7 Leiing og profesjonsutvikling

7.1 Vurderinga til skoleeigar

Skoleeigar skal halde fram med å legge til rette for gode profesjonsfellesskap på den enkelte skole, og på tvers av dei. Skolane har ansvar for å skape gode og lærande fellesskap mellom sine tilsette, men også på tvers av skolane og i samarbeid med eksterne aktørar. Arbeidet med leiing og profesjonsutvikling må vere utviklingsorientert, heilskapleg og kontinuerleg, også i åra som kjem.

Leiardialogar mellom kompetansesjefen og leiarane på skolane skjer jamleg og er ein del av årshjulet for kvalitetsarbeid (sjå pkt. 1.2). Kvar haust og vår er det individuelle dialogar mellom kompetansesjefen og leiargruppa på den enkelte skole. I tillegg blir det arrangert rektormøter jamleg, skoleleiarsamling på hausten og toppleiarsamling på våren.

Fagnettverka er den største delen av etterutdanningstilbodet i fylket, og ein viktig bidragsytar som arena for profesjonelle fellesskap på tvers av skolar. Det er viktig for skoleeigar å vidareutvikle nettverka i lag med skoleleiarar, profesjonsorganisasjonane og fagnettverka sjølve. Fagnettverka blir drifta av skolane etter oppdragsavtaler med kompetansesjefen.

Arbeid med nytt læreplanverk (LK20), vurderingspraksis og elevmedverknad, og læringsmiljø for inkluderande praksis vil halde fram som fokusområde. Fokusområda gjer seg gjeldande både innanfor profesjonsutvikling, fagnettverka og tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling.

7.2 Kompetanseutvikling

Kompetanseutvikling av tilsette er ei kontinuerleg og lovpålagt oppgåve. Skoleeigar har ansvaret for å sikre riktig og nødvendig kompetanse i skolane, jf. opplæringslovas § 10-8 Kompetanseutvikling.

Lærarar som manglar grunnleggande pedagogisk utdanning kan få grunnutdanning. Lærar som har formell utdanning kan få vidareutdanning, som gir studiepoeng. I tillegg skjer det kontinuerleg etterutdanning av tilsette, som er lokal kompetanseutvikling som i hovudsak skjer i dei lærande fellesskapa på skolane og på tvers av skolane.

Det meste av etterutdanninga blir gjennomført i profesjonsfellesskapa på den enkelte skole. Dette er arbeid som skjer i tråd med prioriterte satsingsområde, forsking og lokale kompetansebehov. Lokal kompetanseutvikling skal også skje i profesjonsfellesskap mellom skolane, mellom næringsliv og skole og i partnarskap med blant anna høgskolar og universitet.

7.2.1 Grunnutdanning - Utdannings- og rekrutteringsstipend

Tilsette lærarar som manglar godkjent utdanning, og personar som ønsker å kvalifisere seg til læraryrket, kan søke om utdannings- og rekrutteringsstipend hos Utdanningsdirektoratet. Det kan søkast om stipend for å ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU og PPU-Y), stipend for å ta yrkesfaglærarutdanning (YFL), stipend for minoritetsspråklege lærarar og stipend for lærarar som skal fullføre tidlegare påbegynt lærarutdanning. Møre og Romsdal fylkeskommune fekk godkjent 21 søkarar i stipendordningane hausten 2022, og 31 søkarar hausten 2023.

7.2.2 Vidareutdanning - Kompetanse for kvalitet

Skoleåret 2022-2023 tok 66 lærarar frå våre skolar vidareutdanning gjennom den statlege vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet. Deltakarane vart prioriterte av skolane for å sikre samsvar mellom kompetansebehov og kompetanseutviklingsplanane til skolane. Hausten 2023 er det tatt inn ytterlegare 84 lærarar i ordninga.

Skoleleiarane får tilbod om vidareutdanning gjennom dei statlege ordningane for rektorutdanning og vidareutdanning for leiarar. Hausten 2022 starta fire skoleleiar rektorutdanning, og to skoleleiarar starta slik utdanning hausten 2023.

