3 Skoleårsresultat
3.1 Vurderinga til skoleeigar
87,6 prosent av elevane i Møre og Romsdal fullførte og bestod skoleåret 2023-2024. Vi er framleis på topp blant fylka, og resultatet ligg 5,0 prosent over landsgjennomsnittet. At vi framleis kan vise til best resultatet blant fylka er viktig å ta med seg i arbeidet framover, da dette er teikn på det blir arbeidd godt og systematisk på våre skolar.
Samanlikna med førre skoleår så viser tala i Møre og Romsdal ein nedgang. Resultatet ligg også under det lokale målet vi hadde i fylkesstrategien om at minst 90 prosent av elevane skal ha fullført og bestått skoleåret. Talet på elevar som fullførte og bestod skoleåra under koronapandemien var rekordhøge. Nedgangen vi no ser, både i Møre og Romsdal og på landsbasis, kan ha fleire moglege forklaringar. Skoleåra under pandemien var utan eksamen, som er ein del av forklaringa til dei gode resultata desse skoleåra. Ei anna mogleg forklaring til at resultata har gått ned dei siste skoleåra er at vi ser ei auke i antal elevar som bruker meir enn normert tid på å fullføre opplæringa. Dette er i tråd med fullføringsreforma. Det er positivt at elevar som har utfordringar med å fullføre på normert tid vel å ta opplæringa over lengre tid, framfor å slutte.
Vi ser at karaktersnittet ligg på eit stabilt nivå også for skoleåret 2023-24. Karaktersnittet gjorde eit markant hopp under pandemi-skoleåra, og det ligg framleis høgare enn før pandemien. Det er generelt små endringar i standpunktkarakterane samanlikna med fjoråret. Det er som vanleg svingingar i karaktersnittet mellom utdanningsprogram, men få store utslag. Vi ser at kjønnsfordelinga mellom utdanningsprogram og karaktersnitt i stor grad følgjer dei same trekka som tidlegare skoleår, og at det er jentene på studieførebuande utdanningsprogram som har det høgaste karaktersnittet.
Talet på elevar som sluttar i løpet av skoleåret er stabilt. Det er færrast som sluttar innan studieførebuande utdanningsprogram. Fordelt på trinn er det flest som sluttar på vg1 og det er framleis er ei overvekt av gutar blant elevane som sluttar. Fordelt på sluttårsaker er det flest elevar under sluttårsak stort fråvær, og andelen har auka markant. Det er også ein stor andel som har permisjon som sluttårsak, men antalet her har gått ned. Det er viktig å merke seg at elevar som tek permisjon er meint å kome tilbake i opplæring på eit seinare tidspunkt og at dei er sikra plass ved inntaket etter permisjonen. Elles er det ein stor andel som har anna årsak/årsak ikkje oppgitt og feilval som sluttårsak. Vi ser ei lita auke i anna årsak/årsak ikkje oppgitt, mens det er færre som har feilval som sluttårsak.
Fråværet til elevane auka markant skoleåret 2022-23 og viser også ei auke skoleåret 2023-24. Midlertidige fråværsreglar under pandemien gjer at det ikkje er mogleg å gjere ei direkte samanlikning over tid. Trass i auke så ser vi at vi er eit av fylka med lågast fråvær blant elevane. Det er likevel grunn til bekymring at den hyppigaste sluttårsaka blant elevane er stort fråvær, og at fråværstala førre skoleår var høgare enn dei var før pandemien. Som Utdanningsdirektoratet viser til så er skolefråvær eit samansett problem med mange ulike årsaker. Konsekvensane er likevel dei same for elevane, og det er heilt nødvendig at vi arbeider for å snu denne utviklinga. Det er lagt større vekt på oppfølging av fråvær i den nye opplæringsforskrifta, her er også samarbeid med heimen og foreldra vektlagt i større grad. Skolane arbeider godt med tematikken, og korleis elevane har det på skolen – både fagleg og sosialt. Skolane har rutinar for å følge med på fråværet, kartlegge årsaker og avdekke mønster og utvikling som kan gi grunn til bekymring. Det blir arbeid med relasjonar, både mellom lærar og elev og relasjonar til medelevar. Skolane har også elevteneste, miljøteam eller liknande for oppfølging av elevane, og dei samarbeider med PPT og andre i laget rundt elevane.
