7 Leiing og profesjonsutvikling

7.1 Vurderinga til skoleeigar

Skoleeigar skal halde fram med å legge til rette for sterke profesjonsfellesskap på kvar enkelt skole og på tvers av dei vidaregåande skolane i fylket. Skolane har ansvar for å utvikle lærande fellesskap blant dei tilsette, og for å bidra aktivt til samarbeid med andre skolar, næringsliv og eksterne fagmiljø. Arbeidet med leiing og profesjonsutvikling skal vere utviklingsorientert, heilskapleg og kontinuerleg, og inngå som ein integrert del av kvalitetsarbeidet i åra som kjem.

Leiardialogane mellom kompetanse- og næringsavdelinga og leiarane på skolane skjer jamleg og er ein del av årshjulet for kvalitetsarbeid (sjå pkt. 1.2). Kvar haust og vår blir det gjennomført individuelle dialogmøte mellom avdelinga og leiinga ved den enkelte skole. I tillegg blir det arrangert rektormøte jamleg, ei felles skoleleiarsamling på hausten og ei toppleiarsamling på våren. Desse arenaene er sentrale for kompetansedeling, strategisk leiing og vidareutvikling av leiarrolla.

Fagnettverka er den mest omfattande delen av etterutdanningstilbodet i fylket og utgjer ein sentral arena for profesjonsutvikling på tvers av skolane. Nettverka legg til rette for kunnskapsdeling, fagleg oppdatering, erfaringsutveksling og kollektiv refleksjon. Dei bidreg til å styrke kvaliteten på opplæringa ved å kople saman forsking, praksis og lokale utviklingsbehov. Skoleeigar vil halde fram med å vidareutvikle fagnettverka i tett samarbeid med skoleleiarar, profesjonsorganisasjonane og nettverka sjølve. Målet er å sikre at fagnettverka fungerer som levande læringsfellesskap der fagleg kompetanse blir utvikla og delt på tvers av skolar og utdanningsprogram. Fagnettverka blir drifta av skolane gjennom oppdragsavtalar med kompetansesjefen, som sikrar struktur, forankring og fagleg retning.

Arbeid med nytt læreplanverk (LK 20), vurderingspraksis og elevmedverknad, læringsmiljø for inkluderande praksis og kunstig intelligens i skolen (KI i skolen) har vore fokusområde innan tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling skoleåret 2024-2025. Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å etablere eit nytt og heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for alle tilsette i utdanningssektoren, inkludert fag- og vaksenopplæringa. Ordninga skal fasast inn frå 2026, og vil erstatte fleire av dagens tilskots- og vidareutdanningsordningar. Målet er å utvikle eit meir samanhengande, føreseieleg og strategisk system for kompetanseutvikling, som gjer det enklare for både skoleeigar og skolar å planlegge langsiktig.

Ein kan lese meir om endringar i ordningane for kompetanseutvikling på nettsida til Utdanningsdirektoratet.

7.2 Kompetanseutvikling

Kompetanseutvikling for tilsette er ei kontinuerleg og lovpålagt oppgåve, jf. opplæringslova kapittel 17 (Lovdata, 2023). Skoleeigar har ansvar for å sikre rett og nødvendig kompetanse i alle fagmiljø, slik at opplæringa er forsvarleg og fagleg oppdatert.

Kompetanseutvikling skjer gjennom tre hovudformer:

  • Grunnutdanning for dei som manglar formell lærarkompetanse
  • Vidareutdanning som gir studiepoeng og formell fordjuping
  • Etterutdanning som er praksisnær og skjer i profesjonsfellesskap på skolane og på tvers av dei

Kompetanseutviklingstiltak skal vere forankra i skolane sine kompetanseplanar og prioriterte satsingsområde.

7.2.1 Grunnutdanning - Utdannings- og rekrutteringsstipend

Tilsette lærarar utan godkjent utdanning, og personar som ønsker å kvalifisere seg til læraryrket, kan søke utdannings- og rekrutteringsstipend gjennom Utdanningsdirektoratet. Ordninga omfattar stipend til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU og PPU-Y), stipend til yrkesfaglærarutdanning (YFL), stipend for minoritetsspråklege lærarar og stipend for å fullføre påbegynt lærarutdanning.

Møre og Romsdal fylkeskommune fekk godkjent 19 søkarar i 2024 og 20 søkarar i 2025. Dette viser jamn rekruttering til læraryrket, men det er framleis behov for å styrke tilgangen på lærarar med relevant yrkesfagleg bakgrunn i fleire utdanningsprogram.

7.2.2 Vidareutdanning - Kompetanse for kvalitet

I skoleåret 2024–2025 tok 48 lærarar vidareutdanning gjennom den statlege strategien Kompetanse for kvalitet. Hausten 2025 er 53 lærarar tatt inn i ordninga. Deltakarane er prioriterte av skolane for å sikre samsvar mot kompetansebehov og skolane sine kompetanseutviklingsplanar.

