7 Leiing og profesjonsutvikling
7.1 Vurderinga til skoleeigar
Skoleeigar skal halde fram med å legge til rette for sterke profesjonsfellesskap, både på den enkelte skole og på tvers av dei vidaregåande skolane i fylket. Skolane skal utvikle lærande fellesskap blant dei tilsette og bidra aktivt til samarbeid på tvers av skolar og med næringsliv og eksterne fagmiljø. Leiing og profesjonsutvikling skal vere ein integrert del av det systematiske kvalitetsarbeidet og bidra til kontinuerleg utvikling i åra framover.
Kvalitetsdialogane mellom kompetanse- og næringsavdelinga og leiarane på skolane skjer jamleg og er ein del av årshjulet for kvalitetsarbeid (sjå pkt. 1.2). Kvar haust og vår blir det gjennomført individuelle dialogmøte mellom avdelinga og leiinga ved den enkelte skole. I tillegg blir det arrangert rektormøte jamleg, ei skoleleiarsamling på hausten og ei toppleiarsamling på våren. Desse arenaene er sentrale for vidareutvikling av leiarrolla.
Fagnettverka er den mest omfattande delen av etterutdanningstilbodet i fylket og ein sentral arena for profesjonsutvikling på tvers av skolane. Nettverka legg til rette for kunnskapsdeling, fagleg oppdatering, erfaringsutveksling og kollektiv refleksjon. Dei bidreg til å styrke kvaliteten på opplæringa ved å kople saman forsking, praksis og lokale utviklingsbehov. Skoleeigar vil halde fram med å vidareutvikle fagnettverka i tett samarbeid med skoleleiarar, profesjonsorganisasjonane og nettverka sjølve. Målet er å sikre levande læringsfellesskap der fagleg kompetanse blir utvikla og delt på tvers av skolar og utdanningsprogram. Fagnettverka blir drifta av skolane gjennom oppdragsavtalar med kompetansesjefen, som skal sikre struktur, forankring og fagleg retning.
Arbeid med læreplanverket (LK 20), vurderingspraksis og elevmedverknad, læringsmiljø for inkluderande praksis og kunstig intelligens i skolen (KI i skolen) har vore fokusområde innan tilskotsordningar for lokal kompetanseutvikling skoleåret 2025-2026.
Utdanningsdirektoratet sitt nye system for kompetanse- og karriereutvikling (SKK) for alle tilsette i utdanningssektoren, inkludert fag- og vaksenopplæringa, blir fasa inn for skoleåret 2026-2027. Systemet vil erstatte fleire av dagens tilskots- og vidareutdanningsordningar. Målet er eit meir samanhengande, føreseieleg og strategisk system for kompetanseutvikling, som skal gjere det enklare for både skoleeigar og skolar å planlegge langsiktig.
7.2 Kompetanseutvikling
Kompetanseutvikling for tilsette er ei kontinuerleg og lovpålagt oppgåve, jf. opplæringslova kapittel 17 (Lovdata, 2023). Skoleeigar har ansvar for å sikre rett og nødvendig kompetanse i alle fagmiljø, slik at opplæringa er forsvarleg og fagleg oppdatert.
Kompetanseutvikling skjer gjennom tre hovudformer:
- Grunnutdanning for dei som manglar formell lærarkompetanse
- Vidareutdanning som gir studiepoeng og formell fordjuping
- Etterutdanning som er praksisnær og skjer i profesjonsfellesskap på skolane og på tvers av dei
Kompetanseutviklingstiltak skal vere forankra i skolane sine kompetanseplanar og prioriterte satsingsområde.
7.2.1 Grunnutdanning - Utdannings- og rekrutteringsstipend
Tilsette lærarar utan godkjent utdanning, og personar som ønsker å kvalifisere seg til læraryrket, kan søke utdannings- og rekrutteringsstipend gjennom Utdanningsdirektoratet. Ordninga omfattar stipend til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU og PPU-Y), stipend til yrkesfaglærarutdanning (YFL), stipend for minoritetsspråklege lærarar og stipend for å fullføre påbegynt lærarutdanning.
Møre og Romsdal fylkeskommune fekk godkjent 20 søkarar i 2025 og 23 søkarar i 2026. Dette viser jamn rekruttering til læraryrket, men det er framleis behov for å styrke tilgangen på lærarar med relevant yrkesfagleg bakgrunn i fleire utdanningsprogram.
7.2.2 Vidareutdanning
I skoleåret 2025–2026 tok 53 lærarar vidareutdanning gjennom den statlege strategien Kompetanse for kvalitet.
Frå hausten 2026 har fylkeskommunane fått ansvar for å administrere vidareutdanninga i større grad, dette skjer gjennom det nye systemet for kompetanse- og karriereutvikling (SKK). Fylkeskommunen mottek tilskot til vidareutdanning frå Utdanningsdirektoratet, og tildeler tilskot til tilsette etter søknad. Hausten 2026 er 53 lærarar tatt inn i ordninga. Deltakarane er prioriterte av skolane for å sikre samsvar med kompetansebehov og skolane sine kompetanseutviklingsplanar.
