6 Gjennomføring i yrkesfaga

6.1 Vurderinga til skoleeigar

At fleire elevar vel yrkesfag har vore ein stabil tendens over tid, og viser at interessa for praktiske og arbeidslivsretta utdanningsløp held fram med å auke. Med at godt over halvparten av alle i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal høyrer til yrkesfaga, har fylket ein tydeleg yrkesfagleg profil.

Behovet for fagarbeidarar i arbeidslivet er stort, og det er eit mål at fleire elevar går vidare til læretid etter Vg2. Per i dag er det likevel berre halvparten av elevane frå Vg2 som går over i lære, og tala viser ein nedgang frå året før. Dette understrekar at stor søking til yrkesfag på Vg1 ikkje automatisk fører til fleire fagarbeidarar.

Ein ser større svingingar i gjennomføringsresultata for yrkesfag enn for elevar i vidaregåande skole. Det er fleire grunnar til dette, og alle er viktige å ha med seg i lesinga av resultata. Formidlingsarbeidet til læreplass er kontinuerleg, og tala kan endre seg frå dag til dag. Utarbeiding av lærekontraktar kan ta tid i enkelte tilfelle, og nye kontraktar blir teikna eller heva i løpet av og på tvers av skoleår. Rapporteringa på yrkesfaga og dei med læretid i bedrift er derfor augeblinksbilete, og tala må ikkje reknast som komplette.

Tala på nye lærekontraktar for 2024 viser ein liten nedgang samanlikna med året før. Etter fleire år med jamn vekst har utviklinga no flata ut. Formidlingsprosenten viser òg ein nedgang frå 2023 til 2024, men nivået er framleis høgare enn landsgjennomsnittet. Om lag halvparten av fylka har ein høgare formidlingsprosent enn Møre og Romsdal, medan resten ligg under.

Det blir arbeidd systematisk og kontinuerleg med å finne læreplassar til eit aukande tal søkarar. For å styrke dette arbeidet har Møre og Romsdal fylkeskommune nytta midlar frå Samfunnskontrakten for fleire læreplassar til å støtte skolane i formidlingsarbeidet. Det er også utvikla eit læreplassrekneskap, som gjer det mogleg for skolane å følge formidlinga gjennom året og synleggjere status og framdrift.

Det kan vere mange grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Tidlegare var mangel på læreplassar den største utfordringa, men no gjeld dette berre i enkelte næringar. Dei viktigaste årsakene i dag er at bedriftene ikkje opplever søkarane som tilstrekkeleg kvalifiserte eller klare for overgang til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, og enkelte bedrifter manglar motivasjon eller kapasitet til å ta inn lærlingar.

For somme søkarar er det også krevjande å flytte for å få læreplass, ikkje alle ønsker det. Difor er det viktig å fortsette med å styrke samarbeidet mellom skole og arbeidsliv, mellom anna gjennom faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), slik at opplæringa i skolen blir meir relevant og tilpassa dei faktiske situasjonane elevane vil møte i bedriftene.

For å sette søkelys på lærlingordninga, deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut prisane «Årets lærling» og «Årets lærebedrift». I tillegg vart kampanjen «Tenk framtid – bli lærebedrift» gjennomført for å motivere fleire verksemder til å ta inn lærlingar. Desse tiltaka har bidrege til at stadig fleire bedrifter ser verdien av å vere lærebedrift. Nasjonale satsingar som Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (fornya i 2022) og Yrkesfaglærarløftet støttar opp om dette arbeidet. Målet er å få fleire ungdommar til å velje yrkesfag og å sikre fleire læreplassar.

Tidlegare analysar viser at mange av søkarane som ikkje får læreplass, enten er i annan vidaregåande opplæring eller får læreplass på eit seinare tidspunkt. Formidlinga av læreplassar er ein kontinuerleg prosess, og søkarar utan tilbod blir overførte til Oppfølgingstenesta (OT) dersom det ikkje er mogleg å tilby læreplass eller anna tilbod i vidaregåande opplæring. OT samarbeider med NAV for å finne praksisplassar som kan gi ungdommane erfaring og auke sjansane for læreplass seinare. For mange blir praksis i bedrift eit viktig steg mot læretid og fagbrev.

