3 Skoleårsresultat
3.1 Vurderinga til skoleeigar
88,2 prosent av elevane i Møre og Romsdal fullførte og bestod skoleåret 2022-2023. Vi er framleis på topp blant fylka, og resultatet ligg 4,1 prosent over landsgjennomsnittet. Samanlikna med førre skoleår så viser tala i Møre og Romsdal ein nedgang, og resultatet ligg under det lokale målet om at minst 90 prosent av elevane skal ha fullført og bestått skoleåret.
Talet på elevar som har fullført og bestått dei siste tre skoleåra har vore rekordhøge. Nedgangen vi no ser, både i Møre og Romsdal og på landsbasis, kan ha si forklaring i at vi er inne i ein post-pandemi periode. At vi framleis kan vise til best resultatet blant fylka er viktig å ta med seg i arbeidet framover, da dette er teikn på det blir arbeidd godt og systematisk på våre skolar.
Skoleåret 2022-2023 er det første skoleåret på fleire år som ikkje har vore direkte påverka av pandemien, og kor dei fleste av elevane har hatt ein tilnærma normal skolekvardag. Vi ser at karaktersnittet ligg relativt stabilt, med 4,20 poeng samla sett for skoleåret 2022-2023. Det er som vanleg svingingar i karaktersnittet mellom utdanningsprogram, men få store utslag. Vi ser at kjønnsfordelinga mellom utdanningsprogram og karaktersnitt i stor grad følgjer dei same trekka som tidlegare skoleår, men at karaktersnittet for påbygging til generell studiekompetanse har jamna seg ut. Her er det ingen forskjellar i karaktersnitt mellom gutar og jenter.
3,1 prosent av elevane slutta skoleåret 2022-23. Resultatet er stabilt samanlikna med førre skoleår. Vi ligg med det litt over målet om at mindre enn 3 prosent av elevane skal slutte. Vi ligg under nasjonalt snitt som er på 3,3 prosent. Fordelt på trinn er det flest elevar som sluttar på vg1, og fordelt på studieretningar er det flest som sluttar på yrkesfaglege utdanningsprogram. Fordelingane elles viser at det framleis er ei overvekt av gutar blant elevane som sluttar, og vi ser også ein auke i skilnaden mellom kjønna. Det er viktig å merke seg at ein stor del av elevane som er registrert slutta berre har teke permisjon. Desse er meint å kome tilbake i opplæring på eit seinare tidspunkt. Dei vanlegaste sluttårsakene er permisjon, feilval og stort fråvær. Vi ser ei endring i at det er langt fleire elevar som sluttar grunna stort fråvær skoleåret 2022-2023 enn tidlegare skoleår.
Fråværet til elevane har auka markant skoleåret 2022-2023. Midlertidige fråværsreglar under pandemien gjer at det ikkje er mogleg å gjere ei direkte samanlikning mellom fråværstala dei fire siste skoleåra. Trass i auke så ser vi at det berre er Trøndelag og Rogaland som har lågare fråværstal blant fylka, og at vi ligg godt under det nasjonale snittet. Det er likevel grunn til bekymring at den hyppigaste sluttårsaka blant elevane er stort fråvær, og at fråværstala er høgare enn dei var før pandemien. Målet er at fråværet til elevane skal vere lågare enn 4,5 prosent.
3.2 Fullført og bestått
Fullført og bestått skoleåret 2022-2023
88,2 prosent av elevane i Møre og Romsdal fullførte og bestod skoleåret 2022-23. Resultatet ligg under målet frå fylkesstrategien om at minst 90 prosent av elevane skal fullføre og bestå skoleåret, og vi ser også ein nedgang frå førre skoleår som hadde eit resultat på 89,6 prosent. Vi ser at resultatet ligg lågare enn dei tre siste skoleåra, men framleis høgare enn før pandemien.
