2 Læringsmiljø

2.1 Vurderinga til skoleeigar

Elevundersøkinga viser at elevane trivst godt og opplever eit positivt læringsmiljø prega av god læringskultur, felles reglar, faglege utfordringar og støtte frå lærarane. Høg trivsel og jamne resultat på tvers av trinn tyder på eit stabilt læringsmiljø med gode relasjonar mellom elevar og lærarar. Motivasjonen er høgast på Vg1, truleg som følge av møte med ny skole og nye fag, medan Vg3-elevane skårar høgast på læringskultur og fagleg utfordring, eit teikn på fagleg modning og meistring mot slutten av opplæringsløpet. Lærarane skaper høge forventningar og eit miljø som fremjar fagleg utvikling, men det er framleis behov for å styrke elevane sin medverknad og deltaking i læringsarbeidet.

Lærlingundersøkinga viser at lærlingane trivst godt og får støtte og rettleiing, og heile 88 prosent vil anbefale lærebedrifta si til andre som skal starte i lære. Samstundes må fleire bedrifter sikre at halvårssamtalar blir gjennomførte, at opplæringsplanane er tydelege, og at alle lærlingar har eit trygt arbeidsmiljø utan mobbing eller trakassering. Sjølv om Møre og Romsdal har ein låg andel lærlingar som blir mobba, og ein låg andel som opplever uønskt seksuell merksemd, så er det framleis lærlingar som har behov for eit tryggare arbeidsmiljø.

I årsmeldingane har skolane rapportert tal for møte i råd og utval der elevane har delteke. Resultata viser behov for å sikre at skoleutvala er i drift og fungerer etter intensjonen. Skolane har òg rapportert tal på enkeltvedtak etter § 12-7 og aktivitetsplanar etter § 12-4 og § 12-5, der det framleis er behov for å styrke vurderingane av når slike planar skal utarbeidast. Dette blir vidare følgt opp i skoleleiardialogen og på samlingar for blant anna innsatsteama (SIM).

2.2 Elevundersøkinga

Elevundersøkinga kartlegg sentrale sider ved læringsmiljø, læring og trivsel, og gir elevane høve til å seie si meining om skolekvardagen. Elevundersøkinga er også eit kartleggingsverktøy for skolane og skoleeigar, og er ein sentral målestokk i arbeidet med kvaliteten i opplæringa.

Svarprosent og deltaking
I Møre og Romsdal får alle elevar tilbod om å svare. Skolane har ansvar for å sikre at alle elevar får moglegheit til å delta, og for å gi nødvendig hjelp og tilrettelegging.

Elevundersøkinga 2024–2025 vart gjennomført i perioden 29. oktober til 28. november 2024.

Svarprosenten for dei vidaregåande skulane i fylket, inkludert dei private, viser at Møre og Romsdal har høgare deltaking enn landsgjennomsnittet på alle trinn:

  • 85,7 prosent for Vg1 (83,1 prosent på landsbasis)
  • 82,3 prosent for Vg2 (80,3 prosent på landsbasis)
  • 81,5 prosent for Vg3 (76,9 prosent på landsbasis)

Oppfølging og bruk av data
Resultata som blir presenterte i Kvalitetsmeldinga viser gjennomsnittet for dei vidaregåande skolane i fylket. Resultata for den enkelte skole er vist til i årsmeldingane.

Frå og med 2022 endra Utdanningsdirektoratet praksisen for utlevering av data frå Elevundersøkinga for å styrkje personvernet og hindre at einskilde elevar kan bli gjenkjende. Endringa har ført til at fleire resultat, særleg knytte til mobbing, no blir skjerma, og at skolar og skoleeigar ikkje får samla skårar på tvers av trinn, men berre resultat fordelt per trinn. Dette har gjort det vanskelegare for skolane å arbeide med læringsmiljøet med bakgrunn i resultat frå Elevundersøkinga.

I nokre av figurane i den vidare framstillinga av resultata er enkelte kategoriar prikka, det vil seie at data er fjerna for å verne om personvernet. Difor summerer ikkje alle figurane til 100 prosent, og nokre kategoriar kan vere ekskluderte frå figurane på grunn av manglande eller skjerma data.

Resultata frå Elevundersøkinga blir offentleggjorde i Utdanningsdirektoratet sin statistikkbank, der både nasjonale og fylkesvise resultat er tilgjengelege: Utdanningsdirektoratets statistikkbank.

Møre og Romsdal fylkeskommune har i tillegg utvikla ei lokal Power BI-løysing som gjer det mogleg å vise og analysere resultata for dei vidaregåande skolane i fylket på ein oversiktleg og brukarvenleg måte: Microsoft Power BI Møre og Romsdal

Resultat frå Elevundersøkinga

Elevundersøkinga består av ei rekke spørsmål som til saman dannar indikatorar for elleve ulike sider ved læringsmiljøet. Spørsmåla blir gjentekne kvart år, noko som gjer det mogleg å følgje utviklinga over tid og identifisere endringar i elevane sine erfaringar og opplevingar. Skåren på indikatorane går frå 1 til 5, der 5 er høgaste mogelege skår.

Resultata viser at det er små forskjellar mellom trinna. Elevane på Vg1 skårar høgast på motivasjon og elevdemokrati og medverknad, medan Vg3-elevane skårar høgast på læringskultur og fagleg utfordring.