6.2 Over halvparten av elevar og lærlingar høyrer til yrkesfaga

58,5 prosent av alle i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal skoleåret 2024-2025 var elevar og lærlingar i yrkesfaga. Det har skjedd ein auke på 0,8 prosentpoeng samanlikna med skoleåret 2023-2024, og Møre og Romsdal ligg godt over landsgjennomsnittet på 51,8 prosent.

Del av alle i vidaregåande opplæring som er elevar og lærlingar i yrkesfaga, prosent, 2024-25
Fylke Del av alle i vidaregåande opplæring som er elevar og lærlingar i yrkesfaga, prosent, 2024-25
Finnmark 67,0
Nordland 62,1
Agder 58,8
Møre og Romsdal 58,5
Trøndelag 58,2
Rogaland 57,9
Troms 57,6
Telemark 57,6
Innlandet 57,2
Vestland 56,5
Østfold 53,3
Hele landet 51,8
Buskerud 51,7
Akershus 39,5
Oslo 27,4

6.3 Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Alle elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram skal ha yrkesfagleg fordjuping (YFF). Dette er eit obligatorisk fag på Vg1 og Vg2 som gir elevane moglegheit til å prøve seg i eitt eller fleire aktuelle lærefag. Gjennom faget skal elevane få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar innanfor dei lærefaga dei vel å utforske. Formålet er å gi eit godt grunnlag for val av lærefag og å styrke overgangen frå skole til læreplass.

Lærebedrifter i lokalmiljøet er skolen sine viktigaste samarbeidspartnarar i planlegging og gjennomføring av YFF. Eit godt samarbeid mellom lærarar, skoleleiing, instruktørar og representantar frå arbeidslivet gir meirverdi til opplæringa, og bidreg til å knyte teoretisk kunnskap tettare til praktiske erfaringar.

I skoleåret 2024–2025 var om lag 79 prosent av elevane utplasserte i bedrift gjennom YFF, ein auke frå 75 prosent året før. Den største delen av elevane som hadde utplassering, var frå Vg2, noko som er naturleg sidan faget der har sterkare kopling til lærefaga og overgangen til læretid.

I tillegg til utplassering i bedrift gjennomfører skolane fleire arbeidslivsretta aktivitetar, som prosjekt, bedriftsbesøk, bransjedagar og samarbeidsprosjekt med næringslivet. Ein større del av elevane deltek på slike aktivitetar, som gir verdifull innsikt i yrkeslivet og styrker forståinga av kva som krevst i ulike yrke. Desse tiltaka gjer opplæringa meir yrkesretta, relevant og motiverande for elevane, og bidreg til å knyte sterkare band mellom skole og arbeidsliv.

6.4 Del beståtte fag- og sveineprøver

89,1 prosent bestod fag- og sveineprøver i Møre og Romsdal i 2024. Vi går ned 2,7 prosentpoeng samanlikna med 2023, og ligg under landssnittet som er på 91,9 prosent.

Del beståtte fag- og sveineprøver, prosent
Del beståtte fag- og sveineprøver, prosent
Fylke 2022 2023 2024
Finnmark 94,4
Innlandet 96,7 95,6 93,8
Troms 93,5
Agder 94,3 94,0 93,3
Trøndelag 94,9 93,9 92,7
Nordland 95,7 94,5 92,7
Akershus 92,5
Østfold 92,0
Rogaland 93,9 93,8 92,0
Vestland 92,4 92,7 91,8
Vestfold 91,0
Buskerud 90,2
Telemark 90,1
Møre og Romsdal 92,8 91,8 89,1
Oslo 91,3 90,6 88,3

6.5 Heva lærekontraktar

I 2024 vart 167 av 2 826 lærekontraktar heva, noko som utgjer 5,9 prosent. Dette er ein nedgang frå 2023, då 178 av 2 852 kontraktar vart heva (6,2 prosent). Dersom ein ser bort frå hevingar grunna feilval (1,8 prosent), er den reelle hevingsprosenten i 2024 på 4,1.

