Samandrag
Skoleåret 2023-2024 var endeleg eit år der elevane hadde ein tilnærma normal skolekvardag, men likevel er det grunn til å tru at nokre av utslaga vi ser i kvalitetsmeldinga kan bli sett i samanheng med pandemien. I denne post-pandemiperioden blir det svært viktig med gode tiltak som kan vege opp for dei litt bekymringsfulle trendane vi ser i elevgruppa vår.
Fråværet til elevane har auka markant etter pandemien. Auka var størst i fjor, men også i år ser vi ei auke. Ei forklaring er at vi gjekk tilbake til ordinære fråværsreglar i fjor. Sjølv om Møre og Romsdal er blant fylka med lågast elevfråvær, så er auka i fråværet alvorleg. Det er spesiell grunn til bekymring at fråværstala vi no ser er høgare enn dei var før pandemien. Utviklinga er den same på landsbasis. Også i andre land har skolefråværet auka etter pandemien. Framover må vi arbeide for å snu denne utviklinga! Talet på elevar som sluttar i løpet av skoleåret er stabilt, men vi ser ei endring i sluttårsaker som heng saman med det økte fråværet. Den hyppigaste årsaka til at elevane sluttar er stort fråvær. Ein stor del av elevane som sluttar tek likevel berre permisjon frå opplæringa, og det er positivt at desse er meinte å kome tilbake i opplæringa på eit seinare tidspunkt. Vi ser at både karaktergrunnlaget elevane har frå grunnskolen og karaktersnittet til elevane i vidaregåande opplæring har gått litt ned etter ein topp under pandemi-skoleåra, men held seg stabilt på eit høgare nivå enn før pandemien.
Læringsmiljøet er framleis godt med høg trivsel, fagleg utfordring og god støtte frå lærarane. Dei aller fleste av elevane trivst på skolane våre, men dessverre opplever fleire å bli mobba. Utviklinga er den same på landsbasis. Målet er at alle elevar skal oppleve å vere inkluderte. Ingen skal oppleve å bli mobba, og då må vi sørge for å arbeide ennå meir for å skape gode og trygge læringsmiljø. Også lærlingane våre trivst i stor grad og er motiverte til å lære. Heile 87 prosent av lærlingane vil anbefale bedrifta si til andre som skal begynne i lære. Det er ein lav andel som svarar at dei har opplevd mobbing og å få uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen, men det er framleis viktig å få fleire til å gjennomføre halvårssamtalar for å gjere arbeidsmiljøet tryggare. Det er positivt å sjå at fleire elevar får utplassering i bedrift i faget yrkesfagleg fordjuping (YFF). Tett samarbeid mellom skolane og lærebedriftene, og spesielt i YFF, er viktig for at fleire skal lukkast med den yrkesfaglege opplæringa si.
Fleire gjennomfører vidaregåande opplæring, den positive utviklinga held fram og tala for gjennomføring over fem/seks år er igjen rekordhøge. Vi er blant fylka som kan vise til dei beste resultata, både totalt sett og innan dei ulike studieretningane. Andel elevar som fullfører og består skoleåret har gått litt ned, men dette må sjåast i samanheng med rekordhøge tal under pandemien. Vi er no på same nivå som før pandemien, og sjølv om pilene peikar nedover, ligg vi framleis på topp blant fylka i skoleårsgjennomføring!
I Møre og Romsdal har vi ein stor andel som søker yrkesfag og andel lærekontraktar aukar. Det er likevel berre litt over halvparten av elevane frå vg2 yrkesfag som går over i lære. Andelen som tar påbygging til generell studiekompetanse etter vg2 i yrkesfaga aukar, og dette er inga ønska utvikling. Framover må vi arbeide for at fleire som vel yrkesfag går ut i lære, då vi veit at næringslivet har stort behov for fleire fagarbeidarar. Men arbeidslivet har også stort behov for arbeidstakarar med høgare utdanning. Vi arbeider derfor for meir praktisk retta og relevant opplæring innan studieførebuande utdanningsprogram og tettare samarbeid med arbeidslivet også på dei studieførebuande utdanningsprogramma.
Fylkeskommunen arbeider heilskapleg for å sikre regionen kompetansane vi treng for framtida, og her har dei vidaregåande skolane ei nøkkelrolle. Frå inneverande skoleår har vi ein ny Delstrategi for kompetanse - kvalitet i vidaregåande opplæring. Delstrategien er ein av to delstrategiar under Fylkesstrategi for kompetanse som har som mål å gjere det tydeleg korleis ulike aktørar i Møre og Romsdal samarbeider om å sikre arbeids- og samfunnslivet kompetansane vi treng i dag og for framtida.
Også skoleleiarar og lærarar treng oppdatert kompetanse, og difor skal vi fortsette å satse særleg på leiing og profesjonsutvikling i skolane våre. Med langsiktig og heilskapleg kompetanseutvikling sikrar vi at skoleleiarar, tilsette, fagnettverk og samarbeidspartnarar får arbeide godt over tid. Eit viktig tema dette året har vore KI i undervisninga, der det handlar om at lærarane må få nok kompetanse til å førebu elevane på eit arbeidsliv der KI blir ein naturleg del.
I skoleåret som gjekk har vi førebudd oss på ny opplæringslov der ein sentral del av endringane er knytt til fullføringsretten. Gode tiltak som sikrar tilpassing og fleksibilitet for at fleire både elevar og vaksne skal bli kvalifiserte for yrkes- og studiekompetanse blir svært viktig om vi skal klare å møte det store kompetansebehovet i arbeidslivet framover. Den største trusselen vi står overfor i kvalitetsarbeidet framover er den økonomiske situasjonen. Skolane har dette skoleåret gjort store innsparingstiltak som kan få konsekvensar nettopp for oppfølginga av elevane og moglegheita til å sette inn tiltak ein veit gir resultat. Det blir difor viktig å gjere gode prioriteringar framover, slik at vi framleis kan sikre god kvalitet i opplæringa for elevane våre.
God lesing!