5 Gjennomføring

5.1 Vurderinga til skoleeigar

Gjennomføring for 2019-kullet i Møre og Romsdal, etter fem/seks år i vidaregåande opplæring, er på 83,2 prosent. Gjennomføringa har gått opp med 0,4 prosentpoeng samanlikna med 2018-kullet. Målet i Møre og Romsdal er at over 85 prosent skal gjennomføre etter fem/seks år i vidaregåande opplæring.

På landsbasis har gjennomføringa gått ned med 0,3 prosentpoeng, frå 82,1 prosent for 2018-kullet til 81,8 prosent for 2019-kullet. Møre og Romsdal ligg 1,4 prosentpoeng over landsgjennomsnittet, og berre Oslo, Akershus og Rogaland kan vise til betre resultat.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring blir målt fem/seks år etter elevane starta på Vg1. Studieførebuande utdanningsprogram blir målt etter fem år, og yrkesfaglege utdanningsprogram blir målt etter seks år.

Både innan studieførebuande utdanningsprogram og yrkesfaglege utdanningsprogram har gjennomføringa gått opp. Innan yrkesfaglege utdanningsprogram er vi fylket med høgast gjennomføring. Innan studieførebuande utdanningsprogram er det berre Akershus, Vestfold og Rogaland som kan vise til høgare gjennomføring.

Det er store forskjellar i gjennomføring mellom dei ulike utdanningsprogramma. Både i Møre og Romsdal og på landsbasis er gjennomføringa høgast på idrettsfag.

Ved årets publisering har SSB gjort ein full gjennomgang av korleis gjennomføringsstatistikken blir produsert. For å kunne samanlikne resultat over tid har SSB publisert nye tidsseriar med gjennomføringstabellar for kulla som starta i vidaregåande opplæring i 2014 til og med 2019.

5.2 Gjennomføring i løpet av fem/seks år

83,2 prosent av dei som begynte på Vg1 i Møre og Romsdal i 2019 gjennomførte med studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem/seks år. Samanlikna med 2018-kullet (82,8 prosent) har gjennomføringa gått opp med 0,4 prosentpoeng.

Møre og Romsdal ligg 1,4 prosentpoeng over landsgjennomsnittet som er på 81,8 prosent. Samanlikna med dei andre fylka er det berre Oslo, Akershus og Rogaland som kan vise til høgare gjennomføring for 2019-kullet.

Målsettinga i Møre og Romsdal er at over 85 prosent av elevar og lærlingar skal gjennomføre vidaregåande opplæring etter fem/seks år. Regjeringa har som mål at ni av ti skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring i 2030 (jf. Meld. St. 21 - Fullføringsreformen).

Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, 2019-kullet
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, 2019-kullet
Oslo 85,3
Akershus 84,2
Rogaland 83,5
Møre og Romsdal 83,2
Hele landet 81,8
Vestland 81,6
Agder 81,4
Innlandet 81,2
Trøndelag 81,0
Østfold 80,6
Vestfold 80,0
Telemark 79,8
Buskerud 79,7
Troms 79,5
Nordland 77,2
Finnmark 72,5

I Møre og Romsdal har gjennomføringa auka med 2,6 prosentpoeng frå 2014-kullet til 2019-kullet. På landsbasis har gjennomføringa auka med 2,2 prosentpoeng for same periode.

Utvikling over tid, gjennomføring vidaregåande opplæring, prosent
Gjennomføring videregående opplæring, over tid
Årskull Møre og Romsdal Nasjonalt
2014-kullet 80,6 79,6
2015-kullet 82,8 80,4
2016-kullet 83,1 81,1
2017-kullet 83,6 82,4
2018-kullet 82,8 82,1
2019-kullet 83,2 81,8

På landsbasis viser fullføringsstatus på normert tid ei auke på 0,2 prosentpoeng, frå 2018-kullet til 2019-kullet. I Møre og Romsdal viser fullføringsstatus på normert tid ei auke på 1,2 prosentpoeng frå 2018-kullet til 2019-kullet.

Fullføringsstatus for elevar som starta i vg1
Fullført på normert tid Fullført innen to år etter normert tid
Årskull Hele landet Møre og Romsdal Hele landet Møre og Romsdal
2014-kullet 65,8 66,8 79,6 80,6
2015-kullet 67,4 68,4 80,4 82,8
2016-kullet 68,1 68,8 81,1 83,1
2017-kullet 72,1 73,0 82,4 83,6
2018-kullet 71,8 71,8 82,1 82,6
2019-kullet 72,0 73,0 81,8 83,2

Det er fleire jenter enn gutar som gjennomfører vidaregåande opplæring. Vi ser ei positiv utvikling for gutar, medan jentene viser ei svak negativ utvikling. Dette samsvarar med trenden på landsbasis.