Gjennomsnittleg skår på læringsmiljøindikatorane for Møre og Romsdal fylkeskommune, 2024-2025
Gjennomsnittleg skår
Fylke - Møre og Romsdal Vg1 Vg2 Vg3
Trivsel 4,2 4,2 4,2
Støtte fra lærer 4,1 4,1 4,1
Støtte hjemmefra 3,9 3,9 3,8
Vurdering for læring 3,5 3,5 3,4
Læringskultur 4,0 4,0 4,1
Mestring 3,9 3,9 3,9
Motivasjon 3,6 3,5 3,4
Elevdemokrati og medvirkning 3,6 3,5 3,5
Felles regler 4,2 4,1 4,2
Utdanning og yrkesveiledning 3,7
Faglig utfordring 4,2 4,3 4,5

Utvikling samanlikna med førre undersøking

Dei fleste av indikatorane ligg på same nivå som fjoråret, med nokre mindre endringar på trinna:

  • Vg1: Indikatorane fagleg utfordring og støtte frå lærar viser ein svak nedgang på 0,1 poeng, medan utdanning og yrkesrettleiing har ei positiv utvikling med ein auke på 0,1 poeng.
  • Vg2: Indikatorane støtte frå lærar, trivsel og vurdering for læring viser ei positiv utvikling, med ein auke på 0,1 poeng kvar.
  • Vg3: Indikatorane elevdemokrati og medverknad, felles reglar, læringskultur, motivasjon, støtte frå lærar, trivsel og vurdering for læring viser alle ei positiv utvikling, med ein auke på 0,1 poeng.

Samanlikning mot resultat på landsbasis

Det er små forskjellar mellom resultata på indikatorane i Møre og Romsdal og landsgjennomsnittet. Dei fleste indikatorane på same nivå, men det er nokre forskjellar:

  • Vg1: Resultata i Møre og Romsdal viser 0,1 poeng høgare enn landsgjennomsnittet på indikatoren utdanning og yrkesrettleiing. På indikatorane fagleg utfordring og støtte frå heimen ligg fylket 0,1 poeng lågare enn landssnittet.
  • Vg2: Resultata i Møre og Romsdal viser 0,1 poeng høgare skår enn landsgjennomsnittet på læringskultur, støtte frå lærarane og vurdering for læring.
  • Vg3: Resultata i Møre og Romsdal viser 0,1 poeng over landssnittet på fagleg utfordring, felles reglar, læringskultur, støtte frå lærarane og vurdering for læring. På indikatoren støtte frå heimen ligg fylket 0,1 poeng under landsgjennomsnittet.

Forskjellar mellom gutar og jenter

Det er små forskjellar mellom korleis jenter og gutar opplever læringsmiljøet sitt. Generelt er gutane noko meir fornøgde, og dei skårar høgare enn jentene på meistring, støtte frå lærar og vurdering for læring på alle trinn.

  • Vg1: Gutane skårar høgare enn jentene på utdannings- og yrkesrettleiing, medan jentene skårar høgare på elevdemokrati og medverknad, fagleg utfordring og felles reglar.
  • Vg2: Her er skilnadene mellom kjønna mindre. Gutane skårar noko høgare enn jentene på motivasjon og trivsel, medan jentene skårar høgare på støtte frå heimen.
  • Vg3: Her er det større skilnad mellom kjønna. Gutane skårar høgare enn jentene på elevdemokrati og medverknad, læringskultur, motivasjon og trivsel, medan jentene skårar høgare på fagleg utfordring.

Forskjellar mellom elevane på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram

Elevane på studieførebuande utdanningsprogram skårar høgare enn elevane på yrkesfaglege utdanningsprogram når det gjeld læringskultur, faglege utfordringar, trivsel og støtte frå heimen.

Elevane på yrkesfaglege utdanningsprogram skårar derimot høgast på vurdering for læring, elevdemokrati og medverknad samt utdannings- og yrkesrettleiing. Dei skårar òg noko høgare enn elevane på studieførebuande program når det gjeld motivasjon.

Elles svarar elevane på dei to utdanningsprogramma relativt likt når det gjeld korleis dei opplever læringsmiljøet sitt.

Mobbing og trivsel

I Elevundersøkinga for skoleåret 2022–2023 starta andelen elevar som opplevde mobbing å auke, både nasjonalt og i Møre og Romsdal.

Skoleåret 2024-2025 er det ei auke på Vg1 og Vg3, medan Vg2 viser ei positiv utvikling med færre elevar som rapporterer om mobbing i Møre og Romsdal.

Andelen elevar som opplever mobbing, går ned med stigande årstrinn. Samanlikna med landsgjennomsnittet ligg Møre og Romsdal høgare på Vg1, men lågare på Vg2 og Vg3:

  • Vg1: 6,4 prosent (6,3 prosent på landsbasis)
  • Vg2: 5,1 prosent (6,0 prosent på landsbasis)
  • Vg3: 3,0 prosent (3,9 prosent på landsbasis)

Når det gjeld trivsel, er andelen elevar som svarar at dei trivst godt på skolen, relativt stabil på tvers av trinna. Samanlikna med fjoråret er det Vg3 som viser den mest positive utviklinga, med ein større del elevar som rapporterer høg trivsel.

Andel elevar som har opplevd mobbing på skolen to-tre gonger i månaden eller oftare i Møre og Romsdal
Andel elevar som har opplevd mobbing på skolen to-tre gonger i månaden eller oftare
Vg1 Vg2 Vg3
2018 3,5 4,2 3,2
2019 3,7 3,8 1,8
2020 2,9 3,2 2,2
2021 2,6 2,4 2,1
2022 3,6 2,7 2,2
2023 5,3 5,4 2,2
2024 6,4 5,1 3,0

Slik les du resultata for mobbing

I samleskåren «Mobbing på skolen» inngår elevar som har svart at dei blir mobba på eitt eller fleire av dei tre spørsmåla om mobbing. Elever som har svart at dei blir mobba to-tre gonger i månaden eller oftare, inngår i tala om mobbing for det enkelte spørsmålet. Elevar som svarer at dei blir mobba på fleire måtar, blir telt berre ein gong i samleskåren. I tillegg er elever som svarar at dei blir mobba digitalt av personar utanfor skolen trekt frå.