Møre og Romsdal kan vise til det høgaste resultatet blant fylka, og vi ligg 4,1 prosent over landsgjennomsnittet. Av dei andre fylka er det Rogaland og Innlandet som ligg tettast på Møre og Romsdal i resultat. Vestfold og Telemark og Oslo har lågast resultat på fullført og bestått skoleåret 2022-2023.
Vi ser at utviklinga i Møre og Romsdal er i samsvar med utviklinga på landsbasis, men den prosentvise nedgangen i Møre og Romsdal er mindre enn på landsbasis.
Fullført og bestått fordelt på utdanningsretning og utdanningsprogram
Fullført og bestått fordelt på dei ulike utdanningsretningane viser variasjonane mellom utdanningsretningane i Møre og Romsdal. Det er flest elevar som fullfører og består innan studieførebuande utdanningsprogram. Resultata for påbygging til generell studiekompetanse er dei som svingar mest. Etter at påbygging var omtrent på nivå med yrkesfaga førre skoleår, viser resultata ein markant nedgang dette skoleåret.
Om ein samanliknar utdanningsprogramma er det idrettsfag som kan vise til høgaste andel fullført og bestått med 95,5 prosent. Lågast ligg medium og kommunikasjon med 68,0 prosent.
Fullført og bestått fordelt på kjønn
Samla sett var det flest jenter som fullførte og bestod skoleåret 2022-2023, men skilnaden mellom kjønna er ikkje stor. Fordelinga mellom dei ulike studieretningane viser at det var flest jenter som fullførte og bestod både på studieførebuande utdanningsprogram og påbygging til generell studiekompetanse, men i yrkesfaglege utdanningsprogram var det flest gutar som fullførte og bestod. Ei forklaring på dette kan vere at gutane i større grad meistrar den praktiske opplæringa og praksisen dei får på yrkesfag, enn dei teoretiske skolefaga.
Fullført og bestått fordelt på skolar og trinn
Fordelt på skolar og trinn ser ein at skolane i fylket gir god opplæring, og at elevar flest meistrar og består faga sine.
To av faktorane til variasjon i resultata mellom skolane er inntakspoeng og utdanningsprogram.
Skole | Vg1 | Vg2 | Vg3 | Totalt |
---|---|---|---|---|
Atlanten videregående skole | 94,1 | 89,6 | 89,6 | 91,1 |
Borgund vidaregåande skole | 76,4 | 83,1 | 85,3 | 80,6 |
Gjermundnes vidaregåande skule | 87,8 | 92,0 | 81,3 | 86,8 |
Haram vidaregåande skule | 86,1 | 88,1 | 80,0 | 84,7 |
Herøy vidaregåande skule | 89,6 | 88,0 | 64,0 | 86,0 |
Hustadvika vidaregåande skole | 86,7 | 97,5 | 75,4 | 88,2 |
Kristiansund videregående skole | 87,0 | 92,9 | 77,2 | 87,8 |
Molde videregående skole | 93,3 | 94,7 | 91,9 | 93,2 |
Rauma videregående skole | 89,7 | 93,8 | 86,7 | 90,0 |
Romsdal videregående skole | 87,4 | 87,3 | 91,1 | 87,9 |
Spjelkavik videregående skole | 98,2 | 79,2 | 88,0 | 88,8 |
Stranda vidaregåande skole | 88,7 | 100 | 96,3 | 92,9 |
Sunndal vidaregåande skole | 81,3 | 90,5 | 82,6 | 85,2 |
Surnadal vidaregåande skole | 90,1 | 87,7 | 80,0 | 86,9 |
Sykkylven vidaregåande skole | 86,7 | 88,5 | 85,3 | 86,7 |
Tingvoll vidaregåande skole | 87,9 | 94,4 | 82,8 | 87,5 |
Ulstein vidaregåande skole | 91,2 | 93,0 | 85,9 | 90,1 |
Volda vidaregåande skole | 85,5 | 85,8 | 88,9 | 87,1 |
Ørsta vidaregåande skole | 81,7 | 93,3 | 72,7 | 86,5 |
Ålesund videregående skole | 89,2 | 93,7 | 89,1 | 90,8 |
Kjelde: Qlik Sense, Møre og Romsdal fylkeskommune |
3.3 Karakterar
Karaktersnitt
Skoleåret 2022–2023 er det første skoleåret på fleire år som ikkje har vore direkte påverka av pandemien, og kor dei fleste av elevane har hatt ein tilnærma normal skolekvardag utan digital undervisning og andre tiltak. I tillegg er kompetansemåla i læreplanane, som standpunktkarakterane er basert på, endra med innføring av nytt læreplanverk.
