2 Læringsmiljø

2.1 Vurderinga til skoleeigar

Resultat frå Elevundersøkinga viser at dei aller fleste av elevane har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, fagleg utfordring og støtte frå lærarane. Om lag ni av ti elevar svarar at dei « trivst godt» eller «trivst svært godt» på skolen. Årsmeldingane til skolane viser korleis skolane arbeider med læringsmiljøet og for inkludering av alle elevar.

Det er relativt små forskjellar mellom trinna i skår på læringsmiljøindikatorane. På alle trinn er det indikatorane for fagleg utfordring, felles reglar, støtte frå lærarane og trivsel som viser høgast skår. Samla sett er skåren høgast på vg1, og det er her vi ser flest positive endringar i elevane si oppleving av læringsmiljøet samanlikna med førre undersøking. På vg2 er det flest endringar i resultat med at fleire av indikatorane viser ein minimal nedgang samanlikna med førre undersøking. På vg3 er resultata relativt stabile med minimale endringar på nokre indikatorar. Vg3 skårar høgast av trinna på indikator for fagleg utfordring.

Elevane opplever god støtte frå lærarane og samla sett er resultata teikn på at skolane arbeider godt med å tilpasse opplæringa. Ei godt tilpassa opplæring sikrar motivasjon, og dannar grunnlag for meistring og fagleg utvikling for alle elevar.

Elevane er derimot mindre tilfredse med elevdemokrati og medverknad og vurdering for læring. Desse trendane er gjeldande både for Møre og Romsdal og på landsbasis. Resultata viser at vi framleis må halde trykket oppe i arbeidet på desse områda. Det blir arbeidd godt med områda i profesjonsfellesskapa på skolane, og fleire skolar kan vise til positiv utvikling. Dialog og medverknad skaper lærelyst og er sentralt i arbeidet. Elevane ønsker i større grad å vere involvert i eige læringsarbeid, og få tilbakemeldingar og hjelp frå lærarane for å utvikle seg fagleg. Elles ser vi at elevane opplever at lærarane legg godt til rette for deltaking i elevrådsarbeid og anna tillitsvaldsarbeid, men at dei ønsker å bli høyrde oftare.

Den største endringa i resultata frå førre undersøking er ei negativ utvikling på indikator for mobbing. Fleire elevar svarar at dei opplever å bli mobba, og auka er størst på vg2. Samla sett kan vi vise til låge mobbetal over tid, og samanlikna med andre fylke er det berre Finnmark og Rogaland som kan vise til lågare tal. Også på landsbasis er det ei negativ utvikling og ei uttrykt bekymring for aukande mobbetal. Det skal vere nulltoleranse for mobbing i dei vidaregåande skolane, og målet er at ingen skal oppleve å bli mobba. Arbeid med eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø er prioritert og dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal skal arbeide for inkludering av alle elevar. I samband med oppfølging av Meld. St. 6 (2019-2020); Tett på tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skole og SFO har kompetansesjefen etablert eit leiarnettverk som arbeider med inkluderande praksis på skolane. I tillegg til å arbeide for auka kompetanse er og målet med arbeidet at praksisen skal bli meir lik på tvers av skolane.

I årsmeldingane har skolane rapportert på tal for møte i råd og utval som elevane har delteke i. Dei har også rapportert på tal over enkeltvedtak etter § 9A-7 og aktivitetsplanar etter § 9 A-4 og § 9 A-5. Vi ser at vi må halde fram arbeidet med vurderingar for når skolane skal lage aktivitetsplanar. Dette blir framleis tema i skoleleiardialogen, og på samlingar for blant anna innsatsteama (SIM). Merk at rapporteringa for skoleåret 2023-2024 vart gjort etter den gamle opplæringslova. I den nye opplæringslova er det kapittel 12 som handlar om skolemiljøet til elevane.

Resultata frå Lærlingundersøkinga viser at lærlingane i stor grad trivs og er motiverte til å lære. 87 prosent av lærlingane vil anbefale bedrifta til andre som skal begynne i lære i sitt fagområde, noko som er eit godt teikn. Ein stor del av lærlingane svarar at dei deltar i vurdering, får tilbakemelding på arbeidet sitt og hjelp og støtte når dei treng det.

Samtidig er det forbetringsområder som må bli arbeidd vidare med. Mange har halvårssamtalar, men ikkje alle. Fylkeskommunen vil også fortsette å arbeide for å sikre at lærebedriftene har ei intern plan for opplæringa til lærlingen. Det er også viktig å framleis arbeide for å sikre at alle lærlingar har eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø fritt for mobbing og trakassering. Sjølv om Møre og Romsdal har lågast andel lærlingar som blir mobba, og ein låg andel som opplever uønskt seksuell merksemd, så er det framleis lærlingar som har behov for eit tryggare arbeidsmiljø. Målet er at ingen av lærlingane skal oppleve å bli mobba eller utsett for uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen.

