3 Skoleårsresultat
3.1 Vurderinga til skoleeigar
I skoleåret 2024-2025 fullførte og bestod 88,4 prosent av elevane i Møre og Romsdal. Trass i ein liten nedgang frå førre år, viser resultata at Møre og Romsdal held fram med å vere eit leiande fylke nasjonalt når det gjeld elevar som fullfører og består kvart skoleår. Dette vitnar om godt og systematisk arbeid på våre skolar.
Frå skoleåret 2024–2025 blir også elevar som brukar meir enn normert tid rekna med i statistikken for fullført og bestått. Endringa er i tråd med fullføringsretten, som skal sikre alle elevar opplæring fram til dei oppnår fag- eller studiekompetanse. Elevar som har bestått det planlagde løpet for skoleåret blir no registrert som fullført, sjølv om dei treng lengre tid totalt. Dette gir eit meir rettvisande bilete av progresjonen og understrekar prinsippet i fullføringsretten: alle skal få tid, støtte og moglegheit til å fullføre, ikkje nødvendigvis på normert tid, men på eiga tid.
Karaktersnittet i Møre og Romsdal ligg på eit stabilt nivå. Etter det markante hoppet under pandemien er nivået framleis høgare enn i åra før pandemien. Det er berre små endringar i standpunktkarakterane samanlikna med førre skoleår. Variasjonane mellom utdanningsprogramma og kjønna følgjer i hovudsak dei same mønstera som tidlegare, der jentene på studieførebuande utdanningsprogram har det høgaste karaktersnittet.
Talet på elevar som sluttar i løpet av skoleåret er stabilt. Det er flest som sluttar på vg1, og framleis fleire gutar enn jenter som sluttar. Det er fleire som sluttar i yrkesfaga enn i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Den vanlegaste sluttårsaka er stort fråvær, men talet har gått ned frå førre skoleår. Også talet på elevar som tek permisjon har gått ned, men desse er sikra plass og er venta å kome tilbake i opplæring. Elles ser vi ein liten auke i kategorien «anna årsak/ikkje oppgitt», medan færre sluttar på grunn av feilval.
Fråværet blant elevane held fram med å auke og har stige markant dei tre siste skoleåra. For skoleåret 2024–2025 er fråværet det høgaste som er registrert sidan fråværsgrensa vart innført i 2016–2017. Trass i auka er Møre og Romsdal blant fylka med lågast totalfråvær.
Utdanningsdirektoratet peikar på at fråvær er eit samansett problem med mange årsaker, men konsekvensane for elevane er dei same. Det er difor avgjerande å snu denne utviklinga. Den nye opplæringsforskrifta legg større vekt på oppfølging av fråvær, og her er også samarbeid med heimen og foreldra vektlagt i større grad. Skolane arbeider systematisk med å følgje opp fråvær, kartlegge årsaker og avdekke bekymringsfulle mønster. Dei har etablerte rutinar, elevtenester og miljøteam, og samarbeider tett med PPT og andre i støtteapparat rundt elevane.
Etter at målgruppa for Oppfølgingstenesta (OT) vart utvida, har talet på ungdommar i tenesta dobla seg. Tidlegare omfatta målgruppa ungdom mellom 16 og 21 år, men med ny opplæringslov vart aldersgrensa utvida til 24 år, gjeldande frå 1. august 2024. Endringa har gitt fleire ungdommar rett til oppfølging, og medført ei betydeleg auka oppgåve for OT, både når det gjeld kapasitet og behovet for tverrfagleg samarbeid.
Den låge delen ukjende ungdommar og den høge delen i aktivitet i Møre og Romsdal tyder på effektive rutinar, god samhandling mellom skolar, NAV og OT, og målretta oppfølging.
3.2 Fullført og bestått
Fullført og bestått skoleåret 2024-2025
I skoleåret 2024–2025 fullførte og bestod 88,4 prosent av elevane i Møre og Romsdal. Dette er ein nedgang på 2,4 prosentpoeng samanlikna med skoleåret 2023–2024 (90,8 prosent), og resultatet ligg om lag på nivå med åra før pandemien.
Det er forventa at resultatet for fullført og bestått for skoleåret vil endre seg før årsslutt. Erfaringar frå tidlegare skoleår viser til at tala vil stige etter at elevane har gjennomført ny, utsett eller særskild eksamen (NUS-eksamen) hausten 2025.
Toppen i resultata under pandemien blir forklart med at eksamenar då vart avlyste, noko som gav fleire elevar moglegheit til å bestå. Etter gjeninnføring av eksamen ser ein ei normalisering av tala.