Gjennomføring på fem/seks år etter kjønn, Møre og Romsdal
Gjennomføring videregående opplæring, over tid
Årskull Kvinner Menn
2014-kullet 83,7 77,8
2015-kullet 86,8 78,9
2016-kullet 85,6 80,9
2017-kullet 86,5 80,9
2018-kullet 86,4 79,4
2019-kullet 86,0 80,9

Det er ein tydeleg samanheng mellom grunnskolepoenga til elevane som startar på vidaregåande skole og gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Andelen som fullfører er størst blant dei med høge grunnskolepoeng. Vi ser at det er eit markant skilje på 30 poeng. Elevane som har over 30 poeng gjennomfører i over dobbelt så stor grad som elevane som har under 30 poeng.

Gjennomføring på fem/seks år etter grunnskolepoeng, Møre og Romsdal
Gjennomføring videregående opplæring, over tid
Årskull Mangler 10-29 30-39 40-49 50+
2014-kullet 20,3 40,4 78,4 94,9 97,9
2015-kullet 28,0 41,8 80,7 95,7 100,0
2016-kullet 37,9 43,3 81,6 94,8 98,7
2017-kullet 31,7 38,7 84,2 95,1 98,1
2018-kullet 35,5 42,1 79,1 96,1 98,1
2019-kullet 35,3 43,6 79,2 94,7 99,4

5.3 Gjennomføring i løpet av fem/seks år, inkludert planlagt grunnkompetanse

Ein kan også velje å inkludere elevar i vidaregåande opplæring som gjennomfører med planlagt grunnkompetanse. Dette er elevar som innan fem/seks år ikkje har fullført med studie- eller yrkeskompetanse, men som har gjennomført med grunnkompetanse. Medrekna elevar som gjennomfører med grunnkompetanse er tala slik:

Gjennomføring i løpet av fem/seks år, inkludert planlagt grunnkompetanse, prosent, 2019-kullet
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, inkludert planlagt grunnkompetanse, prosent, 2019-kullet
Oslo 87,2
Rogaland 86,6
Akershus 86,5
Møre og Romsdal 85,1
Østfold 85,0
Hele landet 84,4
Agder 84,3
Vestland 84,1
Innlandet 83,8
Buskerud 83,5
Trøndelag 83,5
Telemark 83,3
Vestfold 82,8
Troms 81,0
Nordland 79,2
Finnmark 73,8

5.4 Gjennomføring fordelt på utdanningsprogram

Det er store forskjellar i gjennomføringstala mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Både i Møre og Romsdal og på landsbasis er gjennomføringa høgast for studieførebuande utdanningsprogram.

Gjennomføring i Møre og Romsdal over tid, fordelt på utdanningsretning
Gjennomføring videregående opplæring, over tid
Årskull Studieforberedende utdanningsprogram Yrkesfaglige utdanningsprogram
2014-kullet 91,9 70,2
2015-kullet 92,2 74,5
2016-kullet 91,2 74,5
2017-kullet 91,8 74,3
2018-kullet 91,4 74,1
2019-kullet 92,1 74,5
Gjennomføring på landsbasis over tid, fordelt på utdanningsretning
Gjennomføring videregående opplæring, over tid
Årskull Studieforberedende utdanningsprogram Yrkesfaglige utdanningsprogram
2014-kullet 89,1 68,5
2015-kullet 89,4 70,1
2016-kullet 89,5 69,8
2017-kullet 91,1 71,2
2018-kullet 91,2 71,1
2019-kullet 90,8 71,1

Gjennomføringa på studieførebuande utdanningsprogram for 2019-kullet i Møre og Romsdal er på 92,1 prosent. Det nasjonale snittet er på 90,8 prosent. Akershus, Vestfold, og Rogaland har høgare gjennomføring enn Møre og Romsdal.

Samanlikna med 2018-kullet har gjennomføringa på studieførebuande utdanningsprogram i Møre og Romsdal gått opp med 0,7 prosentpoeng. På landsbasis har snittet gått ned med 0,4 prosentpoeng.

Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, studieførebuande utdanningsprogram, 2019-kullet
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, studieførebuande utdanningsprogram, 2019-kullet
Akershus 93,1
Vestfold 92,6
Rogaland 92,3
Møre og Romsdal 92,1
Østfold 92,0
Innlandet 90,9
Hele landet 90,8
Oslo 90,4
Troms 90,0
Vestland 90,0
Nordland 89,8
Agder 89,6
Trøndelag 89,5
Buskerud 88,0
Telemark 87,0
Finnmark 84,8

Gjennomføringa på yrkesfaglege utdanningsprogram for 2019-kullet i Møre og Romsdal er på 74,5 prosent, og best av fylka. Det nasjonale snittet er på 71,1 prosent.

