1 Innleiing

1.1 Om kvalitetsmeldinga og mål for opplæringa

Kvalitetsmeldinga 2025 er ein tilstandsrapport som gir ei samla framstilling av kvaliteten i den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvalitetsmeldinga skal gi retning og grunnlag for det vidare arbeidet med kvalitetsutvikling, og sikre at skoleeigar har dei nødvendige føresetnadene for å arbeide heilskapleg og målretta med kvalitet i opplæringa. I Fylkesstrategi for kompetanse og dei tilhøyrande delstrategiane, Kvalitet i vidaregåande opplæring og Tilbod i vidaregåande opplæring, er det fastsett mål og prioriteringar for opplæringa i fylket. Krav til informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa er heimla i opplæringslova § 17-12.

Fylkestinget er det øvste organet med ansvar for den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvalitetsmeldinga skal gi Fylkestinget det kunnskapsgrunnlaget som trengst for å følgje utviklinga i opplæringa og vurdere kvaliteten på ein god måte. Dei vedlagde årsmeldingane frå skolane gir eit bilete av den enkelte skole, med omtale av elevsamansetning, organisering, resultat og korleis det blir arbeidd med kvalitetsutvikling og læringsmiljø. Årsmeldingane dannar også eit viktig grunnlag for dialog og drøfting mellom skolane og skoleeigar, og er sentrale i arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten slik at opplæringa blir best mogleg for elevane i fylket.

Data i Kvalitetsmeldinga 2025 er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), Utdanningsdirektoratet, fylkeskommunen sitt inntakssystem Vigo og IT-tenestene frå Novari (Qlik). Tala viser resultat både på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå, medan årsmeldingane frå skolane gir oversikt over resultat og utvikling på skolenivå. Nokre av tala for skoleåret 2024–2025 blir oppdaterte etter ferdigstillinga av kvalitetsmeldinga, og dette kan føre til mindre justeringar i statistikken. Deler av datagrunnlaget er unnateke offentleg innsyn der det er risiko for identifisering av enkeltpersonar, av omsyn til personvernet.

1.2 Årshjul for kvalitetsarbeid

Arbeidet med kvaliteten i dei vidaregåande skolane skjer i tett dialog mellom skoleeigar og skoleleiarar. Årshjulet er eit uttrykk for dette, og viser korleis samarbeidet er forankra:

August: Rektormøte. Arbeid med kvalitetsmelding, handlingsplanar og årsmeldingar.
September: Rektormøte.
Oktober: Skoleleiarsamling. Ferdigstille kvalitetsmelding og årsmeldingar. Elevundersøkinga og Lærlingundersøkinga.
November: Rektormøte og leiardialog med skolane. Kvalitetsmeldinga i Ungdommens fylkesråd, Yrkesopplæringsnemnda og Kompetanse- og næringsutvalet. Undervisningsevalueringa.
Desember: Rektormøte. Kvalitetsmeldinga i Fylkestinget.
Januar: Rektormøte. Rullering av delstrategi for kvalitet.
Februar: Toppleiarsamling.
Mars: Rektormøte og leiardialog med skolane. Høyring av delstrategi for kvalitet.
April: Rektormøte. Delstrategi for kvalitet i Ungdommens fylkesråd.
Mai: Rektormøte og oppdragsavtalar med skolane. Delstrategi for kvalitet i Yrkesopplæringsnemnda og Kompetanse- og næringsutvalet.
Juni: Rektormøte. Delstrategi for kvalitet i Fylkestinget.

Kvalitetsmeldinga og årsmeldingane frå skolane skapar grunnlag for blant anna leiardialogar, oppdragsavtalar mellom skoleeigar og skolar, handlingsplanar og Delstrategi for kompetanse - kvalitet i vidaregåande opplæring. Under eitt er kvalitetsmeldinga heilt sentral i det årlege kvalitetsarbeidet.

1.3 Om vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 20 vidaregåande skolar. Skolestrukturen er desentralisert, med vidaregåande skolar i alle dei ulike regionane i fylket.

Skoleåret 2024–2025 vart Nettskolen Møre og Romsdal etablert som eit nytt tilbod. Det første året vart ordninga testa ut med nokre fag og ei avgrensa elevgruppe. I inneverande skoleår (2025-2026) er alle plassane fylte opp, og det er no ventelister. Nettskolen tilbyr, i samarbeid med ressurssentera ved dei vidaregåande skolane, vidaregåande opplæring for vaksne som ønsker å oppnå generell studiekompetanse. Våren 2025 vart det etablert fire regionale ressurssenter for å ivareta opplæringstilbodet for vaksne. Ressurssentera er organiserte som eigne avdelingar ved Borgund vgs, Kristiansund vgs, Romsdal vgs og Ørsta vgs.

