Samandrag

Kvalitetsmeldinga 2026 viser at vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal held eit godt og stabilt nivå. Gjennomføringa etter fem/seks år auka frå 82,8 prosent for 2018-kullet til 83,2 prosent for 2019-kullet. Møre og Romsdal er framleis blant fylka med høgast gjennomføring over fem/seks år, og har no den høgaste gjennomføringa i landet innan yrkesfag. Fylket har også den høgaste delen elevar som fullførte og bestod skoleåret 2025–2026.

Elevfråværet har gått ned etter ein markant auke dei siste tre åra, i tråd med utviklinga nasjonalt. Talet på elevar som sluttar, er stabilt, men høgt fråvær er framleis den vanlegaste sluttårsaka. Både karaktergrunnlaget frå grunnskolen og karaktersnittet i vidaregåande opplæring er relativt stabile. Samstundes har ein del elevar utfordringar med å bestå enkelte fag, særleg matematikk. Auken i fritak i fag i grunnskolen, særleg i matematikk, kan gi fleire elevar eit svakare fagleg utgangspunkt for å meistre og bestå vidaregåande opplæring.

Elevundersøkinga viser at elevane i hovudsak trivst godt og opplever eit positivt læringsmiljø, med god læringskultur, felles reglar, faglege utfordringar og støtte frå lærarane. Dei fleste trivst og kjenner seg inkluderte, og færre enn tidlegare rapporterer om mobbing, i tråd med utviklinga nasjonalt. Arbeidet med å førebygge mobbing og sikre trygge og inkluderande læringsmiljø blir følgt opp systematisk ved skolane. Lærlingundersøkinga viser også at lærlingane i stor grad trivst og er motiverte for å lære. Heile 91 prosent vil anbefale lærebedrifta si til andre. Fylkeskommunen vil saman med lærebedriftene arbeide vidare med å sikre god oppfølging og trygge læringsarenaer for lærlingane.

Møre og Romsdal har ein stor del elevar på yrkesfag, men berre om lag halvparten går vidare til læretid. Mange vel å gå over til påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2. Dette har betydning for rekrutteringa av fagarbeidarar. Mange elevar får erfaring frå arbeidslivet gjennom yrkesfagleg fordjuping (YFF), og fylkeskommunen arbeider med å styrke overgangen frå skole til læretid. Behovet for fagarbeidarar er stort, og fagopplæringa er viktig for å møte kompetansebehova i regionen. Samstundes har arbeidslivet behov for arbeidstakarar med høgare utdanning. Fylkeskommunen vil derfor halde fram arbeidet med å styrke samanhengen mellom teori, praksis og arbeidsliv, og utvikle ei meir praktisk og relevant opplæring både innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram.

Fylkeskommunen vil halde fram satsinga på leiing og profesjonsutvikling for å sikre oppdatert kompetanse i skolane. Langsiktig og heilskapleg kompetanseutvikling skal legge til rette for systematisk utviklingsarbeid over tid. Sentrale område er læringsmiljø og inkluderande praksis, psykisk helse og relevans i opplæringa. I tillegg er kompetanse i bruk av kunstig intelligens (KI) viktig for å førebu elevane på eit arbeidsliv der KI vil vere ein del av kvardagen.

Fylkeskommunen arbeider heilskapleg for å møte framtidige kompetansebehov i regionen, i samarbeid med arbeidslivet og andre aktørar. Vidaregåande opplæring har ei sentral rolle i dette arbeidet. Den økonomiske situasjonen legg samtidig press på kvalitetsarbeidet, og påverkar handlingsrommet for oppfølging av elevane og tiltak i opplæringa. Gode prioriteringar av ressursane blir derfor viktige for å kunne oppretthalde kvaliteten i opplæringa.