3.2 Fullført og bestått
Fullført og bestått skoleåret 2023-2024
87,6 prosent av elevane i Møre og Romsdal fullførte og bestod skoleåret 2023-2024. Resultatet ligg under målet frå fylkesstrategien om at minst 90 prosent av elevane skal fullføre og bestå skoleåret. Vi ser ein nedgang frå førre skoleår som hadde eit resultat på 89,6 prosent. Resultatet ligg lågare enn dei fire siste skoleåra, men på same nivå som før pandemien.
Om ein samanliknar tala med tidlegare år så er ei forklaring samanlikna med pandemi-skoleåra at dei var utan eksamen. Om ein samanliknar tala med dei siste skoleåra så kan ei mogleg forklaring vere at vi har fått fleire elevar som vel å bruke lengre tid på å fullføre opplæringa. Andel elevar med fullførtkode H har auka dei tre siste skoleåra. Elevar med fullførtkode H betyr at dei held på, men bruker meir enn normert tid på opplæringa. Dette er i tråd med fullføringsreforma.
Møre og Romsdal kan vise til det høgaste resultatet blant fylka, og vi ligg 5,0 prosent over landsgjennomsnittet. Av dei andre fylka er det Rogaland og Innlandet som ligg tettast på Møre og Romsdal i resultat. Vestfold og Oslo har lågast resultat på fullført og bestått skoleåret 2023-2024.
Vi ser at utviklinga i Møre og Romsdal er i samsvar med utviklinga på landsbasis, men den prosentvise nedgangen i Møre og Romsdal er mindre enn på landsbasis.
Fullført og bestått fordelt på utdanningsretning og utdanningsprogram
Fullført og bestått fordelt på dei ulike utdanningsretningane viser variasjonane mellom utdanningsretningane i Møre og Romsdal. Det er flest elevar som fullfører og består innan studieførebuande utdanningsprogram. Resultata for påbygging til generell studiekompetanse er dei som svingar mest og kor den prosentvise nedgangen er størst.
Om ein samanliknar utdanningsprogramma er det idrettsfag som kan vise til høgaste andel fullført og bestått med 94,8 prosent.
Fullført og bestått fordelt på kjønn
Samla sett var det flest jenter som fullførte og bestod skoleåret 2023-2024, men skilnaden mellom kjønna er ikkje stor. Fordelinga mellom dei ulike studieretningane viser at det var flest jenter som fullførte og bestod både på studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse, men i yrkesfaglege utdanningsprogram var det flest gutar som fullførte og bestod. Ei forklaring på dette kan vere at gutane i større grad meistrar den praktiske opplæringa og praksisen dei får på yrkesfag, enn dei teoretiske skolefaga.
Fullført og bestått fordelt på skolar og trinn
Fordelt på skolar og trinn ser ein at skolane i fylket gir god opplæring, og at elevar flest meistrar og består faga sine.
To av faktorane til variasjon i resultata mellom skolane er inntakspoeng og utdanningsprogram.
