8 Ressursbruk

Ressursbruken i vidaregåande opplæring blir påverka av fleire faktorar, mellom anna skolestorleik, fordelinga mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram og elevtal per klasse. Innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er elevtalet per klasse om lag halvparten av talet i studieførebuande utdanningsprogram. Dette gir eit anna kostnadsbilete og forklarer noko av variasjonen i ressursbruk mellom skolar og fylke.

Tala for ressursbruk i vidaregåande opplæring blir publiserte av Utdanningsdirektoratet på udir.no, og gjer det mogleg å samanlikne Møre og Romsdal fylkeskommune med andre fylke.

I skoleåret 2024-2025 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 8 876 elevar fordelt på 20 vidaregåande skolar. I snitt hadde våre skolar 444 elevar.

Til samanlikning hadde fylkeskommunane i snitt 544 elevar per skole, noko som betyr at Møre og Romsdal ligg 23 prosent under landsgjennomsnittet. Berre Finnmark (227 elevar), Troms (380 elevar) og Nordland (424 elevar) har lågare elevtal per skole.

Når ressursbruken i vidaregåande opplæring blir samanlikna mellom fylka, er det særleg følgande nøkkeltal som blir nytta:

Oversikt over ressursbruk i vidaregåande opplæring, 2024
Fylke Driftsutgifter per elev Driftsutgifter i studieførebuande utdanningsprogram per elev Driftsutgifter i yrkesfaglege utdanningsprogram per elev Driftsutgifter til fagopplæring per lærling
Møre og Romsdal 215 323 101 069 127 033 93 589
Snitt i fylkaa utan Oslo og M&R 231 926 98 112 132 397 112 758
Høgaste 331 743 145 118 166 298 192 564
Lågaste 198 803 84 854 114 386 57 193
Rangering M&R 10 3 10 12
Kjelde: Økonomi og undervisningspersonell - videregående opplæring, Utdanningsdirektoratet.

Møre og Romsdal fylkeskommune er rangert som nummer 10 i landet når det gjeld driftsutgifter per elev. Det betyr at fem fylkeskommunar har lågare driftsutgifter, medan ni fylkeskommunar har høgare. Møre og Romsdal ligg med dette om lag midt på nasjonal skala, noko som indikerer ein balansert ressursbruk samanlikna med resten av landet:

Driftsutgifter per elev, 2024
Fylke Driftsutgifter per elev, 2024
Oslo 198 803
Rogaland 201 534
Akershus 203 032
Østfold 206 436
Vestfold 206 587
Møre og Romsdal 215 323
Buskerud 216 630
Vestland 219 538
Telemark 225 287
Agder 226 538
Innlandet 228 230
Trøndelag 230 092
Troms 231 112
Landet uten MR & Oslo 231 926
Nordland 288 284
Finnmark 331 743

Tala viser at driftsutgiftene per elev i Møre og Romsdal er noko lågare enn landsgjennomsnittet. For dei studieførebuande utdanningsprogramma ligg fylket litt over nasjonalt snitt, medan yrkesfaglege utdanningsprogram ligg litt under. Når det gjeld driftsutgifter til fagopplæring per lærling, ligg Møre og Romsdal òg under landsgjennomsnittet.

Vi har òg lågare utgifter per elev på fleire område samanlikna med landsgjennomsnittet. Tabellen under syner nokre av desse områda:

Samanlikning, utvalde utgiftsområde, 2024
Fylke Korrigerte brutto driftsutgifter til skolelokaler og internater i videregående opplæring per elev Korrigerte brutto driftsutgifter til ped ledelse og ped fellesutgifter per elev Korrigerte brutto driftsutgifter til skoleforvaltning per elev Korrigerte brutto driftsutgifter til spesialundervisning og særskilt tilpasset opplæring i videregående opplæring per elev Korrigerte brutto driftsutgifter til oppfølgingstjeneste og pedagogisk-psykologisk tjeneste i videregående opplæring per elev
Møre og Romsdal 35 305 17 689 24 016 25 998 711
Snitt i fylkaa utan Oslo og M&R 41 715 25 332 26 632 20 800 4 560
Høgaste 66 396 38 523 42 455 27 982 6 017
Lågaste 28 483 15 926 15 326 13 345 711
Rangering M&R 13 13 9 2 15
Kjelde: Økonomi og undervisningspersonell - videregående opplæring, Utdanningsdirektoratet.

Vi brukar mindre ressursar på pedagogisk leiing samanlikna med dei fleste andre fylka. Figuren under viser at vi er blant fylka som har lavast ressursbruk per elev innan dette området:

Korrigerte brutto driftsutgifter til pedagogisk leiing og fellesutgifter, per elev, 2024
Fylke Korrigerte brutto driftsutgifter til pedagogisk leiing og fellesutgifter per elev, 2024
Telemark 15 926
Oslo 16 394
Møre og Romsdal 17 689
Vestfold 18 158
Østfold 19 148
Innlandet 23 726
Buskerud 24 794
Akershus 24 864
Landet uten Oslo og MR 25 332
Nordland 25 790
Troms 26 273
Agder 26 289
Vestland 26 977
Trøndelag 28 383
Rogaland 30 459
Finnmark 38 523

Tala viser òg at Møre og Romsdal brukar meir ressursar på spesialundervisning og særskilt tilpassa opplæring enn dei fleste andre fylka. Berre Nordland fylkeskommune brukar meir på dette området:

Korrigerte brutto driftsutgifter spesialundervisning og særskilt tilpassa opplæring, per elev, 2024
Fylke Korrigerte brutto driftsutgifter spesialundervisning og særskilt tilpassa opplæring per elev, 2024
Finnmark 13 345
Oslo 17 208
Innlandet 17 712
Akershus 18 848
Vestfold 19 211
Rogaland 19 329
Agder 19 889
Landet uten Oslo og MR 20 800
Østfold 21 424
Trøndelag 21 595
Vestland 21 973
Buskerud 22 000
Troms 22 248
Telemark 24 846
Møre og Romsdal 25 998
Nordland 27 982