2 Læringsmiljø
2.1 Vurderinga til skoleeigar
Resultat frå Elevundersøkinga viser at dei aller fleste av elevane har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, støtte frå lærarane, fagleg utfordring og meistring. 9 av 10 elevar svarar at dei trivst «godt» eller «svært godt» på skolen. Årsmeldingane til skolane viser korleis skolane arbeider med læringsmiljøet og for inkludering av alle elevar.
Det er relativt små forskjellar mellom trinna i skår på læringsmiljøindikatorane. På alle trinn er det indikatorane for fagleg utfordring, felles reglar, støtte frå lærarane og trivsel som viser høgast skår. Samla sett er det elevane på vg1 som skårar høgast, og kan vise til høgast skår på indikatorane for trivsel, støtte frå lærarane, støtte frå heimen, vurdering for læring, læringskultur og motivasjon. Samtidig er det også på vg1 vi ser ei endring i elevane si oppleving av læringsmiljøet, med ei negativ utvikling på fleire av indikatorane samanlikna med resultata frå førre undersøking. Resultata på vg2 og vg3 er stabile.
At elevane opplever at dei har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, fagleg utfordring og god meistring er teikn på ei godt tilpassa opplæring. Ei godt tilpassa opplæring sikrar motivasjon, og dannar grunnlag for meistring og fagleg utvikling for alle elevar. Elevane opplever også god støtte både frå lærarane og frå heimen.
Elevane er derimot mindre tilfredse med elevdemokrati og medverknad og vurdering for læring. Desse trendane er gjeldande både for Møre og Romsdal og på landsbasis. Resultata viser at vi må halde trykket oppe i arbeidet på desse områda. Sjølv om indikatorane viser lita utvikling på fylkesnivå, blir det arbeidd godt med områda i profesjonsfellesskapa. Fleire skolar kan vise til positiv utvikling. Dialog og medverknad skaper lærelyst og er sentralt i arbeidet. Elevane ønsker i større grad å vere involvert i eige læringsarbeid, og få tilbakemeldingar og hjelp frå lærarane for å utvikle seg fagleg. Elles ser vi at elevane opplever at lærarane legg godt til rette for deltaking i elevrådsarbeid og anna tillitsvaldsarbeid, men at dei ønsker å bli høyrde oftare.
Den største endringa i resultata frå førre undersøking er ei negativ utvikling på indikator for mobbing. Fleire elevar svarar at dei opplever å bli mobba, og auka er størst på vg1. Samla sett kan vi vise til låge mobbetal over tid, og samanlikna med andre fylke er det berre Rogaland og Nordland som kan vise til færre elevar som opplever at dei blir mobba. Også på landsbasis er det ei negativ utvikling, og i Utdanningsdirektoratet si analyse av Elevundersøkinga er det og uttrykt bekymring for aukande mobbetal. Det skal vere nulltoleranse for mobbing i dei vidaregåande skolane, og målet er at ingen skal oppleve å bli mobba. Arbeid med eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø er prioritert og dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal skal arbeide for inkludering av alle elevar. I samband med oppfølging av Meld. St. 6 (2019-2020); Tett på tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skole og SFO har kompetansesjefen mellom anna etablert eit leiarnettverk som skal arbeide med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. I tillegg til å arbeide for auka kompetanse er og målet med arbeidet at praksisen skal bli meir lik på tvers av skolane.
I årsmeldingane har skolane rapportert på tal for møte i råd og utval som elevane har delteke i. Dei har også rapportert på tal over enkeltvedtak etter § 9A-7 og aktivitetsplanar etter § 9 A-4 og § 9 A-5. Vi ser at vi må halde fram arbeidet med vurderingar for når skolane skal lage aktivitetsplanar etter § 9 A-4. Dette blir framleis tema i skoleleiardialogen, og på samlingar for blant anna innsatsteama (SIM).
Resultat frå lærlingundersøkinga viser at lærlingane i stor grad trivs og er motiverte til å lære. Det er positivt å sjå at ein stor del av lærlingane deltek i vurdering av arbeidet sitt, får tilbakemelding på arbeidet sitt og får hjelp og støtte når dei treng det. Heile 88% av lærlingane vil anbefale bedrifta til andre.
Vi ser at det er færre lærlingar som opplever mobbing og uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen, og at det er færre i vårt fylke enn elles i landet. Sjølv om dette er teikn på at fleire av lærlingane har tryggare arbeidsmiljø, må vi framleis halde trykket oppe i dette arbeidet. Målet er at ingen av lærlingane skal oppleve å bli mobba eller utsett for uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen. I 2021 vart det utarbeidd ein plakat for å førebygge uønskt seksuell merksemd. Arbeidet skjedde i samarbeid med Ungdomspanelet. Plakaten vart sendt til alle lærebedriftene i Møre og Romsdal. Målet var å skape medvit og fokus på kva uønskt seksuell merksemd er, og korleis ein kan fremme gode arbeidsmiljø i lærebedriftene. Dette kan ha bidratt til den positive utviklinga på indikatoren.
