3 026 3 092 3 100
Vestland 3 411 3 325 3 270
Viken 4 187 4 242 3 976

6.8 Formidling av søkarar

85,6 prosent av søkarane i Møre og Romsdal fekk godkjende lærekontraktar per 31.12.2023. Landsgjennomsnittet er på 80,5 prosent. Målet i fylkesstrategien var at alle primærsøkjarar til lærekontrakt, med ungdomsrett, skal få eit tilbod dei er kvalifisert for.

Samanlikna med tala frå 2022, der 81,4 prosent fekk lærekontrakt, er auka på 4,2 prosentpoeng. Berre Rogaland kan vise til ein høgare formidlingsprosent enn Møre og Romsdal.

Søkarar som har fått kontrakt i 2023, etter fylke og kontraktstype, prosent
Søkarar som har fått kontrakt
Fylke Lærekontrakt Opplæringskontrakt Fagopplæring i skole
Østfold 67,4 6,5 9,0
Telemark 68,3 4,8 4,8
Akershus 72,3 4,5 5,0
Vestfold 76,1 6,0 4,4
Buskerud 78,2 4,0 6,1
Trøndelag 81,0 4,7 0,4
Innlandet 81,4 3,7 1,9
Finnmark 82,7 1,5 0,0
Vestland 83,3 3,3 0,7
Agder 83,5 4,1 6,5
Oslo 84,1 2,8 5,6
Troms 85,0 4,0 0,7
Nordland 85,5 2,7 0,7
Møre og Romsdal 85,6 3,1 0,0
Rogaland 85,8 3,8 2,0

Historisk høgt antal lærekontraktar (udir.no)

6.9 Status overgangar frå vg2 yrkesfag

Elevane som ikkje går over i lære etter vg2 kan framleis være i opplæring på vg3 yrkesfag, ta påbygging til generell studiekompetanse, omval eller avslutte opplæringa etter vg2.

Per september 2024 er fordelinga slik:

Fordeling per september 2024, overgang frå vg2 yrkesfag
Andel
I lære 49,6 %
Påbygg 22,0 %
Andre 15,0 %
Framleis i planlagt opplæring på Vg3 Yrkesfag 7,6 %
Omvalg/repetisjon 5,9 %

Vi ser at 22 prosent av elevane har valt å gå over til påbygg. Andelen som går over til påbygging til generell studiekompetanse blir stadig større. Dette er inga ønska utvikling, med mangel på fagarbeidarar så hadde vi heller sett at fleire går over i lære etter å ha fullført vg2 i yrkesfaga.

Kategorien «andre» er i stor grad søkarar som framleis ventar på lærekontrakt, og ein vil over tid sjå ein overgang frå «andre» til blant anna «fått lærekontrakt» ettersom fleire av desse vil teikne lærekontraktar etter kvart. Formidlingsarbeidet er kontinuerleg, og desse tala blir oppdaterte regelmessig.

Ikkje alle elevar i yrkesfaga blir fagarbeidarar

Langt frå alle elevar i yrkesfaga endar opp som fagarbeidarar. Mange avsluttar det yrkesfaglege utdanningsløpet etter vg2 og tek påbygging til generell studiekompetanse. Helse- og oppvekstfag (HO) er eit av utdanningsprogramma der overgangen til påbygg er stor. Frå skoleåret 2022-2023 til skoleåret 2023-2024 gjekk heile 47,6 prosent av elevane frå vg2 HO over til påbygg.

På Sal, service og reiseliv var det 41,3 prosent av elevane frå vg2 som gjekk over til påbygg.

Stor søking til yrkesfaga på Vg1 er med andre ord, for fleire av fagområda, ikkje ein garanti for at ein får mange nye fagarbeidarar.

Vg2 yrkesfagelevar som har hatt progresjon fra eit år til eit anna. Årgang 2023, Møre og Romsdal
Utdanningsprogram Overgang til opplæring i bedrift. Andel Overgang til påbygg. Andel
Bygg- og anleggsteknikk 68,2 8,2
Elektro og datateknologi 39,8 9,4
Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign 50,0 13,5
Helse- og oppvekstfag 24,8 47,6
Håndverk, design og produktutvikling 30,0 20,0
Informasjonsteknologi og medieproduksjon 60,3 25,9
Naturbruk 67,3 11,9
Restaurant- og matfag 60,2 6,8
Salg, service og reiseliv 33,7 41,3
Teknologi- og industrifag 73,3 5,7
Totalt 51,7 19,9
Kjelde: Utdanningsdirektoratet

6.10 Sysselsetting av nyutdanna fagarbeidarar

Møre og Romsdal har færrast fagarbeidarar i arbeid første året etter greidd fag- eller sveinebrev med 79,8 prosent. Samtidig har vi flest fagutdanna som held fram i utdanning, med 15,1 prosent. Av nyutdanna fagarbeidarar står 5,1 prosent utanfor både arbeid og utdanning. I tala frå 2021 og 2022 var 78,4 prosent i arbeid, 16,7 prosent under utdanning og 4,9 prosent utanfor både arbeid og utdanning. Det er ei positiv utvikling at fleire er i arbeid, men samtidig ser vi at det er færre som held fram med utdanning og det er fleire som står utanfor både arbeid og utdanning.

Sysselsettingsstatus for fagutdanna første år etter greidd fag- eller sveineprøve, 2022 og 2023
Sysselsettingsstatus for fagutdanna første år etter greidd fag- eller sveineprøve, 2022 og 2023
Fylke I arbeid I utdanning Utenfor arbeid og utdanning
Møre og Romsdal 79,8 15,1 5,1
Oslo 80,0 12,2 7,8
Rogaland 81,0 14,1 4,9
Vestfold og Telemark 81,8 11,8 6,4
Vestland 83,0 12,5 4,5
Agder 83,5 10,5 6,0
Troms og Finnmark 83,8 10,5 5,7
Viken 83,8 11,0 5,2
Nordland 85,3 10,8 3,8
Trøndelag 86,5 9,6 3,9
Innlandet 86,6 9,3 4,0