Resultat for heile landet på indikator for mobbing skoleåra 2023-24 og 2024-25:

Indikator - spørsmål 2023-24 Heile landet 2024-25 Heile landet
Vg1 Vg2 Vg3 Vg1 Vg2 Vg3
Mobbing på skolen (samleskår) 6,1 % 5,4 % 4,0 % 6,3 % 6,0 % 3,9 %
Er du blitt mobba av andre elevar på skolen dei siste månadane? 4,1 % 3,7 % 2,5 % 4,2 % 3,9 % 2,3 %
Er du blitt mobba av vaksne på skolen dei siste månadane? 2,7 % 2,5 % 2,0 % 2,9 % 2,9 % 1,9 %
Er du blitt mobba digitalt (mobil, iPad, PC) dei siste månadane? 2,6 % 2,2 % 1,6 % 2,6 % 2,5 % 1,5 %
Kjelde: Elevundersøkelsen – mobbing, Utdanningsdirektoratet

Resultat for Møre og Romsdal på indikator for mobbing skoleåra 2023-24 og 2024-25:

Indikator - spørsmål 2023-24 Møre og Romsdal 2024-25 Møre og Romsdal
Vg1 Vg2 Vg3 Vg1 Vg2 Vg3
Mobbing på skolen (samleskår) 5,3 % 5,4 % 2,2 % 6,4 % 5,1 % 3,0 %
Er du blitt mobba av andre elevar på skolen dei siste månadane? 3,6 % 3,9 % 1,2 % 4,4 % 3,2 % *
Er du blitt mobba av vaksne på skolen dei siste månadane? 2,0 % 2,1 % 1,3 % 3,0 % 2,5 % 1,5 %
Er du blitt mobba digitalt (mobil, iPad, PC) dei siste månadane? 2,1 % 1,9 % 0,6 % 2,4 % 2,0 % 1,1 %
Kjelde: Elevundersøkelsen – mobbing, Utdanningsdirektoratet

Mobba av andre elevar

Dei fleste som opplever mobbing oppgir at det er andre elevar på skolen som står bak. Dette samsvarar med mønsteret nasjonalt. Elevane har òg svart på kvar mobbinga skjer, og resultata viser noko ulike mønster mellom trinna. På Vg1 og Vg2 er det flest som seier at mobbinga skjer i klasserommet og i korridoren, medan elevane på Vg3 oftast rapporterer om mobbing i kantina og i korridoren. Nokre elevar har òg svart at mobbinga skjer andre stader, som på do, i garderobe eller dusj, i skolegarden eller på skolevegen.

Mobbing av vaksne på skolen

Andelen elevar som seier dei har blitt mobba av vaksne på skolen, har auka på alle trinn samanlikna med fjoråret. Auken er størst på Vg1, som også har den høgaste andelen samla sett. Talet går ned med stigande årstrinn.

Fordelt på utdanningsprogram er andelen større i yrkesfaglege utdanningsprogram enn på studieførebuande. I yrkesfaga er det særleg elevar på Vg1 som rapporterer om mobbing frå vaksne, medan det på studieførebuande er Vg2-elevane som i størst grad opplever dette. Tala for Vg3 er skjerma.

Digital mobbing

Andelen elevar som seier dei blir mobba digitalt, har auka noko på alle trinn samanlikna med året før. Auken er størst på Vg3, men Vg1 har den høgaste samla andelen. Som for annan mobbing går andelen ned med stigande årstrinn, og forskjellane mellom utdanningsprogramma følgjer same mønster: fleire tilfelle blant yrkesfagelevar enn blant elevar på studieførebuande program.

I yrkesfaga er det fleire elevar på Vg1 enn på Vg2 som opplever digital mobbing, medan situasjonen er motsett på studieførebuande, der Vg2-elevane i større grad rapporterer om dette enn Vg1-elevane. Tala for Vg3 er skjerma.

Forskjellar mellom utdanningsprogramma

På alle trinn rapporterer yrkesfagelevar om meir mobbing enn elevar på studieførebuande program. Denne forskjellen har vore synleg over fleire år. Over dei fire siste åra har omfanget av mobbing auka markant i yrkesfaglege utdanningsprogram, medan auken på studieførebuande har vore svakare. Samanlikna med fjoråret er det berre Vg1 på studieførebuande og Vg2 på yrkesfag som viser ein nedgang i delen elevar som opplever mobbing.

Forskjellar mellom jenter og gutar

Etter at Utdanningsdirektoratet endra praksis for utlevering av data frå Elevundersøkinga, er fleire resultat for mobbing skjerma. Det gjer at vi berre har tilgang til data fordelt på gutar og jenter for Vg1 og Vg2. Desse tala viser at det er fleire gutar enn jenter som opplever mobbing på Vg1, medan andelen er om lag lik mellom gutar og jenter på Vg2. Resultata for Vg3 er skjerma. På landsbasis er det ein klar tendens til at fleire gutar enn jenter opplever mobbing, på alle trinn.

Forskjellar mellom fylka

Andelen elevar som opplever mobbing varierer noko mellom fylka. At eit fylke har ein høg andel elevar som opplever mobbing på eitt trinn, betyr ikkje nødvendigvis at det same fylket har høge mobbetal på dei andre trinna.

På Vg1 er det Finnmark som har den høgaste andelen elevar som opplever mobbing, medan Rogaland har den lågaste. På Vg2 ligg Akershus høgast, og igjen Rogaland lågast. På Vg3 er det Oslo som har den høgaste andelen, medan både Rogaland og Møre og Romsdal har dei lågaste.

I si analyse av Elevundersøkinga viser Utdanningsdirektoratet (Udir) til utviklingstrekk i både Norge og andre europeiske land. Dei peikar på at Norge, samanlikna med andre land i Europa, har ein forholdsmessig låg andel barn og unge som opplever mobbing. Samstundes understrekar Udir at dei vil følgje nøye med på utviklingstrekk i skolemiljøet nøye framover.

Udir viser òg til NTNU Samfunnsforsking si undersøking «En skolehverdag under press: Jakten på trygghet og tilhørighet», som er utført på oppdrag frå direktoratet. Her har forskarane mellom anna sett nærare på korleis sosiale medium og russetida påverkar skolemiljøet på dei vidaregåande trinna.