Halvårssamtale er også eit av fleire førebyggande tiltak som kan fange opp om lærlingen opplever mobbing på arbeidsplassen. Det er viktig at halvårssamtalane blir gjennomført, som ein del av arbeidet med godt arbeidsmiljø. I tillegg sikrar samtalane høgare grad av medverknad og gir lærlingane moglegheit til å bli høyrde om opplevingane deira i læretida. Dette er viktig for å kvalitetssikre opplæringa dei får i bedriftene.

2.2 Elevundersøkinga

Elevundersøkinga greier ut om læringsmiljøet til elevane. Undersøkinga handlar om læring og trivsel, og gir elevane moglegheit til å bli høyrde om korleis dei opplever skolekvardagen. Elevundersøkinga er også eit kartleggingsverktøy for skolane og skoleeigar, og er ein sentral målestokk i arbeidet med kvaliteten til opplæringa.

I 2022 endra Utdanningsdirektoratet (Udir) praksisen dei hadde med å levere ut data frå Elevundersøkinga. Bakgrunn for endringa var risiko for gjenkjenning av svara til elevane (enkeltindivida sine svar). Endringa har ført til at ein langt større del av resultata er skjerma, spesielt resultata for mobbing er skjerma i større grad, slik at verken skolar eller skoleeigar har tilgang til resultata. Vi får heller ikkje ein samla skår for fylket eller skolane på dei ulike indikatorane, resultata er derfor fordelt på trinn. Endringane i utlevering av data og visning av data frå Udir har gjort det vanskelegare for skolane å arbeide med læringsmiljøet med bakgrunn i resultat frå Elevundersøkinga.

I Møre og Romsdal blir alle elevar tilbydd å svare på Elevundersøkinga. Alle elevar skal få moglegheit til å svare på undersøkinga, dette er presisert i retningslinjene frå skoleeigar til skolane. Det er også presisert at skolane skal legge til rette for at elevar som har behov for bistand og hjelp til å svare på undersøkinga, får den hjelpa og tilrettelegginga dei har behov for. Skolene må sjølv gjere ei individuell vurdering i dei tilfella det ikkje er relevant for elevane å svare på alle spørsmål, eller for dei som ikkje kan delta ordinært. Her har skolane handlingsrom til å gjennomføre kvalitative undersøkingar, samtalar eller liknande for å kartlegge læringsmiljøet.

Det er undersøkinga frå skoleåret 2023-2024 som ligg til grunn for Kvalitetsmeldinga. Undersøkinga vart gjennomført i perioden 6. november til 8. desember 2023. Svarprosent i Møre og Romsdal på vg1 var på 84,4 prosent, på vg2 81,0 prosent og på vg3 80,2 prosent. På landsbasis var svarprosenten på vg1 på 82,8 prosent, på vg2 80,0 prosent og på vg3 75,7 prosent.

Resultata i kvalitetsmeldinga viser til gjennomsnittet til skolane i fylket. I årsmeldingane til skolane blir resultata til den enkelte skole vist.

Resultat frå Elevundersøkinga blir offentleggjort i Utdanningsdirektoratet sin statistikkbank etter at undersøkinga er gjennomført. Her finn de resultat frå Elevundersøkinga: Utdanningsdirektoratets statistikkbank.

Møre og Romsdal fylkeskommune har også laga ei lokal løysing for visning av resultata, den finn de her: Microsoft Power BI

Elevundersøkinga skoleåret 2023-2024

Til saman gir resultata på dei ulike læringsmiljøindikatorane overordna informasjon om elevane sitt læringsmiljø. Elevane svarar at dei har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, felles reglar, fagleg utfordring og god støtte frå lærarane. Elevane er derimot mindre tilfredse med elevdemokrati og medverknad og vurdering for læring. Desse trendane er gjeldande både for Møre og Romsdal og på landsbasis.

På alle trinn er det indikatorane for fagleg utfordring, felles reglar, støtte frå lærarane og trivsel som viser høgast skår. Samla sett er skåren høgast på vg1, med høgast skår på indikatorane for trivsel, støtte frå lærarane, støtte frå heimen, vurdering for læring, læringskultur, motivasjon, elevdemokrati og medverknad, og felles reglar. Vg3 skårar høgast av trinna på indikator for fagleg utfordring. Indikatoren for meistring skil seg ut, her er skåren lik for alle trinn. Skåren på indikatorane går mellom 1-5, der 5 er høgaste skår.

Gjennomsnittleg skår på læringsmiljøindikatorane for Møre og Romsdal fylkeskommune, 2023-2024
Gjennomsnittleg skår
Fylke Vg1 Vg2 Vg3
Trivsel 4,2 4,1 4,1
Støtte fra lærer 4,2 4,0 4,0
Støtte hjemmefra 4,0 3,9 3,8
Vurdering for læring 3,5 3,4 3,3
Læringskultur 4,1 3,9 4,0
Mestring 3,9 3,9 3,9
Motivasjon 3,7 3,5 3,3
Elevdemokrati og medvirkning 3,6 3,5 3,4
Felles regler 4,2 4,1 4,1
Utdanning og yrkesveiledning 3,6
Faglig utfordring 4,3 4,3 4,5

Utvikling samanlikna med førre undersøking

Samanlikna med førre undersøking er resultata i Møre og Romsdal relativt stabile, med minimale endringar på nokre av indikatorane. Det var flest endringar i resultat på vg2. For vg2 viste indikatorane fagleg utfordring, felles reglar, læringskultur, motivasjon, støtte frå lærarane og trivsel ein minimal nedgang på 0,1 poeng i skår.

