6 Gjennomføring i yrkesfaga

6.1 Vurderinga til skoleeigar

Yrkesfaga står sterkt i Møre og Romsdal. Over tid har stadig fleire elevar valt yrkesfaglege utdanningsprogram, og godt over halvparten av alle i vidaregåande opplæring høyrer no til i yrkesfaga.

Interessa for praktiske og arbeidslivsretta utdanningsløp er framleis aukande, samstundes som arbeidslivet har stort behov for fagarbeidarar. Det er likevel eit tydeleg gap mellom talet på elevar som startar på yrkesfag, og talet som går vidare til lære etter Vg2. Skal den høge interessa for yrkesfag føre til fleire kvalifiserte fagarbeidarar, er det avgjerande at fleire fullfører opplæringsløpet og går vidare frå Vg2 til lære. Sjølv om overgangen til lære har auka og utviklinga går i rett retning, er det framleis berre litt over halvparten som går vidare til lære. Høg søking til Vg1 gir dermed eit godt utgangspunkt, men er ikkje i seg sjølv nok til å sikre fleire ferdig utdanna fagarbeidarar.

I 2025 viste både formidlingsprosent og tal på nye lærekontraktar ei positiv utvikling. Formidlingsprosenten i Møre og Romsdal ligg godt over landsgjennomsnittet, og det var berre Rogaland og Vestland som hadde ein høgare formidlingsprosent i 2025.

Ein ser større svingingar i gjennomføringsresultata for yrkesfag enn for elevar i vidaregåande skole. Det er fleire grunnar til dette, og alle er viktige å ha med seg i lesinga av resultata. Formidlingsarbeidet til læreplass er kontinuerleg, og tala kan endre seg frå dag til dag. Utarbeiding av lærekontraktar kan ta tid i enkelte tilfelle, og nye kontraktar blir teikna eller heva i løpet av og på tvers av skoleår. Rapporteringa på yrkesfaga og dei med læretid i bedrift er derfor augeblinksbilete, og tala må ikkje reknast som komplette.

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider systematisk og kontinuerleg med å finne læreplassar til eit aukande tal søkarar. For å styrke dette arbeidet har fylkeskommunen nytta midlar frå Samfunnskontrakten for fleire læreplassar til å støtte skolane i formidlinga. I 2026 er satsinga vidareført gjennom Tilskot til kvalifisering og formidling til læreplass. Som ein del av arbeidet er det utvikla eit læreplassrekneskap som gir skolane høve til å følge utviklinga i formidlinga gjennom året og gir oversikt over status og framdrift.

Det kan vere fleire grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Tidlegare var mangel på læreplassar den største utfordringa, medan dette no i større grad gjeld enkelte næringar. Viktige utfordringar er at bedriftene ikkje opplever alle søkarane som tilstrekkeleg kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, og at enkelte bedrifter manglar motivasjon eller kapasitet til å ta inn lærlingar. For somme søkarar er det også krevjande å flytte for å få læreplass.

Det er derfor viktig å halde fram med å styrke samarbeidet mellom skole og arbeidsliv, mellom anna gjennom faget yrkesfagleg fordjuping (YFF). Eit godt samarbeid kan bidra til at opplæringa i skolen blir meir relevant og betre tilpassa det elevane vil møte i arbeidslivet.

For å rette merksemd mot lærlingordninga deler Møre og Romsdal fylkeskommune årleg ut prisen «Årets lærebedrift». Fram til 2025 vart det også delt ut ein pris til «Årets lærling». Denne prisen vart avvikla frå 2026.

Tidlegare analysar viser at mange av søkarane som ikkje får læreplass, anten er i anna vidaregåande opplæring eller får læreplass på eit seinare tidspunkt. Formidlinga av læreplassar er ein kontinuerleg prosess. Søkarar utan tilbod blir overførte til Oppfølgingstenesta (OT) dersom det ikkje er mogleg å tilby læreplass eller eit anna tilbod i vidaregåande opplæring. OT samarbeider med NAV om å finne praksisplassar som kan gi ungdommane erfaring og auke sjansane for læreplass seinare. For mange kan praksis i bedrift vere eit viktig steg mot læretid og fagbrev.