Skole | Vg1 | Vg2 | Vg3 | Totalt |
---|---|---|---|---|
Atlanten videregående skole | 93,8 | 95,5 | 90,3 | 93,1 |
Borgund vidaregåande skole | 78,6 | 81,9 | 82,8 | 80,6 |
Gjermundnes vidaregåande skule | 88,1 | 65,5 | 85,2 | 80,6 |
Haram vidaregåande skule | 93,1 | 94,6 | 70,0 | 88,1 |
Herøy vidaregåande skule | 82,0 | 86,0 | 81,3 | 84,0 |
Hustadvika vidaregåande skole | 81,5 | 89,6 | 84,5 | 85,1 |
Kristiansund videregående skole | 88,3 | 93,8 | 74,1 | 88,6 |
Molde videregående skole | 91,6 | 87,8 | 91,8 | 90,5 |
Rauma videregående skole | 84,5 | 92,6 | 90,5 | 88,4 |
Romsdal videregående skole | 83,8 | 90,5 | 76,3 | 84,8 |
Spjelkavik videregående skole | 92,8 | 88,8 | 80,9 | 87,6 |
Stranda vidaregåande skole | 89,8 | 91,5 | 87,5 | 90,0 |
Sunndal vidaregåande skole | 77,4 | 85,9 | 88,9 | 82,8 |
Surnadal vidaregåande skole | 86,7 | 89,6 | 82,1 | 86,7 |
Sykkylven vidaregåande skole | 84,2 | 93,2 | 89,6 | 88,5 |
Tingvoll vidaregåande skole | 91,4 | 88,9 | 100,0 | 92.4 |
Ulstein vidaregåande skole | 87,5 | 83,2 | 88,5 | 86,5 |
Volda vidaregåande skole | 91,4 | 89,2 | 87,3 | 89,2 |
Ørsta vidaregåande skole | 90,9 | 93,4 | 81,8 | 91,5 |
Ålesund videregående skole | 89,5 | 92,3 | 88,5 | 90,2 |
Kjelde: Qlik Sense, Møre og Romsdal fylkeskommune |
3.3 Karakterar
Karaktersnitt
Vi ser at karaktersnittet ligg på eit stabilt nivå, med 4,20 poeng for skoleåret 2023-2024. Karaktersnittet gjorde eit markant hopp under pandemi-skoleåra, og det ligg framleis høgare enn før pandemien. Det er generelt små endringar i standpunktkarakterane samanlikna med fjoråret.
Karaktersnitt fordelt på utdanningsretning og kjønn
Ser vi på karaktersnittet til elevane fordelt på kjønn og utdanningsretning finn vi same tendens som tidlegare skoleår; det er jentene på studieførebuande utdanningsprogram som har det høgaste karaktersnittet. Elles er fordelinga i linje med tidlegare år, med berre små justeringar mellom utdanningsretningane.
Karaktersnitt fordelt på utdanningsprogram
Det vil alltid vere svingingar og variasjonar mellom utdanningsprogram. Samla sett er dei fleste endringane likevel små, og uttrykk for eit jamt og stabilt nivå. Blant utdanningsprogramma er det musikk, dans og drama som kan vise til høgast resultat, med 4,47 poeng.
Eksamen
I tabellen under er det vist til resultat på skriftleg eksamen i utvalde fellesfag, der resultatet i Møre og Romsdal er samanlikna med landsgjennomsnittet. Vi ser at Møre og Romsdal kan vise til betre gjennomsnittskarakterar på eksamen i dei fleste faga.
Møre og Romsdal kan vise til betre gjennomsnittskarakter i engelsk vg1 studieførebuande utdanningsprogram, matematikk 1T, matematikk 2P, matematikk 2P-Y, norsk hovudmål vg3 studieførebuande utdanningsprogram og norsk sidemål vg3 studieførebuande utdanningsprogram. Matematikk 1T viser størst positivt avvik, med 0,2 poeng høgare karakter i Møre og Romsdal.
I engelsk vg1 yrkesfaglege utdanningsprogram ligg Møre og Romsdal likt med landsgjennomsnittet.
I matematikk 1P og norsk vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram ligg Møre og Romsdal under landsgjennomsnittet. Den største differansen ser vi i matematikk 1P. Ei mogleg forklaring på avviket kan vere at det var få elevar som gjennomførte eksamen i dette faget i Møre og Romsdal.