For vg1 var det berre to indikatorar som viste endring i skår. Elevdemokrati og medverknad viste ei positiv utvikling med 0,1 poeng høgare skår, og trivsel viste ein nedgang på 0,1 poeng.

For vg3 viste fire indikatorar ei endring, med 0,1 poeng lågare skår på felles reglar, støtte frå lærarane og trivsel, og 0,2 poeng lågare skår på motivasjon.

Resultata for vg1 på indikatorane for læringskultur, vurderingspraksis og støtte frå lærarane svarar til måla som var satt i fylkesstrategien. For vg2 svarar resultatet på indikator for vurderingspraksis til målet som var satt i fylkesstrategien. For vg3 svarar resultat på indikator for fagleg utfordring til målet som var satt i fylkesstrategien.

Samanlikning mot resultat på landsbasis

Samanlikna mot nasjonalt nivå er det minimale forskjellar mellom resultata i Møre og Romsdal og resultata på landsbasis. Det er vg1 i Møre og Romsdal som kan vise til best resultat samla sett samanlikna med landsgjennomsnitt, med at alle indikatorar ligg på eller over landsgjennomsnitt. Indikatoren for motivasjon viser størst positivt utslag for vg1 i Møre og Romsdal samanlikna med landsgjennomsnitt, med at den ligg 0,2 poeng over landsgjennomsnittet.

Vg1 i Møre og Romsdal skårar 0,1 poeng høgare på indikatorane for felles regler, læringskultur, støtte frå lærarane og vurdering for læring enn gjennomsnittskår på landsbasis. Indikator for motivasjon for vg1 i Møre og Romsdal skårar 0,2 poeng høgare enn landsgjennomsnitt. Resultatet på dei andre indikatorane for vg1 i Møre og Romsdal ligg på landsgjennomsnitt.

Vg2 i Møre og Romsdal skårar 0,1 poeng lågare på indikatorane for elevdemokrati og medverknad, læringskultur, støtte frå lærarane, støtte frå heimen og trivsel enn gjennomsnittskår på landsbasis. Resultatet på dei andre indikatorane for vg2 i Møre og Romsdal ligg på landsgjennomsnitt.

Vg3 i Møre og Romsdal skårar 0,1 poeng høgare på indikatorane for fagleg utfordring og læringskultur enn gjennomsnittskår på landsbasis. På indikator for motivasjon skårar vg3 i Møre og Romsdal 0,1 poeng lågare enn gjennomsnittskår på landsbasis. Resultatet på dei andre indikatorane for vg3 i Møre og Romsdal ligg på landsgjennomsnitt.

Forskjellar mellom gutar og jenter

Det er i hovudsak små forskjellar mellom gutar og jenter i korleis dei opplever læringsmiljøet. Samla sett skårar gutane litt høgare enn jentene på fleire av indikatorane. Gutane skårar litt høgare enn jentene på indikatorane for trivsel, støtte frå lærarane, vurdering for læring, meistring, motivasjon og utdannings- og yrkesrettleiing. Jentene skårar litt høgare enn gutane på indikatorane for støtte frå heimen og fagleg utfordring. Indikator for felles reglar skil seg ut ved at skåren er heilt lik for både gutar og jenter på alle trinn.

Forskjellar mellom elevane på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram

Indikatoren for fagleg utfordring viser høgast skår både på studieførebuande utdanningsprogram og yrkesfaglege utdanningsprogram. Det er indikatorane vurdering for læring og elevdemokrati og medverknad som viser størst variasjon mellom utdanningsprogramma. Yrkesfaglege utdanningsprogram skårar høgast på desse indikatorane. Dei skårar også litt høgare enn studieførebuande utdanningsprogram på støtte frå lærarane og motivasjon. Studieførebuande utdanningsprogram skårar litt høgare enn yrkesfaglege utdanningsprogram på indikatorane for trivsel, læringskultur og fagleg utfordring. Elles er det små variasjonar mellom utdanningsprogramma i skår på dei andre indikatorane.

Mobbing og trivsel

Talet på elevar som rapporterer om mobbing i Elevundersøkinga har auka både på landsbasis og i Møre og Romsdal. På landsbasis er det ei prosentvis auke på alle trinn samanlikna med førre undersøking. I Møre og Romsdal har andelen auka på vg1 og vg2, men på vg3 var den var stabil. Auka var størst på vg2, frå 2,7 prosent skoleåret 2022-2023 til 5,4 prosent skoleåret 2023-2024. På vg1 ser vi ei auke frå 3,6 prosent skoleåret 2022-2023 til 5,3 prosent skoleåret 2023-2024.