I tillegg har fylkeskommunen ansvar for fagskolen i Møre og Romsdal, med avdelingar i Kristiansund og Ålesund. Fagskolen rapporterer til fagskolestyret, og statistikk og tal for fagskolen er ikkje ein del av denne kvalitetsmeldinga.

Kart over vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylke per 2025.

Kart over vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylke per 2025.

I skoleåret 2024-2025 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 8 876 elevar og 2 826 lærlingar og lærekandidatar. Omlag 60 prosent av dei i vidaregåande opplæring høyrde til yrkesfaga, mens 40 prosent høyrde til studieførebuande utdanningsprogram. Den gjennomsnittlege skolestorleiken låg på 444 elevar. Dei to minste skolane er Tingvoll vgs med 80 elevar og Stranda vgs med 126. Størst er Ålesund vgs med 1 194 elevar. Utdanningssektoren har omlag 1 800 tilsette. Av desse har rundt 1 400 pedagogisk ansvar.

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr opplæring i ordinære opplæringsløp, i tillegg til fleksible opplæringsløp. Fleksible opplæringsløp er regulert i lokal forskrift om fleksibilitet i fag- og timefordeling. I kvalitetsmeldinga inngår fleksible opplæringsløp i statistikken for utdanningsprogramma dei høyrer til.

Møre og Romsdal fylkeskommune har 294 godkjente sjølvstendige lærebedrifter og 1 167 medlemsbedrifter i 50 godkjente samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor).

Fylkeskommunen er fagleg og administrativt ansvarleg for både grunnskoleopplæring og opplæring på vidaregåande nivå i kriminalomsorga. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for opplæringstilbod ved Hustad fengsel og Ålesund fengsel, opplæringa er knytt til Hustadvika vgs og Borgund vgs. I tillegg har fylkeskommunen fagleg, økonomisk og juridisk ansvar for opplæring for barn og ungdom ved barneverns- og helseinstitusjonar.

Ungdom mellom 16-24 år som verken er i opplæring eller arbeid, har lovfesta rett til oppfølging frå oppfølgingstenesta (OT). I Møre og Romsdal er det 10 årsverk knytte til OT, fordelte på 18 rådgivarar plasserte rundt om i fylket. Rådgivarane har tett kontakt med ungdommane, vidaregåande skolar, NAV, kommunar og andre samarbeidspartnarar for å sikre heilskapleg oppfølging.

Tidlegare var målgruppa for OT ungdom mellom 16 og 21 år, men etter innføringa av ny opplæringslov vart aldersgrensa utvida til 24 år, gjeldande frå 1. august 2024. Endringa har gitt fleire ungdommar rett til oppfølging, og inneber ei auka oppgåve for OT både når det gjeld kapasitet og behov for tverrfagleg samarbeid.

1.4 Inntak til dei vidaregåande skolane

Inntaket til dei vidaregåande skolane og dimensjoneringa av den vidaregåande opplæringa er styrt av lov, forskrifter og politiske prioriteringar. Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring har rett til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring for ungdom varer fram til ein har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut det skoleåret som startar når ein fyller 24 år. Dei som ikkje har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne (jf. opplæringslova §§ 5-1 og 18-3).

Møre og Romsdal legg størst vekt på kva kompetanse samfunnet treng i dimensjoneringa av den vidaregåande opplæringa, i tråd med opplæringslova § 5-3 og Delstrategi for kompetanse. Tilbod i vidaregåande opplæring 2025-2028.

Alle søkarar til vidaregåande opplæring for ungdom får tilbod om skoleplass på 1 av 3 søkte studieprogram på trinn 1 (jf. opplæringslova § 5-1 sjette ledd). Skoleåret 2024-2025 fekk 81,2 prosent av søkarane med ungdomsrett oppfylt primærønsket sitt på Vg1. Til samanlikning fekk 82,9 prosent av søkarane med ungdomsrett oppfylt primærønsket sitt på Vg1 inneverande skoleår 2025-2026.

Antall elever i videregående skole, Møre og Romsdal 2024-25
Utdanningsprogram Vg1 Vg2 Vg3 Alle trinn
Studieforberedende utdanningsprogram 1 340 1 327 1 413 4 080
Påbygg etter yrkesfaglig vg2 413 413
Påbygg etter oppnådd yrkeskompetanse 128 128
Yrkesfaglige utdanningsprogram* 2 362 1 762 130 4 255
Alle utdanningsprogram 3 702 3 089 2 084 8 876
Kilde: Utdanningsdirektoratet. *Inkluderer studieforberedende vg3 naturbruk