3 Skoleårsresultat
3.1 Vurderinga til skoleeigar
I skoleåret 2025–2026 fullførte og bestod 88,0 prosent av elevane i Møre og Romsdal. Trass i ein nedgang frå førre år viser resultata at Møre og Romsdal held fram med å vere eit leiande fylke nasjonalt når det gjeld delen elevar som fullfører og består kvart skoleår. Dei gode resultata må sjåast i samanheng med det systematiske arbeidet som blir gjort ved skolane for å støtte elevane fram mot fullført og bestått opplæring.
Karaktersnittet i Møre og Romsdal er stabilt, og resultata på skriftleg eksamen i utvalde fellesfag ligg over landsgjennomsnittet. Samstundes har ein del elevar utfordringar med å bestå enkelte fag, særleg matematikk. Auken i fritak i fag i grunnskolen, særleg i matematikk, kan gi fleire elevar eit svakare fagleg utgangspunkt for å meistre og bestå vidaregåande opplæring.
Etter ein markant auke dei tre føregåande skoleåra har elevfråværet i Møre og Romsdal gått ned, i tråd med utviklinga nasjonalt. Målt i gjennomsnitt er Møre og Romsdal blant fylka med lågast fråvær. Målt i median ligg fylket på landsgjennomsnittet for fråværsdagar og under landsgjennomsnitt for fråværstimar. Talet på elevar som sluttar i løpet av skoleåret, er stabilt, men det er framleis flest som sluttar på vg1 og innan yrkesfag. Trass i nedgangen i fråvær er høgt fråvær framleis den vanlegaste sluttårsaka.
Utvidinga av målgruppa frå 16–21 til 16–24 år, og eit utvida ansvar for ungdom som har fullført utan å bestå, har ført til ein betydeleg auke i talet på ungdommar hos OT. Samstundes har delen med ukjend aktivitet auka, mellom anna fordi det er krevjande å få kontakt med dei eldste i målgruppa.
3.2 Fullført og bestått
Fullført og bestått skoleåret 2025-2026
I skoleåret 2025–2026 fullførte og bestod 88,0 prosent av elevane i Møre og Romsdal. Dette er ein nedgang på 1,7 prosentpoeng frå skoleåret 2024–2025 (89,7 prosent).
Det er venta at delen som har fullført og bestått, vil auke fram mot årsslutt. Erfaringar frå tidlegare skoleår viser at resultata stig etter at elevar har gjennomført ny, utsett eller særskild eksamen (NUS-eksamen) om hausten.
Nasjonale analysar peikar på matematikk og framandspråk som barrierar for å fullføre vidaregåande opplæring, særleg for elevar med svake faglege føresetnader (NIFU, 2026). Resultata frå Møre og Romsdal skoleåret 2025–2026 viser eit liknande bilete. Matematikk, framandspråk og engelsk skil seg ut som fag der mange elevar får karakteren 1 eller ikkje vurderingsgrunnlag (IV). Matematikk peikar seg ut som faget med flest tilfelle av 1 eller IV, og utfordringa er størst innan yrkesfag.
Frå skoleåret 2024–2025 vart registreringa av fullført og bestått endra, slik at også elevar som brukar meir enn normert tid, blir rekna med i statistikken. Endringa er i tråd med fullføringsretten, som skal sikre elevane rett til opplæring fram til dei oppnår studie- eller yrkeskompetanse.
I praksis inneber dette at ein elev som har gjennomført og bestått det som var planlagt for det aktuelle skoleåret, blir registrert som å ha fullført og bestått, sjølv om eleven bruker lengre tid på det samla opplæringsløpet. Endringa gir dermed eit meir rettvisande bilete av progresjonen i vidaregåande opplæring og tek høgd for at elevar kan ha behov for ulik tid og støtte for å fullføre.
Møre og Romsdal held fram med å ligge øvst blant fylka når det gjeld delen elevar som fullfører og består per skoleår. Rogaland følgjer nærast, medan Vestfold har den lågaste delen i skoleåret 2025–2026.
Utviklinga i Møre og Romsdal følgjer i hovudsak den nasjonale trenden, med ein nedgang i delen elevar som fullfører og består. Nedgangen frå førre skoleår er likevel noko mindre i Møre og Romsdal enn for landet samla.