Fag | Møre og Romsdal | Hele landet |
---|---|---|
Engelsk vg1 studieforberedende utdanningsprogram | 4,3 | 4,2 |
Engelsk vg1 yrkesfaglige utdanningsprogram | 3,4 | 3,4 |
Matematikk 1P | 2,1 | 2,6 |
Matematikk 1T | 3,3 | 3,1 |
Matematikk 2P | 2,8 | 2,7 |
Matematikk 2P-Y | 2,8 | 2,7 |
Norsk, vg2 yrkesfaglige utdanningsprogram | 3,2 | 3,4 |
Norsk hovedmål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, skriftlig | 3,7 | 3,6 |
Norsk sidemål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, skriftlig | 3,6 | 3,5 |
Kjelde: Karakterstatistikk for videregåande skole, Utdanningsdirektoratet |
Forutsetningar - karaktergrunnlag frå grunnskolen
Elevane sitt grunnlag frå grunnskolen har stor betydning for om dei gjennomfører vidaregåande opplæring. Låge karakterar frå grunnskolen er den viktigaste enkeltforklaringa på at elevar ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring. I tillegg ser vi at stort fråvær i grunnskolen også er ein faktor som kan ha betydning.
Vi ser at karaktergrunnlaget frå grunnskolen har gått litt ned etter ein topp under pandemien. Jentene kan framleis vise til høgare karaktergrunnlag enn gutane. Forskjellen vi ser mellom kjønna er den same som i andre fylke og nasjonalt.
Overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring
Ny opplæringslov har gitt fylkeskommunen, i samarbeid med kommunane, eit ansvar for at elevane skal få ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. I overgangen frå grunnskolen er det viktig med samordna innsats mellom aktørar og nivå.
Det er satt i gang eit arbeid i fylkeskommunen for å lage eit informasjonshefte over tiltak som blir gjort av fylkeskommunen og kommunane. Framover ønsker fylkeskommunen å inviterer kommunane til kommunedialog om overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Formålet med dialogen er eit godt samarbeid, for at flest mogleg elevar skal fullføre vidaregåande opplæring.
Ein viktig del av arbeidet i overgangen er at skolane får tilgang til informasjon om elevgruppa så tidleg som mogleg. Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med dei andre fylkeskommunane utvikla eit verktøy for tidleg identifisering av elever som kan stå i fare for å ikkje fullføre og bestå opplæringa i skolen. Verktøyet er ein app som blir brukt i arbeid med inntak, identifisering og planlegging. Målet er at appen skal gi skolane informasjon om elevgruppa i god tid før skolestart. Hensikta med appen er pedagogisk planlegging av skoleåret, med utgangspunkt i både enkeltelevar og grupper. I appen kan skolane tidleg identifisere elevar som har behov for tilrettelegging og oppfølging. I tillegg kan appen bli brukt som eit verktøy for klasseinndeling. Dette gir skolane moglegheit til å vere betre førebudd og rusta til å sette i gang førebyggande tiltak tidleg i skolestarten. Skolane fekk tilgang til appen sommaren 2024.
3.4 Fråvær
Fråværet til elevane auka markant skoleåret 2022-2023 og har auka ytterlegare skoleåret 2023-2024. Ei forklaring til den markante auka dei siste skoleåra er at fråværstala for pandemi-skoleåra ikkje viser det reelle fråværet til elevane. Årsaka er dei midlertidige fråværsreglane under pandemien, kor det var unntak for helserelatert fråvær. Ei direkte samanlikning mellom dei fem siste skoleåra blir derfor lite relevant, ettersom forskjellane i grunnlaget er for stort. Ei samanlikning mot fråværet før pandemien er derimot meir relevant. Ein ser at fråværet ligg vesentleg høgare enn før pandemien. Tendensen med økt fråvær etter pandemien ser ein også på landsbasis, og i andre land.
Trass i auke i fråværet skoleåret 2023-2024 så ser vi at gjennomsnittsfråværet i Møre og Romsdal er lågare enn landsgjennomsnittet. Samla har elevane i Møre og Romsdal eit gjennomsnittleg fråvær på 7,0 prosent, mens gjennomsnittet på landsbasis er på 7,7 prosent. Her er det berre Telemark som kan vise til lågare tal enn Møre og Romsdal. Målet i fylkesstrategien var at fråværet til elevane skulle vere lågare enn 4,5 prosent.
Fråvær målt i median
Fråværstal som blir publisert av Utdanningsdirektoratet viser til median-fråvær. Medianen er «midt på tabellen» når resultata blir satt opp i synkande eller stigande rekkefølge. Medianen gir eit meir korrekt bilde av det typiske fråværet til elevane, fordi den ikkje blir påverka like mykje som gjennomsnittet av at nokre få elevar har veldig høgt fråvær.