Vi ser at karaktersnittet gjorde eit markant hopp under pandemi-skoleåra, og at karaktersnittet er høgare enn det var før pandemien. Tala viser oss at karaktersnittet totalt sett ligg på eit stabilt nivå, med 4,20 poeng for skoleåret 2022-2023.
Karaktersnitt fordelt på utdanningsretning og kjønn
Ser vi på karaktersnittet til elevane fordelt på kjønn og utdanningsretning finn vi same tendens som tidlegare; det er jentene på studieførebuande utdanningsprogram som har det høgaste karaktersnittet. Elles er fordelinga i linje med tidlegare år, med berre små justeringar mellom utdanningsretningane. Karaktersnittet for påbygging til generell studiekompetanse skil seg ut, her er det ingen forskjellar mellom gutar og jenter.
Karaktersnitt fordelt på utdanningsprogram
Det vil alltid vere svingingar og variasjonar mellom utdanningsprogram. Samla sett er dei fleste endringane likevel små, og uttrykk for eit jamt og stabilt nivå. Blant utdanningsprogramma er det musikk, dans og drama som kan vise til høgast resultat, med 4,41 poeng. Restaurant- og matfag har det lågaste karaktersnittet, med 3,87 poeng.
Eksamen
For første gong på fire år vart eksamen i alle fag gjennomført for elevar i vidaregåande skole. I tabellen under er det vist til resultat på skriftleg eksamen i utvalde fellesfag, der resultatet i Møre og Romsdal er samanlikna med landsgjennomsnittet. Vi ser at Møre og Romsdal kan vise til betre gjennomsnittskarakterar på eksamen i dei fleste faga.
Møre og Romsdal kan vise til betre gjennomsnittskarakter i engelsk, matematikk 1P, matematikk 2P, norsk vg2 yrkesfaglege utdanningsprogram og norsk hovudmål vg3 studieførebuande utdanningsprogram.
I norsk sidemål vg3 studieførebuande utdanningsprogram ligg Møre og Romsdal likt med landsgjennomsnittet. I matematikk 1T og matematikk 2P-Y ligg Møre og Romsdal litt under landsgjennomsnittet.
Fag | Møre og Romsdal | Hele landet |
---|---|---|
Engelsk vg1 studieforberedende utdanningsprogram | 4,4 | 4,2 |
Engelsk vg1 yrkesfaglige utdanningsprogram | 3,7 | 3,4 |
Matematikk 1P | 2,9 | 2,7 |
Matematikk 1T | 3,0 | 3,2 |
Matematikk 2P | 2,9 | 2,8 |
Matematikk 2P-Y | 2,6 | 2,7 |
Norsk, vg2 yrkesfaglige utdanningsprogram* | 4,0 | 3,9 |
Norsk hovedmål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, skriftlig* | 4,6 | 3,2 |
Norsk sidemål, vg3 studieforberedende utdanningsprogram, skriftlig | 3,5 | 3,5 |
Kjelde: Karakterstatistikk for videregåande skole, Utdanningsdirektoratet |
*Faget hadde skriftlig eksamen 22. mai og var derfor berørt av de tekniske problemene. Dette har ført til at flere elever har annullert sin eksamen, så antall eksamenskarakterer er lavere enn normalt.