6.2 Over halvparten av elevar og lærlingar høyrer til yrkesfaga

59,4 prosent av alle i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal skoleåret 2025-2026 var elevar og lærlingar i yrkesfaga. Andelen har auka med 0,9 prosentpoeng samanlikna med skoleåret 2024-2025.

Møre og Romsdal ligg godt over landsgjennomsnittet, som er på 52,3 prosent.

Del av alle i vidaregåande opplæring som er elevar og lærlingar i yrkesfaga, prosent, 2025-26
Fylke Del av alle i vidaregåande opplæring som er elevar og lærlingar i yrkesfaga, prosent, 2025-26
Finnmark 67,2
Nordland 62,0
Agder 59,8
Møre og Romsdal 59,4
Troms 58,6
Rogaland 58,3
Trøndelag 58,2
Telemark 58,2
Innlandet 57,9
Vestland 57,1
Østfold 53,4
Hele landet 52,3
Buskerud 51,8
Akershus 39,8
Oslo 28,8

6.3 Yrkesfagleg fordjuping (YFF)

Alle elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram skal ha yrkesfagleg fordjuping (YFF). Dette er eit obligatorisk fag på Vg1 og Vg2 som gir elevane moglegheit til å prøve seg i eitt eller fleire aktuelle lærefag. Gjennom faget skal elevane få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar innanfor dei lærefaga dei vel å utforske. Formålet er å gi eit godt grunnlag for val av lærefag og å styrke overgangen frå skole til læreplass.

Lærebedrifter i lokalmiljøet er skolen sine viktigaste samarbeidspartnarar i planlegging og gjennomføring av YFF. Eit godt samarbeid mellom lærarar, skoleleiing, instruktørar og representantar frå arbeidslivet gir meirverdi til opplæringa, og bidreg til å knyte teoretisk kunnskap tettare til praktiske erfaringar.

I skoleåret 2025–2026 var om lag 77 prosent av elevane utplasserte i bedrift gjennom YFF, ein liten nedgang frå 79 prosent året før. Den største delen av elevane som hadde utplassering, var frå Vg2, noko som er naturleg sidan faget der har sterkare kopling til lærefaga og overgangen til læretid.

I tillegg til utplassering i bedrift gjennomfører skolane fleire arbeidslivsretta aktivitetar, som prosjekt, bedriftsbesøk, bransjedagar og samarbeidsprosjekt med næringslivet. Ein større del av elevane deltek på slike aktivitetar, som gir verdifull innsikt i yrkeslivet og styrker forståinga av kva som krevst i ulike yrke. Desse tiltaka gjer opplæringa meir yrkesretta, relevant og motiverande for elevane, og bidreg til å knyte sterkare band mellom skole og arbeidsliv.

6.4 Del beståtte fag- og sveineprøver

I 2025 bestod 92,0 prosent fag- og sveineprøvene i Møre og Romsdal. Dette er ein framgang på 2,9 prosentpoeng frå 2024, og viser ei positiv utvikling.

Trass i framgangen er Møre og Romsdal blant fylka med lågast del beståtte prøver, og ligg under landsgjennomsnittet på 94,7 prosent.

Del beståtte fag- og sveineprøver, prosent
Del beståtte fag- og sveineprøver, prosent
Fylke 2024 2025
Trøndelag 92,7 96,7
Troms 93,5 96,5
Innlandet 93,8 96,3
Finnmark 94,4 96,1
Vestland 91,8 95,6
Rogaland 92,0 95,5
Akershus 92,5 95,4
Telemark 90,1 94,9
Østfold 92,0 94,8
Nordland 92,7 94,7
Vestfold 91,0 93,2
Buskerud 90,2 93,0
Agder 93,3 92,8
Møre og Romsdal 89,1 92,0
Oslo 88,3 90,5

6.5 Heva lærekontraktar

I 2025 vart 170 av 2 925 lærekontraktar heva, noko som utgjer 5,8 prosent. Dette viser ei positiv utvikling samanlikna med 2024, då 5,9 prosent (167 av 2 826) kontraktar vart heva.