Målt i median har elevane i Møre og Romsdal typisk 5 dagar og 15 enkelttimar fråvær på vitnemålet. På landsbasis 4 dagar og 19 enkelttimar.
Samanlikna med skoleåret 2022–23 er dagsfråværet stabilt, men timefråværet har auka. På landsbasis har det auka med 3 timar, i Møre og Romsdal har det berre auka med 1 time. Når vi går nærmare inn i tala så ser vi at timefråværet aukar med stigande klassetrinn, trenden er den same på landsbasis.
Samanlikna med før pandemien har timefråværet på landsbasis dobla seg på vg1, og fråværet på vg2 og vg3 har også auka betrakteleg sidan 2018–19. I Møre og Romsdal er ikkje auka like stor som på landsbasis.
Både samanlikna med før pandemien og skoleåret 2022-2023 så er det gutane på studieførebuande som har størst auke i timefråværet, trenden er den same på landsbasis.
I yrkesfaga er det inga auke i timefråvær samanlikna med skoleåret 2022-2023. På landsbasis har timefråværet auka for begge kjønn i yrkesfaga.
Det er berre i Oslo yrkesfagselevene har fleire fråværstimar enn elevane på studieførebuande. For resten av fylka er det mellom to og ti timer forskjell mellom dei to utdanningsløpa. Fråværet på vitnemålet har betydning for elevar som skal ha læreplass (Utdanningsdirektoratet, 2019). Det kan vere ei forklaring på kvifor elevane i yrkesfaga ofte har lågare timefråvær.
Målt i median er det store geografiske forskjellar i timefråværet til elevane, men dagsfråværet er relativt likt. Elevane i Oslo har høgast timefråvær. Telemark har lågast timefråvær, mens Rogaland har lågast dagsfråvær. Oslo er fylket med høgast fråvær. Telemark har lågast fråvær. Innlandet og Møre og Romsdal kan også vise til lågare timefråvær enn dei andre fylka.
3.5 Elevar utan vurderingsgrunnlag i fag
Andel elevar utan vurderingsgrunnlag i fag held seg stabilt låg. 1,4 prosent av elevane vart ståande utan vurderingsgrunnlag i minst eitt fag skoleåret 2023–24. På landsbasis var antalet på 2,6 prosent. På landsbasis er antalet tilsvarande som året før, men færre enn siste skoleår før pandemien. I Møre og Romsdal har antalet gått ned frå året før, og det er færre enn siste skoleår før pandemien.
42 prosent av elevane som mangla vurderingsgrunnlag mangla det i berre eitt fag, mens 58 prosent mangla vurderingsgrunnlag i fleire fag. På landsbasis var fordelinga omtrent tilsvarande, med 41 prosent i berre eit fag og 59 prosent i fleire fag.
Over halvparten av elevane utan vurderingsgrunnlag fekk dette grunna overskriden fråværsgrense. Men auka i denne andelen har vore relativt liten, sjølv om median timefravær har auka mykje dei to siste åra. Ei mogleg forklaring på at andelen ikkje har auka meir er at vi ser ei endring i sluttårsaker, der fleire elevar har høgt fråvær som sluttårsak.
Om statistikken for elever utan vurderingsgrunnlag
Statistikken «Elever uten vurderingsgrunnlag» gir oversikt over hvor stor andel av elevene i videregående skole som ikke får karakter fordi de har overskredet fraværsgrensen eller mangler vurderingsgrunnlag i ett eller flere fag ved standpunkt. Skolen fører da koden IV i stedet for standpunktkarakter.
3.6 Elevar som har slutta
3,1 prosent av elevane slutta i løpet av skoleåret 2023–2024. Tala svarar til 260 elevar. Samanlikna med skoleåret 2022-2023 er tala stabile. I fylkesstrategien var målet at mindre enn 3 prosent av elevane skal slutte i løpet av skoleåret. Talet for Møre og Romsdal er litt betre enn landsgjennomsnittet som er på 3,4 prosent.