På grunn av innloggingsproblem i Utdanningsdirektoratet sitt prøveadministrative system på eksamen 22. mai 2023, fekk elevane moglegheit til å velje om dei ville annullere eller behalde eksamenskarakteren. Møre og Romsdal hadde også lokale tekniske problem, som førte til at det tok enno lengre tid for elevane i vårt fylke å logge seg på. Om lag 3 av 4 elevar valte å annullere eksamenskarakteren i norsk hovudmål. Vi ser at gjennomsnittskarakter for eksamen i norsk hovudmål ligg betrakteleg høgare enn før pandemien, og det er rimeleg å anta at dette skyldast at elevane som fekk låg karakter på eksamen valte å annullere karakteren.
Forutsetningar - karaktergrunnlag frå grunnskolen
Vi veit at det betyr noko kva karakterar elevane har med seg frå grunnskolen når dei startar i vidaregåande opplæring. Låge karakterar frå grunnskolen er den viktigaste enkeltforklaringa på at elevar ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring. Men vi ser at elevar med låge grunnskolepoeng i noko større grad fullfører i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Ei forklaring på det kan vere organiseringa på yrkesfag, med mindre grupper og fleire moglegheiter for tilpassa opplæring, noko som gjer at fleire med svake resultat lykkast. Det er også mange elevar som meistrar betre den praktiske opplæringa og praksisen dei får på yrkesfag, enn dei teoretiske skolefaga.
Vi ser at karaktergrunnlaget frå grunnskolen har auka jamt dei siste åra, og at jentene kan vise til høgast karaktergrunnlag.
3.4 Fråvær
Vi ser at fråværet til elevane auka markant skoleåret 2022-2023. Ei forklaring til utviklinga er at det registrerte fråværet skoleåra 2019-2022, under pandemien, ikkje viser det reelle fråværet elevane hadde desse tre skoleåra. Det helserelaterte fråværet til elevane under pandemien vart ikkje rekna med, ettersom det var gjort unntak for dette gjennom midlertidige endringar av fråværsreglementet. Ei direkte samanlikning mellom dei fire siste skoleåra blir lite relevant, ettersom forskjellane i grunnlaget er for stort.
Skoleår | Gjennomsnittleg fråværsdager | Gjennomsnittleg fråværstimer | Totalfråvær (%) |
---|---|---|---|
2017/18 | 5,7 | 13,3 | 4,5% |
2018/19 | 5,9 | 14,7 | 4,8% |
2019/20 | 4,4 | 10,3 | 3,5% |
2020/21 | 2,6 | 9,8 | 2,5% |
2021/22 | 2,0 | 15,1 | 2,7% |
2022/23 | 7,9 | 21,2 | 6,6% |
Kjelde: Qlik Sense, Møre og Romsdal fylkeskommune |
Det som likevel gir grunn til bekymring er at fråværstala for skoleåret 2022-2023 er høgare enn dei var før pandemien. Trenden er den same på landsbasis. Trass i auke så ser vi at fråværet til elevane i Møre og Romsdal ligg lågare enn landsgjennomsnittet, noko som er positivt. Samla har elevane i Møre og Romsdal eit fråvær på 6,6 prosent, mens gjennomsnittet på landsbasis er på 7,0 prosent. Det er berre Trøndelag og Innlandet som kan vise til lågare fråvær blant elevane enn Møre og Romsdal. Målet i Møre og Romsdal er at fråværet til elevane skal vere lågare enn 4,5 prosent.
Fråværstala fordelt på trinn viser at fråværet ligg litt høgare på vg1 enn på vg2, men aukar markant etter vg2. Elles så viser fråværstala at gutane har lågare fråvær enn jentene. Gutane har eit fråvær på 6,0 prosent mens jentene har eit fråvær på 7,1 prosent. Vi ser og at det er skilnader i fråværet mellom utdanningsretningane. Elevane på studieførebuande utdanningsprogram har eit fråvær på 6,2 prosent, yrkesfaglege utdanningsprogram på 6,7 prosent og påbygging til generell studiekompetanse har eit fråvær på 8,0 prosent. Elevane på elektrofag har lågast fråvær, med 5,0 prosent. Elevane på medium og kommunikasjon har det høgaste fråværet, med 11,0 prosent.