Elevar som har opplevd mobbing på skolen to-tre gonger i månaden eller oftare fordelt per fylke, 2024-2025, prosent
Andel elever opplved mobbing på skolen to-tre gonger i mnaden, 2022, prosent
Fylke 2020 2021 2022
Innlandet 94,9 95,1 96,7
Nordland 92,8 92,5 95,7
Trøndelag 92,7 93,4 94,9
Agder 92,4 93,3 94,3
Vestfold og Telemark 93,7 92,2 94,0
Rogaland 92,5 93,8 93,9
Viken 92,1 92,8 93,7
Troms og Finnmark 92,2 93,7 93,2
Møre og Romsdal 94,2 93,1 92,8
Vestland 90,6 91,1 92,4
Oslo 87,2 86,3 91,3

Trivsel

Ingenting under her (resten av kapittelet) er oppdatert

Trass i at fleire elevar opplever at dei blir mobba, er andelen som trivst på skolen stabilt høg. Andelen elevar som «trivst godt» eller «trivst svært godt» har vore stabil over tid og omtrent 9 av 10 elevar svarar at dei «trivst godt» eller «trivst svært godt» på skolen.

På vg1 svarar 88,3 prosent at dei «trivst godt» eller «trivst svært godt», medan 2,6 prosent svarar at dei «trivst ikkje noko særleg» eller «trivst ikkje i det heile tatt». Andelen som trivst på skolen er litt lågare på vg2 og vg3, men likevel er det omtrent 9 av 10 elevar som svarar at dei «trivst godt» eller «trivst svært godt» også på desse trinna. Andelen som «ikkje trivst noko særleg» eller «ikkje trivst i det heile tatt» er på 3,5 prosent på vg2 og 3,3 prosent på vg3.

Spørsmålet i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figuren under. Figuren viser resultata frå vg1.

Det er små skilnader i trivselen mellom elevane på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Samla sett er det flest elever på idrettsfag og teknologi- og industrifag som svarar at dei trivst godt/trivst svært godt på skolen.

Det er heller ikkje store forskjellar mellom fylka i andel elevar som trivst godt/trivst svært godt på skolen. På vg1 varierer andelen mellom 85,1 til 89,3 prosent, kor Troms har lågast andel og Innlandet høgast. På vg2 varierer andelen mellom 82,4 til 87,7 prosent, lågast i Finnmark og høgast i Buskerud. På vg3 varierer andelen mellom 81,7 til 87,2 prosent, med lågast andel i Troms og høgast andel i Buskerud.

Motivasjon

Snittskåren på indikatoren motivasjon viser ei positiv utvikling for Vg3, medan skåren for Vg1 og Vg2 er stabil samanlikna med fjoråret. Elevane på Vg1 skårar framleis høgast på motivasjon. Resultata viser at motivasjonen blir lågare med stigande årstrinn.

Snittskåren for motivasjon på Vg1, Vg2 og Vg3 i Møre og Romsdal er den same som landsgjennomsnittet på dei respektive trinna. Samla sett skårar elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram høgare på motivasjon enn elevar på studieførebuande program.

Spørsmåla som inngår i indikatoren, saman med svarfordelinga, er presenterte i figurane under. Figurane viser resultata for Vg1:

Vg1 har størst andel elevar som svarar at dei er interesserte i å lære på skolen. Også her ser ein at interessa for læring går noko ned med stigande årstrinn.

I gjennomsnitt er interessa for å lære i mange, dei fleste eller alle fag noko høgare blant elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram enn blant elevar på studieførebuande. På Vg1 er snittskåren for dette spørsmålet lik mellom dei to utdanningsprogramma, men for dei studieførebuande utdanningsprogramma går skåren ned med stigande årstrinn.

På Vg2 og Vg3 er det fleire elevar enn i fjor som svarar at dei likar skolearbeidet godt eller svært godt. På Vg1 har andelen gått noko ned, men det er framleis elevane på dette trinnet som skårar høgast på spørsmålet og som i størst grad likar skolearbeidet sitt. Samla sett er snittskåren på dette spørsmålet noko lågare enn for dei andre spørsmåla i indikatoren.

Når det gjeld spørsmålet om elevane gleder seg til å gå på skolen, er det ingen store forskjellar mellom utdanningsprogramma. For studieførebuande utdanningsprogram er resultata i Møre og Romsdal på nivå med landsgjennomsnittet, medan yrkesfaga i fylket viser ein litt høgare skår enn på landsbasis.

Støtte og vurdering frå lærarane

Elevane i Møre og Romsdal opplever god støtte frå lærarane sine. Resultata for indikatoren støtte frå lærar viser ei jamt høg skår på 4,1 poeng på alle trinn.

Samanlikna med fjoråret har Vg1 ein liten nedgang på 0,1 poeng, medan Vg2 og Vg3 viser ei positiv utvikling med ein auke på 0,1 poeng på begge trinn.

Fylket skårar 0,1 poeng høgare enn landsgjennomsnittet på Vg2 og Vg3, medan Vg1 ligg på same nivå som landsgjennomsnittet.

Spørsmåla som inngår i indikatoren, saman med svarfordelinga, er presenterte i figurane under. Desse figurane viser resultata for Vg1.

Nokre av resultata er prikka/skjerma i figurane av omsyn til personvern. Dette er årsaka til at ikkje svaralternativa summerer til 100 prosent.

God vurderingspraksis skal bidra til å fremje lærelyst og læring hos elevane. I skolane blir det arbeidd for at undervisninga og vurderingspraksisen skal vere i tråd med dei fire læringsfremmande prinsippa i dei nasjonale føringane:

  • Elevane deltek i vurderinga av eige arbeid og reflekterer over eiga læring og faglege utvikling.
  • Elevane forstår kva dei skal lære, og kva som blir forventa av dei.
  • Elevane får vite kva dei meistrar.
  • Elevane får rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Spørsmåla i indikatoren vurdering for læring måler i kva grad elevane opplever at undervisninga og vurderingspraksisen er i tråd med desse prinsippa.