Fullført og bestått fordelt på utdanningsretning og utdanningsprogram
Resultata for fullført og bestått viser variasjonar mellom utdanningsretningane i Møre og Romsdal. Det er framleis høgast del elevar som fullfører og består innan dei studieførebuande utdanningsprogramma. Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma har den største nedgangen samanlikna med førre skoleår.
Påbygging til generell studiekompetanse har lågast delen elevar som fullfører og består. Dette er i tråd med det nasjonale biletet og kan tyde på at overgangen frå yrkesfag til påbygg framleis er krevjande for mange elevar.
Av dei ulike utdanningsprogramma har idrettsfag den høgaste delen elevar som fullfører og består i skoleåret 2025–2026, med 94,3 prosent.
Fullført og bestått fordelt på jenter og gutar
Samla sett var det flest jenter som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i skoleåret 2025–2026. Skilnaden mellom kjønna er liten og har jamna seg ut dei siste åra.
Fordelinga mellom utdanningsretningane viser likevel tydelege forskjellar:
- På studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse var det flest jenter som fullførte og bestod.
- På dei yrkesfaglege utdanningsprogramma var det flest gutar som fullførte og bestod.
Fullført og bestått fordelt på skolar og trinn
Fordelinga av resultat på skolar og trinn viser at dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal gjennomgåande gir god opplæring, og at dei fleste elevane meistrar og består dei faga dei tek.
Samtidig ser ein variasjon mellom skolane, og denne heng i stor grad saman med ein sentral faktor, grunnskolepoeng. Elevar med høgare karaktergrunnlag frå ungdomsskolen har generelt høgare sannsyn for å bestå fag og fullføre vidaregåande opplæring.
| Skole | Vg1 | Vg2 | Vg3 | Totalt |
|---|---|---|---|---|
| Atlanten videregående skole | 91,8 | 95,8 | 91,3 | 92,8 |
| Borgund vidaregåande skole | 74,5 | 84,8 | 76,2 | 79,2 |
| Gjermundnes vidaregåande skule | 79,1 | 91,3 | 100,0 | 84,0 |
| Haram vidaregåande skule | 88,8 | 92,6 | 94,0 | 91,1 |
| Herøy vidaregåande skule | 88,2 | 86,6 | 87,6 | |
| Hustadvika vidaregåande skole | 82,9 | 93,3 | 68,3 | 83,0 |
| Kristiansund videregående skole | 81,1 | 91,3 | 81,6 | 85,4 |
| Molde videregående skole | 93,4 | 90,0 | 91,1 | 91,5 |
| Rauma videregående skole | 75,0 | 88,9 | 93,1 | 82,3 |
| Romsdal videregående skole | 87,6 | 94,3 | 90,8 | 90,7 |
| Spjelkavik videregående skole | 95,0 | 90,2 | 89,9 | 91,8 |
| Stranda vidaregåande skole | 73,2 | 84,2 | 94,1 | 83,2 |
| Sunndal vidaregåande skole | 84,3 | 93,8 | 85,7 | 88,1 |
| Surnadal vidaregåande skole | 88,1 | 90,0 | 96,0 | 90,9 |
| Sykkylven vidaregåande skole | 90,3 | 92,5 | 92,0 | 91,4 |
| Tingvoll vidaregåande skole | 87,5 | 100,0 | 93,8 | 90,8 |
| Ulstein vidaregåande skole | 97,5 | 91,1 | 86,6 | 92,2 |
| Volda vidaregåande skole | 87,1 | 92,2 | 89,5 | 89,4 |
| Ørsta vidaregåande skole | 88,3 | 94,7 | 80,0 | 90,9 |
| Ålesund videregående skole | 82,4 | 90,8 | 81,6 | 85,4 |
| Kjelde: Qlik Sense, Møre og Romsdal fylkeskommune | ||||
3.3 Karakterar
Karaktersnitt
Karaktersnittet i Møre og Romsdal er stabilt, med eit gjennomsnitt på 4,21 i skoleåret 2025–2026. Etter den markante auken i karakterar under pandemien ligg karaktersnittet framleis høgare enn i åra før pandemien. Det er elles små endringar i standpunktkarakterane samanlikna med førre skoleår.
