1 Innleiing
1.1 Om kvalitetsmeldinga og mål for opplæringa
Kvalitetsmeldinga 2024 er ein tilstandsrapport på kvaliteten til den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. I Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2023-2027 var det gitt lokale mål for opplæringa, og desse måla er vist til under dei ulike områda i kvalitetsmeldinga. Kvalitetsmeldinga gir retning og grunnlag for det vidare arbeidet med kvalitet i vidaregåande opplæring, og sikrar skoleeigar føresetnader for å arbeide for ei heilskapleg kvalitetsutvikling. Krav til informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa er heimla i opplæringslova § 17-12.
Det er Fylkestinget som er øvste ansvarleg for den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune, og Kvalitetsmeldinga skal sikre Fylkestinget dei kunnskapane som trengst for å følgje utviklinga i opplæringa på ein god måte. Årsmeldingane som er vedlagde gir også eit bilete av den enkelte skole, og greier ut om elevsamansetning, organisering, resultat og om korleis det blir arbeidd med kvalitetsutvikling og læringsmiljø på kvar skole. Årsmeldingane er også eit viktig utgangspunkt for dialogar og drøftingar om kvalitetsutvikling mellom skolane og skoleeigar, og dei er viktige i arbeidet med å gjere opplæringa best mogleg for elevane våre.
Data er henta frå SSB og Utdanningsdirektoratet, til dels gjennom IT-tenesta Qlik Sense. Tala viser resultat på det nasjonale og det fylkeskommunale nivået, mens årsmeldingane til skolane viser resultat og tal på skolenivå. Delar av tala for skoleåret 2023-2024 blir oppdaterte etter ferdigstillinga av kvalitetsmeldinga, og dette kan føre til små endringar i statistikken. Delar av statistikken vil vere unntatt offentlegheita der det er fare for å kunne identifisere individ, og dette er eit personvernsomsyn.
1.2 Årshjul for kvalitetsarbeid
Arbeidet med kvaliteten i dei vidaregåande skolane skjer i tett dialog mellom skoleeigar og skoleleiarar. Årshjulet er eit uttrykk for dette, og viser korleis samarbeidet er forankra:
Årshjul for kvalitetsarbeid i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune
Kvalitetsmeldinga og årsmeldingane frå skolane skapar grunnlag for blant anna leiardialogar, oppdragsavtalar mellom skoleeigar og skolar, handlingsplanar og delstrategi for kompetanse - kvalitet i vidaregåande opplæring. Under eitt er kvalitetsmeldinga heilt sentral i det årlege kvalitetsarbeidet.
1.3 Om vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 20 vidaregåande skolar. Skolestrukturen er desentralisert, med vidaregåande skolar i alle dei ulike regionane i fylket.
I tillegg har fylkeskommunen ansvar for fagskolen i Møre og Romsdal, med avdelingar i Kristiansund og Ålesund. Fagskolen rapporterer til fagskolestyret, og statistikk og tal for fagskolen er ikkje ein del av denne kvalitetsmeldinga.
Oversiktskart, vidaregåande skolar i Møre og Romsdal
I skoleåret 2023-2024 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 8 725 elevar og 2 866 lærlingar og lærekandidatar. Omlag 59 prosent av dei i vidaregåande opplæring høyrde til yrkesfaga, mens 41 prosent høyrde til studieførebuande utdanningsprogram. Den gjennomsnittlege skolestorleiken låg på 436 elevar. Dei to minste skolane er Tingvoll vgs med 78 elevar og Stranda vgs med 132. Størst er Ålesund vgs med 1 360 elevar. Utdanningssektoren har omlag 2 000 tilsette. Av desse har rundt 1 500 pedagogisk ansvar.
Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr opplæring i ordinære opplæringsløp, i tillegg til fleksible opplæringsløp. Fleksible opplæringsløp er regulert i lokal forskrift om fleksibilitet i fag- og timefordeling. I kvalitetsmeldinga inngår fleksible opplæringsløp i statistikken for utdanningsprogramma dei høyrer til.
Møre og Romsdal fylkeskommune har 327 godkjente sjølvstendige lærebedrifter og 1 178 medlemsbedrifter i 46 godkjente samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor).
Fylkeskommunen er fagleg og administrativt ansvarleg for både grunnskoleopplæring og opplæring på vidaregåande nivå i kriminalomsorga. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for opplæringstilbod ved Hustad fengsel og Ålesund fengsel, opplæringa er knytt til Hustadvika vgs og Borgund vgs. I tillegg har fylkeskommunen fagleg, økonomisk og juridisk ansvar for opplæring for barn og ungdom ved barneverns- og helseinstitusjonar.
Ungdom mellom 16-24 år som ikkje er i opplæring eller arbeid, har lovfesta rett til å bli følgde opp av oppfølgingstenesta (OT). Tidlegare var det ungdom mellom 16-21 år som var i målgruppa til OT, men i ny opplæringslov er målgruppa utvida til ungdom mellom 16-24 år. Endring av målgruppe for OT gjeld frå 1. august 2024 og vil føre til at fleire ungdommar vil ha rett til oppfølging frå OT frå og med skoleåret 2024-2025. I Møre og Romsdal er det 8 stillingar knytt til OT. Stillingane er fordelte på 15 rådgivarar rundt om i fylket.
1.4 Inntak til dei vidaregåande skolane
Inntaket til dei vidaregåande skolane og dimensjoneringa av den vidaregåande opplæringa er styrt av lov, forskrifter og politiske prioriteringar. Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring har rett til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring for ungdom varer fram til ein har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut det skoleåret som startar når ein fyller 24 år. Dei som ikkje har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne (sjå ny opplæringslov §§5-1 og 18-3).
Møre og Romsdal legg størst vekt på kva kompetanse samfunnet treng i dimensjoneringa av den vidaregåande opplæringa, i tråd med opplæringslova § 5-3 og «Delstrategi for kompetanse. Tilbod i vidaregåande opplæring 2025-2028.»
Alle søkarar til vidaregåande opplæring for ungdom får tilbod om skoleplass på 1 av 3 søkte studieprogram på trinn 1 (sjå ny opplæringslov § 5-1 sjette ledd). Skoleåret 2023-2024 fekk 83,3 prosent av søkarane med ungdomsrett oppfylt primærønsket sitt på vg1. Til samanlikning fekk 81,2 prosent av søkarane med ungdomsrett oppfylt primærønsket sitt på vg1 inneverande skoleår 2024-2025.
Utdanningsprogram | Vg1 | Vg2 | Vg3 | Alle trinn |
---|---|---|---|---|
Studieforberedende utdanningsprogram | 1 489 | 1 349 | 1 385 | 4 223 |
Påbygg etter yrkesfaglig vg2 | 391 | 391 | ||
Påbygg etter oppnådd yrkeskompetanse | 118 | 118 | ||
Yrkesfaglige utdanningsprogram* | 2 150 | 1 703 | 140 | 3 993 |
Alle utdanningsprogram | 3 639 | 3 052 | 2 034 | 8 725 |
Kilde: Utdanningsdirektoratet. *Inkluderer studieforberedende vg3 naturbruk |