Endringa i registrering av resultat for fullført og bestått inneber at også elevar som brukar meir enn normert tid no blir rekna med i statistikken. Dette er i tråd med fullføringsretten, som skal sikre at alle elevar får retten til opplæring heilt fram til dei oppnår fag- eller studiekompetanse.
I praksis betyr dette at ein elev som har gjennomført og bestått det som var planlagt for vedkomande det aktuelle skoleåret, blir registrert som å ha fullført og bestått, sjølv om eleven treng lengre tid totalt for å fullføre heile opplæringsløpet.
Denne endringa gir eit meir rettvisande bilete av progresjonen i vidaregåande opplæring, og understrekar eit viktig prinsipp i fullføringsretten: alle skal få tid, støtte og moglegheit til å fullføre, ikkje nødvendigvis på normert tid, men på eiga tid.
Møre og Romsdal har framleis det høgaste resultatet i landet for fullført og bestått per skoleår. Rogaland følgjer tettast etter Møre og Romsdal i resultat, medan Oslo og Vestfold har dei lågaste resultata i landet for skoleåret 2024–2025.
Utviklinga i Møre og Romsdal følgjer i hovudsak den same trenden som på landsbasis, med ein nedgang i delen elevar som fullfører og består. Samstundes er nedgangen frå førre skoleår noko større i Møre og Romsdal enn gjennomsnitt på landsbasis.
Fullført og bestått fordelt på utdanningsretning og utdanningsprogram
Resultata for fullført og bestått viser variasjonar mellom utdanningsretningane i Møre og Romsdal. Det er framleis flest elevar som fullfører og består innan dei studieførebuande utdanningsprogramma, men det er òg her ein ser den største prosentvise nedgangen frå førre skoleår. Denne utviklinga har ført til at differansen mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram har blitt merkbart mindre.
Påbygging til generell studiekompetanse er utdanningsløpet som viser størst svingingar mellom år, og som samstundes har lågast andel elevar som fullfører og består. Dette samsvarar med nasjonale funn og viser at overgangen frå yrkesfag til påbygg framleis er krevjande for mange elevar.
Om ein samanliknar dei ulike utdanningsprogramma, er det naturbruk som har den høgaste andelen elevar med fullført og bestått i skoleåret 2024–2025, med heile 94,3 prosent.
Fullført og bestått fordelt på jenter og gutar
Samla sett var det flest jenter som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i skoleåret 2024–2025, men skilnaden mellom jenter og gutar er liten.
Fordelinga mellom dei ulike utdanningsprogramma viser likevel tydelege mønster:
- På studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse var det flest jenter som fullførte og bestod.
- På dei yrkesfaglege utdanningsprogramma var det derimot flest gutar som fullførte og bestod.
Fullført og bestått fordelt på skolar og trinn
Fordelinga av resultat på skolar og trinn viser at dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal gjennomgåande gir god opplæring, og at dei fleste elevane meistrar og består dei faga dei tek.
Samtidig ser ein variasjon mellom skolane, og denne heng i stor grad saman med ein sentral faktor, grunnskolepoeng. Elevar med høgare karaktergrunnlag frå ungdomsskolen har generelt høgare sannsyn for å bestå fag og fullføre vidaregåande opplæring.