I prosent vart det heva færrast kontraktar innan elektrofag:

Tal og prosent på heva lærekontraktar i 2024
Utdanningsprogram Tal Prosent
Bygg- og anleggsteknikk 31 7,4
Design og handverk/Frisør,blomst,int.eksp.design 8 18,6
Elektro og datateknologi 18 3,5
Helse- og oppvekstfag 17 4,7
Naturbruk 16 7,8
Restaurant- og matfag 10 10
Salg, service og reiseliv 14 15,9
Teknologi- og industrifag 50 4,9
Totalt 167
Kjelde: Qlik Sense

At lærekontraktar blir heva heng ofte saman med feilval. Dei fleste lærekontraktane er heva som følge av feilval eller av personlege årsaker:

Tal og årsak til heva lærekontraktar 2024
Årsak Tal
Annen årsak/ikkje oppgitt (AF) 31
Fått arbeid (AR) 8
Flytta (FL) 12
Feilval 53
Økonomiske årsaker (OK) 4
Personlege årsaker (PS) 44
Brot på arbeidslivets reglar (BR) 15
Totalt 167
Kjelde: Qlik Sense

6.6 Elevar som går over i lære etter vg2

Tala viser delen elevar frå Vg2 yrkesfag som går vidare til lærekontrakt året etter.

I skoleåret 2024–2025 gjekk 50,4 prosent av elevane på Vg2 yrkesfag i Møre og Romsdal vidare til læretid etter Vg2. Dette er ein nedgang på 2,7 prosentpoeng samanlikna med 2023.

Trass i nedgangen ligg Møre og Romsdal over landsgjennomsnittet på 46,9 prosent.

Målet for fylket er at minst 55 prosent av elevane skal gå direkte over til læretid etter Vg2 i yrkesfaga.

Elevar på yrkesfag med direkte overgang frå vg2, 2024
Del elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg2 i fjor som er i lære i år
Fylke Overgang til opplæring i bedrift Overgang til yrkesfaglig utdanningsprogram
Rogaland 56,2 8,9
Nordland 49,6 10,6
Møre og Romsdal 50,4 7,7
Troms 50,6 7,2
Finnmark 52,6 4,7
Vestland 49,3 6,8
Telemark 50,0 5,8
Trøndelag 46,9 8,8
Innlandet 46,3 8,0
Buskerud 46,3 6,2
Agder 45,3 7,1
Vestfold 45,9 6,1
Østfold 40,8 7,7
Akershus 39,7 5,7
Oslo 34,4 7,3

6.7 Nye lærekontraktar

Tala viser kor mange lærlingar som hadde sitt første år som lærling i 2024. Med 1 427 nye lærekontraktar i Møre og Romsdal viser statistikken ein liten nedgang samanlikna med 2023, då det vart inngått 1 480 lærekontraktar.

Nye lærekontraktar fordelt på fylke
Nye lærekontraktar
Fylke 2022 2023 2024
Finnmark 475 593
Telemark 770 783
Troms 997 949
Vestfold 1 068 1 079
Buskerud 1 147 1 162
Østfold 1 105 1 185
Nordland 1 372 1 282
Møre og Romsdal 1 480 1 427
Agder 1 603 1 579
Innlandet 1 562 1 585
Oslo 1 905 1 839
Akershus 1 724 1 851
Trøndelag 2 631 2 230
Vestland 3 270 3 232
Rogaland 3 100 3 333

6.8 Formidling av søkarar

Per 31. desember 2024 hadde 81,1 prosent av søkarane til læreplass i Møre og Romsdal fått godkjend lærekontrakt. Samanlikna med 2023, då 85,6 prosent av søkarane fekk lærekontrakt, utgjer dette ein nedgang på 4,5 prosentpoeng.