Karaktersnitt fordelt på utdanningsretning og kjønn
Karaktersnittet fordelt på kjønn og utdanningsretning viser i hovudsak det same mønsteret som tidlegare år. Jentene på dei studieførebuande utdanningsprogramma har framleis det høgaste karaktersnittet, medan det elles er små endringar mellom utdanningsretningane.
Karaktersnitt fordelt på utdanningsprogram
Sjølv om karaktersnittet varierer noko mellom utdanningsprogramma, er endringane samla sett små, og karakternivået i fylket er stabilt. I skoleåret 2025–2026 hadde musikk, dans og drama og naturbruk det høgaste karaktersnittet, begge med 4,44.
Eksamen
Tabellen under viser resultata frå skriftleg eksamen i utvalde fellesfag, der gjennomsnittskarakterane i Møre og Romsdal er samanlikna med landsgjennomsnittet.
Møre og Romsdal ligg over landsgjennomsnittet i alle dei utvalde faga, noko som tyder på god fagleg kvalitet og vurderingspraksis ved fylket sine vidaregåande skolar.
Dei største positive avvika finn vi i engelsk Vg1 studieførebuande utdanningsprogram og matematikk 1P. I begge faga ligg gjennomsnittskarakteren i Møre og Romsdal 0,4 karakterpoeng over landsgjennomsnittet.
| Fag | Møre og Romsdal | Hele landet |
|---|---|---|
| Engelsk vg1 studieforberedende utdanningsprogram | 4,8 | 4,4 |
| Engelsk vg1 yrkesfaglige utdanningsprogram | 3,8 | 3,6 |
| Matematikk 1P | 3,0 | 2,6 |
| Matematikk 1T | 3,7 | 3,5 |
| Matematikk 2P | 3,1 | 3,0 |
| Matematikk 2P-Y | 3,0 | 2,9 |
| Norsk, vg2 yrkesfaglige utdanningsprogram | 3,7 | 3,5 |
| Norsk hovedmål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, skriftlig | 3,7 | 3,6 |
| Norsk sidemål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, skriftlig | 3,8 | 3,6 |
| Kjelde: Karakterstatistikk for videregåande skole, Utdanningsdirektoratet | ||
Forutsetningar - karaktergrunnlag frå grunnskolen
Karaktergrunnlaget frå grunnskolen har stor betydning for gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Låge grunnskolekarakterar er ein viktig risikofaktor for manglande gjennomføring, og fråvær i grunnskolen kan òg ha betydning for både faglege resultat og gjennomføring.
Karaktergrunnlaget frå grunnskolen har gått litt ned samanlikna med skoleåret 2024–2025. Jentene har framleis høgare karaktergrunnlag enn gutane.
Fritak i fag i grunnskolen
I tillegg til fråvær og låge grunnskolekarakterar, kan også fritak i fag i grunnskolen ha betydning for elevane sine faglege føresetnader og gjennomføring i vidaregåande opplæring.
Frå skoleåret 2021–2022 til 2025–2026 ser vi ein tydeleg auke i delen elevar på 10. trinn i Møre og Romsdal som har fritak i fag i grunnskolen. Tabellen viser utviklinga i eit utval sentrale fag. Mange av elevane med fritak går vidare til tilrettelagde opplæringsløp, men auken er også synleg blant elevar som startar i ordinære løp i vidaregåande opplæring.
Utviklinga er særleg tydeleg i matematikk, der delen elevar med fritak har dobla seg frå 2021–2022 til 2025–2026. For elevar som går vidare til ordinære løp, kan manglande opplæring og vurdering i sentrale fag gi eit svakare fagleg utgangspunkt for å møte krava i vidaregåande opplæring. Dette er særleg relevant når vi samtidig ser at matematikk er faget der flest elevar i vidaregåande opplæring får karakteren 1 eller IV.