Samanlikna med 2018-kullet har gjennomføringa i Møre og Romsdal auka med 0,4 prosentpoeng. På landsbasis er snittet stabilt på 71,1 prosent.

Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2019-kullet
Fylke Gjennomføring i løpet av fem/seks år, prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram, 2019-kullet
Møre og Romsdal 74,5
Rogaland 74,3
Agder 73,4
Trøndelag 73,0
Vestland 72,8
Innlandet 72,4
Telemark 71,9
Hele landet 71,1
Buskerud 70,1
Akershus 69,2
Østfold 69,2
Troms 68,4
Oslo 67,8
Nordland 66,6
Vestfold 66,2
Finnmark 63,7

Både i Møre og Romsdal og på landsbasis er gjennomføringa høgast på idrettsfag. Møre og Romsdal kan vise til 97,5 prosent og på landsbasis er den på 93,4 prosent.

Gjennomføring i Møre og Romsdal i løpet av fem/seks år etter utdanningsprogram, prosent, 2019-kullet
Utdanningsprogram Gjennomføring i Møre og Romsdal løpet av fem/seks år etter utdanningsprogram, 2019-kullet
ID 97,5
ST 92,8
EL 88,9
KD 88,0
ME 87,2
I alt 83,2
MD 82,0
NA 78,4
TP 77,6
HO 75,2
SS 67,0
DH 63,8
BA 59,1
RM 54,7
Gjennomføring i Norge løpet av fem/seks år etter utdanningsprogram, prosent, 2019-kullet
Utdanningsprogram Gjennomføring i Norge løpet av fem/seks år etter utdanningsprogram, 2019-kullet
ID 93,4
ST 91,5
MD 87,1
KD 85,5
ME 83,3
EL 82,0
I alt 81,8
HO 76,1
NA 74,7
TP 71,6
BA 65,7
SS 59,6
DH 56,1
RM 52,4

Gjennomføring fordelt på studieretning og kjønn viser at det er flest jenter som gjennomfører innan studieførebuande utdanningsprogram. Innan yrkesfaglege utdanningsprogram er det flest gutar som gjennomfører. Skilnaden mellom kjønna er størst innan studieførebuande utdanningsprogram.

Gjennomføring i Møre og Romsdal over tid, fordelt på utdanningsretning og kjønn
Gjennomføring videregående opplæring, over tid
Årskull SF - Kvinner SF - Menn YF - Kvinner YF - Menn
2014-kullet 93,9 88,8 68,5 71,2
2015-kullet 94,3 89,0 76,6 73,2
2016-kullet 92,5 89,4 73,7 74,9
2017-kullet 93,7 89,2 73,3 74,7
2018-kullet 93,2 88,4 74,4 73,9
2019-kullet 93,8 90,0 74,3 74,6

5.5 Framleis i opplæring

Ein del av dei som ikkje fullfører vidaregåande opplæring innan fem/seks år, fullfører på eit seinare tidspunkt. Årsaker kan vere midlertidige avbrot i opplæringa, omval, ikkje beståtte fag, eller ikkje bestått eller ikkje gjennomført fag-/sveineprøve.

Elevar og dei som har læretid i bedrift, har rett til meir opplæring dersom dei har fullført opplæringa, men ikkje bestått standpunktkarakter, eksamen eller fag- eller sveineprøve.

I 2019-kullet i Møre og Romsdal er 2,9 prosent framleis i opplæring etter fem/seks år. Landsgjennomsnittet er på 3,0 prosent. Samanlikna med 2018-kullet er det ei auke i Møre og Romsdal på 0,1 prosentpoeng, på landsbasis er det ei auke på 0,4 prosentpoeng.

Framleis i vidaregåande opplæring etter fem/seks år, utan å ha fullført, prosent, 2019-kullet
Fylke Framleis i vidaregåande opplæring etter fem/seks år, utan å ha fullført, prosent, 2019-kullet
Finnmark 5,3
Telemark 4,2
Nordland 4,1
Rogaland 3,7
Vestland 3,6
Trøndelag 3,4
Innlandet 3,2
Agder 3,1
Vestfold 3,1
Hele landet 3,0
Møre og Romsdal 2,9
Troms 2,8
Østfold 2,6
Buskerud 2,4
Akershus 2,1
Oslo 1,8