Andelen i Møre og Romsdal er likevel noko høgare enn landsgjennomsnittet på 80,3 prosent. Om lag halvparten av dei andre fylka har ein høgare formidlingsprosent, medan resten ligg under nivået i Møre og Romsdal.

Søkarar som har fått kontrakt i 2024, etter fylke og kontraktstype, prosent
Søkarar som har fått kontrakt
Fylke Lærekontrakt Opplæringskontrakt Fagopplæring i skole
Agder 81,1 5,8 5,1
Akershus 73,4 4,2 6,0
Buskerud 78,4 3,8 6,0
Finnmark 84,0 0,7 0,3
Innlandet 79,9 3,5 1,5
Møre og Romsdal 81,1 3,7 0,0
Nordland 84,7 2,9 0,5
Oslo 81,8 2,3 5,8
Rogaland 88,4 3,6 0,8
Telemark 72,1 5,1 6,4
Troms 85,0 4,3 0,4
Trøndelag 80,0 4,9 0,5
Vestfold 76,6 6,4 4,5
Vestland 81,5 3,8 1,2
Østfold 67,4 7,6 10,2

6.9 Status overgangar frå vg2 yrkesfag

Formålet med dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er å utdanne nye fagarbeidarar som møter kompetansebehova i arbeidslivet. Etter fullført Vg2 er hovudmålet at elevane går vidare til læretid i bedrift for å fullføre fagutdanninga si.

Per september 2025 var 50,3 prosent av elevane frå Vg2 i Møre og Romsdal i læretid. Dette viser at halvparten av elevane går den tradisjonelle fagopplæringsvegen frå skole til bedrift.

Elevane som ikkje går vidare til læretid etter Vg2, kan framleis vere i opplæring gjennom fleire ulike løp. Dei kan ta Vg3 yrkesfag i skole, påbygging til generell studiekompetanse, ha repetisjon (når ein går fleire år på same nivå på same utdanningsprogram) eller gjere omval til eit anna utdanningsprogram, eller avslutte opplæringa etter Vg2.

Vi ser at 21,1 prosent av elevane har valt å gå vidare til påbygging til generell studiekompetanse. Andelen har vore stabil på eit høgt nivå dei siste åra.

Kategorien «andre» omfattar i stor grad søkarar som framleis ventar på lærekontrakt. Over tid vil ein del av desse bli formidla til læreplass, og ein kan dermed forvente ei gradvis overgang frå «andre» til «fått lærekontrakt» etter kvart som fleire kontraktar blir inngått. Formidlingsarbeidet er kontinuerleg, og tala blir oppdaterte jamleg gjennom året.

Per september 2025 er fordelinga slik:

Fordeling per september 2025, overgang frå vg2 yrkesfag
Andel
I lære 50,3 %
Påbygg 21,1 %
Andre 15,5 %
Framleis i planlagt opplæring på Vg3 Yrkesfag 8,0 %
Omvalg/repetisjon 5,1 %

Ikkje alle elevar i yrkesfaga blir fagarbeidarar

Det er betydeleg variasjon mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor mange som går over i lære etter Vg2. Teknologi- og industrifag har den høgaste overgangen, med heile 74,6 prosent av elevane som går vidare til læretid. Dette viser at mange elevar her følgjer det tradisjonelle yrkesfaglege løpet fram mot fagbrev.

Samtidig ser vi at langt frå alle elevar i yrkesfaga endar opp som fagarbeidarar. Mange avsluttar det yrkesfaglege utdanningsløpet etter Vg2 og vel i staden påbygging til generell studiekompetanse. Dette er ei utvikling som ikkje er ønskt, då arbeidslivet har eit auka behov for fagarbeidarar innan fleire bransjar. Fylkeskommunen skulle gjerne sett at fleire elevar går vidare til læretid etter Vg2, slik at fleire fullfører opplæringa med fag- eller sveinebrev.