Vi såg ei positiv utvikling i Møre og Romsdal frå skoleåret 2018-2019 til og med skoleåret 2021-2022, der talet på elevar som opplevde mobbing gjekk ned. Men dei to siste skoleåra har talet auka og samla sett er andelen for skoleåret 2023-2024 høgare enn den var skoleåret 2018-2019.

Andel elevar som har opplevd mobbing på skolen to-tre gonger i månaden eller oftare i Møre og Romsdal
Andel elevar som har opplevd mobbing på skolen to-tre gonger i månaden eller oftare
Vg1 Vg2 Vg3
2018 3,5 4,2 3,2
2019 3,7 3,8 1,8
2020 2,9 3,2 2,2
2021 2,6 2,4 2,1
2022 3,6 2,7 2,2
2023 5,3 5,4 2,2

Slik les du resultata for mobbing

I samleskåren «Mobbing på skolen» inngår elevar som har svart at dei blir mobba på eitt eller fleire av dei tre spørsmåla om mobbing. Elever som har svart at dei blir mobba to-tre gonger i månaden eller oftare, inngår i tala om mobbing for det enkelte spørsmålet. Elevar som svarer at dei blir mobba på fleire måtar, blir telt berre ein gong i samleskåren. I tillegg er elever som svarar at dei blir mobba digitalt av personar utanfor skolen trekt frå.

Resultat for Møre og Romsdal på indikator for mobbing skoleåra 2022-23 og 2023-24:

Indikator - spørsmål 2022-23 Møre og Romsdal 2023-24 Møre og Romsdal
Vg1 Vg2 Vg3 Vg1 Vg2 Vg3
Mobbing på skolen (samleskår) 3,6 % 2,7 % 2,2 % 5,3 % 5,4 % 2,2 %
Er du blitt mobba av andre elevar på skolen dei siste månadane? 2,5 % 1,9 % 1,4 % 3,6 % 3,9 % 1,2 %
Er du blitt mobba av vaksne på skolen dei siste månadane? 1,4 % 1,0 % 1,0 % 2,0 % 2,1 % 1,3 %
Er du blitt mobba digitalt (mobil, iPad, PC) dei siste månadane? 1,5 % 1,0 % 0,7 % 2,1 % 1,9 % 0,6 %
Kjelde: Elevundersøkelsen – mobbing, Utdanningsdirektoratet

Den prosentvise andelen som opplevde mobbing på vg1 og vg3 i Møre og Romsdal var lågare enn landsgjennomsnittet. På vg2 var den prosentvise andelen i Møre og Romsdal den same som på landsbasis.

Resultata fordelt på spørsmåla under indikatoren for mobbing viser at det er på spørsmålet «Er du blitt mobba av andre elevar på skolen dei siste månadene?» at auken er størst i Møre og Romsdal. Utviklinga er den same på nasjonalt nivå.

Resultat for heile landet på indikator for mobbing skoleåra 2022-23 og 2023-24:

Indikator - spørsmål 2022-23 Heile landet 2023-24 Heile landet
Vg1 Vg2 Vg3 Vg1 Vg2 Vg3
Mobbing på skolen (samleskår) 4,2 % 3,9 % 3,0 % 6,1 % 5,4 % 4,0 %
Er du blitt mobba av andre elevar på skolen dei siste månadane? 2,9 % 2,5 % 1,8 % 4,1 % 3,7 % 2,5 %
Er du blitt mobba av vaksne på skolen dei siste månadane? 1,7 % 1,8 % 1,4 % 2,7 % 2,5 % 2,0 %
Er du blitt mobba digitalt (mobil, iPad, PC) dei siste månadane? 1,7 % 1,5 % 1,1 % 2,6 % 2,2 % 1,6 %
Kjelde: Elevundersøkelsen – mobbing, Utdanningsdirektoratet

Forskjellar mellom kjønna og utdanningsprogramma

Etter at Utdanningsdirektoratet endra praksis for utlevering av data frå Elevundersøkinga, er store delar av resultata for mobbing skjerma. Vi har derfor ikkje tilgang til data om kjønnsfordelinga for alle trinn. Av dei resultata vi ser, som er frå vg1 og vg2, er det fleire gutar enn jenter som opplever mobbing. Resultata frå vg3 er skjerma. På landsbasis er det fleire gutar enn jenter, på alle trinn, som opplever mobbing.

Deler av resultata for dei ulike utdanningsprogramma er også skjerma. Med bakgrunn i dei resultata vi ser, er det fleire elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram enn på studieførebuande utdanningsprogram som rapporterer om at dei blir mobba. Dette samsvarar også med resultata på nasjonalt nivå.

Elevar som opplever mobbing fordelt per fylke

Andel elevar som svarar at dei blir mobba varierer noko på tvers av fylka. Troms har høgast andel på vg1, medan Rogaland har lågast andel. Telemark og Troms har høgast andel på vg2, her har Finnmark lågast andel. Akershus har høgast andel på vg3, her har Møre og Romsdal lågast andel. På tvers av trinna, har Finnmark lågast andel elever som svarar at dei blir mobba. Møre og Romsdal og Rogaland kan også vise til låg andel samla sett, samanlikna med dei andre fylka.

