Samandrag

Kvalitetsmeldinga 2025 viser jamt gode og stabile resultat i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Etter fleire år med auka gjennomføring og rekordhøge tal, har trenden snudd. For 2018-kullet er gjennomføringa 82,5 prosent, ein nedgang frå 83,4 prosent året før. Trass dette er Møre og Romsdal framleis blant fylka med høgast gjennomføring over fem/seks år, og har også den høgaste delen elevar som fullførte og bestod skoleåret 2024–2025.

Fråværet har auka for tredje året på rad, og tala for skoleåret 2024–2025 er dei høgaste sidan fråværsgrensa vart innført i 2016–2017. Trenden er den same nasjonalt. Utdanningsdirektoratet peikar på at også fleire andre land melder om auke i skolefråvær etter pandemien. Sjølv om utviklinga har flata noko ut i enkelte land, ligg fråværet framleis på eit høgare nivå enn før pandemien, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Årsakene er ofte samansette og kan handle om helse, motivasjon, læringsmiljø og livssituasjon. Derfor er det avgjerande å halde fram med tidleg innsats og tett oppfølging av elevar med høgt fråvær, for å snu denne utviklinga.

Talet på elevar som sluttar er stabilt. Færre sluttar på grunn av fråvær, sjølv om dette framleis er den vanlegaste årsaka. Det er også færre som tar permisjon frå opplæringa. Både karaktergrunnlaget frå grunnskolen og karaktersnittet i vidaregåande opplæring held seg stabile. Etter ein topp under pandemien har snittet stabilisert seg, men ligg over nivået før pandemien.

Elevundersøkinga viser at elevane trivst godt og opplever eit positivt læringsmiljø prega av god læringskultur, felles reglar, faglege utfordringar og støtte frå lærarane. Resultata tyder på eit stabilt læringsmiljø med gode relasjonar mellom elevar og lærarar. Dei fleste trivst og kjenner seg inkluderte, men noko fleire enn tidlegare rapporterer om mobbing, ein trend som samsvarar med nasjonale funn. Målet er at alle elevar skal vere trygge og inkluderte, og arbeidet med å førebygge mobbing og styrke læringsmiljøet blir følgt opp systematisk ved alle skolar. Også lærlingane rapporterer høg trivsel og læringsmotivasjon. Heile 88 prosent vil anbefale lærebedrifta si til andre. Få opplever mobbing eller uønskt merksemd, men praksisen med halvårssamtalar må styrkast for å sikre eit trygt arbeidsmiljø.

Den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal har ein tydeleg yrkesfagleg profil, med ein stor del elevar i yrkesfaga. Likevel går berre halvparten vidare til læretid etter Vg2. Mange vel påbygging til generell studiekompetanse, noko som påverkar rekrutteringa av fagarbeidarar. Stadig fleire elevar får utplassering i bedrift gjennom faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF) og fylkeskommunen arbeider målretta for å få fleire yrkesfagelevar over i læretid. Behovet for fagarbeidarar er stort, og fagopplæringa er ein nøkkelfaktor for å møte framtidige kompetansebehov i regionen. Samtidig treng arbeidslivet også arbeidstakarar med høgare utdanning. Fylkeskommunen vil derfor fortsette arbeidet med å gjere opplæringa meir praktisk og relevant også i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Målet er å styrke samanhengen mellom teori og praksis, og å bygge bru mellom skolen og arbeidslivet.

Også skoleleiarar og lærarar treng oppdatert kompetanse, og derfor skal vi fortsette med å satse særleg på leiing og profesjonsutvikling i skolane våre. Gjennom langsiktig og heilskapleg kompetanseutvikling sikrar vi at skoleleiarar, tilsette, fagnettverk og samarbeidspartnarar får arbeide systematisk og målretta over tid. Kompetanseheving innan inkluderande praksis og psykisk helse er framleis viktige satsingsområde. Eit anna sentralt tema er bruk av kunstig intelligens (KI) i undervisninga, der det handlar om å gi lærarane nødvendig kompetanse til å førebu elevane på eit arbeidsliv der KI blir ein naturleg del.

Fylkeskommunen arbeider heilskapleg for å sikre regionen kompetansen vi treng for framtida, og strategiane våre gir retning for korleis fylkeskommunen, arbeidslivet og andre aktørar samarbeider for å møte framtidige kompetansebehov. I dette arbeidet har vidaregåande opplæring ei nøkkelrolle. Den økonomiske situasjonen er den største utfordringa for kvalitetsarbeidet i vidaregåande opplæring framover. Skolane har også dette skoleåret gjennomført betydelege innsparingstiltak, noko som har fått konsekvensar for oppfølginga av elevane og moglegheita til å sette inn tiltak ein veit gir resultat. Det blir derfor avgjerande å gjere gode prioriteringar i tida framover, slik at vi kan oppretthalde god kvalitet i opplæringa.