6 Gjennomføring i yrkesfaga
6.1 Vurderinga til skoleeigar
Godt over halvparten av dei i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal høyrer til yrkesfaga. At fleire elevar vel yrkesfag har vore ein tendens over tid. Utviklinga er positiv med tanke på at arbeidslivet har stort behov for fleire fagarbeidarar.
Ein ser større svingingar i gjennomføringsresultata for yrkesfag enn for elevar i vidaregåande skole. Det er fleire grunnar til dette, og alle er viktige å ha med seg i lesinga av resultata. Formidlingsarbeidet i yrkesfaga er kontinuerleg, og tala kan endre seg frå dag til dag. Utarbeiding av lærekontraktar kan ta tid i enkelte tilfelle, og nye kontraktar vart teikna eller heva i løpet av og på tvers av skoleår. Rapporteringa på yrkesfaga og dei med læretid i bedrift er derfor augeblinksbilete, og tala må ikkje reknast som komplette.
At fleire av elevane vel yrkesfag heng saman med korleis talet på lærekontraktar held fram med å auke. Vi kan vise til ei jamn auking i talet på nye lærekontraktar dei siste åra, der ein stadig større andel av søkarane får lærekontrakt. Samanlikna med tala frå 2021 har 2,7 prosentpoeng fleire av søkarane i Møre og Romsdal fått lærekontrakt. Formidlingsprosenten i Møre og Romsdal ligg over landsgjennomsnittet.
Det blir arbeidd kontinuerleg med å finne læreplassar til eit stadig aukande tal søkarar. Møre og Romsdal har 4 stillingar som formidlingsrådgivarar som skal hjelpe skolane i arbeidet med å formidle elevar til læreplass, og bidra til å lette overgangen frå skole til lærebedrift. Vi vil implementere læreplassregnskap som eit hjelpemiddel til skolane frå skolestart 2024 i denne samanhengen. Læreplassregnskapet vil synleggjere statusen til formidlinga til læreplass gjennom skoleåret.
Det kan vere fleire grunnar til at søkarar ikkje får læreplass. Tidlegare var det mangel på læreplassar som var den største utfordringa, no gjeld dette stort sett berre utsette næringar. Hovudårsakane ein ser i dag er at bedriftene ikkje opplever søkarane som kvalifiserte eller klare for overgangen til lære, at talet på skoleplassar ikkje samsvarar med talet på tilgjengelege læreplassar, eller at bedriftene manglar motiv for å ta inn lærlingar. I tillegg er det også ei utfordring dersom søkarane må flytte for å få læreplass, ikkje alle ønsker det. Vi må derfor fortsette med å styrke samarbeidet med arbeidslivet, mellom anna gjennom faget Yrkesfagleg fordjuping, og sørge for at opplæringa i skolane er relevant og tilpassa dei faktiske situasjonane elevane vil møte i bedriftene.
For å sette søkelys på lærlingordninga, deler Møre og Romsdal fylkeskommune ut prisane «Årets lærling» og «Årets lærebedrift». I tillegg hadde Møre og Romsdal fylkeskommune kampanjen «Tenk framtid - bli lærebedrift», der målet var å skaffe fleire lærebedrifter. Tiltaka bidreg til at stadig fleire bedrifter ser verdien av å ha lærlingar.
I tillegg til dei lokale tiltaka som skal styrke varige samarbeidsarenaer mellom skole og arbeidsliv i Møre og Romsdal, er nasjonale satsingar som «Samfunnskontrakten for fleire læreplassar» som vart fornya i 2022, og «Yrkesfaglærarløftet» med på å fremme yrkesfaga. Målet for dei nasjonale satsingane er at fleire skal velje yrkesfag.
Tidlegare analysar har òg vist at ein stor del av søkarane som står utan læreplass, er i anna vidaregåande opplæring eller får læreplass på eit seinare tidspunkt. Formidling av læreplassar blir avslutta 1. november, og vi vil derfor sjå nokre justeringar av tala som er viste i Kvalitetsmeldinga. Søkarar mellom 16 og 21 år med ungdomsrett, som ikkje har fått læreplass, blir overførte til Oppfølgingstenesta (OT) når formidlinga er over. OT vil, mellom anna i samarbeid med NAV, prøve å gi søkarane praksisplass. Praksisplassar gjer det enklare for dei å få læreplass på eit seinare tidspunkt. Nokon treng meir tid enn andre, og praksis i bedrift kan bidra til å gjere ungdommane meir førebudde på læretid.
6.2 Over halvparten av elevar og lærlingar høyrer til yrkesfaga
55,9 prosent av alle i vidaregåande opplæring skoleåret 2022-2023 var elevar og lærlingar i yrkesfaga. Det har skjedd ein auke på 1,0 prosentpoeng samanlikna med skoleåret 2021-2022, og Møre og Romsdal ligg godt over landsgjennomsnittet på 51,2 prosent.
6.3 Yrkesfagleg fordjuping (YFF)
Alle elevar som går yrkesfag skal ha yrkesfagleg fordjuping (YFF). Dette er eit obligatorisk fag på vg1 og vg2 som gir elevane moglegheit til å prøve seg i eitt eller fleire aktuelle lærefag. Elevane skal få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar innanfor dei lærefaga dei vel å prøve ut. Formålet er at elevane skal få eit godt grunnlag for å velje lærefag.