Dersom ein ser bort frå hevingar som skuldast feilval (1,9 prosent), er hevingsprosenten 3,9 prosent i 2025.

Målt i prosent vart færrast lærekontraktar heva innan naturbruk:

Tal og prosent på heva lærekontraktar i 2025
Utdanningsprogram Tal Prosent
Bygg- og anleggsteknikk 24 6,2
Design og handverk/Frisør,blomst,int.eksp.design 5 11,7
Elektro og datateknologi 17 3,3
Helse- og oppvekstfag 26 7,7
Naturbruk 7 3,0
Restaurant- og matfag 14 14,1
Salg, service og reiseliv 12 15,6
Teknologi- og industrifag 56 4,8
IT og medieproduksjon 5 7,3
Totalt 170
Kjelde: Qlik Cloud

At lærekontraktar blir heva heng ofte saman med feilval. Dei fleste lærekontraktane er heva som følge av feilval eller av personlege årsaker:

Tal og årsak til heva lærekontraktar 2025
Årsak Tal
Annen årsak/ikkje oppgitt (AF) 31
Fått arbeid (AR) 11
Flytta (FL) 17
Feilval 56
Økonomiske årsaker (OK) 0
Personlege årsaker (PS) 40
Brot på arbeidslivets reglar (BR) 15
Totalt 170
Kjelde: Qlik Cloud

6.6 Elevar som går over i lære etter vg2

Tala viser kor stor del av elevane på Vg2 yrkesfag som går vidare til lærekontrakt året etter.

I skoleåret 2025–2026 gjekk 51,2 prosent av elevane på Vg2 yrkesfag i Møre og Romsdal vidare til læretid. Det er ein auke på 0,8 prosentpoeng samanlikna med 2024.

Målet for fylket er at minst 55 prosent av elevane skal gå direkte over til læretid etter Vg2 i yrkesfaga. Møre og Romsdal ligg over landsgjennomsnittet på 47,2 prosent, men 3,8 prosentpoeng under fylket sitt mål.

Elevar på yrkesfag med direkte overgang frå vg2, 2025
Del elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram på Vg2 i fjor som er i lære i år
Fylke Overgang til opplæring i bedrift Overgang til yrkesfaglig utdanningsprogram
Rogaland 55,3 8,3
Møre og Romsdal 51,2 8,8
Telemark 51,1 6,0
Vestland 50,9 6,0
Troms 50,8 10,5
Nordland 49,3 9,4
Agder 48,4 7,0
Finnmark 48,8 2,9
Hele landet 47,2 7,4
Buskerud 46,9 5,3
Trøndelag 46,8 8,2
Innlandet 46,6 8,2
Vestfold 44,4 5,9
Østfold 41,7 7,9
Akershus 38,8 6,2
Oslo 35,4 8,1

6.7 Nye lærekontraktar

Figuren viser kor mange lærlingar som starta sitt første år som lærling i perioden 2023–2025.

I 2025 vart det inngått 1 563 nye lærekontraktar i Møre og Romsdal. Det er ein auke samanlikna med både 2023 og 2024. I 2023 vart det inngått 1 480 nye lærekontraktar, medan talet i 2024 var 1 427.