Både nasjonalt og i Møre og Romsdal har det vore ein vekst i delen elevar med fritak i fag i grunnskolen.
| Fag i ungdomsskolen | 2021-22 | 2022-23 | 2023-24 | 2024-25 | 2025-26 |
|---|---|---|---|---|---|
| Engelsk | 3,7% | 4,9% | 6,9% | 6,7% | 6,7% |
| Kroppsøving | 3,0% | 3,9% | 5,4% | 5,3% | 5,6% |
| Matematikk | 4,0% | 5,2% | 8,0% | 7,7% | 8,0% |
| Naturfag | 3,4% | 4,5% | 6,7% | 6,3% | 6,1% |
| Norsk hovedmål, skriftlig | 3,7% | 5,4% | 7,1% | 6,7% | 7,1% |
| Norsk sidemål, skriftlig | 14,8% | 16,9% | 21,7% | 23,1% | 22,5% |
| Kjelde: Qlik Sense, Møre og Romsdal fylkeskommune | |||||
Overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring
Opplæringslova har gitt fylkeskommunen, i samarbeid med kommunane, eit ansvar for at elevane skal få ein trygg og god overgang frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. I overgangen frå grunnskolen er det viktig med samordna innsats mellom aktørar og nivå.
Fylkeskommunen har utarbeidd eit informasjonshefte over tiltak som blir gjort av fylkeskommunen og kommunane. I tillegg til informasjonen som er tilgjengeleg, er det eit system for samarbeid både om kompetanseheving og fysiske samarbeidsmøte mellom fylkeskommunen og kommunane.
Ein viktig del av arbeidet i overgangen er at dei vidaregåande skolane får tilgang til informasjon om elevgruppa så tidleg som mogleg. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit digitalt verktøy for tidleg identifisering av elever som kan stå i fare for å ikkje fullføre eller bestå opplæringa. Verktøyet er ein app som blir brukt i arbeid med inntak, identifisering og planlegging. Målet er å gi skolane eit best mogleg informasjonsgrunnlag om elevgruppa før skolestart, slik at dei kan planlegge opplæringa både på gruppe- og individnivå. Appen gjer det mogleg for skolane å tidleg identifisere elevar som treng tilrettelegging og oppfølging, og kan også brukast som støtte i klasseinndeling. Dette gir skolane betre føresetnader for å vere førebudde og sette i gang førebyggande tiltak tidleg i skoleåret.
3.4 Fråvær
Fråværet blant elevane i Møre og Romsdal gjekk ned i skoleåret 2025–2026 samanlikna med året før. Etter ein markant auke dei tre føregåande skoleåra er det positivt at utviklinga no har snudd. Fråværet er også lågare enn i skoleåret 2022–2023.
Fråværet ligg likevel framleis høgare enn før pandemien. Endringar i registreringa av fråvær i pandemiåra gjer at desse åra ikkje er direkte samanliknbare med åra før og etter.
I skoleåret 2025–2026 hadde elevane i Møre og Romsdal eit gjennomsnittleg totalfråvær på 6,2 prosent, mot 6,9 prosent på landsbasis. Møre og Romsdal ligg dermed under landsgjennomsnittet. Berre Rogaland har lågare fråvær, medan Trøndelag ligg på same nivå som Møre og Romsdal.
Fråvær målt i median
Fråværstala som Utdanningsdirektoratet publiserer, viser medianfråvær. Medianen er den midtarste verdien når resultata blir sorterte, og gir eit godt bilete av det typiske fråværet fordi han i mindre grad enn gjennomsnittet blir påverka av elevar med svært høgt fråvær.
I skoleåret 2025-2026 hadde elevane i Møre og Romsdal eit medianfråvær på tre dagar og 18 enkelttimar, samanlikna med tre dagar og 22 enkelttimar nasjonalt.
Etter fleire år med høgare dagsfråvær viser tala no ei positiv utvikling. Utdanningsdirektoratet viser til at dagsfråværet har gått ned for første gong sidan koronapandemien og er tilbake på nivået frå før pandemien.
Samanlikna med skoleåret 2024–2025 har dagsfråværet gått ned med tre dagar i Møre og Romsdal og to dagar nasjonalt. Samstundes har timefråværet auka med to timar, både i Møre og Romsdal og nasjonalt. I Møre og Romsdal har timefråværet auka på vg1 og vg3, medan det er stabilt på vg2. Nasjonalt har timefråværet auka på alle trinn.