Elevar som har opplevd mobbing på skolen to-tre gonger i månaden eller oftare fordelt per fylke, 2023-2024, prosent
Andel elever opplved mobbing på skolen to-tre gonger i mnaden, 2022, prosent
Fylke 2020 2021 2022
Innlandet 94,9 95,1 96,7
Nordland 92,8 92,5 95,7
Trøndelag 92,7 93,4 94,9
Agder 92,4 93,3 94,3
Vestfold og Telemark 93,7 92,2 94,0
Rogaland 92,5 93,8 93,9
Viken 92,1 92,8 93,7
Troms og Finnmark 92,2 93,7 93,2
Møre og Romsdal 94,2 93,1 92,8
Vestland 90,6 91,1 92,4
Oslo 87,2 86,3 91,3

Trivsel

Trass i at fleire elevar opplever at dei blir mobba, er andelen som trivst på skolen stabilt høg. Andelen elevar som «trivst godt» eller «trivst svært godt» har vore stabil over tid og omtrent 9 av 10 elevar svarar at dei «trivst godt» eller «trivst svært godt» på skolen.

På vg1 svarar 88,3 prosent at dei «trivst godt» eller «trivst svært godt», medan 2,6 prosent svarar at dei «trivst ikkje noko særleg» eller «trivst ikkje i det heile tatt». Andelen som trivst på skolen er litt lågare på vg2 og vg3, men likevel er det omtrent 9 av 10 elevar som svarar at dei «trivst godt» eller «trivst svært godt» også på desse trinna. Andelen som «ikkje trivst noko særleg» eller «ikkje trivst i det heile tatt» er på 3,5 prosent på vg2 og 3,3 prosent på vg3.

Spørsmålet i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figuren under. Figuren viser resultata frå vg1.

Det er små skilnader i trivselen mellom elevane på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Samla sett er det flest elever på idrettsfag og teknologi- og industrifag som svarar at dei trivst godt/trivst svært godt på skolen.

Det er heller ikkje store forskjellar mellom fylka i andel elevar som trivst godt/trivst svært godt på skolen. På vg1 varierer andelen mellom 85,1 til 89,3 prosent, kor Troms har lågast andel og Innlandet høgast. På vg2 varierer andelen mellom 82,4 til 87,7 prosent, lågast i Finnmark og høgast i Buskerud. På vg3 varierer andelen mellom 81,7 til 87,2 prosent, med lågast andel i Troms og høgast andel i Buskerud.

Motivasjon

Resultata for indikatoren for motivasjon viser at det er elevane på vg1 som er mest motiverte, og at motivasjonen blir lågare med stigande årstrinn.

Vg1 i Møre og Romsdal kan vise til 0,2 poeng betre skår på indikatoren for motivasjon enn gjennomsnitt på landsbasis. For vg2 er resultata i Møre og Romsdal dei same som på landsbasis. Vg3 i Møre og Romsdal skårar 0,1 poeng lågare enn vg3 på landsbasis.

Spørsmåla i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figurane under. Figurane viser resultata frå vg1.

Støtte frå lærarane

Elevane i Møre og Romsdal opplever god støtte frå lærarane sine. Resultata for indikatoren viser høgast skår på vg1, med 4,2 poeng. Vg2 og vg3 har begge ein skår på 4,0.

Møre og Romsdal skårar 0,1 poeng betre enn landsgjennomsnittet på vg1. På vg2 er skåren 0,1 lågare enn landsgjennomsnitt og vg3 har same skår som landsgjennomsnittet.

Spørsmåla i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figurane under. Figurane viser resultata frå vg1.

Vurdering for læring

God vurderingspraksis skal bidra til å fremme lærelyst og læring hos elevane. I skolane blir det arbeidd for at undervisninga og vurderingspraksisen skal vere i tråd med dei fire læringsfremmande prinsippa som ligg i nasjonale føringar:

  • delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og fagleg utvikling
  • forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei
  • få vite kva dei meistrar
  • få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin

Spørsmåla i indikatoren målar i kva grad elevane opplever undervisning og vurderingspraksis i tråd med dei læringsfremmande prinsippa. Samla sett viser indikatoren inga endring i skår frå førre undersøking. Vg1 i Møre og Romsdal kan vise til 0,1 poeng betre skår enn gjennomsnitt på landsbasis. Resultata på vg2 og vg3 i Møre og Romsdal er dei same som for landsgjennomsnittet.

Spørsmåla i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figurane under. Figurane viser resultata frå vg1.

Elevdemokrati og medverknad

Skolen skal gi elevane moglegheit til å medverke og til å lære kva demokrati betyr i praksis. Elevane skal erfare at dei blir lytta til i skolekvardagen, at dei har reell innflytelse, og at dei kan påverke det som angår dei (Utdanningsdirektoratet 2020).

Resultata på indikatoren for elevdemokrati og medverknad går ned med 0,1 poeng for kvart stigande årstrinn. Elevane på vg1 opplevde i størst grad å medverke i sin skolekvardag, og indikatoren viste ei positiv utvikling med 0,1 poeng høgare skår samanlikna med førre undersøking. Snittskåren på vg2 og vg3 var stabil samanlikna med førre undersøking.