Nye lærekontraktar fordelt på fylke
Nye lærekontraktar
Fylke 2023 2024 2025
Finnmark 475 593 494
Telemark 770 783 806
Troms 997 949 950
Vestfold 1 068 1 079 1 086
Østfold 1 105 1 185 1 156
Buskerud 1 147 1 162 1 164
Nordland 1 372 1 282 1 293
Møre og Romsdal 1 480 1 427 1 563
Innlandet 1 562 1 585 1 685
Agder 1 603 1 579 1 696
Akershus 1 724 1 851 1 844
Oslo 1 905 1 839 1 935
Trøndelag 2 631 2 230 2 356
Rogaland 3 100 3 333 3 359
Vestland 3 270 3 232 3 531

6.8 Formidling av søkarar

Per 31. desember 2025 hadde 83,3 prosent av søkarane til læreplass i Møre og Romsdal fått godkjend lærekontrakt. Det er ein auke på 2,2 prosentpoeng frå 2024, då delen var 81,1 prosent.

Møre og Romsdal ligg over landsgjennomsnittet på 79,5 prosent. Berre Rogaland og Vestland har ein høgare formidlingsprosent.

Søkarar som har fått kontrakt i 2025, etter fylke og kontraktstype, prosent
Søkarar som har fått kontrakt
Fylke Lærekontrakt Opplæringskontrakt Alternativ til læreplass
Rogaland 85,6 3,0 1,7
Vestland 84,0 3,0 4,7
Møre og Romsdal 83,3 3,1 0,0
Nordland 83,2 2,2 1,8
Oslo 82,8 3,0 6,0
Troms 81,0 3,6 6,4
Agder 79,8 6,2 7,6
Innlandet 79,8 4,1 1,5
Hele landet 79,5 3,9 4,8
Vestfold 78,2 6,8 3,8
Finnmark 76,7 0,6 0,8
Telemark 76,7 4,1 4,1
Akershus 75,0 2,9 5,5
Buskerud 74,7 4,2 13,5
Trøndelag 73,3 4,3 7,2
Østfold 68,6 8,7 6,3

6.9 Status overgangar frå vg2 yrkesfag

Formålet med dei yrkesfaglege utdanningsprogramma er å utdanne nye fagarbeidarar som møter kompetansebehova i arbeidslivet. Etter fullført Vg2 er hovudmålet at elevane går vidare til læretid i bedrift for å fullføre fagutdanninga si.

Per september 2026 var 47,0 prosent av elevane frå Vg2 i Møre og Romsdal i læretid. Dette viser at om lag halvparten av elevane følger den tradisjonelle fagopplæringsvegen frå skole til bedrift.

Elevane som ikkje går vidare til læretid etter Vg2, kan framleis vere i opplæring gjennom ulike løp. Dei kan ta Vg3 yrkesfag i skole, påbygging til generell studiekompetanse, repetere på same nivå og utdanningsprogram, gjere omval til eit anna utdanningsprogram eller avslutte opplæringa etter Vg2.

22,8 prosent av elevane har valt å gå vidare til påbygging til generell studiekompetanse i 2026. Dette er ein auke frå 21,1 prosent året før.

Kategorien «andre» omfattar i stor grad søkarar som framleis ventar på lærekontrakt. Over tid vil ein del av desse bli formidla til læreplass, og ein kan derfor forvente at delen i kategorien «andre» går ned, medan delen som har fått lærekontrakt aukar etter kvart som fleire kontraktar blir inngått. Formidlingsarbeidet er kontinuerleg, og tala blir oppdaterte jamleg gjennom året.

Per september 2026 er fordelinga slik:

Fordeling per september 2026, overgang frå vg2 yrkesfag
Andel
I lære 47,0 %
Påbygg 22,8 %
Andre 18,5 %
Framleis i planlagt opplæring på Vg3 Yrkesfag 8,2 %
Omvalg/repetisjon 3,6 %

Ikkje alle elevar i yrkesfaga blir fagarbeidarar

Det er betydeleg variasjon mellom utdanningsprogramma når det gjeld kor stor del av elevane som går vidare til lære etter Vg2. Teknologi- og industrifag har den høgaste andelen som går vidare til læretid, med 72,1 prosent. Dette viser at dei fleste på dette utdanningsprogrammet følger det tradisjonelle yrkesfaglege løpet fram mot fagbrev.