| Skole | Vg1 | Vg2 | Vg3 | Totalt |
|---|---|---|---|---|
| Atlanten videregående skole | 91,7 | 90,9 | 94,5 | 92,4 |
| Borgund vidaregåande skole | 79,0 | 86,5 | 94,3 | 83,5 |
| Gjermundnes vidaregåande skule | 85,2 | 90,9 | 65,5 | 81,0 |
| Haram vidaregåande skule | 90,7 | 88,3 | 91,8 | 90,3 |
| Herøy vidaregåande skule | 95,6 | 93,2 | 88,5 | 93,6 |
| Hustadvika vidaregåande skole | 77,8 | 87,2 | 80,0 | 81,3 |
| Kristiansund videregående skole | 87,8 | 92,7 | 79,2 | 88,5 |
| Molde videregående skole | 90,7 | 87,6 | 83,8 | 87,3 |
| Rauma videregående skole | 84,3 | 94,1 | 96,6 | 89,3 |
| Romsdal videregående skole | 88,8 | 95,3 | 88,4 | 91,1 |
| Spjelkavik videregående skole | 92,3 | 93,8 | 85,0 | 89,9 |
| Stranda vidaregåande skole | 84,8 | 91,1 | 86,7 | 87,6 |
| Sunndal vidaregåande skole | 83,1 | 93,3 | 88,9 | 88,0 |
| Surnadal vidaregåande skole | 96,4 | 92,6 | 89,1 | 93,4 |
| Sykkylven vidaregåande skole | 94,4 | 94,0 | 92,7 | 93,9 |
| Tingvoll vidaregåande skole | 90,0 | 100,0 | 100,0 | 94,2 |
| Ulstein vidaregåande skole | 94,2 | 88,1 | 83,2 | 89,1 |
| Volda vidaregåande skole | 88,1 | 85,0 | 85,9 | 86,3 |
| Ørsta vidaregåande skole | 88,2 | 91,9 | 63,6 | 88,8 |
| Ålesund videregående skole | 84,8 | 90,9 | 85,7 | 87,3 |
| Kjelde: Qlik Sense, Møre og Romsdal fylkeskommune | ||||
3.3 Karakterar
Karaktersnitt
Karaktersnittet i Møre og Romsdal ligg på eit stabilt nivå, med eit gjennomsnitt på 4,19 poeng for skoleåret 2024–2025. Etter det markante hoppet i karakterar under pandemien, ligg nivået framleis høgare enn i åra før pandemien.
Det er generelt små endringar i standpunktkarakterane samanlikna med førre skoleår.
Karaktersnitt fordelt på utdanningsretning og kjønn
Når ein ser på karaktersnittet fordelt på kjønn og utdanningsretning, finn ein same tendens som i tidlegare skoleår: jentene på dei studieførebuande utdanningsprogramma har det høgaste karaktersnittet. Elles er fordelinga i linje med tidlegare år, med berre små justeringar mellom utdanningsretningane.
Karaktersnitt fordelt på utdanningsprogram
Det vil alltid vere svingingar og variasjonar mellom utdanningsprogramma, men samla sett er endringane små og gir uttrykk for eit jamt og stabilt karakternivå i fylket. Blant utdanningsprogramma er det naturbruk som kan vise til høgaste karaktersnitt, med 4,63 poeng i skoleåret 2024–2025.
Eksamen
Tabellen under viser resultata frå skriftleg eksamen i utvalde fellesfag, der gjennomsnittskarakterane i Møre og Romsdal er samanlikna med landsgjennomsnittet.Resultata viser at Møre og Romsdal ligg over landsgjennomsnittet i fleire fag, noko som tyder på god fagleg kvalitet og vurderingspraksis ved fylket sine vidaregåande skolar.
Møre og Romsdal har betre gjennomsnittskarakterar enn landet i følgande fag:
- Engelsk Vg1 yrkesfagleg utdanningsprogram
- Matematikk 1P
- Matematikk 1T
- Matematikk 2P
- Matematikk 2P-Y
- Norsk sidemål Vg3 studieførebuande utdanningsprogram (skriftleg)
Dei største positive avvika finn vi i matematikk 2P og matematikk 2P-Y, der elevane i Møre og Romsdal har 0,3 karakterpoeng høgare snitt enn landsgjennomsnittet.
I engelsk Vg1 studieførebuande utdanningsprogram og norsk hovudmål Vg3 studieførebuande utdanningsprogram (skriftleg) ligg Møre og Romsdal på nivå med landsgjennomsnittet.
I norsk Vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram ligg fylket derimot 0,2 karakterpoeng under landssnittet.
| Fag | Møre og Romsdal | Hele landet |
|---|---|---|
| Engelsk vg1 studieforberedende utdanningsprogram | 4,2 | 4,2 |
| Engelsk vg1 yrkesfaglige utdanningsprogram | 3,6 | 3,4 |
| Matematikk 1P | 2,8 | 2,6 |
| Matematikk 1T | 3,5 | 3,3 |
| Matematikk 2P | 3,3 | 3,0 |
| Matematikk 2P-Y | 3,0 | 2,7 |
| Norsk, vg2 yrkesfaglige utdanningsprogram | 3,1 | 3,3 |
| Norsk hovedmål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, skriftlig | 3,7 | 3,7 |
| Norsk sidemål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, skriftlig | 3,7 | 3,6 |
| Kjelde: Karakterstatistikk for videregåande skole, Utdanningsdirektoratet | ||
Forutsetningar - karaktergrunnlag frå grunnskolen
Elevane sitt karaktergrunnlag frå grunnskolen har stor betydning for om dei gjennomfører vidaregåande opplæring. Låge karakterar frå grunnskolen er den viktigaste enkeltfaktoren som forklarer fråfall i vidaregåande opplæring. I tillegg har fråvær i grunnskolen vist seg å vere ein medverkande faktor som kan påverke både faglege resultat og gjennomføring.