Innan helse- og oppvekstfag (HO) er overgangen til påbygg særleg stor. Frå skoleåret 2023–2024 til 2024–2025 gjekk heile 50,2 prosent av elevane frå Vg2 HO vidare til påbygg. Innan sal, service og reiseliv gjekk 37,5 prosent av elevane frå Vg2 vidare til påbygg.

Desse tala viser at stor søking til yrkesfag på Vg1 ikkje nødvendigvis fører til fleire fagarbeidarar. For fleire utdanningsprogram er utfordringa å sikre at elevar som startar på yrkesfag, faktisk fullfører fagopplæringa gjennom læretid og fagbrev.

Vg2 yrkesfagelevar som har hatt progresjon fra eit år til eit anna. Årgang 2024, Møre og Romsdal
Utdanningsprogram Overgang til opplæring i bedrift. Andel Overgang til påbygg. Andel
Bygg- og anleggsteknikk 64,5 9,0
Elektro og datateknologi 47,1 8,6
Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign 30,4 23,9
Helse- og oppvekstfag 23,8 50,2
Håndverk, design og produktutvikling 20,0 26,7
Informasjonsteknologi og medieproduksjon 45,3 17,0
Naturbruk 62,9 7,3
Restaurant- og matfag 48,9 12,0
Salg, service og reiseliv 35,4 37,5
Teknologi- og industrifag 74,6 4,5
Totalt 50,4 20,6
Kjelde: Utdanningsdirektoratet

6.10 Sysselsetting av nyutdanna fagarbeidarar

I Møre og Romsdal er 80,5 prosent av fagarbeidarane i arbeid det første året etter greidd fag- eller sveinebrev. Det er berre Oslo (78,1 prosent) som har ein lågare andel. Samtidig har Møre og Romsdal høgast andel fagutdanna som held fram i utdanning, med 14,6 prosent. Medan 4,9 prosent av dei nyutdanna fagarbeidarane står utanfor både arbeid og utdanning.

Samanlikna med tala frå 2022 og 2023 viser dette ei positiv utvikling i Møre og Romsdal. Andelen i arbeid har auka frå 79,8 prosent til 80,5 prosent, medan delen som står utanfor både arbeid og utdanning har gått noko ned, frå 5,1 prosent til 4,9 prosent. Andelen som held fram i utdanning har gått svakt ned, frå 15,1 til 14,6 prosent.

Samanlikna med landsgjennomsnittet har Møre og Romsdal:

  • lågare andel fagarbeidarar i arbeid første året etter fag- eller sveinebrev
  • høgare andel som held fram i utdanning
  • lågare andel som står utanfor både arbeid og utdanning

Dette viser at Møre og Romsdal har ein stabil og positiv overgang til arbeid eller vidare utdanning, og at dei fleste fagarbeidarane raskt får brukt kompetansen sin i arbeidslivet eller byggjer vidare på ho.

Sysselsettingsstatus for fagutdanna første år etter greidd fag- eller sveineprøve, 2023 og 2024
Sysselsettingsstatus for fagutdanna første år etter greidd fag- eller sveineprøve, 2023 og 2024
Fylke I arbeid I utdanning Utenfor arbeid og utdanning
Oslo 78,1 13,8 8,1
Møre og Romsdal 80,5 14,6 4,9
Rogaland 81,2 14,1 4,7
Vestfold og Telemark 81,4 12,2 6,4
Viken 82,7 11,6 5,7
Agder 82,9 10,9 6,2
Hele landet 83,1 11,6 5,3
Vestland 83,9 11,7 4,4
Troms og Finnmark 84,1 10,5 5,4
Nordland 85,7 10,2 4,1
Innlandet 86,4 9,8 3,8
Trøndelag 86,6 8,4 4,8