Samanlikna med fjoråret er skåren på indikatoren stabil og uendra for Vg1, medan Vg2 og Vg3 viser ei positiv utvikling med ein auke på 0,1 poeng.

Resultata for Vg1 i Møre og Romsdal ligg på landsgjennomsnittet, medan både Vg2 og Vg3 skårar 0,1 poeng høgare enn landsgjennomsnittet.

Spørsmåla som inngår i indikatoren, saman med svarfordelinga, er presenterte i figurane under. Desse figurane viser resultata for Vg1:

Elevane opplever god støtte og hjelp frå lærarane, og dei opplever at lærarane bryr seg, behandlar dei med respekt og har tru på at dei kan lukkast på skolen. Elevane seier òg at lærarane peikar på kva som er bra med arbeidet deira og gir rettleiing om kva dei kan gjere for å bli betre i faga.

Når det gjeld kor ofte elevane får tilbakemeldingar dei kan bruke til å forbetre seg, er skåren noko lågare. Det er små forskjellar mellom trinna, men elevane på Vg1 rapporterer oftare enn elevar på Vg2 og Vg3 at dei får slike læringsretta tilbakemeldingar.

Elevdemokrati og medverknad

I Overordna del av læreplanverket blir det slått fast at skolen skal gi elevane høve til å medverke og lære kva demokrati betyr i praksis. Elevane skal erfare at dei blir lytta til, at dei har reell innverknad, og at dei kan påverke saker som angår dei.

Elevane si oppleving av medverknad varierer noko mellom trinna. Fleire elevar på Vg1 enn på Vg2 og Vg3 opplever at dei får medverke til eigen skolekvardag. Snittskåren har vore stabil dei siste fire åra, med 3,6 på Vg1 og 3,5 på Vg2. For Vg3 viser årets undersøking ei positiv utvikling, med ein auke frå 3,4 til 3,5 poeng.

Snittskåren for alle trinna i Møre og Romsdal er på nivå med landsgjennomsnittet.

Spørsmåla som inngår i indikatoren og fordelinga av svar er viste i figurane under, som tek for seg resultata frå Vg1:

Når det gjeld elevmedverknad er det særleg på spørsmålet «Er de elevar med på å foreslå korleis de skal arbeide med faget?» at ein lav andel elevar svarar at det skjer «I alle eller dei fleste fag». På alle trinn er det flest elevar som svarar at det skjer «I nokre fag».

Svara kan tolkast på fleire måtar: enten at elevane ikkje blir invitert til å komme med forslag eller at elevane blir invitert, men ikkje kjem med forslag.

2.3 Læringsmiljø

Det som skjer i fellesskapet på skolen, både ute og inne, har stor betydning for elevane si læring, trivsel og gjennomføring. Eit trygt, inkluderande og relasjonsbyggjande læringsmiljø er ein føresetnad for læring og for å motverke fråfall. Forsking viser at elevar som opplever tryggleik, tilhøyrsle og støtte frå lærarar og medelevar, i større grad fullfører vidaregåande opplæring (Utdanningsdirektoratet, 2023).

Skolane i Møre og Romsdal arbeider systematisk med å utvikle gode psykososiale læringsmiljø, og arbeidet blir omtalt i årsmeldingane. Alle skolane har innsatsteam mot mobbing som skal sikre at saker blir handterte på ein god måte, og at det blir arbeidd systematisk og førebyggjande. I tillegg blir det arbeidd med temaet særskilt sårbarheit, for å vere føre var og kunne førebyggje hendingar som kan skape utryggleik. Dette omfattar både fysisk tilrettelegging som til dømes lyd, lys og andre miljøfaktorar, og arbeid med kunnskap om ulike sårbarheitsfaktorar, slik at alle elevar kan oppleve å høyre til i fellesskapet.

Årsmeldingane for skoleåret 2024–2025 viser at det ikkje vart gjort enkeltvedtak om det fysiske miljøet etter opplæringslova § 12-7. Samstundes vart det utarbeidd 72 aktivitetsplanar etter § 12-4 og 15 aktivitetsplanar etter § 12-5. Dette viser ein oppgang frå førre skoleår, særskilt i talet på saker som involverer tilsette. I utgangspunktet ser fylkeskommunedirektøren dette som positivt, då det kan vere eit teikn på at lovverket fungerer i praksis og at saker blir fanga opp og dokumentert. Det er framleis behov for å styrke arbeidet med å identifisere situasjonar der aktivitetsplikt og kravet til ein aktivitetsplan blir utløyst, og sikre at alle skolar har gode rutinar for oppfølging og dokumentasjon.

I skoleåret 2024–2025 vart det gjennomført om lag 184 møter i elevråd og elevrådsstyre ved skolane, og 45 møter i skoleutval. Dette viser at det framleis er god aktivitet i elevråda, sjølv om tala peiker på ein liten nedgang frå førre skoleår. Det er særleg krevjande å halde kontinuitet i elevrådsarbeidet ved dei yrkesfaglege skolane, mellom anna på grunn av praksisperiodar og overgangen frå Vg1 til Vg2.

Skolane prøver derfor ut ulike modellar og løysingar for å sikre at elevråda fungerer som aktive medverknadsarenaer gjennom heile skoleåret. Fylkeskommunedirektøren stiller krav om minimum tre møter per skoleår i skoleutvalet, som er det lovpålagte utvalet der foreldre skal vere representerte. I 2024-2025 var det tre skolar som ikkje gjennomførte møter, og seks skolar som oppfylte kravet om tre møter eller fleire møter. Fylkeskommunedirektøren vil difor ha fokus i kommande skoleår på at skoleutvala er i drift og fungerer etter intensjonen, slik at dei bidreg til god dialog, medverknad og kvalitet i skolemiljøet.

Arbeidet med læringsmiljø blir følgt opp i dialog med skolane, mellom anna gjennom leiardialogar, felles samlingar på tvers av skolane og gjennom internkontroll.