3.5 Elevar som har slutta
3,1 prosent av elevane slutta i løpet av skoleåret 2022-2023. Tala svarar til 260 elevar. Samanlikna med skoleåret 2021-2022 er tala stabile, tala viser inga prosentvis endring. Målet er at mindre enn 3 prosent av elevane skal slutte i løpet av skoleåret.
Talet for Møre og Romsdal er litt betre enn landsgjennomsnittet som er på 3,3 prosent.
Samanlikning fordelt på fylka viser at det berre er Rogaland og Oslo som kan vise til lågare tal.
Fordelt på trinn viser tala at det er flest som sluttar på vg1, og at færre sluttar etter stigande årstrinn. På vg1 slutta 4,0 prosent av elevane, på vg2 slutta 2,8 prosent og på vg3 slutta 2,2 prosent. Elles så viser tala at det var flest gutar som slutta skoleåret 2022-2023. Av gutane slutta 3,6 prosent, og av jentene 2,6 prosent. Vi ser også at det er store skilnader i tala mellom dei ulike utdanningsretningane og utdanningsprogramma. Det var flest elevar som slutta i yrkesfaglege utdanningsprogram, med 4,8 prosent. Av elevane på påbygging til generell studiekompetanse slutta 4,5 prosent og av elevane på studieførebuande utdanningsprogram var det berre 1,4 prosent som slutta.
I prosent er det utdanningsprogram for medium og kommunikasjon som har størst andel elevar som slutta, med 16,0 prosent. Men denne prosenten må sjåast i samanheng med at det totale talet på elevar på utdanningsprogrammet er lågt og dermed gir det større utslag i prosent når elevar sluttar. Av alle utdanningsprogramma er det programområde for studiespesialisering som har lågast prosent av elevar som slutta, med 0,9 prosent. Samstundes er studiespesialisering utdanningsprogrammet med flest elevar.
Fordelt på sluttårsaker ser vi at det er flest elevar under sluttårsak stort fråvær. Det er også ein stor del av elevane som har permisjon og feilval som sluttårsak. Elevar som tek permisjon frå opplæringa er sikra plass ved inntaket etter permisjonen. Vi ser ei endring i tala og fordelinga på sluttårsaker samanlikna med førre skoleår. Andelen som har stort fråvær som sluttårsak har auka og i tillegg har også andelen som sluttar grunna feilval auka. Når det gjeld elevar som tek permisjon så er talet her omtrent på same nivå som førre skoleår.
Dei fleste av elevane slutta i oktober. Av totalt 260 elevar som slutta, slutta 66 av dei i oktober månad. Ein ser elles at ein stor del slutta i januar, 43 elevar. Vi ser at det er fleire elevar som sluttar i perioden januar til juni, enn i perioden august til desember. I perioden august til desember var det 116 elevar som slutta. I perioden januar til juni var det 144 elevar som slutta.
3.6 Aktivitet hos elevar som har slutta - ungdom i oppfølgingstenesta
Ungdommane som vel å slutte den vidaregåande opplæringa blir overførte til Oppfølgingstenesta (OT). Det er dei med ungdomsrett, og som er mellom 16 og 21 år, som har rett på oppfølging. Det er gode rutinar for avklaring og oppfølging på skolane i overgangen mellom opplæringslutt til oppfølging.
Oppfølgingstenesta skal etablere kontakt med alle ungdommar i målgruppa som avbryt opplæringa, med sikte på rettleiing, oppfølging og ny aktivitet. Målet er at ingen ungdommar i målgruppa skal vere ukjende for OT.
Figuren under viser korleis ungdommane er fordelt mellom ulike aktivitetskategoriar, og vi ser at 37 prosent er i aktivitet.
Eksempel på aktivitet er: opplæring, arbeid eller arbeidspraksis i regi av fylkeskommunen eller NAV.