4 Internasjonalisering i vidaregåande opplæring

Internasjonalisering er ein del av opplæringa. Skolane og lærebedriftene skal legge til rette for at elevar og lærlingar kan delta i ulike internasjonaliseringsprogram, eller på anna måte skaffe seg internasjonal erfaring. Målet er at alle skolar skal delta i internasjonale prosjekt finansiert gjennom EU/Erasmus+ eller EØS og at elevar, lærlingar og tilsette skal ha moglegheit til å få internasjonal erfaring gjennom EU/Erasmus+ eller EØS prosjekt.

4.1 Vurderinga til skoleeigar

Etter nokre år med koronapandemi og reiserestriksjonar, tok den internasjonale aktiviteten seg opp i skoleåret 2022-23. Totalt blei fylkeskommunen og dei vidaregåande skolane tildelt rundt sju millionar kroner i eksterne midlar frå Erasmus+ programmet for prosjekt i skoleåret 2022-23.

Dei aller fleste skolane har gjennomført internasjonale prosjekt, enten på eigenhand eller gjennom fylkeskommunen sine fellesprosjekt i Erasmus+. Aktivitetane inkluderer både yrkesfagleg praksis i utlandet for lærlingar og elevar, gruppeutvekslingar og kompetanseheving for tilsette. Samla sett har utbyttet vore stort, der deltakarane har utvikla kunnskap og kompetanse, samt tileigna internasjonale perspektiv og erfaringar. Eit konkret eksempel er undervisningsopplegget «Mitt afrikanske DNA» som lærarar frå Volda vgs fekk historieundervisningsprisen for i 2023. Undervisningsopplegget er mellom anna knytt til eit Erasmus+-samarbeid med Universitetet i København og viser korleis internasjonalt samarbeid kan vere med å styrke eigne satsingar og prosjekt.

Erasmus+ er framleis det viktigaste programmet for internasjonalisering i vidaregåande opplæring. I januar 2023 vart Møre og Romsdal fylkeskommune akkreditert som eit såkalla mobilitetskonsortium innanfor fag- og yrkesopplæringa. Frå før var fylkeskommunen akkreditert innanfor studieførebuande program. Akkrediteringane styrkar fylkeskommunen sitt engasjement, og gir både høve og finansiering for fleire og betre internasjonale aktivitetar i åra som kjem. Det er venta at alle skolar deltek i internasjonale prosjekt i skoleåret 2023-2024. I tillegg satsar fylkeskommunen på internasjonalisering for lærlingar gjennom prosjektet «Læretid i Europa». Målet er å styrke fag- og yrkesopplæringa gjennom at fleire tek deler av læretida i utlandet, i tråd kompetansebehova i fylket.

https://mrfylke.no/nyheiter/volda-laerarar-faar-pris-for-nyskapande-undervisning