Resultata for vg1 og vg3 ligg på landsgjennomsnitt. Vg2 ligg 0,1 poeng lågare enn landsgjennomsnittet.

Det er ingen klare forskjellar mellom jenter og gutar på korleis dei opplever elevdemokrati og medverknad. På vg3 er det gutane som kan vise til ein litt høgare skår på indikatoren. På vg1 og vg2 er det ingen skilnad mellom jenter og gutar.

Spørsmåla i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figurane under. Figurane viser resultata frå vg1.

Når det gjeld elevmedverknad er det særleg på spørsmålet «Er de elevar med på å foreslå korleis de skal arbeide med faga» at skåren er lågast. Svara kan bli tolka anten som at elevane ikkje blir invitert til å komme med forslag eller at elevane blir invitert, men ikkje kjem med forslag. Det er også ein relativt låg andel elevar som svarar at skolen høyrer på elevane sine forslag.

Dei fleste av elevane er ikkje involverte i det daglege arbeidet til elevrådet, skolemiljøutvalet og skoleutvalet, og vil truleg ikkje ha informasjon om i kva grad desse er involverte og blir høyrde i ulike saker. Dette kan også forklare noko av årsaka til at ein ikkje skårar høgare på indikatoren. For dei fleste elevane er medverknaden i arbeidet med faga nærmare, og noko det blir arbeidd med i det systematiske vurderingsarbeidet.

Fleire gutar enn jenter svarar at dei er med på å foreslå korleis dei skal arbeide med faga. På spørsmål om elevane er med på å lage reglar for korleis dei skal ha det i klassen/gruppa er det fleire jenter enn gutar som svarar på at dei er med på å lage reglar.

Det er klart fleire elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram enn på studieførebuande utdanningsprogram som svarar at dei er med på å foreslå korleis dei skal arbeide med faga.

2.3 Læringsmiljø

Det som skjer i fellesskapet på skolen, både ute og inne, er viktig for elevane. Godt og trygt læringsmiljø, inkludering, tett oppfølging, tilpassa opplæring, medverknad og karriererettleiing er viktige faktorar som bidrar til at elevane gjennomfører opplæringa. Det blir lagt stor vekt på arbeid med psykososialt læringsmiljø på skolane, og arbeidet blir rapportert på i årsmeldingane. Alle skolane har innsatsteam mot mobbing, som skal sikre at saker blir handtert på ein god måte, og at det blir arbeidd systematisk med det førebyggjande arbeidet. Det skal også arbeidast med temaet særskilt sårbarheit for å vere føre var, og å kunne førebygge hendingar som kan føre til utrygge læringsmiljø. Dette kan handle både om fysisk tilrettelegging (lyd, lys og liknande), og kunnskap om ulike sårbarheitsfaktorar slik at alle kan høyre til i eit fellesskap.

Årsmeldingane til skolane for skoleåret 2023-2024 viser at det vart gjort 0 (null) enkeltvedtak om det fysiske miljøet etter § 9 A-7 i opplæringslova. Det vart utarbeidd 68 aktivitetsplanar etter § 9 A-4 og 4 aktivitetsplanar etter § 9 A-5. Skoleåret 2022-2043 vart det gjennomført omlag 200 møter i elevråda og elevrådsstyra på skolane. Det vart gjennomført 41 møter i skolemiljøutvala, og 35 møter i skoleutvala. Resultata frå årsmeldingane viser at det har vore ei liten nedgang i talet på aktivitetsplanar, og at det er variasjon mellom skolane i antal aktivitetsplanar. Det er framleis behov for å arbeide med lovkravet til når det skal lagast aktivitetsplanar knytt til § 9A-4 og 9A-5. Arbeid med læringsmiljø blir følgt opp i dialog med skolane, mellom anna gjennom leiardialogen, samlingar på tvers av skolane og gjennom internkontroll.

Merk at rapporteringa for skoleåret 2023-2024 vart gjort etter den gamle opplæringslova. I den nye opplæringslova er det kapittel 12 som handlar om skolemiljøet til elevane.

2.4 Undervisningsevalueringa

I 2014 vedtok Fylkestinget ei årleg evaluering av undervisinga i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. Målet med denne er at lærarar og elevar skal reflektere saman over resultata, og over korleis ein skapar god læring. Undervisingsevalueringa er eit verktøy i arbeidet med kvalitetsutvikling. Resultata blir brukte i utviklingsarbeid mellom lærarar og undervisingsgrupper, og mellom lærarar og avdelingsleiarar.

2.5 Lærings- og arbeidsmiljø for lærlingar

I Lærlingundersøkinga kan lærlingar seie si meining om arbeids- og læringsmiljøet. Lærlingundersøkinga blei gjennomført i perioden 15. oktober til 20. desember 2023. Svarprosenten var på 57,6 prosent, noko som er over det nasjonale gjennomsnittet på 53 prosent. Vi ser ein liten nedgang i svarprosenten frå førre undersøking, som hadde ein svarprosent på 59,2 prosent. 762 lærlingar svarte på undersøkinga, av 1322 inviterte. Utvalet i undersøkinga er alle lærlingar som har vore i lære i meir enn 11 månader per 1. oktober 2023.