Skoleleiarar får òg tilbod om vidareutdanning gjennom dei statlege ordningane for rektorutdanning og vidareutdanning for leiarar. Hausten 2024 starta tre skoleleiarar rektorutdanning, og hausten 2025 starta ytterlegare tre leiarar i same program.

7.2.3 Etterutdanning

Formålet med etterutdanning er å styrke den kollektive kompetansen ut frå lokale behov. Mesteparten av arbeidet skjer i fagnettverka og i profesjonsfellesskapa på den enkelte skole, der refleksjon, deling og læring står sentralt. Fylkeskommunen nyttar både eigne midlar og statlege tilskotsordningar for å finansiere etterutdanninga. Kompetanse- og næringsavdelinga bidreg til kompetanseutvikling gjennom samlingar, verkstadar og nettverksarenaer for ulike målgrupper i skolen og yrkesopplæringa.

Tilskotsordninga Dekom-yrkesfag rettar seg mot samarbeid mellom vidaregåande skolar og lærebedrifter. Målet er å styrke den kollektive kompetansen i fag- og yrkesopplæringa gjennom gjensidig læring, kunnskapsdeling og tettare kopling mellom skole og arbeidsliv. Midlane blir kanalisert gjennom Utdanningsdirektoratet, og ordninga er ein del av den nasjonale strategien Yrkesfaglærarløftet. I Møre og Romsdal vart midlane for 2024–2025 nytta til fagleg oppdatering og hospitering for instruktørar, faglege leiarar, prøvenemndsmedlemmar og lærarar i yrkesfaglege utdanningsprogram.

Gjennom tilskotsordningane Dekom-skole og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis blir statlege midlar kanalisert gjennom Statsforvaltaren. Målet med ordningane er å styrke den kollektive kompetansen i skolane gjennom samarbeid med universitet og høgskolar, og slik utvikle ein meir kunnskapsbasert og praksisnær opplæring.

Møre og Romsdal fylkeskommune har sidan 2019 hatt eit forpliktande partnarskap med Høgskulen i Volda, som har ført til styrkt kompetanse blant tilsette i vidaregåande opplæring og til auka forskingsbasert forståing av praksisfeltet ved høgskulen. Denne gjensidige læringa bidreg til vidareutvikling av lærarutdanninga, og er eit godt døme på korleis nasjonale satsingar kan gi lokal kompetansebygging med varig effekt.

I skoleåret 2024–2025 var hovudtemaa for kompetanseutvikling:

  • arbeid med Kunnskapsløftet 2020
  • vurderingspraksis og elevmedverknad
  • læringsmiljø og inkluderande praksis
  • kunstig intelligens (KI)

Møre og Romsdal fylkeskommune har teke ei aktiv rolle for å møte utviklinga innan kunstig intelligens (KI) og sikre at både tilsette og elevar er rusta for framtida. Eit sentralt tiltak er etableringa av ei eiga arbeidsgruppe for KI i skolen, eit breitt samarbeid mellom kompetanse- og næringsavdelinga, Høgskulen i Volda og tre dedikerte KI-pedagogar frå våre vidaregåande skolar.

Formålet til arbeidsgruppa er å styrke skolane i deira arbeid med konstruktiv og etisk bruk av KI. Dette blir gjort gjennom å utforske, prøve ut og implementere praktisk bruk av teknologien i undervisning og vurdering. Arbeidet er forankra i behova ute på skolane, mellom anna gjennom kartleggingar der lærarane har meldt inn sine ønsker. Som eit resultat av dette blir det no utvikla ei eiga kursrekke for kompetanseheving. I tillegg har fylkeskommunen laga ei eiga temaside på intranettet «Innsida» som samlar ressursar, rettleiingar og godkjende verktøy. Gjennom deltaking i nasjonale forum sikrar vi erfaringsdeling på tvers av fylka, slik at vi både kan lære av andre og dele vår kunnskap. Dette systematiske arbeidet skal bidra til ei trygg, innovativ og effektiv integrering av KI i skolen.

Skolebasert etterutdanning

Skolen skal vere eit lærande fellesskap der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar og utviklar praksisen sin i lag. Kompetanseutvikling må vere forankra i kvar skole, og knytt til dei lokale måla for kvalitetsutvikling. Fleire av skolane deltek i partnarskap med Høgskulen i Volda gjennom tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling. Meir detaljar om det skolebaserte utviklingsarbeidet er omtalt i skolane sine årsmeldingar.

Etter- og vidareutdanning av leiarar

Årleg blir det arrangert ei felles samling for skoleleiarane i fylket, med tema innan leiing og skoleutvikling. I tillegg blir det gjennomført ei toppleiarsamling for rektorar og assisterande rektorar. Rektormøta, som blir haldne jamleg, er ein viktig del av leiardialogen mellom skolane og skoleeigar, og tek opp aktuelle pedagogiske og organisatoriske tema.

Gjennom Fylkesakademiet får leiarar tilbod om deltaking i fylkeskommunen sitt leiarutviklingsprogram. Dette skal bidra til å styrke strategisk leiing, endringskompetanse og kultur for læring i heile organisasjonen.