2.4 Undervisningsevalueringa

I 2014 vedtok Fylkestinget å gjennomføre ei årleg evaluering av undervisninga i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. Målet med evalueringa er at lærarar og elevar saman skal reflektere over resultata og korleis ein kan leggje til rette for god læring.

Undervisningsevalueringa er eit viktig verktøy i arbeidet med kvalitetsutvikling. Resultata blir nytta både i utviklingsarbeid mellom lærarar og undervisningsgrupper, og i dialogen mellom lærarar og avdelingsleiarar.

2.5 Kunstig intelligens i skolen

For å førebu elevane på eit samfunn og arbeidsliv der kunstig intelligens (KI) speler ei stadig større rolle, har Møre og Romsdal fylkeskommune teke ei aktiv rolle for å møte utviklinga innan KI. Målet er å unngå eit potensielt læringsgap der nokre elevar blir passive konsumentar av teknologien, medan andre lærer å bruke den som eit verktøy for kreativitet, problemløysing og djupare læring. Utan styring, felles rammer og aktiv rettleiing frå skolen, risikerer vi at ulik tilgang til kunnskap om KI forsterkar sosiale og faglege skilnader blant elevane.

Som skoleeigar har vi derfor tatt ansvar ved å tilby alle elevar trygge og personvernsikre KI-verktøy som NDLA Praterobot, Microsoft Copilot og Tenkemotoren. Tilgangen til desse verktøya er supplert med klare retningslinjer og konkrete opplæringsressursar, som «KI i klasserommet – Ein praktisk guide for elevar» og informasjonsplakatar. Desse ressursane er utforma for å lære elevane korleis dei kan bruke KI på ein etisk og ansvarleg måte, med vekt på kjeldekritikk, kritisk tenking og forståing av teknologien sine moglegheiter og avgrensingar. Samtidig har lærarane våre tilgang på kurs i korleis undervisnings- og vurderingsformer kan tilpassast, mellom anna gjennom rammeverket for vurdering og KI (VuKI). Ved å jobbe systematisk med både elev- og lærarkompetanse, legg vi til rette for at alle elevar skal få lik moglegheit til å utvikle den digitale kompetansen dei treng for framtida.

2.6 Lærlingundersøkinga 2025

I Lærlingundersøkinga får lærlingar og lærekandidatar som har vore i lære i meir enn 11 månader, høve til å seie si meining om lærings- og arbeidsmiljøet i lærebedrifta.

Svarprosent og deltaking

I Møre og Romsdal svarte 732 lærlingar på undersøkinga, noko som utgjer 52 prosent. Dette er over det nasjonale gjennomsnittet på 41 prosent. Samanlikna med førre undersøking (57,6 prosent) ser vi ein liten nedgang i svarprosenten.

På landsbasis gjekk svarprosenten i 2024 ned i alle fylke, med unntak av Oslo. Resultata viser store fylkesvise forskjellar: frå 28 prosent i Østfold til 55 prosent i Troms, som hadde den høgaste svarprosenten.

Ifølgje Utdanningsdirektoratet kan nedgangen i svarprosenten mellom anna kome av at undersøkinga i 2024 blei gjennomført på ei ny administrasjonsplattform. Denne tillét berre tre påminningar til deltakarane, i tillegg til at gjennomføringsperioden blei korta ned frå tidlegare år. Undersøkinga blei gjennomført frå 7. oktober til 1. november i 2024, mot 15. oktober til 20. desember året før.

Oppfølging og bruk av resultata

Resultata frå Lærlingundersøkinga blir følgde opp av rådgivarane i kompetanse- og næringsavdelinga, av dei ulike samarbeidsorgana for lærebedrifter (opplæringskontora) og lærebedriftene. Oppfølginga skal sikre at erfaringane frå lærlingane blir nytta aktivt i utviklinga av fag- og yrkesopplæringa i fylket.

Skoleeigar legg til rette for vidare oppfølging gjennom årlege samlingar for lærlingar, som kan vere både fysiske og digitale. Samlingane omfattar lærlingar i både første og andre år av læretida, og har som mål å styrkje lærlingane si forståing av rettar og plikter, arbeidslivskompetanse og førebuing til fag- og sveineprøve. Desse arenaene gir også lærlingane høve til å stille spørsmål, dele erfaringar og medverke til forbetring av opplæringa i bedrift.

Resultat frå lærlingundersøkinga

Resultata frå undersøkinga viser at lærlingane i Møre og Romsdal i stor grad trivst i lærebedriftene sine og er motiverte for å lære. Heile 80 prosent oppgir at dei gler seg til å gå på arbeid, og 88 prosent vil anbefale lærebedrifta si til andre som skal starte læretida på same fagområde.

Dei fleste lærlingane svarar òg at dei får tilbakemeldingar som hjelper dei å bli betre i faget, at dei får delta i vurdering av eige arbeid, og at dei får hjelp og støtte når dei treng det. Dette tyder på at det er etablert gode relasjonar mellom lærling og rettleiar, og at mange lærebedrifter har ein læringskultur som fremmar fagleg utvikling.

Samtidig peikar undersøkinga på nokre forbetringsområde. Ein del lærlingar oppgir at dei ikkje har hatt halvårssamtale, noko som er eit viktig verktøy for systematisk oppfølging og vurdering undervegs i læretida. Fylkeskommunen vil derfor halde fram med å arbeide for at alle lærebedrifter gjennomfører halvårssamtalar med lærlingane sine.

Vidare skal fylkeskommunen arbeide for å sikre at alle lærebedrifter har ein intern plan for opplæringa, slik at lærlingane får ei heilskapleg og føreseieleg opplæring i tråd med læreplanen.

Det er òg eit prioritert mål å sikre at alle lærlingar har eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø, fritt for mobbing og trakassering.

Les meir her: Lærlingundersøkelsen: Lærlingene gleder seg til å gå på jobb

Frå og med 2023 endra Utdanningsdirektoratet praksisen for utlevering av data frå Lærlingundersøkinga for å styrkje personvernet og hindre at einskilde lærlingar kan bli gjenkjende. Endringa har ført til at fleire resultat no blir skjerma, særleg for små fag eller lærefag med få deltakarar.

