4 Internasjonalisering i vidaregåande opplæring

Internasjonalisering er ein del av opplæringa. Skolane og lærebedriftene skal legge til rette for at elevar og lærlingar kan delta i ulike internasjonaliseringsprogram, eller på anna måte skaffe seg internasjonal erfaring. Målet er at alle skolar skal delta i internasjonale prosjekt finansiert gjennom EU/Erasmus+ eller EØS, og at elevar, lærlingar og tilsette skal ha moglegheit til å få internasjonal erfaring gjennom EU/Erasmus+ eller EØS prosjekt.

4.1 Vurderinga til skoleeigar

Den internasjonale aktiviteten i vidaregåande opplæring har tatt seg markant opp dei siste åra. Totalt blei fylkeskommunen og dei vidaregåande skolane tildelt rundt 12 millionar kroner i eksterne midlar frå Erasmus+ programmet i 2023 til å sende elevar, lærlingar og tilsette på læringsopphald i Europa.

Dei aller fleste skolane har gjennomført internasjonale prosjekt, enten på eigenhand eller gjennom fylkeskommunen sine fellesprosjekt i Erasmus+. Aktivitetane inkluderer både yrkesfagleg praksis i utlandet for lærlingar og elevar, gruppeutvekslingar og kompetanseheving for tilsette. Samla sett har utbyttet vore stort, der deltakarane har utvikla kunnskap og kompetanse, samt tileigna seg internasjonale perspektiv og erfaringar.

Erasmus+ er framleis det viktigaste programmet for internasjonalisering i vidaregåande opplæring. I januar 204 vart Møre og Romsdal fylkeskommune akkreditert som eit såkalla mobilitetskonsortium innanfor vaksne si læring. Frå før var fylkeskommunen akkreditert innanfor studieførebuande program og fag- og yrkesopplæringa. Akkrediteringane styrkar fylkeskommunen sitt engasjement, og gir både høve og finansiering for fleire og betre internasjonale aktivitetar i åra som kjem. Det er venta at alle skolar deltek i internasjonale prosjekt. I tillegg satsar fylkeskommunen på internasjonalisering for lærlingar gjennom prosjektet «Læretid i Europa». Målet er å styrke fag- og yrkesopplæringa gjennom at fleire tek deler av læretida i utlandet, i tråd med kompetansebehova i fylket.