Forord
Skoleåret 2022-2023 var året der vi skulle prøve å finne tilbake til normalen, altså ein skolekvardag med fokus på læring, meistring og utvikling. Dette innebar mellom anna at det var eksamen for første gong på lenge, noko som var svært spennande både for elevar og lærarar. Endeleg vart det også mogeleg å gjennomføre planlagde internasjonale samarbeid og besøk, og det har vore stor aktivitet på dette feltet. Dette er viktige faglege og kulturelle erfaringar for elevane og lærlingane våre som skal ut i eit internasjonalt arbeidsmiljø.
Alt har likevel ikkje vore problemfritt. Også dette skoleåret har krig og usikkerheit i Europa påverka våre skolar, og det er lagt ned ein stor innsats for å ta godt imot ungdommane som er nye i landet og som har kome til vår region. Vi ser også tendensar som kan tyde på at pandemien har sett spor, og skolane har jobba mykje med oppfølging av elevane når det gjeld oppmøte på skolen, psykisk helse og relasjonsbygging mellom elevane slik at dei kan ha eit trygt og godt skolemiljø.
Skolane i fylket vårt har svært gode og stabile resultat for gjennomføring takka vere det gode arbeidet som blir gjort i skolane våre, men vi ser nokre teikn som gir grunn til bekymring. For å klare å bevare dei gode resultata og også betre dei framover, vil det krevje auka grad av individuelle og fleksible oppfølgingstiltak og -ressursar. Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis vil gi viktige verktøy for å støtte opp under dette, saman med dei gode tiltaka innan kompetanseutvikling og kvalitetsarbeid som blir utvikla i samarbeidet mellom skolane og Høgskulen i Volda.
Frå hausten 2024 trer ny opplæringslov i kraft, og mange fleire får rett til opplæring. Det krev eit stort omstillingsarbeid for å legge til rette for at flest mogeleg skal få fullføre vidaregåande opplæring, og oppstart av nettskole og omorganisering av vidaregåande opplæring for vaksne er nokre av tiltaka som blir sett i verk. Regionen vår har stort behov for arbeidskraft framover, og vi må samarbeide tett med arbeidslivet på alle nivå slik at retten blir tilgjengeleg for flest mogeleg og at arbeidslivet blir sikra viktig kompetanse for framtida.
God lesing!