4 Internasjonalisering i vidaregåande opplæring

Internasjonalisering skal vere ein naturleg og integrert del av opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. Skolar, opplæringskontor og lærebedrifter skal legge til rette for at elevar, lærlingar og tilsette får moglegheit til å tileigne seg internasjonal erfaring og utvide sitt faglege og kulturelle perspektiv. Gjennom EU-programmet Erasmus+ tek fylkeskommunen ei aktiv rolle i å auke og koordinere det internasjonale engasjementet i vidaregåande opplæring.

4.1 Vurderinga til skoleeigar

Den internasjonale aktiviteten i vidaregåande opplæring har auka markant dei siste åra. I 2024 vart Møre og Romsdal fylkeskommune og dei vidaregåande skolane samla tildelt nær 20 millionar kroner i eksterne midlar frå Erasmus+ programmet til å sende elevar, lærlingar og tilsette på læringsopphald i Europa.

Dei aller fleste vidaregåande skolane har gjennomført internasjonale prosjekt, anten på eigen hand eller gjennom fylkeskommunen sine fellesprosjekt i Erasmus+. Aktivitetane inkluderer både yrkesfagleg praksis i utlandet for lærlingar og elevar, gruppeutvekslingar og kompetanseheving for tilsette. Samla sett har utbyttet vore stort, der deltakarane har utvikla kunnskap og kompetanse, samt tileigna seg internasjonale perspektiv og erfaringar. Desse erfaringane kjem også skolane til gode gjennom deling av praksis og fagleg utvikling i kollegiet.

Fylkeskommunen er akkreditert som Erasmus+ mobilitetskonsortium innanfor:

  • studieførebuande program,
  • fag- og yrkesopplæring, og
  • vaksne si læring

Desse akkrediteringane styrkar fylkeskommunen sitt engasjement, og gir både høve og finansiering for fleire og betre internasjonale aktivitetar i åra som kjem. I tillegg har no om lag halvparten av dei vidaregåande skolane eigen akkreditering, og koordinerer sjølve sine eigne Erasmus+ prosjekt. Dette viser ei positiv utvikling mot større lokal forankring og eigarskap til internasjonalt arbeid.

Prosjektet "Læretid i Europa" har som mål å styrke fag- og yrkesopplæringa gjennom at fleire lærlingar tek delar av læretida si i utlandet, i tråd med kompetansebehova i fylket. Sidan prosjektstart i 2023 har talet på lærlingar som deltek auka markant, og utviklinga er venta å halde fram dei kommande åra.