Utvikling i fråvær frå skoleåret før fråværsgrensa vart innført:
Timefråværet aukar med klassetrinnet, både i Møre og Romsdal og nasjonalt. På alle trinn er timefråværet lågare i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet:
- Vg1: 16 timar i Møre og Romsdal, mot 19 timar nasjonalt
- Vg2: 17 timar i Møre og Romsdal, mot 22 timar nasjonalt
- Vg3: 22 timar i Møre og Romsdal, mot 27 timar nasjonalt
Gutar på studieførebuande har hatt den største auken, med tre timar. Det er også gutane på studieførebuande som har hatt størst auke samanlikna med skoleåret 2018-2019, før pandemien.
Generelt er timefråværet høgare på studieførebuande enn på yrkesfaglege utdanningsprogram, både i Møre og Romsdal og nasjonalt. Ei mogleg forklaring på det lågare fråværet på yrkesfag er at fråværet på vitnemålet kan ha betydning for moglegheita til å få læreplass.
Målt i median varierer fråværet mellom fylka frå to til tre dagar og frå 17 til 29 timar.
Agder, Rogaland, Vestfold og Østfold har eit dagsfråvær på to dagar, medan dei andre fylka ligg på tre dagar. Møre og Romsdal ligg dermed på landsgjennomsnitt med tre dagar.
Timefråvær er lågast i Telemark med 17 timar og høgast i Oslo med 29 timar. Møre og Romsdal blant fylka med lågast timefråvær, med 18 timar, mot landsgjennomsnittet på 22 timar.
3.5 Elevar utan vurderingsgrunnlag i fag
Delen elevar utan vurderingsgrunnlag (IV) er stabil i Møre og Romsdal samanlikna med året før. I skoleåret 2025-2026 mangla 2,1 prosent av elevane vurderingsgrunnlag i minst eitt fag, mot 2,4 prosent nasjonalt.
Delen som mangla vurderingsgrunnlag i berre eitt fag, gjekk ned frå 0,8 prosent til 0,6 prosent. Også nasjonalt var det ein nedgang, frå 1,0 til 0,9 prosent. Møre og Romsdal ligg dermed framleis under landsgjennomsnittet.
Om statistikken for elever utan vurderingsgrunnlag
Statistikken «Elever uten vurderingsgrunnlag» gir oversikt over hvor stor andel av elevene i videregående skole som ikke får karakter fordi de har overskredet fraværsgrensen eller mangler vurderingsgrunnlag i ett eller flere fag ved standpunkt. Skolen fører da koden IV i stedet for standpunktkarakter.
3.6 Elevar som har slutta
I skoleåret 2025–2026 slutta 3,1 prosent, tilsvarande 275 elevar, i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Delen elevar som sluttar, er relativt stabil, og ligg under landsgjennomsnittet på 3,4 prosent.
Fordelt på trinn er delen elevar som sluttar, høgast på Vg1. Delen er også høgare på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma enn på dei studieførebuande, og det er framleis tydelege forskjellar mellom utdanningsretningane. Idrettsfag har den lågaste delen elevar som sluttar, med 0,4 prosent i skoleåret 2025–2026.
Forskjellen mellom kjønna har auka og endra retning frå førre skoleår. I skoleåret 2025–2026 slutta 3,4 prosent av jentene og 2,9 prosent av gutane, medan tilsvarande tal i 2024–2025 var 3,0 prosent for jenter og 3,1 prosent for gutar.
Dei fleste elevane som slutta i skoleåret 2025–2026, gjorde det i januar. Dette er ei endring frå skoleåret 2024–2025, då flest elevar slutta i oktober. Oktober, november og januar var månadene med flest elevar som slutta i skoleåret 2025–2026.
Når ein ser på sluttårsakene, er stort fråvær framleis den vanlegaste registrerte årsaka til at elevar sluttar. Omfanget er relativt stabilt samanlikna med førre skoleår. Mange elevar er også registrerte med «anna fråfallsårsak/ikkje oppgitt årsak» eller «personlege årsaker».
Samanlikna med førre skoleår er det nokre endringar i dei registrerte sluttårsakene:
- Fleire elevar er registrerte med feilval som sluttårsak.
