4 Internasjonalisering i vidaregåande opplæring

Internasjonalisering skal vere ein naturleg og integrert del av opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune. Skolar, samarbeidsorgan for lærebedrifter og lærebedrifter skal legge til rette for at elevar, lærlingar og tilsette får moglegheit til å tileigne seg internasjonal erfaring og utvide sitt faglege og kulturelle perspektiv. Gjennom EU-programmet Erasmus+ tek fylkeskommunen ei aktiv rolle i å auke og koordinere det internasjonale engasjementet i vidaregåande opplæring.  

4.1 Vurderinga til skoleeigar

Den internasjonale aktiviteten i vidaregåande opplæring er stor og stadig aukande. I 2025 vart Møre og Romsdal fylkeskommune og dei vidaregåande skolane samla tildelt over 20 millionar kroner i eksterne midlar frå Erasmus+ til å sende elevar, lærlingar og tilsette på læringsopphald i Europa. Dette gjer Møre og Romsdal til eit av dei mest aktive fylka i Erasmus+, både i omfang og tildelte midlar.

Dei aller fleste vidaregåande skolane har gjennomført internasjonale prosjekt, enten på eigen hand eller gjennom fylkeskommunen sine fellesprosjekt i Erasmus+. Aktivitetane omfattar yrkesfagleg praksis i utlandet, gruppeutvekslingar og kompetanseheving for tilsette. Samla sett har aktivitetane gitt stort utbytte gjennom utvikling av kunnskap, kompetanse og internasjonale perspektiv. Erfaringane kjem også skolane til gode gjennom deling av praksis og fagleg utvikling.

Fylkeskommunen er akkreditert som Erasmus+ mobilitetskonsortium innanfor:

  • studieførebuande program
  • fag- og yrkesopplæring
  • vaksne si læring

Akkrediteringane gir føreseielege rammer og finansiering for langsiktig utvikling av internasjonalt arbeid. I tillegg har over halvparten av dei vidaregåande skolane eigne akkrediteringar og koordinerer sine eigne Erasmus+-prosjekt. Dette viser ei positiv utvikling mot større lokal forankring og eigarskap.

"Læretid i Europa" har som mål å styrke fag- og yrkesopplæringa gjennom at fleire lærlingar tek delar av læretida si i utlandet, i tråd med kompetansebehova i fylket.

Gjennom satsinga, finansiert av Erasmus+, var rundt 60 lærlingar utplassert i bedrifter i Europa i 2025. Fylkeskommunen vurderer ordninga som eit verkemiddel for å styrke kvaliteten i fag- og yrkesopplæringa, og for å utvikle lærlingar med kompetanse som er relevant i eit stadig meir internasjonalt arbeidsliv.

Samla vurderer fylkeskommunen at internasjonaliseringsarbeidet i vidaregåande opplæring er godt forankra og i positiv utvikling. Den auka deltakinga i Erasmus+ gir fleire elevar, lærlingar og tilsette tilgang til internasjonale læringsarenaer, samstundes som arbeidet bidrar til å styrke kvaliteten i opplæringa.