Skoleleiarar får òg tilbod om vidareutdanning gjennom dei statlege ordningane for rektorutdanning og vidareutdanning for leiarar. Hausten 2025 starta tre skoleleiarar på rektorutdanning, og hausten 2026 starta ytterlegare to.
7.2.3 Etterutdanning
Formålet med etterutdanning er å styrke den kollektive kompetansen ut frå lokale behov. Mesteparten av arbeidet skjer i fagnettverka og i profesjonsfellesskapa på den enkelte skole, der refleksjon, deling og læring står sentralt. Fylkeskommunen nyttar både eigne midlar og statlege tilskotsordningar for å finansiere etterutdanninga. Kompetanse- og næringsavdelinga bidreg til kompetanseutvikling gjennom samlingar, verkstadar og nettverksarenaer for ulike målgrupper i skolen og yrkesopplæringa.
Dekom-yrkesfag, Dekom-skole og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er tilskotsordningar for lokal kompetanseutvikling. Desse tre ordningane vil frå skoleåret 2026-2027 bli vidareført som kollektiv kompetanseutvikling i det nye systemet for kompetanse- og karriereutvikling (SKK).
Dekom-yrkesfag har bidratt til å styrke kompetansen i fag- og yrkesopplæringa gjennom samarbeid mellom skolar, lærebedrifter og arbeidsliv. I Møre og Romsdal vart midlane i 2025–2026 mellom anna nytta til fagleg oppdatering og hospitering for instruktørar, faglege leiarar, prøvenemndsmedlemmar og lærarar i yrkesfaglege utdanningsprogram.
Dekom-skole og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis har styrka den kollektive kompetansen i skolane gjennom samarbeid med universitet og høgskolar. Sidan 2019 har Møre og Romsdal fylkeskommune hatt eit partnarskap med Høgskulen i Volda. Samarbeidet har bidrege til kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring, auka forskingsbasert forståing av praksisfeltet og vidareutvikling av lærarutdanninga.
I skoleåret 2025–2026 var hovudtemaa for kompetanseutvikling:
- arbeid med Kunnskapsløftet 2020
- vurderingspraksis og elevmedverknad
- læringsmiljø og inkluderande praksis
- kunstig intelligens (KI)
Møre og Romsdal fylkeskommune har teke ei aktiv rolle for å møte utviklinga innan kunstig intelligens (KI) og sikre at både tilsette og elevar er rusta for framtida. Eit sentralt tiltak er etableringa av ei eiga arbeidsgruppe for KI i skolen, eit breitt samarbeid mellom kompetanse- og næringsavdelinga, Høgskulen i Volda og tre dedikerte KI-pedagogar frå våre vidaregåande skolar.
Formålet til arbeidsgruppa er å styrke skolane i deira arbeid med konstruktiv og etisk bruk av KI. Dette blir gjort gjennom å utforske, prøve ut og implementere praktisk bruk av teknologien i undervisning og vurdering. Arbeidet er forankra i behova ute på skolane, mellom anna gjennom kartleggingar der lærarane har meldt inn sine ønsker. Som eit resultat av dette blir det no utvikla ei eiga kursrekke for kompetanseheving. I tillegg har fylkeskommunen laga ei eiga temaside på intranettet «Innsida» som samlar ressursar, rettleiingar og godkjende verktøy. Gjennom deltaking i nasjonale forum sikrar vi erfaringsdeling på tvers av fylka, slik at vi både kan lære av andre og dele vår kunnskap. Dette systematiske arbeidet legg til rette for at KI blir ein naturleg del av skoleutviklinga i fylket.
Skolebasert etterutdanning
Skolen skal vere eit lærande fellesskap der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over felles verdiar og utviklar praksisen sin i lag. Kompetanseutvikling må vere forankra i kvar skole, og knytt til dei lokale måla for kvalitetsutvikling. Fleire av skolane deltek i partnarskap med Høgskulen i Volda gjennom tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling. Meir detaljar om skolebasert utviklingsarbeid er omtalt i skolane sine årsmeldingar.
Etter- og vidareutdanning av leiarar
Årleg blir det arrangert ei felles samling for skoleleiarane i fylket, med tema innan leiing og skoleutvikling. I tillegg blir det gjennomført ei toppleiarsamling for rektorar og assisterande rektorar. Rektormøta, som blir haldne jamleg, er ein viktig del av kvalitetsdialogen mellom skolane og skoleeigar, og tek opp aktuelle pedagogiske og organisatoriske tema.
Gjennom Fylkesakademiet får leiarar tilbod om deltaking i fylkeskommunen sitt leiarutviklingsprogram. Dette skal bidra til å styrke strategisk leiing, endringskompetanse og kultur for læring i heile organisasjonen.
Fylkeskommunen arrangerer årleg ein organisasjonskonferanse for leiarar med tema innan medarbeidarskap og leiing. Konferansen er ein viktig arena for kompetanseutvikling innan leiing og organisasjonsutvikling.