Denne praksisen har gjort det meir krevjande for aktørar i fag- og yrkesopplæringa å bruke resultata systematisk i arbeidet med læringsmiljø, oppfølging og kvalitetsutvikling. I nokre av figurane i den vidare framstillinga av resultata er enkelte kategoriar prikka, det vil seie at data er fjerna for å verne om personvernet. Difor summerer ikkje alle figurane til 100 prosent, og nokre kategoriar kan vere ekskluderte frå figurane på grunn av manglande eller skjerma data.

Opplæring i skole som førebuing til opplæring i arbeidslivet

På spørsmålet om undervisninga i yrkesfaga på skolen gir eit godt grunnlag for det lærlingane skal lære i bedrifta, svarar 60 prosent at dei er nokså eller heilt einige. Dette er på same nivå som i førre undersøking og ligg over landsgjennomsnittet på 58 prosent.

Når det gjeld utstyr på skolen, svarar 21,3 prosent at dei er heilt einige og 35,6 prosent at dei er nokså einige i at utstyret dei brukte var godt nok for å lære faga. Dette viser at meir enn halvparten av lærlingane meiner skolane har tilfredsstillande utstyr, men at det framleis er eit potensial for forbetring.

På spørsmålet om lærarane hadde god innsikt i det lærlingen skulle møte i læretida, svarar 63,9 prosent at dei er heilt eller nokså einige. Dette er ein positiv utvikling frå 2023, då talet var 61,3 prosent.

Spørsmåla i indikatoren og fordelinga av svar er vist i figuren under:

Yrkesfagleg fordjuping

I faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) får elevane moglegheit til å ha praksis i bedrift og prøve ut fag som er relevante for det utdanningsprogrammet dei har valt. Mange elevar får seinare læreplass i den bedrifta dei har vore utplasserte i, noko som viser kor viktig YFF er som overgang mellom skole og arbeidsliv.

I Møre og Romsdal var 2,3 prosent utplasserte berre på Vg1, medan 41,8 prosent var utplasserte berre på Vg2. 44,4 prosent av elevane hadde praksis både på Vg1 og Vg2, ein auke frå 39,4 prosent i 2023.

11,5 prosent av elevane var ikkje utplasserte verken på Vg1 eller Vg2. Dette er ei positiv utvikling samanlikna med 2023, då andelen var 14,9 prosent. Nedgangen viser at fleire elevar no får høve til å oppleve praksis i bedrift, noko som styrker både yrkesrelevansen i opplæringa og moglegheitene for å få læreplass etterpå.

Spørsmåla i indikatoren og fordelinga av svar er viste i figurane under:

Dei fleste elevane er einige i at faget yrkesfagleg fordjuping har gitt dei verdifull innsikt i arbeidslivet og gjort overgangen til læretid meir føreseieleg:

Samanlikning med andre fylke

Samanlikna med andre fylke har Møre og Romsdal den høgaste andelen elevar som har vore utplasserte berre på Vg2. Samstundes er fylket blant dei med lågast andel elevar som har hatt utplassering både på Vg1 og Vg2. Dette viser at det er potensiale for å gi elevane tidlegare erfaring med arbeidslivet.

Møre og Romsdal har òg ein av dei lågaste andelane elevar som ikkje har vore utplasserte i yrkesfagleg fordjuping, eller som berre har hatt utplassering på Vg1. Dette tyder på at dei fleste elevane i fylket får relevant praksiserfaring før læretida, sjølv om fordeling mellom trinna varierer.

I figuren er nokre resultat for Akershus og Finnmark skjerma, og tala blir derfor ikkje summert til 100 prosent.

Var du utplassert i praksis i bedrift i faget yrkesfaglig fordypning på vg1 og/eller vg2?
Fylke Ja, kun på vg1 Ja, kun på vg2 Både på vg1 og vg2 Nei
Innlandet 3,7 18,6 68,1 9,6
Møre og Romsdal 2,0 38,6 45,3 14,1
Nordland 5,0 25,0 55,3 14,8
Troms og Finnmark 5,2 23,4 53,5 17,9
Trøndelag 4,3 22,5 55,2 18,0
Viken 4,3 29,0 48,5 18,2
Vestland 8,7 22,6 50,3 18,5
Agder 5,9 21,7 52,8 19,6
Rogaland 4,6 31,9 41,9 21,5
Vestfold og Telemark 8,1 28,1 42,3 21,6
Oslo 5,0 20,6 52,1 22,3

Motivasjon

Resultata frå Lærlingundersøkinga viser at dei aller fleste lærlingane i Møre og Romsdal er motiverte for å lære på arbeidsplassen. Berre 5,1 prosent svarar verken eller på dette spørsmålet. Fordelinga er tilnærma lik som året før og ligg om lag på same nivå som landsgjennomsnittet.

Dei fleste lærlingane svarar òg at dei er trygge på at dei har valt rett fag.

Heile 80,3 prosent oppgir at dei gler seg til å gå på arbeid i lærebedrifta, og 82,8 prosent svarar at dei likar arbeidsoppgåvene sine. Samanlikna med førre år er resultata stabile, med ei svak positiv utvikling på nokre av områda.

Figuren under viser svarfordelinga på dei ulike spørsmåla.

Nokre av resultata er prikka/skjerma i figurane av omsyn til personvern. Dette er årsaka til at svaralternativa ikkje summerer til 100 prosent.

Trivsel

Lærlingundersøkinga viser at lærlingane i Møre og Romsdal i stor grad trivst i lærebedriftene sine. Samanlikna med førre år er det ei svak, men positiv utvikling på alle spørsmåla som handlar om trivsel og arbeidsmiljø. Resultata ligg omtrent på nivå med landsgjennomsnittet.

Figuren under viser svarfordelinga på dei ulike spørsmåla.

