1 Innleiing

1.1 Om kvalitetsmeldinga og mål for opplæringa

Kvalitetsmeldinga 2026 er ein tilstandsrapport som gir ei samla framstilling av kvaliteten i den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvalitetsmeldinga skal gi retning og grunnlag for det vidare arbeidet med kvalitetsutvikling, og sikre at skoleeigar har dei nødvendige føresetnadene for å arbeide heilskapleg og målretta med kvalitet i opplæringa. I Fylkesstrategi for kompetanse og dei tilhøyrande delstrategiane, Kvalitet i vidaregåande opplæring og Tilbod i vidaregåande opplæring, er det fastsett mål og prioriteringar for opplæringa i fylket. Krav til informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa er heimla i opplæringslova § 17-12.

Fylkestinget er det øvste organet med ansvar for den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvalitetsmeldinga skal gi Fylkestinget kunnskapsgrunnlag for å følgje utviklinga i opplæringa og vurdere kvaliteten på ein god måte. Dei vedlagde årsmeldingane frå skolane gir eit bilete av den enkelte skole, med omtale av elevsamansetning, organisering, resultat og korleis det blir arbeidd med kvalitetsutvikling og læringsmiljø. Årsmeldingane dannar også eit viktig grunnlag for dialog og drøfting mellom skolane og skoleeigar, og er sentrale i arbeidet med å vidareutvikle kvaliteten slik at opplæringa blir best mogleg for elevane i fylket.

Data i Kvalitetsmeldinga 2026 er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), Utdanningsdirektoratet, fylkeskommunen sitt inntakssystem Vigo og IT-tenestene frå Novari (Qlik). Tala viser resultat både på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå, medan årsmeldingane frå skolane gir oversikt over resultat og utvikling på skolenivå. Nokre av tala for skoleåret 2025–2026 blir oppdaterte etter ferdigstillinga av kvalitetsmeldinga, og dette kan føre til mindre justeringar i statistikken. Deler av datagrunnlaget er unnateke offentleg innsyn der det er risiko for identifisering av enkeltpersonar, av omsyn til personvernet.

1.2 Årshjul for kvalitetsarbeid

Arbeidet med kvaliteten i dei vidaregåande skolane skjer i tett dialog mellom skoleeigar og skoleleiarar. Årshjulet er eit uttrykk for dette, og viser korleis samarbeidet er forankra:

August: Rektormøte. Arbeid med kvalitetsmelding, handlingsplanar og årsmeldingar.
September: Rektormøte.
Oktober: Skoleleiarsamling. Ferdigstille kvalitetsmelding og årsmeldingar. Elevundersøkinga og Lærlingundersøkinga.
November: Rektormøte og kvalitetsdialog med skolane. Kvalitetsmeldinga i Ungdommens fylkesråd, Yrkesopplæringsnemnda og Kompetanse- og næringsutvalet. Undervisningsevalueringa.
Desember: Rektormøte. Kvalitetsmeldinga i Fylkestinget.
Januar: Rektormøte. Rullering av delstrategi for kvalitet.
Februar: Toppleiarsamling.
Mars: Rektormøte og kvalitetsdialog med skolane. Høyring av delstrategi for kvalitet.
April: Rektormøte. Delstrategi for kvalitet i Ungdommens fylkesråd.
Mai: Rektormøte og oppdragsavtalar med skolane. Delstrategi for kvalitet i Yrkesopplæringsnemnda og Kompetanse- og næringsutvalet.
Juni: Rektormøte. Delstrategi for kvalitet i Fylkestinget.

Kvalitetsmeldinga og årsmeldingane frå skolane skapar grunnlag for blant anna kvalitetsdialogar, oppdragsavtalar mellom skoleeigar og skolar, handlingsplanar og Delstrategi for kompetanse - kvalitet i vidaregåande opplæring. Under eitt er kvalitetsmeldinga heilt sentral i det årlege kvalitetsarbeidet.

1.3 Om vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 20 vidaregåande skolar. Skolestrukturen er desentralisert, med vidaregåande skolar i alle dei ulike regionane i fylket.

Skoleåret 2024–2025 vart Nettskolen Møre og Romsdal etablert. Skoleåret 2025–2026 var første år med ordinær drift, med eit fullverdig opplæringstilbod til vaksne som ønsker å oppnå generell studiekompetanse. Nettskolen tilbyr, i samarbeid med ressurssentera ved dei vidaregåande skolane, vidaregåande opplæring for vaksne som ønsker å oppnå generell studiekompetanse. Våren 2025 vart det etablert fire regionale ressurssenter for å ivareta opplæringstilbodet for vaksne. Ressurssentera er organiserte som eigne avdelingar ved Borgund vgs, Kristiansund vgs, Romsdal vgs og Ørsta vgs.