Karaktergrunnlaget frå grunnskolen har gått noko ned etter ein topp skoleåret 2022-2023. Jentene har framleis høgare karaktergrunnlag enn gutane, og forskjellen mellom kjønna følgjer same mønster som i andre fylke og nasjonalt.
Overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring
Ny opplæringslov har gitt fylkeskommunen, i samarbeid med kommunane, eit ansvar for at elevane skal få ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. I overgangen frå grunnskolen er det viktig med samordna innsats mellom aktørar og nivå.
Fylkeskommunen har utarbeidd eit informasjonshefte over tiltak som blir gjort av fylkeskommunen og kommunane. Framover ønsker fylkeskommunen å invitere kommunane til kommunedialog om overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring. Formålet med dialogen er eit godt samarbeid, for at flest mogleg elevar skal fullføre vidaregåande opplæring.
Ein viktig del av arbeidet i overgangen er at dei vidaregåande skolane får tilgang til informasjon om elevgruppa så tidleg som mogleg. Møre og Romsdal fylkeskommune har, i samarbeid med dei andre fylkeskommunane, utvikla eit digitalt verktøy for tidleg identifisering av elever som kan stå i fare for å ikkje fullføre eller bestå opplæringa. Verktøyet er ein app som blir brukt i arbeid med inntak, identifisering og planlegging. Målet er å gi skolane eit best mogleg informasjonsgrunnlag om elevgruppa før skolestart, slik at dei kan planlegge opplæringa både på gruppe- og individnivå. Appen gjer det mogleg for skolane å tidleg identifisere elevar som treng tilrettelegging og oppfølging, og kan også brukast som støtte i klasseinndeling. Dette gir skolane betre føresetnader for å vere førebudde og sette i gang førebyggande tiltak tidleg i skoleåret. Skolane fekk tilgang til appen sommaren 2024.
3.4 Fråvær
Fråværet blant elevar i Møre og Romsdal har auka markant dei tre siste skoleåra. Fråværstala for skoleåret 2024-2025 er dei høgaste som er målt sidan fråværsgrensa vart innført i vidaregåande skole i 2016-2017.
Auken må delvis forklarast med at pandemiåra gav eit kunstig lågt fråvær, sidan helserelatert fråvær ikkje vart registrert i denne perioden. Dette betyr at ei direkte samanlikning med pandemiåra ikkje gir eit reelt bilete av utviklinga. Men når ein samanliknar med åra før pandemien, ser ein at fråværet no ligg vesentleg høgare. Utviklinga er den same både på nasjonalt nivå og internasjonalt.
For skoleåret 2024–2025 hadde elevane i Møre og Romsdal eit gjennomsnittleg totalfråvær på 7,6 prosent, medan landsgjennomsnittet var 8,2 prosent. Møre og Romsdal har dermed lågare fråvær enn landet som heilskap, og berre Innlandet og Telemark har lågare fråvær blant elevane. Trøndelag ligg på same nivå som Møre og Romsdal.
Fråvær målt i median
Fråværstala som blir publiserte av Utdanningsdirektoratet viser median-fråvær. Medianen er verdien som ligg midt i rekka når resultata blir sorterte i stigande eller synkande rekkefølge. Medianen gir eit meir presist bilete av det typiske fråværet blant elevane, sidan medianen ikkje blir påverka i same grad som gjennomsnittet av nokre få elevar med svært høgt fråvær.
Målt i median har elevane i Møre og Romsdal typisk 6 dagar og 16 enkelttimar fråvær på vitnemålet skoleåret 2024-2025. Til samanlikning er tala på landsbasis 5 dagar og 20 enkelttimar.
Samanlikna med skoleåret 2023–2024 har:
- Dagsfråværet auka med éin dag, både i Møre og Romsdal og nasjonalt.
- Timefråværet auka med éin time, både i Møre og Romsdal og nasjonalt.
Utdanningsdirektoratet viser til at dagsfråværet er det høgaste som er målt sidan fråværsgrensa vart innført i 2016-2017, det same gjeld for Møre og Romsdal. På landsbasis er dagsfråværet for skoleåret 2024-2025 på same nivå som skoleåret før fråværsgrensa vart innført. I Møre og Romsdal er det ein dag høgare enn før fråværsgrensa vart innført.