Samtidig går langt frå alle elevar på yrkesfag vidare til læretid. Mange går i staden vidare til påbygging til generell studiekompetanse etter Vg2. Når arbeidslivet har stort behov for fagarbeidarar innan fleire bransjar, er det ønskeleg at fleire elevar held fram i fagopplæringa og fullfører med fag- eller sveinebrev.

Sal, service og reiseliv har den høgaste delen elevar som går vidare til påbygging, med 62,5 prosent. Også innan helse- og oppvekstfag er delen høg. I skoleåret 2025–2026 gjekk 47,1 prosent av elevane her vidare til påbygging.

Tala for overgang til påbygging etter vg2 yrkesfag viser at høg søking til yrkesfag på Vg1 ikkje nødvendigvis fører til fleire fagarbeidarar. For fleire utdanningsprogram er utfordringa å sikre at elevar som startar på yrkesfag, faktisk fullfører fagopplæringa gjennom læretid og fram til fag- eller sveinebrev.

Vg2 yrkesfagelevar som har hatt progresjon fra eit år til eit anna. Årgang 2025, Møre og Romsdal
Utdanningsprogram Overgang til opplæring i bedrift. Andel Overgang til påbygg. Andel
Bygg- og anleggsteknikk 62,6 10,1
Elektro og datateknologi 41,5 12,6
Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign 32,7 22,4
Helse- og oppvekstfag 25,6 47,1
Håndverk, design og produktutvikling 15,4 15,4
Informasjonsteknologi og medieproduksjon 49,2 22,0
Naturbruk 65,3 10,2
Restaurant- og matfag 65,9 13,4
Salg, service og reiseliv 21,2 62,5
Teknologi- og industrifag 72,1 6,8
Totalt 50,4 20,6
Kjelde: Utdanningsdirektoratet

6.10 Sysselsetting av nyutdanna fagarbeidarar

I Møre og Romsdal er 79,7 prosent av fagarbeidarane i arbeid det første året etter å ha bestått fag- eller sveineprøva. Berre Oslo har ein lågare andel, med 79,3 prosent. Samtidig har Møre og Romsdal den høgaste andelen fagutdanna som held fram i utdanning, med 15,5 prosent, og er blant fylka med lågast andel nyutdanna fagarbeidarar som står utanfor både arbeid og utdanning, med 4,8 prosent.

Samanlikna med 2023 og 2024 har andelen som er i arbeid gått ned frå 80,5 til 79,7 prosent. Andelen som står utanfor både arbeid og utdanning, har gått ned frå 4,9 prosent til 4,8 prosent, medan andelen som held fram i utdanning har auka frå 14,6 til 15,5 prosent.

  • lågare andel fagarbeidarar i arbeid det første året etter fag- eller sveinebrev
  • høgare andel som held fram i utdanning
  • lågare andel som står utanfor både arbeid og utdanning

Tala viser at dei aller fleste nyutdanna fagarbeidarane i Møre og Romsdal går over i arbeid eller held fram i utdanning det første året etter fag- eller sveinebrev.

Sysselsettingsstatus for fagutdanna første år etter greidd fag- eller sveineprøve, 2024 og 2025
Sysselsettingsstatus for fagutdanna første år etter greidd fag- eller sveineprøve, 2024 og 2025
Fylke I arbeid I utdanning Utenfor arbeid og utdanning
Oslo 79,3 12,1 8,6
Møre og Romsdal 79,7 15,5 4,8
Rogaland 83,9 12,2 5,0
Vestfold og Telemark 83,9 9,8 6,3
Agder 82,9 10,9 6,2
Viken 84,1 9,1 6,8
Hele landet 84,2 9,9 5,8
Vestland 85,2 10,2 4,6
Troms og Finnmark 85,5 9,15 5,4
Innlandet 86,2 9,2 4,6
Nordland 86,3 9,0 4,7
Trøndelag 86,7 7,2 6,1