Samandrag

For første gang på lenge har vi hatt eit skoleår som ikkje har vore direkte påverka av pandemi, men sjølv om dei fleste av elevane hadde ein tilnærma normal skolekvardag er det grunn til å tru at nokre av utslaga vi ser i kvalitetsmeldinga kan bli sette i samanheng med pandemien. Vi ser mellom anna ein markant auke i fråværet til elevane etter å ha gått tilbake til dei ordinære fråværsreglane. Vi ser også ei endring i sluttårsaker, der den hyppigaste årsaka til at elevar sluttar er stort fråvær. Ein stor del av elevane som sluttar tek likevel berre permisjon frå opplæringa, og desse er meinte å kome tilbake i opplæringa på eit seinare tidspunkt. Vi ser at karaktergrunnlaget frå grunnskolen aukar jamt, og at karaktersnittet i vidaregåande opplæring har stabilisert seg på eit høgare nivå enn før pandemien.

Læringsmiljøet er framleis godt på skolane våre med høg trivsel, støtte frå lærarane, fagleg utfordring og meistring. Dei aller fleste av elevane trivst på skolane våre, men dessverre opplever fleire elevar å bli mobba. Vi ser den same tendensen på dei nasjonale tala. Målet er at alle elevar skal oppleve å vere inkluderte. Ingen skal oppleve å bli mobba, og då må vi sørge for å arbeide ennå meir for å skape gode og trygge læringsmiljø. Også lærlingane våre trivst i stor grad og er motiverte til å lære. Heile 88 prosent av lærlingane vil anbefale bedrifta si til andre som skal begynne i lære. Det er færre lærlingar som svarar at dei har opplevd mobbing og uønskt seksuell merksemd på arbeidsplassen, men det er framleis viktig å få fleire til å gjennomføre halvårssamtalar for å gjere arbeidsmiljøet tryggare. Vi ser også behov for eit tettare samarbeid mellom skolane og lærebedriftene i faget yrkesfagleg fordjuping.

Fleire gjennomfører vidaregåande opplæring, og tala for gjennomføring over fem/seks år er igjen rekordhøge. Det er nedgang i tala over elevar som fullfører og består skoleåret, men dette skjer etter tre år med rekordtal. Vi er framleis på topp blant fylka. Ein stadig større del av elevane vel yrkesfag og fleire søkar seg ut i lære. Dette er ei positiv utvikling, då vi veit at næringslivet har stadig større behov for ny og ung kompetanse og ikkje minst fleire fagarbeidarar. Fylket skal arbeide meir heilskapleg med å sikre regionen kompetansane vi treng for framtida, og dei vidaregåande skolane vil spele ei nøkkelrolle i dette arbeidet. Frå neste år skal Fylkesstrategi for kvalitet i vidaregåande opplæring vere ein delstrategi for ein overordna Fylkesstrategi for kompetanse. Den nye fylkesstrategien skal ha som mål å gjere det tydeleg korleis ulike aktørar i Møre og Romsdal samarbeider om å sikre arbeids- og samfunnslivet kompetansane vi treng i dag og for framtida.

Også skoleleiarar og lærarar treng oppdatert kompetanse, og difor skal vi fortsette å satse særleg på leiing og profesjonsutvikling i skolane våre. Med langsiktig og heilskapleg kompetanseutvikling sikrar vi at skoleleiarar, tilsette, fagnettverk og samarbeidspartnarar får arbeide godt over tid.