1 Innleiing

1.1 Om kvalitetsmeldinga og mål for opplæringa

Kvalitetsmeldinga 2023 er ein tilstandsrapport på kvaliteten til den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune etter Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal 2022-2026. I fylkesstrategien er det gitt lokale mål for opplæringa, og desse måla er vist til under dei ulike områda i kvalitetsmeldinga. Kvalitetsmeldinga gir retning og grunnlag for det vidare arbeidet med kvalitet i vidaregåande opplæring, og sikrar skoleeigar føresetnader for å arbeide for ei heilskapleg kvalitetsutvikling. Kravet om årleg melding om tilstand er heimla i opplæringslova § 13-3e, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø.

Det er Fylkestinget som er øvste ansvarleg for den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal fylkeskommune, og Kvalitetsmeldinga skal sikre Fylkestinget dei kunnskapane som trengst for å følgje utviklinga i opplæringa på ein god måte. Årsmeldingane som er vedlagde gir også eit bilete av den enkelte skole, og greier ut om elevsamansetning, organisering, resultat og om korleis det blir arbeidd med kvalitetsutvikling og læringsmiljø på kvar skole. Årsmeldingane er også eit viktig utgangspunkt for dialogar og drøftingar om kvalitetsutvikling mellom skolane og skoleeigar, og dei er viktige i arbeidet med å gjere opplæringa best mogleg for elevane våre.

Data er henta frå SSB og Utdanningsdirektoratet, til dels gjennom IT-tenesta Qlik Sense. Tala viser resultat på det nasjonale og det fylkeskommunale nivået, mens årsmeldingane til skolane viser resultat og tal på skolenivå. Delar av tala for skoleåret 2022-2023 blir oppdaterte etter ferdigstillinga av kvalitetsmeldinga, og dette kan føre til små endringar i statistikken. Delar av statistikken vil vere unntatt offentlegheita der det er fare for å kunne identifisere individ, og dette er eit personvernsomsyn.

1.2 Årshjul for kvalitetsarbeid

Arbeidet med kvaliteten i dei vidaregåande skolane skjer i tett dialog mellom skoleeigar og skoleleiarar. Årshjulet er eit uttrykk for dette, og viser korleis samarbeidet er forankra:

Årshjul for kvalitetsarbeid i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune

Årshjul for kvalitetsarbeid i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune

Kvalitetsmeldinga og årsmeldingane frå skolane skapar grunnlag for blant anna leiardialogar, oppdragsavtalar mellom skoleeigar og skolar (jf. sak UD-7/14), handlingsplanar og fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring. Under eitt er kvalitetsmeldinga heilt sentral i det årlege kvalitetsarbeidet.

1.3 Om vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 20 vidaregåande skolar. Skolestrukturen er desentralisert, med vidaregåande skolar i alle dei ulike regionane i fylket.

I tillegg har fylkeskommunen ansvar for fagskolen i Møre og Romsdal, med avdelingar i Kristiansund og Ålesund. Fagskolen rapporterer til fagskolestyret, og statistikk og tal for fagskolen er ikkje ein del av denne kvalitetsmeldinga.

Oversiktskart, vidaregåande skolar i Møre og Romsdal

Oversiktskart, vidaregåande skolar i Møre og Romsdal

I skoleåret 2022-2023 hadde Møre og Romsdal fylkeskommune 8 881 elevar og 2 704 lærlingar og lærekandidatar. Omlag 57 prosent av dei i vidaregåande opplæring høyrde til yrkesfaga, mens 43 prosent høyrde til studieførebuande utdanningsprogram. Den gjennomsnittlege skolestorleiken låg på 444 elevar. Dei to minste skolane er Tingvoll vgs med 91 elevar og Stranda vgs med 123. Størst er Ålesund vgs med 1 420 elevar. Utdanningssektoren har omlag 2 000 tilsette. Av desse har rundt 1 500 pedagogisk ansvar.

Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr opplæring i ordinære opplæringsløp, i tillegg til fleksible opplæringsløp. Fleksible opplæringsløp er regulert i lokal forskrift om fleksibilitet i fag- og timefordeling. I kvalitetsmeldinga inngår fleksible opplæringsløp i statistikken for utdanningsprogramma dei høyrer til.

Møre og Romsdal fylkeskommune har 372 godkjente sjølvstendige lærebedrifter og 1 240 medlemsbedrifter i 44 godkjente opplæringskontor.

Fylkeskommunen er fagleg og administrativt ansvarleg for både grunnskoleopplæring og opplæring på vidaregåande nivå i kriminalomsorga. Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for opplæringstilbod ved Hustad fengsel og Ålesund fengsel, opplæringa er knytt til Hustadvika vgs og Borgund vgs. I tillegg har fylkeskommunen ansvar for opplæring for barn og ungdom ved barneverns- og helseinstitusjonar.

Ungdom mellom 16 og 21 år som ikkje er i opplæring eller arbeid, har lovfesta rett til å bli følgd opp av oppfølgingstenesta (OT). I Møre og Romsdal er det 8 stillingar knytt til OT. Stillingane er fordelte på 15 rådgivarar rundt om i fylket.

1.4 Inntak til dei vidaregåande skolane

Inntaket og dimensjoneringa er styrt av lov, forskrift og politiske prioriteringar. Ungdom som har gjennomgått grunnskolen eller tilsvarande utdanning har lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Denne retten blir omtalt som ungdomsrett. Ungdomsretten gjeld ut det skoleåret som startar det året personen fyller 24 år.

Tilbodet er dimensjonert etter to hovudprinsipp:

  • Målsettinga om at 90 prosent av søkarane med ungdomsrett skal få oppfylt primærønsket sitt om val av utdanningsprogram på vg1, som er gitt i Fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring og Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring.
  • Skole- og tilbodsstrukturen skal vere i tråd med politiske vedtak, med vekt på at vi skal ha ein desentralisert skolestruktur.

Desse to prinsippa kan vere motstridande, då høg grad av oppfylte førsteønsker kan gi ei større innsøking til dei største skolane.

I tråd med opplæringslova § 3-1 får alle søkarar med ungdomsrett til vidaregåande opplæring tilbod om skoleplass. Skoleåret 2022-2023 fekk 89 prosent av søkarane med ungdomsrett oppfylt primærønsket sitt på vg1. Til samanlikning fekk 84 prosent av søkarane med ungdomsrett oppfylt primærønsket sitt på vg1 inneverande skoleår 2023-2024.

Antall elever i videregående skole, Møre og Romsdal 2022-23
Utdanningsprogram Vg1 Vg2 Vg3 Alle trinn
Studieforberedende utdanningsprogram 1 485 1 360 1 508 4 353
Påbygg etter yrkesfaglig vg2 394 394
Påbygg etter oppnådd yrkeskompetanse 165 165
Yrkesfaglige utdanningsprogram* 2 071 1 752 146 3 969
Alle utdanningsprogram 3 556 3 122 2 213 8 881
Kilde: Utdanningsdirektoratet. *Inkluderer studieforberedende vg3 naturbruk