Nokre av resultata er prikka/skjerma i figurane av omsyn til personvern. Dette er årsaka til at svaralternativa ikkje summerer til 100 prosent.

88,3 prosent av lærlingane i Møre og Romsdal svarar at dei vil anbefale lærebedrifta si til andre som skal starte læretid innan same fagområde. Dette er ein liten auke frå førre undersøking, då andelen var 87 prosent.

Den stabile og høge delen lærlingar som vil anbefale lærebedrifta si, tyder på at dei fleste opplever god oppfølging, eit trygt arbeidsmiljø og relevant opplæring i tråd med læreplanen.

Trygt miljø

Lærlingane skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø i lærebedrifta.

I Lærlingundersøkinga svarar 88,6 prosent av lærlingane i Møre og Romsdal at dei ikkje har blitt mobba på arbeidsplassen dei siste månadane. Dette er ei svak, men positiv utvikling frå året før, då 88,3 prosent svarte det same.

9,3 prosent oppgir at dei blir mobba ein sjeldan gong.

2,1 prosent seier at dei opplever mobbing to til tre gonger i månaden, ein gong i veka eller fleire gonger i veka. Dette er noko lågare enn landsgjennomsnittet, der tilsvarande andel er 3,1 prosent.

Resultata viser at dei fleste lærlingane opplever eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, men at det framleis finst eit mindretal som opplever uakseptabel åtferd.

Nokre av resultata er prikka/skjerma i figuren av omsyn til personvern, som er årsaka til den ikkje summerer til 100 prosent.

I dei tilfella der lærlingar opplever mobbing, er det oftast kollegaer som står bak. Dei andre svaralternativa er skjerma av omsyn til personvern, sidan talet på lærlingar som har rapportert om mobbing, er lågt.

Uønskt seksuell merksemd

I Lærlingundersøkinga oppgir 94 prosent av lærlingane i Møre og Romsdal at dei ikkje har blitt utsette for uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen dei siste månadene. Dette er på same nivå som i førre undersøking.

4,5 prosent svarar at dei har opplevd uønskt seksuell merksemd ein sjeldan gong, medan 1,4 prosent svarar at dei har opplevd det to til tre gonger i månaden eller oftare.

Andelen lærlingar som oppgir å ha blitt utsette for uønskt seksuell merksemd, er lågare i Møre og Romsdal enn på landsbasis. Nasjonalt svarar 1,7 prosent at dei har opplevd dette to til tre gonger i månaden eller oftare.

Medverknad, rettleiing og eigenvurdering

70 prosent av lærlingane i Møre og Romsdal svarar at dei i nokså stor eller svært stor grad deltek i planlegginga av arbeidet sitt. Dette er ein liten auke frå førre undersøking, då 68 prosent svarte det same.

Dei fleste lærlingane oppgir òg at dei deltar i vurdering av eige arbeid og får tilbakemeldingar som hjelper dei å bli betre i faget. Vidare svarar 89 prosent at dei får hjelp og støtte når dei treng det.

Resultata ligg på nivå med landsgjennomsnittet, og på enkelte spørsmål noko høgare. Dette tyder på at dei fleste lærlingane opplever god rettleiing, reell medverknad og tett oppfølging i lærebedrifta si.

Figuren under viser svarfordelinga på dei ulike spørsmåla.

Nokre av resultata er prikka/skjerma i figurane av omsyn til personvern. Dette er årsaka til at ikkje svaralternativa summerer til 100 prosent.

Intern plan og halvårssamtale

Lærebedrifta skal ha ein plan for kva lærlingen skal lære gjennom læretida. Planen kan vere intern, del av ein halvårsplan, ein digital opplæringsplan eller liggje i ei nettbasert løysing eller app. I tillegg skal bedrifta gjennomføre ein planlagt halvårleg samtale med lærlingen, der dei vurderer progresjon og vidare mål for opplæringa.

I Møre og Romsdal svarar 63 prosent av lærlingane ja eller ja, til dels på spørsmålet om bedrifta har laga ein slik plan. Dette er noko lågare enn i førre undersøking, då 69 prosent svarte det same. På landsbasis er talet 66 prosent.

Når det gjeld halvårssamtalar, oppgir 74 prosent at dei har hatt samtale med ein i bedrifta eller opplæringskontoret der dei har gått gjennom kva dei har lært, og kva dei skal lære framover. Dette er noko færre enn i førre undersøking, då 78 prosent svarte det same. På landsbasis er talet for halvårsvurdering 75 prosent.

17 prosent seier at dei har slike samtalar, men ikkje kvart halvår.

Figurane under viser svarfordelinga på spørsmåla:

Ein stor del av lærlingane oppgir at dei får ei skriftleg oppsummering etter halvårssamtalen, men ikkje alle. Svarfordelinga ligg på om lag same nivå som i førre undersøking.

Dette tyder på at praksisen med å dokumentere halvårssamtalane er etablert i dei fleste lærebedriftene, men at det framleis er rom for forbetring for å sikre at alle lærlingar får ein skriftleg oppsummering som kan følgjast opp vidare i læretida.

Figuren under viser svarfordelinga på spørsmålet:

I halvårssamtalen svarar dei fleste lærlingane at dei snakkar om korleis dei trivst på arbeidsplassen, faglege prestasjonar, kva dei kan gjere for å bli betre i faget, og at dei planlegg arbeidsoppgåver fram til neste samtale.

Halvårssamtalen er ein sentral del av oppfølginga i læretida og eit viktig verkemiddel for å sikre både fagleg utvikling og trivsel. Gjennom strukturert dialog får lærlingane moglegheit til å reflektere over eiga læring, setje mål for vidare progresjon og gi tilbakemeldingar på arbeidsmiljøet sitt. Dette bidreg til eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø.

Figuren under viser svarfordelinga på spørsmåla.

Nokre av resultata er prikka/skjerma i figurane av omsyn til personvern. Dette er årsaka til at ikkje svaralternativa summerer til 100 prosent.