Halvårssamtale er også eit av fleire førebyggande tiltak som kan fange opp om lærlingen opplever mobbing på arbeidsplassen. Det er viktig at halvårssamtalane blir gjennomført, som ein del av arbeidet med godt arbeidsmiljø. I tillegg sikrar samtalane høgare grad av medverknad og gir lærlingane moglegheit til å bli høyrde om opplevingane deira i læretida. Dette er viktig for å kvalitetssikre opplæringa dei får i bedriftene. Det blir arbeidd med å auke graden av medverknad for lærlingar i Møre og Romsdal, mellom anna gjennom etablering av Lærlingråd i fylket.
Lærebedriftene skal gjennomføre halvårssamtalar med lærlingane, og det er positivt å sjå at mange har halvårssamtaler, men her er det rom for forbetring. Vi ser også at det må arbeidast vidare for å sikre at lærebedriftene har ei intern plan for opplæringa til lærlingen, noko alle lærlingar har rett på å ha. Det er også behov for eit enno tettare samarbeid mellom skoler og lærebedrifter om faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF).
2.2 Elevundersøkinga
Elevundersøkinga greier ut om læringsmiljøet til elevar i vidaregåande opplæring. Undersøkinga tek føre seg læring og trivsel, og gir elevane moglegheit til å bli høyrde om korleis dei opplever skolekvardagen. Elevundersøkinga er også eit kartleggingsverktøy for skolane og skoleeigar, og er ein sentral målestokk i arbeidet med kvaliteten til opplæringa.
Utdanningsdirektoratet (Udir) har tidlegare levert ut data frå Elevundersøkinga til fylkeskommunane, men med bakgrunn i risiko for gjenkjenning av svara til elevane (enkeltindivida sine svar) så endra Udir denne praksisen i 2022. Dette har ført til at ein langt større del av resultata er skjerma/unntatt offentlegheit. Store deler av resultata for mobbing er skjerma, slik at skolar eller skoleeigar ikkje har tilgang til resultata. I tillegg får vi ikkje lenger ein samla skår for fylket eller skolane på dei ulike indikatorane, så alle resultat er fordelt på trinn. Desse endringane har gjort det svært vanskeleg for skolane å arbeide med læringsmiljøet med bakgrunn i resultat frå Elevundersøkinga.
I Møre og Romsdal blir alle elevar tilbydd å svare på Elevundersøkinga. Alle elevar skal få moglegheit til å svare på undersøkinga, dette er presisert i retningslinjene frå skoleeigar til skolane. Det er også presisert at skolane skal legge til rette for at elevar som har behov for bistand og hjelp til å svare på undersøkinga, får den hjelpa og tilrettelegginga dei har behov for. Skolene må sjølv gjere ei individuell vurdering i dei tilfella det ikkje er relevant for elevane å svare på alle spørsmål, eller for dei som ikkje kan delta ordinært. Her har skolane handlingsrom til å gjennomføre kvalitative undersøkingar, samtalar eller liknande for å kartlegge læringsmiljøet. Det er undersøkinga frå skoleåret 2022-23 som ligg til grunn for Kvalitetsmeldinga, og undersøkinga omhandlar alle dei offentlege vidaregåande skolane i fylket frå denne perioden.
Undersøkinga vart gjennomført i perioden 8. november til 20. desember 2022. Svarprosent i Møre og Romsdal på vg1 var på 85,3 prosent, på vg2 82,3 prosent og på vg3 81,9 prosent. På landsbasis var svarprosenten på vg1 på 84,8 prosent, på vg2 82,5 prosent og på vg3 79,9 prosent.
Resultata i kvalitetsmeldinga viser til gjennomsnittet til skolane i fylket, og i årsmeldingane til skolane blir resultata til den enkelte skole vist.
Resultat frå Elevundersøkinga blir offentleggjort i Utdanningsdirektoratet sin statistikkbank etter at undersøkinga er gjennomført. Her finn de resultat frå Elevundersøkinga for skoleåra 2021-22 og 2022-23: Utdanningsdirektoratets statistikkbank.
Møre og Romsdal fylkeskommune har også laga ei lokal løysing for presentasjon av resultata, den finn de her: Microsoft Power BI
Elevundersøkinga skoleåret 2022-2023
Til saman gir resultata på dei ulike læringsmiljøindikatorane overordna informasjon om elevane sitt læringsmiljø. Resultata samla sett i Møre og Romsdal er stabile på vg2 og vg3, men vi ser ei endring i elevane si oppleving av læringsmiljøet på vg1. På nasjonalt nivå viser omtrent halvparten av indikatorar på vg1 og vg2 ein lågare skår samanlikna med året før, mens resultata på vg3 er meir stabile.
Samla sett er det elevane på vg1 som skårar høgast, og kan vise til høgast skår på indikatorane for trivsel, støtte frå lærarane, støtte frå heimen, vurdering for læring, læringskultur og motivasjon. På alle trinn er det indikatorane for fagleg utfordring, felles reglar, støtte frå lærarane og trivsel som viser høgast skår. Skåren på indikatorane går mellom 1-5, der 5 er høgaste skår.
Elevane er derimot mindre tilfredse med elevdemokrati og medverknad og vurdering for læring. Desse trendane er gjeldande både for Møre og Romsdal og på landsbasis.
Utvikling samanlikna med førre undersøking
Trass i at elevane på vg1 kan vise til høgast skår på indikatorane samla sett, er det også vg1 som viser størst nedgang i resultat samanlikna med førre undersøking. Vg1-kullet skoleåret 2022-2023 skårar 0,1 poeng lågare på meistring, motivasjon, elevdemokrati og medverknad, felles reglar og fagleg utfordring, samanlikna med vg1-kullet året før. På vg2 er resultata stabile, og på vg3 er resultata også stabile på alle indikatorar unntatt indikator for meistring som viser ein liten nedgang på 0,1 poeng.
Resultata for vg1 på indikatorane for trivsel, læringskultur, motivasjon, vurderingspraksis og støtte frå lærarane svarar til måla i fylkesstrategien. Resultat på indikatorane for elevdemokrati og medverknad, meistring, fagleg utfordring og utdanning og yrkesrettleiing ligg lågare enn målet i fylkesstrategien.
Resultata for vg2 og vg3 på indikatorane for støtte frå lærarane og fagleg utfordring svarar til måla i fylkesstrategien. Resultat på indikatorane for elevdemokrati og medverknad, vurderingspraksis, meistring, motivasjon, trivsel og læringskultur ligg lågare enn målet i fylkesstrategien.
Forskjellar mellom kjønna
Det er i hovudsak små forskjellar mellom gutar og jenter i korleis dei opplever sitt læringsmiljø. Gutane skårar litt høgare på fleire av indikatorane enn jentene. Gutane skårar litt høgare på indikatorane for trivsel, støtte frå lærarane, vurdering for læring, læringskultur, meistring, motivasjon og utdannings- og yrkesrettleiing enn jentene. Jentene skårar litt høgare enn gutane på indikatorane for støtte frå heimen og fagleg utfordring.
Forskjellar mellom elevane på studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram
Indikatoren for fagleg utfordring viser høgast skår på studieførebuande utdanningsprogram. På yrkesfaglege utdanningsprogram er det indikatorane for trivsel og støtte frå lærarane som skårar høgast. Det er indikatorane vurdering for læring og motivasjon som viser størst variasjon mellom utdanningsprogramma. Yrkesfaglege utdanningsprogram skårar høgast på begge indikatorane. Elles svarer elevane på studieførebuande- og yrkesfagleg utdanningsprogram relativt likt om korleis dei opplever læringsmiljøet sitt.
Mobbing og trivsel
Alle elever har rett til eit trygt og godt skolemiljø, og skolen skal utvikle inkluderande fellesskap som fremmer helse, trivsel og læring (Utdanningsdirektoratet 2020).
Det er fleire elevar som rapporterer om mobbing på alle trinn i Elevundersøkinga. Utviklinga i Møre og Romsdal er samanfallande med utviklinga nasjonalt. I Utdanningsdirektoratet si analyse av Elevundersøkinga skriv dei følgande:
«De siste skoleårene har vært spesielle med omfattende smittevernrestriksjoner, og flere elevkull har vært forhindret fra å delta fysisk i ordinære skoleaktiviteter. Også andre arenaer for barn og unge, som fritidsaktiviteter, sosiale arenaer og kulturtilbud har vært begrenset. Høsten 2022, i forkant av undersøkelsesperioden, var også mange elever borte fra skolene på grunn av streik. I 2020 og 2021 så vi ikke vesentlige endringer i resultatene i Elevundersøkelsen. I tillegg gikk andelen som opplevde mobbing ned på 10. trinn og vg1. I år ser vi en negativ utvikling på flere av indikatorene. På 7. trinn har det over flere år vært en negativ utvikling både i elevenes motivasjon og i andelen som opplever mobbing. Disse utviklingstrekkene vil vi følge tett fremover. Årsaksbildet er antakeligvis komplekst og sammensatt. Koronapandemien, de omfattende smitteverntiltakene og lærerstreiken kan spille inn. Det kan også være andre sider ved samfunnsutviklingen for øvrig som kan ha påvirket denne utviklingen. I løpet av året kommer det flere rapporter fra NTNU samfunnsforskning som vil se nærmere på resultatene fra Elevundersøkelsen og gi oss mer kunnskap.» (Avslutningsvis (udir.no ))
Samla sett er talet på elevar som rapporterer om mobbing gjennom Elevundersøkinga, lågare i 2022 enn det var i 2018. Men i 2022 ser vi at talet har auka samanlikna med tala frå førre undersøking. Auka er størst på vg1. Andelen elevar som svarar at dei opplever mobbing går ned med stigande årstrinn, og på vg2 og vg3 er ikkje auka like markant.
Resultat for Møre og Romsdal på indikator for mobbing skoleåra 2021-22 og 2022-23:
Indikator - spørsmål | 2021-22 Møre og Romsdal | 2022-23 Møre og Romsdal | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Vg1 | Vg2 | Vg3 | Vg1 | Vg2 | Vg3 | |
Mobbing på skolen (samleskår) | 2,6 % | 2,4 % | 2,1 % | 3,6 % | 2,7 % | 2,2 % |
Er du blitt mobba av andre elevar på skolen dei siste månadane? | 1,6 % | 1,6 % | 1,0 % | 2,5 % | 1,9 % | 1,4 % |
Er du blitt mobba av vaksne på skolen dei siste månadane? | 1,0 % | 1,1 % | 1,0 % | 1,4 % | 1,0 % | 1,0 % |
Er du blitt mobba digitalt (mobil, iPad, PC) dei siste månadane? | 1,1 % | 1,2 % | 0,8 % | 1,5 % | 1,0 % | 0,7 % |
Kjelde: Elevundersøkelsen – mobbing, Utdanningsdirektoratet |
Slik les du resultata for mobbing
I samleskåren «Mobbing på skolen» inngår elevar som har svart at dei blir mobba på eitt eller fleire av dei tre spørsmåla om mobbing. Elever som har svart at dei blir mobba to-tre gonger i månaden eller oftare, inngår i tala om mobbing for det enkelte spørsmålet. Elevar som svarer at dei blir mobba på fleire måtar, blir telt berre ein gong i samleskåren. I tillegg er elever som svarar at dei blir mobba digitalt av personar utanfor skolen trekt frå.
Utviklinga i Møre og Romsdal samsvarar med utviklinga på landsbasis. Resultata fordelt på spørsmåla under indikatoren for mobbing viser at det er på spørsmålet «Er du blitt mobba av andre elevar på skolen dei siste månadene?» at auken er størst.
Resultat for heile landet på indikator for mobbing skoleåra 2021-22 og 2022-23:
Indikator - spørsmål | 2021-22 Heile landet | 2022-23 Heile landet | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Vg1 | Vg2 | Vg3 | Vg1 | Vg2 | Vg3 | |
Mobbing på skolen (samleskår) | 3,3 % | 3,3 % | 2,6 % | 4,1 % | 3,9 % | 3,0 % |
Er du blitt mobba av andre elevar på skolen dei siste månadane? | 2,2 % | 2,1 % | 1,4 % | 2,9 % | 2,5 % | 1,8 % |
Er du blitt mobba av vaksne på skolen dei siste månadane? | 1,4 % | 1,4 % | 1,3 % | 1,7 % | 1,8 % | 1,4 % |
Er du blitt mobba digitalt (mobil, iPad, PC) dei siste månadane? | 1,4 % | 1,2 % | 0,9 % | 1,7 % | 1,5 % | 1,1 % |
Kjelde: Elevundersøkelsen – mobbing, Utdanningsdirektoratet |
Forskjellar mellom kjønna og utdanningsprogramma
Deler av resultata for dei ulike utdanningsprogramma er skjerma, og vi har derfor ikkje moglegheit til å gå detaljert inn i forskjellane mellom utdanningsprogramma. Men med bakgrunn i dei resultata som ikkje er skjerma, så viser tala at det er fleire elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram enn på studieførebuande utdanningsprogram som rapporterer om at dei blir mobba. Dette samsvarar også med resultata på nasjonalt nivå.
Elevar som opplever mobbing fordelt per fylke
Del av elevar som svarar at dei blir mobba varierer noko på tvers av fylka. Oslo har høgast del på vg1, medan Rogaland har lågast del. Viken har høgast del på vg2, her har Nordland lågast del. Oslo har høgast del på vg3, medan Trøndelag og Møre og Romsdal har lågast del på vg3. På tvers av trinna, har Rogaland lågast del av elever som svarar at dei blir mobba. Møre og Romsdal og Nordland kan også vise til lave mobbetal samla sett, samanlikna med dei andre fylka.
Trivsel
Trass i at fleire elevar opplever at dei blir mobba, er andelen som trivst på skolen stabilt høg. Andelen elevar som trivst «godt» eller «svært godt» har vore stabil over tid og omtrent 9 av 10 elevar svarar at dei trivst «godt» eller «svært godt» på skolen.
På vg1 svarar 89 prosent at de trivst, medan 2 prosent svarar at dei «ikkje trivst noko særleg» eller «ikkje trivst i det heile tatt». Andelen som trivst på skolen, er ikkje like høg på vg2 og vg3. Likevel er det omtrent 9 av 10 elevar som svarar at dei trivst «godt» eller «svært godt» også på desse trinna. Andelen som «ikkje trivst noko særleg» eller «ikkje trivst i det heile tatt» er på 2,9 prosent på vg2 og 4 prosent på vg3.
Spørsmålet i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figuren under. Figuren viser resultata frå vg1.
Det er små skilnader i trivselen mellom elevane på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Samla sett er det flest elever på idrettsfag og naturbruk som svarar at dei trivst på skolen.
Det er heller ikkje store forskjellar mellom fylka i del elevar som trivst på skolen. På vg1 varierer andelen frå 86 prosent i Oslo og Troms og Finnmark til 89 prosent i Innlandet, Agder, Møre og Romsdal, Nordland, Rogaland og Trøndelag. På vg2 varierer andelen mellom 84 og 87 prosent, kor Troms og Finnmark har lågast andel og Rogaland høgast andel. På vg3 varierer andelen mellom 81 og 88 prosent, kor Troms og Finnmark har lågast andel og Innlandet kan vise til høgast andel elevar som trivst på skolen.
Motivasjon
Resultata for indikatoren for motivasjon viser at det er elevane på vg1 som er mest motiverte, og at motivasjonen blir lågare med stigande årstrinn.
Med ein skår på 3,8 ligg vg1 0,1 poeng over det lokale målet for motivasjon om at skåren skal vere minst 3,7. Vg2 har her ein skår på 3,6 og vg3 ein skår på 3,5.
Resultata for vg1 og vg3 i Møre og Romsdal er dei same som på landsbasis, men vg2 i Møre og Romsdal skårar 0,1 poeng høgare enn vg2 på landsbasis.
Spørsmåla i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figurane under. Figurane viser resultata frå vg1.
Støtte frå lærarane
Elevane i Møre og Romsdal opplever god støtte frå lærarane sine. Resultata for indikatoren viser høgast skår på vg1, med 4,2 poeng. Vg2 og vg3 har begge ein skår på 4,1. Målet er at skåren på indikatoren skal vere minst 4,1. Vg1 ligg over det lokale målet, medan vg2 og vg3 svarar til målet.
Møre og Romsdal skårar 0,1 poeng høgare enn landsgjennomsnittet på alle trinn.
Spørsmåla i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figurane under. Figurane viser resultata frå vg1.
Vurdering for læring
God vurderingspraksis skal bidra til å fremme lærelyst og læring hos elevane. I skolane blir det arbeidd for at undervisninga og vurderingspraksisen skal vere i tråd med dei fire læringsfremmande prinsippa som ligg i nasjonale føringar:
- delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og fagleg utvikling
- forstå kva dei skal lære og kva som blir forventa av dei
- få vite kva dei meistrar
- få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.
Spørsmåla i indikatoren målar i kva grad elevane opplever undervisning og vurderingspraksis i tråd med dei læringsfremmande prinsippa. Samla sett viser indikatoren inga endring i skår frå førre undersøking. Resultata frå vg1 svarar til det lokale målet på 3,5, medan vg2 ligg 0,1 poeng under målet og vg3 ligg 0,2 poeng under målet. Resultata i Møre og Romsdal er dei same som for landsgjennomsnittet.
Spørsmåla i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figurane under. Figurane viser resultata frå vg1.
Elevdemokrati og medverknad
Skolen skal gi elevane moglegheit til å medverke og til å lære kva demokrati betyr i praksis. Elevane skal erfare at dei blir lytta til i skolekvardagen, at dei har reell innflytelse, og at dei kan påverke det som angår dei (Utdanningsdirektoratet 2020).
Resultata frå Elevundersøkinga viser at det er små forskjellar mellom trinna i opplevinga av å få medverke på skolen, men elevane på vg3 opplever i mindre grad enn elevar på vg1 og vg2 medverknad i sin skolekvardag. Snittskåren er stabil på vg2 og vg3, men har gått litt ned på vg1 samanlikna med førre undersøking. Med ein skår på 3,5 ligg vg1 og vg2 under det lokale målet med 0,5 poeng. Vg3 har ein skår på 3,4 og ligg 0,6 poeng under det lokale målet.
Resultata for vg1 og vg3 ligg 0,1 lågare enn landsgjennomsnittet. Vg2 ligg på landsgjennomsnitt.
Det er ingen klare forskjellar mellom jenter og gutar på korleis dei opplever elevdemokrati og medverknad. På vg1 er det jentene som samla sett kan vise til høgast skår, på vg2 og vg3 er det gutane som kan vise til høgast skår på indikatoren for elevdemokrati og medverknad.
Spørsmåla i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figurane under. Figurane viser resultata frå vg1.
Når det gjeld elevmedverknad er det særleg på spørsmålet «Er de elevar med på å foreslå korleis de skal arbeide med faga» at skåren er lågast. Svara kan bli tolka anten som at elevane ikkje blir invitert til å komme med forslag eller at elevane blir invitert, men ikkje kjem med forslag. Det er også ein relativt låg andel elevar som svarar at skolen høyrer på elevane sine forslag.
Dei fleste av elevane er ikkje involverte i det daglege arbeidet til elevrådet, skolemiljøutvalet og skoleutvalet, og vil truleg ikkje ha informasjon om i kva grad desse er involverte og blir høyrde i ulike saker. Dette kan også forklare noko av årsaka til at ein ikkje skårar høgare på indikatoren. For dei fleste elevane er medverknaden i arbeidet med faga nærmare, og noko det blir arbeidd med i det systematiske vurderingsarbeidet.
Fleire gutar enn jenter svarar at dei er med på å foreslå korleis dei skal arbeide med faga. På spørsmål om elevane er med på å lage reglar for korleis dei skal ha det i klassen/gruppa er det ingen tydeleg forskjell mellom kjønna.
Det er klart fleire elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram enn på studieførebuande utdanningsprogram som svarar at dei er med på å foreslå korleis dei skal arbeide med faga.
2.3 Læringsmiljø - HMS for elevar
Godt og trygt læringsmiljø, tett oppfølging, tilpassa opplæring, medverknad og karriererettleiing er viktige faktorar som bidrar til at elevane gjennomfører opplæringa. Det blir lagt stor vekt på arbeid med psykososialt læringsmiljø på skolane, og arbeidet blir rapportert på i årsmeldingane. Alle skolane har innsatsteam mot mobbing, som skal sikre at saker blir handtert på ein god måte, og at det blir arbeidd systematisk med det førebyggjande arbeidet. Det skal også arbeidast med temaet særskilt sårbarheit for å vere føre var, og å kunne førebygge hendingar som kan føre til utrygge læringsmiljø. Dette kan handle både om fysisk tilrettelegging (lyd, lys og liknande), og kunnskap om ulike sårbarheitsfaktorar slik at alle kan høyre til i eit fellesskap.
Årsmeldingane til skolane for skoleåret 2022-23 viser at det vart gjort 1 enkeltvedtak om det fysiske miljøet etter § 9 A-7 i opplæringslova. Det vart utarbeidd 70 aktivitetsplanar etter § 9 A-4 og 6 aktivitetsplanar etter § 9 A-5. Skoleåret 2022-23 vart det gjennomført meir enn 200 møter i elevråda og elevrådsstyra på skolane. Det vart gjennomført 59 møter i skolemiljøutvala, og 44 møter i skoleutvala. Resultata frå årsmeldingane viser at det har vore ei auke i talet på aktivitetsplanar (§9 A-4). Dette er også i tråd med § 9 A-4 om retten til aktivitetsplan i alle saker der det skal settast inn tiltak for at elevane skal få det trygt og godt.
Arbeid med læringsmiljø blir følgt opp i dialog med skolane, mellom anna gjennom leiardialogen, samlingar på tvers av skolane og gjennom internkontroll.
2.4 Undervisningsevalueringa
I 2014 vedtok Fylkestinget ei årleg evaluering av undervisinga i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. Målet med denne er at lærarar og elevar skal reflektere saman over resultata, og over korleis ein skapar god læring. Undervisingsevalueringa er eit verktøy i arbeidet med kvalitetsutvikling. Resultata blir brukte i utviklingsarbeid mellom lærarar og undervisingsgrupper, og mellom lærarar og avdelingsleiarar.
2.5 Lærings- og arbeidsmiljø for lærlingar
Lærlingundersøkinga og Lærebedriftsundersøkinga blei gjennomført i perioden 15. oktober til 20. desember 2022. Svarprosenten på lærlingundersøkinga var på 59,2 prosent. Vi ser ein liten nedgang i svarprosenten frå førre undersøking, som hadde ein svarprosent på 59,7 prosent. Svarprosenten ligg framleis noko over landsgjennomsnittet på 57 prosent. 749 lærlingar svarte på undersøkinga, av 1265 inviterte. Utvalet i undersøkinga er alle lærlingar som har vore i lære i meir enn 11 månader per 1. oktober 2022. I Lærebedriftsundersøkinga fekk vi høgaste svarprosent for femte året på rad med 77 prosent. Dette ligg godt over det nasjonale snittet på 46 prosent. 764 av 988 svarte på lærebedriftsundersøkinga i 2022.
Undersøkingane blir følgde opp av rådgivarane på kompetanse- og næringsavdelinga, opplæringskontora og dei ulike lærebedriftene. Skoleeigar arrangerer mellom anna årlege samlingar for både 2. årslærlingar og 1. årslærlingar. På desse samlinga får lærlingane mellom anna meir informasjon om rettar og plikter som lærling, arbeidsliv og fagprøva.
Her kan du lese meir om lærlingundersøkinga: Fortsatt høy trivsel og motivasjon blant lærlingene (udir.no)
Resultat frå undersøkingane
Resultata frå undersøkingane viser at lærlingane i stor grad trivs og er motiverte til å lære. 88% av lærlingane vil anbefale bedrifta til andre som skal begynne i lære i sitt fagområde, noko som er eit godt teikn. Ein stor del av lærlingane svarar at dei deltar i vurdering av arbeidet sitt, får tilbakemelding på arbeidet sitt og hjelp og støtte når dei treng det.
Samtidig er det forbetringsområder som må bli arbeidd vidare med. Mange har halvårssamtalar, men ikkje alle. Fylkeskommunen vil også fortsette å arbeide for å sikre at lærebedriftene har ei intern plan for opplæringa til lærlingen. Vidare så er det er framleis eit behov for tettare samarbeid mellom skoler og lærebedrifter om faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF).
Sjølv om det er færre lærlingar i 2022 som svarar at dei har opplevd mobbing og uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen, er det viktig å framleis arbeide for å skape trygge og gode arbeids- og læringsmiljø for alle lærlingar.
Opplæring i skole som førebuing til opplæring i arbeidslivet
På spørsmålet om undervisninga i yrkesfaga på skolen ga eit godt grunnlag for det lærlingane skulle lære i bedrifta svarar 59,1 prosent av lærlingane at dei er «nokså einig» eller «heilt einig». Det er ein svak nedgang frå førre år, men over landsgjennomsnittet på 56 prosent. Vidare var 17,9 prosent «heilt einig» og 36,7 prosent «nokså einig» om at utstyret dei brukte på skolen var godt nok for å lære faga. På spørsmålet om lærarane hadde god innsikt i det lærlingen skulle møte i læretida var 66,7 prosent «heilt einig» eller «nokså einig».
Spørsmålet i indikatoren og svarfordelinga er vist til i figuren under. Resultata er frå lærlingundersøkinga.
Lærebedriftsundersøkinga viser at lærlingane i stor grad var motiverte for å lære faget, med 82,3 prosent som var «nokså einig» eller «heilt einig». På spørsmåla om lærlingane var fagleg førebudde på læretida og om dei hadde god forståing for krava i arbeidslivet, var færre av lærebedriftene einige i det. Samanlikna med førre år har det vore ein svak nedgang i resultata på desse spørsmåla.
Yrkesfagleg fordjuping
I faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) kan elevane ha praksis i bedrift. Mange elevar får seg deretter læreplass i bedrifta dei har vore utplassert i.
Lærlingundersøkinga i Møre og Romsdal viser at 2 prosent var utplassert berre på vg1 og 38,6 prosent var utplassert berre på vg2. Vidare var 45,3 prosent utplassert både på vg1 og vg2, noko som er ei auke frå 2021 då talet var 40,3 prosent. 14,1 prosent var ikkje utplassert verken på vg1 eller vg2, det er ei auke frå 2021 då talet var 11,7 prosent.
Dei fleste er einige i at YFF ga viktig kjennskap til arbeidslivet:
Samanlikna med andre fylke ser vi at Møre og Romsdal er eitt av fylka som har flest elevar utplassert, men at det er potensiale for å få fleire utplassert på vg1.
Lærebedriftsundersøkinga viser at 73,3 prosent av bedriftene er «nokså einig» eller «heilt einig» i at YFF gjer elevane meir fagleg førebudd på læretida. Vidare har 39 prosent svart at dei er «nokså einig» eller «heilt einig» i at bedrifta samarbeider med vidaregåande skole om innhaldet i YFF.
Motivasjon
Lærlingundersøkinga viser at mange av lærlingane er motiverte for å lære på arbeidsplassen. 63,4 prosent av lærlingane er i «svært stor grad» motiverte og 30,8 prosent er i «nokså stor grad» motiverte. Det er om lag på landsgjennomsnitt.
Dei fleste lærlingane svarar også at dei har valt riktig fag, der 78,7 prosent svarer i «svært stor grad» eller «nokså stor grad». 77,6 prosent gleder seg til å gå på arbeid i bedrifta, og 84 prosent svarer at dei liker arbeidsoppgåvene sine. Samanlikna med førre år er resultata om lag uendra eller med ei lita auke.
Trivsel
Lærlingundersøkinga viser ein stor grad av trivsel hos lærlingane i Møre og Romsdal. Samanlikna med førre år har det vore ei svak auke i resultata på alle spørsmåla, og resultata ligg om lag på landsgjennomsnitt.
88,1 prosent av lærlingane kan anbefale bedrifta si til andre som skal begynne læretida innanfor same fagområde, dette er på same nivå som året før.
Trygt miljø
I Lærlingundersøkinga svarar 88,9 prosent at dei ikkje har blitt mobba på arbeidsplassen dei siste månadane. Vi ser ei positiv utvikling frå førre undersøking, der 85,5 prosent svarte det same. Vidare er det 9,2 prosent som svarar at dei blir mobba ein sjeldan gong.
6 lærlingar (0,8 %) svarar at dei har blitt mobba «2-3 gonger i månaden». 5 lærlingar (0,7 %) svarar at dei blir mobba «om lag ein gong i veka», og 3 lærlingar (0,4 %) svarar at dei blir mobba «fleire gonger i veka». Til saman utgjer dette 1,9 prosent. På landsbasis er talet her på 3,5 prosent.
I følge Utdanningsdirektoratet så har Møre og Romsdal lågast del lærlingar som blir mobba.
I dei tilfella der lærlingar blir mobba er det oftast kollegaer som mobbar. Dei andre svaralternativa er skjerma på grunn av personvern, sidan det var eit lavt tal som har svart at dei blir mobba.
Det er 95,3 prosent av lærlingane som svarar at dei ikkje har blitt utsett for uønskt seksuell merksemd. Dette er ei positiv utvikling frå førre år då talet var 93,9 prosent. 3,8 prosent svarar at dei har blitt utsett for uønskt seksuell merksemd ein sjeldan gong.
Medverknad, rettleiing og eigenvurdering
Lærlingundersøkinga viser at 66,5 prosent av lærlingane meiner at dei i «nokså stor grad» eller «svært stor grad» deltek i planlegging av eige arbeid, og 70,4 prosent deltek i vurdering av eige arbeid. 89,5 prosent meiner dei i nokså eller svært stor grad får hjelp og støtte når dei treng det, men berre 51,9 prosent dokumenterer arbeidet. Samanlikna med førre år har nokre av spørsmåla ei svak auke, medan nokre er uendra eller har ein svak nedgang.
Resultata frå Lærebedriftsundersøkinga viser at lærebedriftene er meir positive enn lærlingane. 78,5 prosent av lærebedriftene meiner at lærlingane i «nokså stor grad» eller «svært stor grad» deltek i planlegginga av opplæringa. Vidare meiner 87 prosent at lærlingane i «nokså stor grad» eller «svært stor grad» deltek i vurderinga av eige arbeid, og 89,1 prosent at lærlingen er kjent med kva som blir vektlagt i vurderinga av arbeidet. 96,1 prosent av lærebedriftene svarar at lærlingen i «nokså stor grad» eller «svært stor grad» får tilbakemelding på gjennomførte arbeidsoppgåver. Resultata er om lag uendra samanlikna med førre undersøking.
Intern plan
Alle bedrifter skal ha ei intern opplæringsplan over kva lærlingen skal lære i læretida
67,9 prosent av lærlingane svarer «ja» eller «ja, til dels» på spørsmålet om bedrifta har laga ei plan for kva lærlingen skal lære. Det er om lag på landsgjennomsnittet, som er på 67 prosent.
32,1 prosent av lærlingane svarar «nei» eller «veit ikkje» på dette spørsmålet. Det er ei svak auke frå 2021 kor svarprosenten frå desse kategoriane var på 33,1 prosent.
Av dei lærlingane som svarar at dei har intern opplæringsplan er det 93,2 prosent som svarar at den blir brukt heilt eller delvis.
Resultata frå lærlingundersøkinga samsvarar med resultata frå lærebedriftsundersøkinga som viser at 93,4 prosent av bedriftene bruker den interne plana heilt eller delvis. Samanlikna med førre undersøking er det ei positiv utvikling i bruk av interne planar.
Halvårssamtale
Lærebedriftene skal gjennomføre halvårssamtalar med lærlingane. Det var 75,2 prosent av lærlingane som svarte at dei har hatt halvårssamtale med ein i bedrifta eller opplæringskontoret, der dei går gjennom kva dei har lært og kva dei skal lære framover. Resultatet ligg litt over landsgjennomsnitt på 73 prosent. 15,9 prosent svarer at dei har samtalar, men ikkje kvart halvår. Dette er noko lågare enn landsgjennomsnittet på 19 prosent.
Det er 67,5 prosent av lærlingane som svarar at dei får ei skriftleg oppsummering av samtalen, dette er ei auke frå førre undersøking.
I halvårssamtalen svarar dei fleste lærlingane at dei snakkar om korleis dei trivst, fagleg prestasjon, kva lærlingen skal gjere for å bli betre i faget og planlegg arbeidsoppgåver fram til neste samtale. Samtalen er ein viktig del av arbeidet med trygge arbeids- og læringsmiljø for lærlingane.