I tillegg har fylkeskommunen ansvar for fagskolen i Møre og Romsdal, med avdelingar i Kristiansund og Ålesund. Fagskolen rapporterer til fagskolestyret, og statistikk og tal for fagskolen er ikkje ein del av denne kvalitetsmeldinga.

Kart over vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylke per 2025.

Kart over vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylke per 2025.

I skoleåret 2025-2026 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 9 070 elevar og 2 925 lærlingar, lærekandidatar og fagbrev på jobb kandidatar. Omlag 62 prosent av dei i vidaregåande opplæring høyrde til yrkesfaga, mens 38 prosent høyrde til studieførebuande utdanningsprogram. Den gjennomsnittlege skolestorleiken låg på 454 elevar. Dei to minste skolane er Tingvoll vgs med 63 elevar og Stranda vgs med 118. Størst er Ålesund vgs med 1 213 elevar. Utdanningssektoren har omlag 1 533 årsverk. Av desse har rundt 1 163 pedagogisk ansvar.

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr opplæring i ordinære opplæringsløp, i tillegg til fleksible opplæringsløp. Fleksible opplæringsløp er regulert i lokal forskrift om fleksibilitet i fag- og timefordeling. I kvalitetsmeldinga inngår fleksible opplæringsløp i statistikken for utdanningsprogramma dei høyrer til.

Møre og Romsdal fylkeskommune har 258 godkjente sjølvstendige lærebedrifter og 1 147 medlemsbedrifter i 52 godkjente samarbeidsorgan for lærebedrifter (opplæringskontor).

Fylkeskommunen er fagleg og administrativt ansvarleg for både grunnskoleopplæring og opplæring på vidaregåande nivå i kriminalomsorga. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for opplæringstilbod ved Hustad fengsel og Ålesund fengsel, opplæringa er knytt til Hustadvika vgs og Borgund vgs. I tillegg har fylkeskommunen fagleg, økonomisk og juridisk ansvar for opplæring for barn og ungdom ved barneverns- og helseinstitusjonar.

Ungdom mellom 16-24 år som verken er i opplæring eller arbeid, har lovfesta rett til oppfølging frå oppfølgingstenesta (OT). I Møre og Romsdal er det 10 årsverk knytte til OT, fordelte på 17 rådgivarar rundt om i fylket. Rådgivarane har tett kontakt med ungdommane, og samarbeider med vidaregåande skolar, NAV, kommunar og andre samarbeidspartnarar for å sikre heilskapleg oppfølging.

1.4 Inntak til dei vidaregåande skolane

Inntak til vidaregåande opplæring og dimensjoneringa av opplæringstilboda er styrt av lov, forskrifter og politiske prioriteringar. Alle som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Ungdomsretten varer fram til ein har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut det skoleåret som startar når ein fyller 24 år. Dei som ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne (jf. opplæringslova §§ 5-1 og 18-3).

Møre og Romsdal legg størst vekt på kva kompetanse samfunnet treng i dimensjoneringa av den vidaregåande opplæringa, i tråd med opplæringslova § 5-3 og Delstrategi for kompetanse. Tilbod i vidaregåande opplæring 2025-2028.

Alle søkarar til vidaregåande opplæring for ungdom får tilbod om skoleplass på 1 av 3 søkte studieprogram på trinn 1 (jf. opplæringslova § 5-1 sjette ledd). Skoleåret 2025-2026 fekk 82,9 prosent av søkarane med ungdomsrett oppfylt primærønsket sitt på Vg1. Til samanlikning fekk 87,6 prosent av søkarane med ungdomsrett oppfylt primærønsket sitt på Vg1 inneverande skoleår 2026-2027.

Antall elever i videregående skole, Møre og Romsdal 2025-26
Utdanningsprogram Vg1 Vg2 Vg3 Alle trinn
Studieforberedende utdanningsprogram 1 449 1 189 1 366 4 004
Påbygg etter yrkesfaglig vg2 419 419
Påbygg etter oppnådd yrkeskompetanse 146 146
Yrkesfaglige utdanningsprogram* 2 411 1 935 155 4 501
Alle utdanningsprogram 3 860 3 124 2 068 9 070
Kilde: Utdanningsdirektoratet. *Inkluderer studieforberedende vg3 naturbruk