Samanlikna med førre skoleår har dagsfråværet auka på alle trinn:
- Vg1: frå fire til seks dagar
- Vg2 og Vg3: frå fem til seks dagar
Fordelt på utdanningsprogram har dagsfråværet auka med:
- ein dag på alle trinn i dei studieførebuande utdanningsprogramma
- to dagar på Vg1, ein dag på Vg2 og tre dagar på Vg3 i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma
I yrkesfaga har dagsfråværet til gutane auka frå fire til seks dagar, for jentene frå sju til åtte dagar. På studieførebuande utdanningsprogram har dagsfråværet auka med ein dag for begge kjønn, frå fire til fem dagar for gutar, og frå fem til seks dagar for jenter.
Utvikling i fråvær frå skoleåret før fråværsgrensa vart innført:
Timefråværet aukar med stigande klassetrinn, og trenden er den same på landsbasis.
- Vg1: 14 timar i Møre og Romsdal (mot 16 timar nasjonalt)
- Vg2: 17 timar i Møre og Romsdal (mot 21 timar nasjonalt)
- Vg3: 21 timar i Møre og Romsdal (mot 25 timar nasjonalt)
Timefråværet i skoleåret 2024–2025, fordelt på jenter og gutar i studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram, viser ei auke for alle grupper frå førre skoleår. Det er likevel jentene på dei studieførebuande utdanningsprogramma som har hatt den største auken.
Samanlikna med skoleåret før pandemien (skoleåret 2018–2019), er det gutane på studieførebuande utdanningsprogram som har hatt den største auken.
Generelt ser vi at timefråværet på studieførebuande utdanningsprogram ligg høgare enn på dei yrkesfaglege programma, både i Møre og Romsdal og nasjonalt. Ei mogleg forklaring på at elevar på yrkesfag har lågare fråvær, er at fråværet på vitnemålet kan påverke moglegheita til å få læreplass.
Målt i median varierer fråværet mellom fylka. Dagsfråværet ligg mellom fire og seks dagar, medan timefråværet varierer frå 16 til 25 timar.
Elevane i Agder og Rogaland har dei lågaste tala for dagsfråvær, med fire dagar. Elevane i Møre og Romsdal, Nordland, Oslo og Troms har det høgaste dagsfråværet, med seks dagar.
Når det gjeld timefråvær, har Innlandet, Møre og Romsdal og Telemark det lågaste nivået, med 16 timar, medan Oslo har det høgaste, med 25 timar.
3.5 Elevar utan vurderingsgrunnlag i fag
Andelen elevar utan vurderingsgrunnlag (IV) i fag har auka i Møre og Romsdal skoleåret 2024–2025 samanlikna med året før.
2,1 prosent av elevane vart ståande utan vurderingsgrunnlag i minst eitt fag, mot 1,4 prosent i skoleåret 2023–2024. Til samanlikning ligg landsgjennomsnittet stabilt på 2,6 prosent, noko som betyr at Møre og Romsdal framleis har lågare andel elevar utan vurderingsgrunnlag enn landet elles.
Av dei som mangla vurderingsgrunnlag, hadde 0,8 prosent berre eitt fag utan vurdering i 2024–2025, mot 0,6 prosent året før. På landsbasis har denne andelen gått noko ned, frå 1,1 prosent til 1,0 prosent, men Møre og Romsdal ligg framleis under landsgjennomsnittet også her.
Om statistikken for elever utan vurderingsgrunnlag
Statistikken «Elever uten vurderingsgrunnlag» gir oversikt over hvor stor andel av elevene i videregående skole som ikke får karakter fordi de har overskredet fraværsgrensen eller mangler vurderingsgrunnlag i ett eller flere fag ved standpunkt. Skolen fører da koden IV i stedet for standpunktkarakter.
3.6 Elevar som har slutta
I skoleåret 2024–2025 slutta 3,0 prosent av elevane i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, noko som tilsvarar 259 elevar. Tala er stabile samanlikna med førre skoleår (2023–2024) og ligg litt betre enn landsgjennomsnittet.
Fordelt på trinn ser vi at flest elevar sluttar på Vg1. Det er også vesentleg fleire som sluttar innan dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, og skilnadene mellom programma er framleis store.
Målt etter utdanningsprogram er det idrettsfag som har færrest elevar som sluttar, med berre 0,3 prosent.
Det er framleis ein liten skilnad mellom kjønna. Av gutane slutta 3,1 prosent, mot 3,0 prosent av jentene. Samanlikna med førre skoleår har skilnaden mellom kjønna jamna seg noko ut.