7.2.3 Etterutdanning

Formålet med etterutdanning er å styrke den kollektive kompetansen ut frå lokale behov, og mykje av etterutdanninga skjer derfor gjennom fagnettverka (profesjonsfellesskapa på tvers av skolane) og i profesjonsfellesskapa på den enkelte skole. Det blir nytta både fylkeskommunale og statlege midlar til etterutdanning. Årleg mottek fylkeskommunen midlar frå staten gjennom tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling.

I tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i skolen (Dekom skole) blir statlege midlar for etterutdanning kanalisert gjennom Statsforvaltaren. Målet med ordninga er å styrke den kollektive kompetansen i skolane ut frå lokale behov og gjennom partnarskap med universitet og høgskolar. Møre og Romsdal fylkeskommune er i partnarskap med Høgskulen i Volda. Partnarskapet, som starta i 2019, har ført til styrka kompetanse i dei vidaregåande skolane. I tillegg har Høgskulen i Volda auka kunnskapane sine om vidaregåande opplæring, som dei tek med inn i vidareutvikling av lærarutdanninga. Dette er i tråd med det doble oppdraget for ordninga. Skoleåret 2022-2023 blei brukt til kompetanseutvikling av pedagogiske tilsette og leiarar innanfor temaa arbeid med Kunnskapsløftet 2020, vurderingspraksis og elevmedverknad.

Tilskotsordninga for kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa (Dekom yrkesfag) er lik ordninga for skole på fleire område, og har som mål å styrke dei kollektive kompetanse i skolar og lærebedrifter. Ordninga skal skape gjensidig kompetanseutvikling gjennom utveksling av kunnskapar og erfaringar mellom aktørane i fag- og yrkesopplæringa ut frå lokale behov, og etablere og styrke langsiktige samarbeid mellom skole og arbeidsliv. Målgruppene til denne ordninga er blant anna instruktørar og faglege leiarar som gir opplæring i bedrift, prøvenemndsmedlemmar og lærarar i vidaregåande skolar. Midlar blir kanalisert gjennom Udir og ordninga er og ein del av den nasjonale strategien Yrkesfaglærarløftet. Midlane for skoleåret 2022-2023 blei brukt til fagleg oppdatering og hospitering.

Kompetanse- og næringsavdelinga bidrar også til kompetanseutvikling gjennom samlingar, verkstadar og liknande. Fagnettverka er det mest omfattande tiltaket for kompetanseutvikling og erfaringsdeling for lærarar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, og her blir det arrangert samlingar og kurs innan dei ulike fagområda. Det er også kurs og samlingar for blant anna prøvenemndsmedlemmar, faglege leiarar og instruktørar som rettleiar lærlingar og lærekandidatar med opplæring i bedrifter, rådgivarar i grunnskolen og vidaregåande skole, og OT-koordinatorar. Fylkeskommunen si PP-teneste held årlege regionale nettverssamlingar for rektorar, PPT-leiarar og spesialpedagogisk ansvarlege i dei vidaregåande skolane.

7.2.4 Skolebasert etterutdanning

Skolen skal vere eit lærande fellesskap der lærarar, leiarar og andre tilsette reflekterer over fellesverdiar, og vurderer og vidareutviklar praksisane sine. Kompetanseutvikling må vere forankra på kvar enkelt skole, mellom alle tilsette. Fleire av skolane har samarbeid og/eller er i partnarskap med Høgskulen i Volda gjennom tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i skolen (Dekom skole). I årsmeldingane til skolane finn ein meir om skolebasert etterutdanning.

7.2.5 Etter- og vidareutdanning av leiarar

Årleg blir det arrangert ei samling for skoleleiarane på våre skolar, med aktuelle tema innan leiing og skoleutvikling. I tillegg blir det gjennomført ei årleg samling for toppleiarane i skolane, rektor og assisterande rektor, med tema innan leiing og skoleutvikling. Rektormøter blir gjennomførte kvar månad, som ein del av leiardialogen mellom skoleleiarane og skoleeigar. Agenda på rektormøta er aktuelle pedagogiske og skolefaglege tema innan skoleutvikling og drift. Gjennom fylkesakademiet kan leiarar også delta i fylkeskommunen sitt leiarutviklingsprogram.