Fordelt på trinn ser vi at det er flest elevar som sluttar på vg1. Det er langt fleire som sluttar i yrkesfaga, og det er framleis store skilnader mellom dei ulike utdanningsprogramma. Fordelt på utdanningsprogram er det idrettsfag som har færrast elevar som sluttar, med berre 0,1 prosent. I andre enden av skalaen finn vi utdanningsprogram for frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, her slutta 11,8 prosent av elevane. Prosenten her må sjåast i samanheng med at det totale antalet elevar på dette utdanningsprogrammet er lågt og dermed gir det større utslag i prosent når elevar sluttar.
Elles så er det framleis skilnad mellom kjønna, av gutane slutta 3,3 prosent mot 2,9 prosent av jentene. Samanlikna med i fjor så har skilnaden mellom kjønna jamna seg litt ut.
Fordelt på sluttårsaker ser vi at det er flest elevar under sluttårsak stort fråvær. Det er også ein stor del av elevane som har permisjon, anna årsak/årsak ikkje oppgitt og feilval som sluttårsak. Elevar som tek permisjon frå opplæringa er sikra plass ved inntaket etter permisjonen. Vi ser ei endring i tala og fordelinga på sluttårsaker samanlikna med førre skoleår. Andelen som har stort fråvær som sluttårsak har auka markant, og vi ser også ei lita auke i anna årsak/årsak ikkje oppgitt. Alle dei andre sluttårsakene viser ein nedgang. Det er færre elevar som har feilval som sluttårsak og det er færre som tek permisjon frå opplæringa.
Dei fleste av elevane slutta i oktober. Ein ser elles at ein stor del slutta i januar. Samanlikna med førre skoleår er det størst endring i fordeling ved at færre slutta i oktober, men at fleire slutta i november og april.
Samanlikning fordelt på fylka viser at det berre er Rogaland, Agder, Akershus og Oslo som kan vise til lågare tal.
3.7 Aktivitet hos elevar som har slutta - ungdom i oppfølgingstenesta
OT følgjer opp ungdommar i alderen 16–21 år som verken går på skole, er i lære eller jobbar. OT skal formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremmande tiltak.
På landsbasis har talet på tilmeldte ungdommar til OT auka for tredje år på rad, i Møre og Romsdal har tala vore stabile dei siste tre åra.
Frå 01. august 2024 vart målgruppa til OT utvida, til å gjelde ungdom med rett til vidaregåande opplæring i alderen mellom 16-24 år, som ikkje er i opplæring eller arbeid.
På landsbasis vart over ein tredel, 38 prosent, av ungdommane med oppfølging frå OT, kontakta fordi dei ikkje søkte skole- eller læreplass.
Litt under ein tredel, 33 prosent, takka enten nei til skoleplass, eller hadde andre grunnar til ikkje å starte i opplæring. Litt under ein tredel, 29 prosent med oppfølging frå OT, valte å avbryte vidaregåande opplæring i løpet av året.
Tala i Møre og Romsdal samsvarar med tala på landsbasis. Det er gode rutinar for avklaring og oppfølging på skolane i overgangen mellom opplæringslutt til oppfølging. Det kan vere vanskelegare å få tak i dei ungdommane som takker nei eller ikkje møter til skoleplass.
Oppfølgingstenesta skal etablere kontakt med alle ungdommar i målgruppa som avbryt opplæringa, med sikte på rettleiing, oppfølging og ny aktivitet. Målet er at ingen ungdommar i målgruppa skal vere ukjende for OT. I juni 2024 var 5,5 prosent av ungdommane i Møre og Romsdal ukjente for OT. På landsbasis var det 11 prosent.
Figuren under viser korleis ungdommane er fordelt mellom ulike aktivitetskategoriar, og vi ser at 43,9 prosent er i aktivitet.
Eksempel på aktivitet er: opplæring, arbeid eller arbeidspraksis i regi av fylkeskommunen eller NAV.
Talet på ungdommar i oppfølgingstenesta aukar igjen | udir.no