Dei fleste elevane som slutta i skoleåret 2024–2025, gjorde det i oktober. Ein ser også auka fråfall i november og januar, men fordelinga gjennom året er omtrent den same som i førre skoleår.
Når vi ser på sluttårsakane, kjem det fram at stort fråvær framleis er den vanlegaste årsaka til at elevar sluttar. I tillegg er det mange elevar som har permisjon, eller som er registrerte med anna fråfallsårsak/ikkje oppgitt årsak eller personlege årsaker.
Samanlikna med førre skoleår ser vi fleire interessante endringar:
- Talet på elevar som sluttar grunna stort fråvær har gått ned, noko som kan tyde på betre oppfølging og tidleg innsats.
- Det er også færre elevar som oppgir feilval som årsak til fråfall.
- Samstundes har talet på elevar som tek permisjon frå opplæringa gått noko ned. Desse elevane er sikra skoleplass ved neste inntak, og er såleis forventa å kome tilbake i opplæringa.
Derimot ser vi ei auke i kategoriane “anna fråfallsårsak/ikkje oppgitt årsak” og “personlege årsaker”, noko som kan tyde på meir samansette utfordringar. Det er også ein liten auke i elevar som sluttar for å gå ut i arbeid.
Samanlikninga mellom fylka viser at Møre og Romsdal har ein relativt låg andel elevar som sluttar:
3.7 Ungdom i oppfølgingstenesta
Oppfølgingstenesta (OT) følgjer opp ungdom i alderen 16-24 år som verken er i skole, lære eller arbeid, og skal formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremmande tiltak.
I juni 2025 viste talet på tilmeldte ungdommar til OT om lag dobbelt så høgt som i juni 2024. Auken skuldast at målgruppa til OT vart utvida i ny opplæringslov. Frå 1. august 2024 vart målgruppa utvida frå 16-21 år til 16-24 år. Endringa har gitt langt fleire ungdommar rett til oppfølging og ført til ei tydeleg auke i oppgåveomfanget for tenesta.
På landsbasis vart nesten halvparten (45 prosent) av ungdommane som fekk oppfølging frå OT kontakta fordi dei ikkje søkte skole- eller læreplass. I Møre og Romsdal var denne delen 55 prosent. Vidare har ein del ungdommar takka nei til plass (8 prosent nasjonalt, 12 prosent i Møre og Romsdal) eller hatt andre grunnar til å vere utanfor opplæring og arbeid (14 prosent nasjonalt, 15 prosent i Møre og Romsdal).
17 prosent nasjonalt og 19 prosent i Møre og Romsdal vart kontakta fordi dei slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret 2024-25. Denne andelen er lågare enn i juni 2024, både nasjonalt og i Møre og Romsdal. Dette kan kome av at fleire vel å halde fram i vidaregåande opplæring, framfor å slutte. I tillegg kjem dette også av at mange av dei som no er omfatta av den utvida målgruppa, blir rekna som ikkje-søkarar fordi dei ikkje har gått på skole eller vore i lære det siste året.
Skolane i fylket har gode rutinar for avklaring og oppfølging i overgangen mellom opplæringsslutt til oppfølging. Det som framleis er mest krevjande, er å etablere kontakt med dei ungdommane som takkar nei til skoleplass eller ikkje møter til skolestart.
OT skal etablere kontakt med alle ungdommar i målgruppa som avbryt opplæringa, med sikte på rettleiing, oppfølging og ny aktivitet. Målet er at ingen ungdommar i målgruppa skal vere ukjende for OT. I juni 2025 var 9 prosent av ungdommane i Møre og Romsdal ukjende for OT, mot 27 prosent på landsbasis. Vi ser at mange av fylka har ei markert auke i andel i ukjent aktivitet juni 2025 samanlikna med året før. Dette heng heilt klart saman med at målgruppa er utvida. Det blir både fleire ungdommar å følgje opp samtidig som det kan være vanskelegare å få tak i dei eldste ungdommane som kom inn i målgruppa ved endring.
Figuren under viser korleis ungdommane er fordelte mellom ulike aktivitetskategoriar. I Møre og Romsdal var 44 prosent av ungdommane i aktivitet, mot 39 prosent på landsbasis.
Eksempel på aktivitet er opplæring, arbeid eller arbeidspraksis i regi av fylkeskommunen eller NAV.
Dobbelt så mange unge i oppfølgingstenesta etter lovendring | udir.no