- Det er ein auke i kategoriane «anna fråfallsårsak/ikkje oppgitt årsak» og «personlege årsaker».
- Færre elevar sluttar for å gå ut i arbeid.
- Talet på elevar som tek permisjon frå opplæringa, har gått noko ned. Desse elevane er sikra skoleplass ved neste inntak og har dermed moglegheit til å halde fram opplæringa.
Samanlikna med andre fylke har Møre og Romsdal ein relativt låg del elevar som sluttar i vidaregåande opplæring.
3.7 Ungdom i oppfølgingstenesta (OT)
Oppfølgingstenesta (OT) følgjer opp ungdom mellom 16–24 år som verken er i skole, lære eller arbeid. Tenesta skal formidle tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremmande tiltak.
Talet på ungdommar som er registrerte hos OT, har auka betydeleg dei siste to åra. Frå juni 2025 til juni 2026 auka talet med om lag 6 500 ungdommar på landsbasis og om lag 1 000 i Møre og Romsdal. Auken heng i stor grad saman med at målgruppa er utvida frå 16–21 år til 16–24 år. I tillegg har OT fått ansvar for ungdom som har fullført vidaregåande opplæring utan å bestå, til dømes elevar som ikkje har bestått alle fag, eller lærlingar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva. Endringane har gitt fleire ungdommar rett til oppfølging og dermed auka oppgåveomfanget for tenesta.
På landsbasis vart 38 prosent av ungdommane som fekk oppfølging frå OT, kontakta fordi dei ikkje hadde søkt skole- eller læreplass, mot 45 prosent i 2025. I Møre og Romsdal gjekk delen ned frå 55 til 41 prosent.
I Møre og Romsdal hadde 14 prosent av ungdommane takka nei til skoleplass, samanlikna mot 7 prosent på landsbasis. For ungdommar som var utanfor opplæring og arbeid av andre grunnar, var delen 14 prosent både i Møre og Romsdal og nasjonalt.
Vidare vart 15 prosent nasjonalt og 11 prosent i Møre og Romsdal kontakta fordi dei hadde slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret 2025–26. Delen er lågare enn i juni 2025, både nasjonalt og i Møre og Romsdal. Dette kan tyde på at fleire held fram i vidaregåande opplæring framfor å slutte.
Skolane i fylket har gode rutinar for avklaring og oppfølging i overgangen frå opplæring til oppfølging i OT. Det som framleis er mest krevjande, er å etablere kontakt med ungdom som takkar nei til skoleplass eller ikkje møter til skolestart.
OT skal kontakte alle i målgruppa som står utanfor eller avbryt opplæringa, for å gi rettleiing og oppfølging med mål om ny aktivitet. Målet er at ingen i målgruppa skal vere ukjende for OT. I juni 2026 var 16,9 prosent av ungdommane i målgruppa i Møre og Romsdal ukjende for OT, mot 31,0 prosent på landsbasis.
Delen ungdommar med ukjend aktivitet har auka dei siste to åra. Dette må sjåast i samanheng med utvidinga av målgruppa. OT skal no følgje opp langt fleire, og det er særleg krevjande å få kontakt med dei eldste som kom inn i målgruppa etter lovendringa.
Figuren under viser fordelinga av ungdommane på ulike aktivitetskategoriar. I Møre og Romsdal var 43,4 prosent av ungdommane i aktivitet, samanlikna mot 38,0 prosent på landsbasis. Aktivitet kan mellom anna vere opplæring, arbeid eller arbeidspraksis i regi av fylkeskommunen eller NAV.
Aktivitet kan mellom anna vere opplæring, arbeid eller arbeidspraksis i regi av fylkeskommunen eller NAV.
Statuskodane er delte inn i fire hovudgrupper:
- i aktivitet (unge som har begynt i skole, arbeid eller tiltak)
- avklart (unge treng ikkje oppfølging på dåverande tidspunkt)
- under oppfølging og rettleiing (unge ein førebels ikkje har funne eit tilbod til)
- ukjend (oppfølgingstenesta har ikkje fått kontakt med dei unge)
Fleire unge utanfor skole og arbeid | udir.no