Tidlegare år vart det også gjennomført ei Lærebedriftsundersøking, men den er no lagt ned av Utdanningsdirektoratet.

Lærlingundersøkinga blir følgde opp av rådgivarane på kompetanse- og næringsavdelinga, samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor) og dei ulike lærebedriftene. Skoleeigar arrangerer mellom anna årlege samlingar eller webinar for både 2. årslærlingar og 1. årslærlingar. På desse samlinga får lærlingane mellom anna meir informasjon om rettar og plikter som lærling, arbeidsliv og fagprøva.

Her kan du lese meir om lærlingundersøkinga: De aller fleste lærlinger trives på arbeidsplassen (udir.no)

Resultat frå lærlingundersøkinga

Resultata frå undersøkinga viser at lærlingane i stor grad trivs og er motiverte til å lære. 87 prosent av lærlingane vil anbefale bedrifta til andre som skal begynne i lære i sitt fagområde, noko som er eit godt teikn. Ein stor del av lærlingane svarar at dei deltar i vurdering av arbeidet sitt, får tilbakemelding på arbeidet sitt og hjelp og støtte når dei treng det.

Samtidig er det forbetringsområder som må bli arbeidd vidare med. Mange har halvårssamtalar, men ikkje alle. Fylkeskommunen vil også fortsette å arbeide for å sikre at lærebedriftene har ei intern plan for opplæringa til lærlingen.

Det er også viktig å framleis arbeide for å sikre at alle lærlingar har eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø fritt for mobbing og trakassering.

Opplæring i skole som førebuing til opplæring i arbeidslivet

På spørsmålet om undervisninga i yrkesfaga på skolen ga eit godt grunnlag for det lærlingane skulle lære i bedrifta svarar 59 prosent av lærlingane at dei er “nokså” eller “heilt einig”. Det er ein svak nedgang frå førre år, men over landsgjennomsnitt på 56 prosent. Vidare var 18,2 prosent “heilt einige” og 35,3 prosent “nokså einige” om at utstyret dei brukte på skolen var godt nok for å lære faga. På spørsmålet om lærarane hadde god innsikt i det lærlingen skulle møte i læretida var 61,3 prosent “heilt” eller “nokså einige” i det. Det er ein nedgang frå 2022, då talet var 66,7 prosent.

Spørsmålet i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figuren under.

Yrkesfagleg fordjuping

I faget yrkesfagleg fordjuping kan elevane ha praksis i bedrift. Fleire elevar får seg deretter læreplass i bedrifta dei har vore utplassert i. I Møre og Romsdal var 1,7 prosent utplassert berre på Vg1 og 44 prosent var utplassert berre på Vg2. Vidare var 39,4 prosent utplassert både på Vg1 og Vg2, noko som er ein nedgang frå 2022 då talet var 45,3 prosent. 14,9 prosent var ikkje utplasserte verken på Vg1 eller Vg2, det er ei auke frå 2022 då talet var 14,1 prosent.

Dei fleste er einige i at YFF ga viktig kjennskap til arbeidslivet:

Samanlikna med andre fylker ser vi at Møre og Romsdal er eitt av dei fylka der færrast lærlingar svarar at dei ikkje har vore utplassert i YFF, og at det er potensiale for å få fleire utplassert på vg1.

Var du utplassert i praksis i bedrift i faget yrkesfaglig fordypning på vg1 og/eller vg2?
Fylke Ja, kun på vg1 Ja, kun på vg2 Både på vg1 og vg2 Nei
Innlandet 3,7 18,6 68,1 9,6
Møre og Romsdal 2,0 38,6 45,3 14,1
Nordland 5,0 25,0 55,3 14,8
Troms og Finnmark 5,2 23,4 53,5 17,9
Trøndelag 4,3 22,5 55,2 18,0
Viken 4,3 29,0 48,5 18,2
Vestland 8,7 22,6 50,3 18,5
Agder 5,9 21,7 52,8 19,6
Rogaland 4,6 31,9 41,9 21,5
Vestfold og Telemark 8,1 28,1 42,3 21,6
Oslo 5,0 20,6 52,1 22,3

Motivasjon

Lærlingundersøkinga viser at mange av lærlingane er motiverte for å lære på arbeidsplassen. 62,9 prosent av lærlingane er i «svært stor grad» motiverte og 29,5 prosent er i «nokså stor grad» motiverte. Det er om lag på landsgjennomsnitt.

Dei fleste lærlingane svarar også at dei har valt riktig fag, der 77,2 prosent svarer i «svært stor grad» eller «nokså stor grad». 76,1 prosent gleder seg til å gå på arbeid i bedrifta, og 83 prosent svarer at dei liker arbeidsoppgåvene sine. Samanlikna med førre år er resultata om lag uendra eller med ei lita auke.

