8 Ressursbruk
Ressursbruken i vidaregåande opplæring blir påverka av fleire faktorar, som skolestorleik og korleis elevane er fordelte mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram er elevtalet per klasse omlag halvparten av talet innanfor studieførebuande utdanningsprogram.
Tala for ressursbruken i den vidaregåande opplæringa blir publiserte av Utdanningsdirektoratet på udir.no. Her finn vi tala for alle fylka. Dette gjer at vi kan samanlikne ressursbruken vår med ressursbruken til dei andre fylkeskommunane.
I skoleåret 2023-2024 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 8 725 elevar fordelt på 20 skolar. I snitt hadde skolane våre 436 elevar. Snittet til dei andre fylkeskommunane var 534 elevar per skole. Møre og Romsdal ligg 23 prosent under snittet. Samanlikna med dei andre er det berre Finnmark fylkeskommune (220), Troms fylkeskommune (381) og Nordland fylkeskommune (415) som har lågare elevtal per skole (Utdanningsdirektoratet, 2024). I samanlikninga av fylka på kva det kostar å produsere vidaregåande opplæring, har vi brukt desse nøkkeltala:
Fylke | Driftsutgifter per elev | Driftsutgifter i studieførebuande utdanningsprogram per elev | Driftsutgifter i yrkesfaglege utdanningsprogram per elev | Driftsutgifter til fagopplæring per lærling |
---|---|---|---|---|
Møre og Romsdal | 219 745 | 105 637 | 135 289 | 93 302 |
Snitt i fylkaa utan Oslo og M&R | 225 937 | 96 054 | 132 684 | 93 194 |
Høgaste | 277 098 | 116 251 | 163 009 | 97 389 |
Lågaste | 198 153 | 84 072 | 118 067 | 85 589 |
Rangering M&R | 6 | 3 | 3 | 6 |
Kjelde: Økonomi og undervisningspersonell - videregående opplæring, Utdanningsdirektoratet. |
Møre og Romsdal er rangert som nr. 6 i driftsutgifter per elev. Dette betyr at 4 av fylka har lågare driftsutgifter enn Møre og Romsdal, og at 5 av fylka har høgare driftsutgifter:
Tala viser at driftsutgiftene våre per elev er litt lågare enn gjennomsnittet for landet. For studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram ligg vi litt høgare enn snittet. Vi ligg litt over landssnittet for driftsutgifter til fagopplæring. Når driftsutgiftene per elev likevel er lågare enn snittet for landet skuldast dette at vi har lågare utgifter per elev på andre områder. Tabellen under syner nokre av desse områda:
Fylke | Korrigerte brutto driftsutgifter til skolelokaler og internater i videregående opplæring per elev | Korrigerte brutto driftsutgifter til ped ledelse og ped fellesutgifter per elev | Korrigerte brutto driftsutgifter til skoleforvaltning per elev | Korrigerte brutto driftsutgifter til spesialundervisning og særskilt tilpasset opplæring i videregående opplæring per elev | Korrigerte brutto driftsutgifter til oppfølgingstjeneste og pedagogisk-psykologisk tjeneste i videregående opplæring per elev |
---|---|---|---|---|---|
Møre og Romsdal | 31 253 | 18 600 | 26 724 | 25 275 | 772 |
Snitt i fylkaa utan Oslo og M&R | 41 336 | 25 705 | 23 140 | 20 432 | 4 265 |
Høgaste | 54 131 | 30 393 | 30 910 | 25 640 | 5 664 |
Lågaste | 31 253 | 18 600 | 16 730 | 17 025 | 772 |
Rangering M&R | 10 | 10 | 3 | 2 | 10 |
Kjelde: Økonomi og undervisningspersonell - videregående opplæring, Utdanningsdirektoratet. |
Vi brukar lite på pedagogisk leiing samanlikna med dei andre fylka. Figuren under viser at vi er fylket som brukar minst ressursar på dette:
I tala kjem det også fram at vi brukar meir til spesialundervising og særskilt tilpassa opplæring enn dei andre fylka. I figuren under ser vi at berre Nordland bruker meir ressursar på dette enn oss: