8 Ressursbruk

Ressursbruken i vidaregåande opplæring blir påverka av fleire faktorar, som skolestorleik og korleis elevane er fordelte mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram er elevtalet per klasse omlag halvparten av talet innanfor studieførebuande utdanningsprogram.

Tala for ressursbruken i den vidaregåande opplæringa blir publiserte av Utdanningsdirektoratet på udir.no. Her finn vi tala for alle fylka. Dette gjer at vi kan samanlikne ressursbruken vår med ressursbruken til dei andre fylkeskommunane.

I skoleåret 2022-2023 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 8 881 elevar fordelt på 20 skolar. I snitt hadde skolane våre 444 elevar. Snittet til dei andre fylkeskommunane var 530 elevar per skole. Møre og Romsdal ligg 28 prosent under snittet. Samanlikna med dei andre er det berre Troms og Finnmark fylkeskommune (326), Nordland fylkeskommune (418) og Vestland fylkeskommune (440) som har lågare elevtal per skole (Utdanningsdirektoratet, 2023). I samanlikninga av fylka på kva det kostar å produsere vidaregåande opplæring, har vi brukt desse nøkkeltala:

Oversikt over ressursbruk i vidaregåande opplæring, 2022
Fylke Driftsutgifter per elev Driftsutgifter i studieførebuande utdanningsprogram per elev Driftsutgifter i yrkesfaglege utdanningsprogram per elev Driftsutgifter til fagopplæring per lærling
Møre og Romsdal 194 584 93 378 121 643 87 025
Snitt i fylkaa utan Oslo og M&R 201 451 84 226 118 363 90 110
Høgaste 242 487 95 193 137 564 96 646
Lågaste 180 045 74 974 105 283 80 370
Rangering M&R 6 2 4 7
Kjelde: Økonomi og undervisningspersonell - videregående opplæring, Utdanningsdirektoratet.

Møre og Romsdal er rangert som nr. 6 i driftsutgifter per elev. Dette betyr at 4 av fylka har lågare driftsutgifter enn Møre og Romsdal, og at 5 av fylka har høgare driftsutgifter:

Driftsutgifter per elev, 2022
Fylke Driftsutgifter per elev, 2022
Vestland 180 045
Viken 186 627
Rogaland 187 484
Vestfold og Telemark 188 810
Møre og Romsdal 194 584
Agder 195 539
Landet uten Oslo og MR 201 451
Trøndelag 201 127
Innlandet 201 376
Troms og Finnmark 229 563
Nordland 242 487

Tala viser at driftsutgiftene våre per elev er litt lågare enn gjennomsnittet for landet. For studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram ligg vi litt høgare enn snittet. Vi ligg litt under landssnittet for driftsutgifter til fagopplæring. Når driftsutgiftene per elev likevel er lågare enn snittet for landet skuldast dette at vi har lågare utgifter per elev på andre områder. Tabellen under syner nokre av desse områda:

Samanlikning, utvalde utgiftsområde, 2022
Fylke Korrigerte brutto driftsutgifter til skolelokaler og internater i videregående opplæring per elev Korrigerte brutto driftsutgifter til ped ledelse og ped fellesutgifter per elev Korrigerte brutto driftsutgifter til skoleforvaltning per elev Korrigerte brutto driftsutgifter til spesialundervisning og særskilt tilpasset opplæring i videregående opplæring per elev Korrigerte brutto driftsutgifter til oppfølgingstjeneste og pedagogisk-psykologisk tjeneste i videregående opplæring per elev
Møre og Romsdal 28 538 15 066 23 915 21 808 619
Snitt i fylkaa utan Oslo og M&R 38 301 22 812 20 511 17 942 3 705
Høgaste 47 580 27 506 28 547 22 117 4 658
Lågaste 28 538 15 066 14 373 15 103 619
Rangering M&R 10 10 3 2 10
Kjelde: Økonomi og undervisningspersonell - videregående opplæring, Utdanningsdirektoratet.

Vi bruker svært lite på pedagogisk leiing samanlikna med dei andre fylka. Figuren under viser at vi er fylket som brukar minst ressursar på dette:

Korrigerte brutto driftsutgifter til pedagogisk leiing og fellesutgifter, per elev, 2022
Fylke Korrigerte brutto driftsutgifter til pedagogisk leiing og fellesutgifter per elev, 2022
Møre og Romsdal 15 066
Vestfold og Telemark 17 164
Innlandet 19 563
Agder 21 135
Vestland 21 800
Landet uten Oslo og MR 22 812
Viken 22 912
Nordland 23 507
Troms og Finnmark 24 843
Trøndelag 26 882
Rogaland 27 506

I tala kjem det også fram at vi bruker meir til spesialundervising og særskilt tilpassa opplæring enn dei andre fylka. I figuren under ser vi at berre Nordland bruker meir ressursar på dette enn oss:

Korrigerte brutto driftsutgifter spesialundervisning og særskilt tilpassa opplæring, per elev, 2022
Fylke Korrigerte brutto driftsutgifter spesialundervisning og særskilt tilpassa opplæring per elev, 2022
Agder 15 103
Innlandet 15 165
Viken 16 874
Vestland 17 313
Landet uten Oslo og MR 17 942
Vestfold og Telemark 17 996
Trøndelag 18 145
Rogaland 18 918
Troms og Finnmark 19 843
Møre og Romsdal 21 808
Nordland 22 117