Figuren viser svarfordelinga på dei ulike spørsmåla:

Trivsel

Lærlingundersøkinga viser at det er stor grad av trivsel hos lærlingane i Møre og Romsdal. Samanlikna med førre år har det vore ein svak nedgang i resultata på alle spørsmåla, og resultata ligg om lag på landsgjennomsnitt.

Figuren viser svarfordelinga på dei ulike spørsmåla:

87 prosent av lærlingane kan anbefale bedrifta si til andre som skal begynne læretida innanfor same fagområde. Det er ein svak nedgang frå førre undersøking då talet var 88,1 prosent.

Trygt miljø

Lærlingane skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø på arbeidsplassen.

I Lærlingundersøkinga svarar 88,3 prosent at dei ikkje har blitt mobba på arbeidsplassen dei siste månadane. Det er ei svak negativ utvikling frå førre år da 88,9 prosent svarte det same. 9,4 prosent svarar at dei blir mobba “ein sjeldan gong”.

1,1 prosent (8 lærlingar) svarar at dei har blitt mobba “2-3 gonger i månaden”, 0,7 prosent (5 lærlingar) svarar “om lag ein gong i veka” og 0,5 prosent (4 lærlingar) svarar “fleire gonger i veka”. Til saman utgjer dette 2,3 prosent.

Med 2,3 prosent har vi lågast andel lærlingar som svarar at dei blir mobba «2-3 gonger i månaden» eller oftare. På landsbasis er gjennomsnittet på 3,7 prosent.

I dei tilfella der lærlingar blir mobba er det oftast kollegaer som mobbar. Dei andre svaralternativa er skjerma på grunn av personvern, sidan det var eit lavt tal som har svart at dei blir mobba.

Det er 94,5 prosent av lærlingane som svarar at dei ikkje har blitt utsett for uønskt seksuell merksemd. I 2022 var talet 95,3 prosent. Det er 4,5 prosent svarar at dei har blitt utsett for uønskt seksuell merksemd “ein sjeldan gong”. Det er 0,9 % (7 lærlingar) som svarar at dei har blitt utsett for uønskt seksuell merksemd “2-3 gonger i månaden”, og ingen som svarar “omlag ein gong i veka” eller “fleire gonger i veka”. På landsbasis er tilsvarande tal 1,5 prosent.

Medverknad, rettleiing og eigenvurdering

Lærlingundersøkinga viser at 68,2 prosent av lærlingane meiner at dei i «nokså stor grad» eller «svært stor grad» deltek i planlegging av eige arbeid, og 70,8 prosent deltek i vurdering av eige arbeid. 85,3 prosent meiner dei i «nokså stor grad» eller «svært stor grad» får hjelp og støtte når dei treng det, men berre 51,6 prosent dokumenterer arbeidet. Samanlikna med førre år har nokre av resultata hatt ei svak auke, medan nokre er uendra eller hatt ein svak nedgang.

Figuren viser svarfordelinga på dei ulike spørsmåla:

Intern plan

Alle bedrifter skal ha ei intern opplæringsplan over kva lærlingen skal lære i læretida. 69,1 prosent av lærlingane svarer “ja” eller “ja, til dels” på spørsmålet om bedrifta har laga ei plan for kva lærlingen skal lære. Det er ei auke frå 2022 då talet var 67,9 prosent. Det er om lag på landsgjennomsnittet (68 prosent). 30,8 prosent av lærlingane svarer “nei” eller “veit ikkje” på dette spørsmålet. Det er ein svak nedgang frå 2022, då svarprosenten på desse kategoriane var 32,1 prosent.

Av dei lærlingane som svarar at dei har intern opplæringsplan er det 94,3 prosent som svarar at den heilt eller delvis blir brukt. For 2022 var talet 93,2 prosent. Årsaka til at figuren ikkje viser 100% svarfordeling er at tala er skjerma fordi det er så få (lavt antal) som har svart "nei" eller "veit ikkje".

Figuren viser svarfordelinga på spørsmåla:

Halvårssamtale

Lærebedriftene skal gjennomføre halvårssamtalar med lærlingane. Det var 77,9 prosent av lærlingane som svarar at dei har hatt halvårsvurdering med ein i bedrifta eller opplæringskontoret der dei går gjennom kva dei har lært og kva dei skal lære framover. Det er ei auke frå 2022, då talet var 75,2 prosent. På landsbasis var talet for 2023 på 75 prosent. 14,4 prosent svarer at dei har samtalar, men ikkje kvart halvår. Dette er noko lågare enn landsgjennomsnitt på 17 prosent.

Det er 67,1 prosent av lærlingane som svarar at dei får ei skriftleg oppsummering av samtalen, dette er om lag på same nivå som i førre undersøking.

I halvårssamtalen svarar dei fleste lærlingane at dei snakkar om korleis dei trivst, fagleg prestasjon, kva lærlingen skal gjere for å bli betre i faget og planlegg arbeidsoppgåver fram til neste samtale. Samtalen er ein viktig del av arbeidet med trygge arbeids- og læringsmiljø for lærlingane.