Lærebedrifter i lokalmiljøet er skolen sine viktigaste samarbeidspartar i planlegging og gjennomføring av yrkesfagleg fordjuping. Samarbeid mellom lærarar, skoleleiing, instruktørar og representantar frå lokalt arbeidsliv om yrkesfagleg fordjuping gjer også meirverdi til opplæringstilbodet.
Skoleåret 2022-2023 var om lag 65 prosent av elevane utplassert i bedrift i faget YFF. Det var flest elevar frå vg2 som hadde utplassering i bedrift.
I tillegg vart det gjennomført fleire andre aktivitetar knytt til arbeidslivet, som bedriftsbesøk og liknande.
I Møre og Romsdal er målet at minst 95 prosent av elevar med faget yrkesfagleg fordjuping skal ha praksis i bedrift i både vg1 og vg2.
6.4 Del beståtte fag- og sveineprøver
92,8 prosent har bestått fag- og sveineprøver i Møre og Romsdal i 2022. Vi går ned 0,30 prosentpoeng samanlikna med 2021, og ligg under landsgjennomsnittet på 93,9 prosent. Målet for Møre og Romsdal er at minst 96 prosent skal bestå fag- og sveineprøver.
6.5 Heva lærekontraktar
147 av 2 558 lærekontraktar vart heva i 2022. Dette utgjer 5,7 prosent av lærekontraktane. I 2021 vart 151 av 2 477 lærekontraktar heva, altså 6,1 prosent av lærekontraktane. Heving grunna «feilval» utgjer 1,7 prosent, og vil i realiteten seie at hevingsprosenten på lærekontraktane i 2022 er 4,0 prosent. Målet i Møre og Romsdal er at færre enn 5 prosent av lærekontraktane skal bli heva.
I prosent vart det heva færrast lærekontraktar innanfor elektrofag:
Utdanningsprogram | Tal | Prosent |
---|---|---|
Bygg- og anleggsteknikk | 29 | 8,2 |
Design og handverk/Frisør,blomst,int.eksp.design | 9 | 16,9 |
Elektro og datateknologi | 13 | 2,7 |
Helse- og oppvekstfag | 22 | 6,6 |
Naturbruk | 9 | 5,3 |
Restaurant- og matfag | 9 | 11,2 |
Salg, service og reiseliv | 16 | 9,8 |
Teknologi- og industrifag | 40 | 4,4 |
Totalt | 147 | |
Kjelde: Qlik Sense |
Dei fleste lærekontraktane er heva som følgje av feilval eller av personlege årsaker:
Årsak | Tal |
---|---|
Annen årsak/ikkje oppgitt (AF) | 29 |
Fått arbeid (AR) | 8 |
Flytta (FL) | 15 |
Feilval | 44 |
Økonomiske årsaker (OK) | 0 |
Personlege årsaker (PS) | 44 |
Covid-19 | 0 |
Brot på arbeidslivets reglar (BR) | 7 |
Totalt | 147 |
Kjelde: Qlik Sense |
6.6 Elevar som går over i lære etter vg2
Tala viser søkarar frå vg2 som er i lære året etter, og Møre og Romsdal ligg på 51,20 prosent i 2022. Dette er ein auke på 0,4 prosent frå 2020 og 2021. Vi ligg godt over landsgjennomsnittet på 49,1 prosent, men bak Agder på 52,60 prosent.
6.7 Nye lærekontraktar
Tala viser kor mange lærlingar som har sitt første år som lærling. Møre og Romsdal held fram med ei positiv utvikling med 1 399 nye lærekontraktar i 2022, opp frå 1 380 i 2021. Målet i Møre og Romsdal er at talet på nye lærekontraktar skal vere minst 1 300.
6.8 Formidling av søkarar i 2022
81,4 prosent av søkarane i Møre og Romsdal fekk godkjende lærekontraktar per 31.12.2022. Landsgjennomsnittet er på 80,6 prosent. Målet i Møre og Romsdal er at alle primærsøkarar til lærekontrakt, med ungdomsrett, skal få eit tilbod dei er kvalifisert for.
Samanlikna med tala frå 2021, der 78,7 prosent fekk lærekontrakt, er den prosentvise auka på 2,7 prosent.
6.9 Status overgangar frå vg2 yrkesfag 2023
Elevane som ikkje går over i lære etter vg2 kan framleis være i opplæring på vg3 yrkesfag, ta påbygging til generell studiekompetanse, omval eller avslutte opplæringa etter vg2. Per september 2023 er fordelinga slik:
Kategorien «andre» er i stor grad søkarar som framleis ventar på lærekontrakt, og ein vil over tid sjå ein overgang frå «andre» til blant anna «fått lærekontrakt» ettersom fleire av desse vil teikne lærekontraktar etter kvart. Formidlingsarbeidet er kontinuerleg, og desse tala blir oppdaterte regelmessig.
6.10 Sysselsetting av nyutdanna fagarbeidarar
Møre og Romsdal har færrast fagarbeidarar i arbeid første året etter greidd fag- eller sveinebrev med 78,4 prosent. Samtidig har vi flest fagutdanna som held fram i utdanning, med 16,7 prosent. Av nyutdanna fagarbeidarar står 4,9 prosent utanfor både arbeid og utdanning. I tala frå 2020 og 2021 var 76,2 prosent i arbeid, 18,3 prosent under utdanning og 5,5 prosent utanfor både arbeid og utdanning. Utviklinga er positiv med fleire i arbeid og færre som står utanfor både arbeid og utdanning.