8 Ressursbruk
Ressursbruken i vidaregåande opplæring blir påverka av fleire faktorar, mellom anna skolestorleik, fordelinga mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram og elevtal per klasse. I yrkesfag er elevtalet per klasse om lag halvparten av elevtalet i studieførebuande utdanningsprogram. Dette bidreg til høgare kostnader per elev og kan forklare delar av variasjonen i ressursbruk mellom skolar og fylke.
Tala for ressursbruk i vidaregåande opplæring blir publiserte av SSB på ssb.no. I tillegg har KS utvikla ein Ressursbruksindikator som justerer for ulike utgiftsbehov, dette gjer det mogleg å samanlikne Møre og Romsdal fylkeskommune med andre fylke.
I skoleåret 2025-2026 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 9 070 elevar fordelt på 20 vidaregåande skolar. I snitt hadde våre skolar 454 elevar.
Til samanlikning hadde fylkeskommunane i snitt 556 elevar per skole, noko som betyr at Møre og Romsdal ligg 23 prosent under landsgjennomsnittet. Berre Finnmark (231 elevar), Troms (381 elevar), Nordland (437) og Vestland (449 elevar) hadde lågare elevtal per skole, medan Østfold (912) og Vestfold (847) hadde flest elevar per skole.
I 2025 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 8,8 elevar per lærarårsverk. Berre Oslo, Vestfold og Østfold hadde fleire elevar per lærarårsverk (eller alternativt færre lærarar per elev). To av dei nemnde fylka er dei som har høgast tal på elevar per skole, og Oslo har ein svært høg del elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Møre og Romsdal har på si side den nest høgaste delen elevar på yrkesfag, etter Finnmark. Justert for dette, eller samanlikna med meir liknande fylke, har Møre og Romsdal klart færrast lærarårsverk i forhold til elevtalet.
Ressursbruksindikatoren for vidaregåande opplæring, utvikla av KS, korrigerer for forskjellar i utgiftsbehov mellom fylka. Indikatoren tek meir spesifikt omsyn til delen 16–18-åringar, søkarar til høgkostnadsprogram (yrkesfag og musikk, dans og drama), reiseavstand og delen søkarar til fagopplæring.
Indikatoren for 2025 viser at Møre og Romsdal får ein verdi på 0,85. Det betyr at Møre og Romsdal fylkeskommune brukte 15 prosent mindre ressursar enn landsgjennomsnittet, justert for forskjellar i utgiftsbehov.
Ressursbruksindikatoren for 2025 blir også presentert som kostnad per innbyggar. Møre og Romsdal fylkeskommune brukte 1 280 kroner mindre per innbyggar enn landsgjennomsnittet i 2025, justert for utgiftsbehovet. Gonger vi dette talet med eit folketal på 270 000, får vi 345 millionar kroner. Det betyr at dersom Møre og Romsdal fylkeskommune hadde brukt 345 millionar kroner meir på vidaregåande opplæring, ville ressursbruken vore på nivå med landsgjennomsnittet, justert for utgiftsbehovet.
For å sikre kontinuitet og vise utviklinga over tid er også 2024-versjonen av ressursbruksindikatoren presentert her. I 2024 brukte Møre og Romsdal fylkeskommune 12 prosent mindre enn landsgjennomsnittet, justert for utgiftsbehovet.
Ressursbruksindikatoren for 2024 presentert som kostnad per innbyggar viser at Møre og Romsdal fylkeskommune brukte 997 kroner mindre per innbyggar enn landsgjennomsnittet. Med andre ord måtte fylket ha brukt 270 millionar kroner meir i 2024 for å ha same ressursbruk som landsgjennomsnittet, justert for utgiftsbehovet.